lørdag, desember 31, 2005

... og takk for det gamle!

Forresten dreg eg til Gjøvik(!)* i morgon tidleg for å feira nyttår, og kjem neppe til å oppdatera her medan eg er vekke.

Dermed: GODT NYTT ÅR til kjente og ukjente!

Hell, lukke og kjærleik til alle!



* Ikkje til syskjebånnet, altså, så slapp av!

Tapt

Me har nett sett Lost in Translation saman, L og eg. Åh! Vakre, vakre Scarlett! Det er så ein kan bli heilt forelska. I ho, og i heile stemninga. Sist eg såg filmen, var det ikkje så lenge sidan eg hadde vore i Japan sist, og eg kjente meg så enormt godt att i settinga. Kjensla av å vera annleis. Dette at mykje er likt, men likevel heilt annleis. Ville, gale Tokyo. Regnet på paraplyane, og det einaste lyse håret blant alt det svarte. Tysssssnaden i templa. Eg skal tilbake til Japan.

Men først India! Håpar nokon lagar ein film som summar opp delar av indiaturen rett etter eg kjem heim, slik Lost... gjorde det med japanturen. Found in Bollywood, kanskje?

fredag, desember 30, 2005

Skotsikker

Okei då. Eg angrar på at eg var så tøff i trynet i forhold til dei pinglete vaksinasjonsstikka eg fekk i armane i morges. Dess lenger eg ventar, dess vondare blir armane. Prøvde nettopp å få av meg genseren her eg sit (på qba, faktisk), men måtte gi opp fordi eg ikkje klarte å løfta armane over hovudet!

Au!

Kanskje eg har fått polio? Eller, uhm, tyfus?

Ojojoj, kor er vel ikkje livet fullt av farar.

Pikkpakk

Noko av det vanskelege med å besøka eit nytt land, er at ein ikkje har vore der før.

Eg meiner: Eg veit eg skal til India, 15. januar til 13. mars (hurra!). Og eg veit sånn cirka kor i India eg skal hen (Mumbai (alias Bombay) - Goa - Mumbai - Dehli - Jaisalmer - Jodhpur - Udaipur - Pushkar - Jaipur - Agra - Varanasi - Kolkata (alias Calcutta) - Mumbai (ad omvegar).

Men kva skal eg ha med meg??

Eg må jo pakka lett, så klart. Men koss gjer ein det når den anbefalte pakkelista ser sånn ut?:
- anstendige, heildekkande, men ikkje for varme klær
- varmt skift til kalde kveldar i nord
- undertøy
- paraply eller aller helst regnsett
- gode sko
- og sandalar, inkl flipfloppar til ekle dusjar
- lakenpose
- og noko varmt, enten sovepose eller teppe, til dei nemnte nordlege nettene
- dagtursekk/-veske

- pass (med visum, ordna allereie)
- billettane
- pengar i dollar, pluss bankkort (to stykk)
- reiseforsikring som dekker alle åtte vekene, ikkje bare dei standard seks (ordna idag, til blodpris: 340kr for kun to veker ekstra! -Men du betaler ingenting for denne samtalen. Uhm, nei, skulle søren meg bare mangla!)
- kopiar av ovenemnte dokument
- og flat under-kleda-veske til å ha dei i
- toalettsaker, inkl tampongar
- våtserviettar
- førstehjelpsett, inkl tablettar mot hovudverk og magesjau
- vaksinar (ordna idag, eitt pinglete stikk i kvar arm!)
- myggnett (helst, i alle fall om ein er sånn som meg, som tiltrekker seg all mygg i mils avstand)
- myggspray/-middel (av same grunn)
- lommelykt
- vekkarklokke
- hengelåsar til lenking av sekk til bagasjehyller, til hotelldører osv, helst med nett til sekken
- kamera med minnekort, USB-kabel og batteriladar (til frilansjobbinga)
- iPod til bildelagring undervegs, inkl kamerakortlesar (ditto)
- skriveblokk (ditto)
- planeten
- dagbok
- lita samling bilder av familien min, "mannen min", landet eg kjem frå osv
- lesestoff (på engelsk, så eg kan gi det vekk etterpå)
- og sikkert fleire ting eg ikkje kjem på akkurat no.

Innspel? Håpet var at eg skulle ha plass i sekken til å kjøpa ting også... Eg veit jo at eg har god tid enno, men med all jobbinga eg har teke på meg fram til avreise (i gamlejobben og hos forlaget, pluss eks-avisa), trur eg at eg må planlegga litt på sikt.

For øvrig er den store ryggsekken hos reparatøren no. Han skulle ha 50 kroner for å fiksa saumane som allereie er revna og forsterka dei som kan bli det. For dei nesten 2000 kronene eg sparar på å ikkje kjøpa ny sekk, har eg altså allereie dekka både pengebelte og sikringsnettet! Thihi!

torsdag, desember 29, 2005

Vinterleik

Var nett nede i vaskekjellaren og henta opp ullvasken. Stillongsar og trøyer, tjukke lodder og ein og annan vott. Lukta av våt ull i sprer seg frå tørkestativet ved radioatoren stova. Det er visst slik ei varm og trygg lukt, seier folk.

Ikkje eg. Hos meg går tankane til kveling. Den klamme ullvotten over munn og nase, snøen stappa med harde hender ned i nakken, nasen, hua og magen, tårene som ikkje må, ikkje må, ikkje kan koma akkurat no.

Ja, for me leikar jo bare, gjer me ikkje?

Dei andre jentene som står i ei klynge og ser på. Gutane som ser på dei etter vink og signal. Skal me ta ho endå hardare, visa kor sterke me er? Eit nikk, og nasen møter skaren, ein lått, og blodet fossar.

Heldigvis er eg nøkkelunge. Kan bruka timar på omvegen heim, heilt til blodet har stoppa, kvalmen har gitt seg, og tårene har runne tilbake til den inntørka innsjøen i magen. Eg overlevde denne gongen også.

Og om eg spring litt fortare neste, kan det henda eg klarer meg heilt til snøen smeltar. Kan det henda eg blir usynleg. Så lenge ingen ser meg, er eg trygg. Ingen vaksne, med snille smil og bekymra auger. Ingen jenter, med spisse blikk og nådelause krav. Og ingen gutar, med sterke armar og ullvottar.

onsdag, desember 28, 2005

Alt eg eig og har!

Tilbake i Oslo, kjenner det er godt å pusta friare etter ganske så mange døgn i familiens vald. Dei er mange. Dei er høglydte. Og dei gir seg ikkje etter eitt kakestykke. For å seia det forsiktig.

Men det har vore eit bra mellomspel. Har gått lange turar på straen, prata med mor og far og bror og tanter og onklar og søskenbarn, ete god mat (masse fisk, hurra!), og fått enormt mange bra ting:

Sjå bare alt eg kunne stryka frå Ønskelista!

* Badeveske her eller her
* Bøkene på gler meg-lista: Et velsignet barn hos mor & far & bror(fødselsdag), og Fars hus hos Kjærasten (fødselsdag)
* Bøker generelt: Middelhavsmat og Sjømat hos Bror med Forlovede, og Jul i Skomakergata av Tante (til fødseldagen)
* CD
* Fin dagplanleggar for 2006, A5 hos Kjærasten
* Fred på jord: slit litt med denne...
* Jobb, type spanande, med start ca 1. april hos forlaget
* Kart over Nord-India hos Ingling (fødselsdag)
* Klem av mange!
* Krøllebalsam og Krøllmiddel til håret
* Lommekniv
* Muffinssteikeform hos Kjærasten
* Opplevingar: kinobillettar av Venninna til fødselsdagen
* Pengebelte: fra meg selv til meg selv, kjøpt i dag
* Reiser
* Ryggsekknett: ditto
* Silkelakenpose: låner av Kjærasten, så slepp eg kjøpa
* Snop: sjokolade av Venninna
* Snø
* Sol!: hurra!
* Symjebriller
* Tid
* Tynne ullsokkar førjulsgåve hos gode Kjærasten
* Våkmæn hos mor&far til jul/fødselsdag og for konsulentverksemd

Dessutan fekk eg:
* Nydeleg raud rose: av Kjærasten til fødselsdagen
* Rosa, fænsismænsi sportstruse: av Venninna, til fødselsdagen
* Neglestellesett i lita veske: av Venninna
* Sauseskei i sølv: av Mor, som ikkje klarer å dy seg når ho ser noko som blenker
* Kake-/lasagne-form, firkanta, med lok og bærehandtak, perfekt til f.eks bedehusbidrag: også av Mor, som hadde kjøpt inn eit digert lager ho gjerne ville bli kvitt
* Plastboksar med lok, pikniktype: ditto
* Jul i Skomakergata på DVD: av Tanta
* Ulltøflar med blomst: også av Tanta
* Serviettar med julemotiv: ditto
* Ullundertøy og -sokkar: hos Mamma'n til Kjærasten
* Vin (saman med Kjærasten) av Ingling

søndag, desember 25, 2005

Jul på Jæren

... og måtte freden senka seg over alle folk i alle land. Amen.

fredag, desember 23, 2005

Same procedure...

Eller: Observasjonar ein gjer seg litle julaften på Jæren:

* Det regnar. Så klart.

* For kvar 10. bil på kjøpesenteret, er der ein svær amerikansk dozerfamiliebil. Og for kvar 20., ein traktor.

* Familie, familie, familie. For kvar einslege handlar, er det minst fem familiar med mor, far (eller "den nye typen te mor"), unge nr 1, unge nr 2, og unge nr 3. Pluss den nye babyen mor har i magen, så klart.

* Jærbuen skal tidleg krøkjast som god Mann og Dame skal bli: "næmmen E-MI-lie då, du måkje gjær sånn! Dæ æ bare gytta så helle på sånn! He du lyst å vær en taide gytt, kanskje? [uttalt i det Emilie saman med bror sin veltar eit heilt tårn fint oppstabla leiker] Å du, Adrian, helle fint kjeft. Du får IKKJE barbidåkka - dæ æ jo for jente! Sjå, Adrian - 'u æ jo ROSA!"

* Den tøffaste jenta på heile ungdomsskulen, ho som alltid var saman med eldre gutar med bil, og som kunne ekskommunisera kven det skulle vera til utleing og utfrysing med eit enkelt blikk, var blitt vektar på Mega. Førti kilo tyngre, aleinemor for tre ungar med to ulike fedrar, og ein frisyre stivna på tidleg nittital ei gong. Blikket hennar sveipa meg, men eg var visst blitt usynleg, gitt. Det var rart...

* Drittungar eg lærte å symja då dei framleis var så små at dei av og til gløymte å ta på seg badedrakten i garderoben, sit no i kassen og lurar på om eg har medlemsnummer.

* På under eit kvarter, rekk minst fire personar du har vage aningar om kven er, å helsa på deg, og to andre å spørja om du ikkje snart skal koma tilbake og skriva i avisa. "Dæ'kje de sama nå lengar, når ikkje du æ der - dæ saie maen min ao". Uhm, takk, men nei takk.

* Alt er som det alltid har vore...


... Og snart er det jammen meg jul igjen.

torsdag, desember 22, 2005

Så adle haoane

... 29 ... 29 ... 29
... 29 ... 29 ... 29
... 29 ... 29 ... 29
... 29 ... 29 ... 29
... 29 ... 29 ... 29
... 29 ... 29 ... 29
... 29 ... 29 ... 29
... 29 ... 29 ... 29
... 29 ... 29 ... 29
... 29 ... 29 ... 29
... 29 ... 29 ... 29
... 29 ... 29 ... 29
... 29 ... 29 ... 29 ... 29 ... 29 ... 29 ... 29 ... 29 ... 29 ... 29 ... 29 ... 29 ... 29 ... 29 ... 29 ... 29 ... 29 ... 29 ... 29 ... 29 ... 29 ... 29 ... 29 ... 29 ... 29 ... 29 ... 29 ... 29 ... 29 ... 29!

L får meir og meir rett: "Du er hauggammel!"

Men det gjer ikkje så mykje. Eg har fått snop og gåve på senga, sein frokost og fine meldingar frå gode folk. No har me pakka ein million julegåver i fint papir, stappa dei i sekken, og skal heim til foreldra våre.

Men først: fødselsdagsmiddag på restaurant. Hurra!

onsdag, desember 21, 2005

Lærepenge

No veit eg kvifor Flinke Folk byrjar på julegåvene i God Tid.

Viss ein ventar heilt til den 21. desember er nemleg Den Perfekte Tingen til Allerbestaste Kjærasten utseld, i alle butikkar, og jenta må finna på noko anna, mindre perfekt, som ho har mykje mindre lyst å gi han.

Buu!

Gåvene i boks

Ikkje mine, så klart, altså dei eg skal gi andre folk. Eg har jo hatt så god tid i år, må vita, at eg er minst like seint ute som eg alltid er. Men eg har tenkt litt - ikkje verst bare det, til å vera meg. Må kanskje ta ein liten runde i dag, trur eg, og sikra meg bok til far, noko til kjærasten, eittelleranna til venninnene, til kameratane, og i det heile tatt.

Men det eg meinte, var at eg har allereie fått fleire av tinga på lista! Bare sjå:

  • Først kom søte (uhm, eg meiner sjølvsagt tøffe) kjærasten med to par tynne ullsokkar i førjulsgåve. Takkogtakk!

  • Så ringte mor og lura på kva eg ønska meg, og då eg nemnte at ein sånn fancy våkmæn kanskje kunne vera ei grei kombigåve for fødselsdag, jul og konsulentverksemd på oppgåvefronten, svara ho både "ja" og "det vil me gjerne gi deg" og "kjøp han sjølv, så blir det rett". Som sagt, så gjort. Poden kom på døra(!) i forgårs, og er no fyllt opp med songar, bilder og videoar. Er eg hipp, eller er eg hipp?

  • Middagsbesøk i går (med jummi mat, om eg må seia det sjølv: lammekjøt den tunisiske svigermora hadde sukka henført av viss eg hadde ei slik, brownies og bær). Og jammen om eg ikkje fekk uventa førfødelsdagsgåve! Kart, hurra! Dessutan ein lovnad om å bli med på tur - eller var det ikkje så, frk Dings?

  • Og førebels siste gåva stod mine venner Forlaget for. Dei gir seg ikkje, nemleg.

  • Eg var beden på lunsjmøte der i går. "Gjelder jobboppdrag (forhåpentligvis spennende)", som det heitte i mailen. Kantineskiver med fisk og ost, mandarin og skummamjølk - og altså jobbtilbod.

    Igjen. Og denne gongen sa eg ja.

    Først ei til to veker før eg dreg til India den 15. januar, sidan to dryge månader ("eller kor lenge som trengst") etterpå, frå midten av mars og utover. Før India skal eg laga ein flashpresentasjon (noko eg ikkje anar korleis ein gjer), etterpå skal eg vera infodame og pressepushar.

    Gåvepakke!

    Eg hadde innstilt meg på arbeidsløyse etter returen. Sommarjobb, sannsynlegvis, men uvisse før den tid. Men sjå om ikkje jobbane blir kasta etter meg! Thihi! No kan eg trygt reisa heim til Moderleg Opphav og fortelja at eg skal til India - "men eg har jobb både før og etter, altså, og slapp av, det GÅR BRA med L og meg".

    Og med den inspirasjonen innabords skal eg no gi meg butikkane i vald. Med ullsokkar på beina og poden på øyret: "Man blir trött på ditt jävla gnäll, man blir trött på ditt jävla gnäll, man blir trött på ditt jävla gnäll" (Kent: Dom som försvann)

    mandag, desember 19, 2005

    2005

    Eg har eit temmeleg ambivalent forhold til jula. Men nyttår likar eg! Og oppsummeringar og lister og slikt! Det siste kanskje meir som eit elsk-hat-forhold, men likevel.

    Her kjem årets oppsummering, fritt og freidig stolen av flinke Mari på Kongsgård:

    1. Hva gjorde du i 2005 som du aldri har gjort før?
    Bestemte meg for å gjera det eg ville, ikkje det eg burde. Mao: frilans, ikkje glansa papir, og India, ikkje forlag. Og det føles så BRA!

    2. Holdt du nyttårsforesettene dine? Og vil du lage nye?
    Tradisjonen tru hadde eg vel helst nyttårsønske, ikkje forsett. Dei blei bare delvis oppfylte, utan at det er så farleg. Det eg ønsker meg mest av alt har eg jo allereie!

    3. Ble noen som står deg nær mor eller far?
    Ikkje nokon som står meg spesielt nær, nei. Men eg kan ikkje seia anna enn at eg registrerer at det ynglar rundt meg. Og at det nok klør litt hos meg også, etter ein sånn søt liten kopi.

    4. Døde noen som sto deg nær?
    Eit definisjonsspørsmål. Bestemor døydde i mai. Men nær? Veeel... kanskje om ho hadde prata med meg også etter den ikkje-kristelege komfen min, og ikkje avgrensa kommunikasjonen til traktatar i posten?

    5. Hvilke land har du besøkt det siste året?
    Januar: Sverige (Stockholm)
    Februar: Danmark (Køben)
    Mars: Nederland (påska i Amsterdam og den Haag)
    Mai: Belgia (pinsa i Brussel og Brucke), og Bornholm (DK, eg veit, men liksom ikkje heilt)
    Juni: Italia (Rivieraen, intet mindre), og Monaco
    Juli: Italia (forts.), Corsica (FRA, men ikkje heilt det heller), og fastlands-Frankrike (Paris, évidemment!)
    Oktober: Ukraina (Kiev)
    Desember: Tunisia (Sousse, Sahara, Tunis)

    (Førstegongsbesøk i kursiv, noko som gir følgande kart:)



    Medan dette var kartet mitt for eitt år sidan:



    6. Hva ønsker du deg neste år som du har savnet?
    Eg har jo alt! Men om nokon har lyst å gi meg ein kremjobb frå sånn ca 1. april, så seier eg vel ikkje neitakk til det...

    7. Hvilke datoer i 2005 vil du aldri glemme, og hvorfor?
    Du fårkje meg til å ramsa opp datoar! Men solskinskafe i Amsterdam, midtsommar i Berlevåg, bilsoving på Corsica og solnedgang over Sahara er høgt på lista. Nesten like høgt som alle dei gode, varme, kvardagslege øyeblikka. Glimta.

    8. Hva er det største du har oppnådd i år?
    Usj. Guffent spørsmål. Har eg oppnådd så mykje, då? Og er det eigentleg det som er målet?
    Men om det er tale om prisar og slikt kan eg jo dra fram to sider med hhv bronse og hederleg omtale på MBL-kåringa. Kjekt for meg, og aller mest kjekt for KA-folka.

    9. Hva var din største nedtur?
    Den der elendige glansa pressa! Eg er jo ein sånn som får til alt! Koffor ikkje dette..?

    10. Har du vært syk eller skadet?
    Nei, ikkje som eg huskar.

    11. Hva var ditt beste kjøp?
    Blitz til Nikke, dromedarskinnspuff (fin!) i Tunisia, allværs-/fjelljakke som lever opp til begge namna, Dumbo, supersykkel, billettar til alle turane eg har vore på, og billettar til turar eg skal på (India!).

    12. Hvem fortjener din hyllest for oppførselen sin?
    Alle som skin for meg når sola er vekke og verda grå - de veit kven de er. Takk, alle saman!

    13. Hvem sin oppførsel gjorde deg nedstemt/lei deg?
    Oftast meg sjølv. For alt eg ikkje orkar, klarar, eller får til. For alt eg burde vera, men ikkje er.

    14. Hva gikk mesteparten av pengene dine til?
    Etablerte greier: husleige, mat og slikt. Og skatt, så klart, men det er vel ikkje akkurat mine pengar. Elles: reiser, reiser, reiser.

    15. Hva gjorde deg veldig veldig veldig oppspilt og glad?
    Allerbestaste kjærasten.

    16. Hvilken sang vil alltid minne deg om 2005?
    "The Blower´s Daughter" - Damien Rice
    "You´re Beautiful" - James Blunt
    "Babylon" - David Gray
    "Sail Away" - David Gray

    17. Sammenlignet med denne tiden i fjor, er du...
    a. Gladere eller mer nedstemt? Akkurat idag: gladare. Året sett under eitt: som før, trur eg.
    b. Tynnere eller tykkere? Tjukkare
    c. Rikere eller fattigere? Rikare akkurat no, men det varar nok ikkje så lenge utan jobb...

    18. Hva skulle du ønske du gjorde enda mer av?
    Åh! Mange ting! Lesing, bading, dansing, drikking, smaking, klemming, brevskriving, lytting, osv osv. Den som ikkje trong søvn... sukk! (Men i parantes merka må det vel seiast at eg er blitt ganske så flink til å gjera dei kjekke tinga først, og ikkje venta til etterpå)

    19. Hva skulle du ønske du gjorde mindre av?
    Alt det kjedelige. Oppvask og klesvask og husstell generelt. Jobbing, spesielt når det er sol ute, eller for mørkt til å vera på kontoret, eller for kaldt, eller for varmt. Ganske ofte, mao.

    20. Hvordan vil du tilbringe julen?
    Vil som i "kjem til", eller vil som i "har lyst til"? Eg skal heim til jærs og gjennomleva minst tre separate familiedrama i tillegg til litlejulafta og sjølve julafta. Men om eg har spesielt lyst? Nja, sjå det var eit anna spørsmål...

    21. Ble du forelsket i 2005?
    Ja, stadig vekk. Eit blikk, ei varm hand, ei god melding, ein fin tanke - så heldige me er, L!

    22. Hvor mange one-night stands hadde du?
    Ingen. Eg ville vore verdas dummaste om eg i det heile tatt vurderte det.

    23. Hva var ditt favorittprogram på TV?
    TV? Altså fjernsyn? Kringkasting? Framandord...

    24. Hater du noen nå som du ikke hatet på denne tiden i fjor?
    Nei. Hatet mitt sit langt inne. Så langt at eg ikkje heilt veit om det finst.

    25. Hvilken bok er den beste du har lest i år?
    Kafka on the Beach, Haruki Murakami

    26. Hva var årets beste musikalske oppdagelse?
    David Gray

    27. Hva ønsket du deg – og fikk?
    Puff!

    28. Hva ønsket du deg – og ikke fikk?
    Den perfekte jobben.

    29. Hva var årets beste film?
    Giganten

    30. Hva gjorde du på bursdagen din?
    Årets jubileum er enno ikkje inntruffe. Men i fjor pakka eg opp gåve frå L (som allereie var i Bergen då) om morgonen før eg gjekk på jobb i KA. Der fekk eg også uventa (og fin!) gåve, og jobba fint lite. Pakking, og om kvelden femrettars middag på Ylijali, med dei tre beste kvitvinane eg har smaka i heile mitt liv. Deretter sovekupe på nattoget til Jærs.
    Den siste tingen blir lik også i år, minus sovekupeen. Men kva som skjer på dagen er enno litt i det blå. Men det blir i alle fall saman med L, i motsetnad til i fjor. Hurra!

    31. Hvilken enkeltting har gjort året mye mer tilfredsstillende?
    Sykkel med mangemange gir! Opp opp opp - heile vegen til jobb!

    32. Hvordan vil du beskrive klesstilen din?
    Stil? Kva då stil? Eg har vel ingen stil! Men eg øver meg på å gå i skjørt!

    33. Hva har holdt deg i mental balanse?
    Sola. Varmen av ein annan kropp. Pusterom utanfor kontoret. Venner som er der, og plukkar meg opp når eg ligg nede.

    34. Hvilken kjendis likte du best?
    Lika og lika. Av dei eg har intervjua sjølv akkurat i år, lika eg best Håkan Nesser og Åslaug Haga - viss ein kan rekna nokon av dei som "kjendisar", då.

    35. Hva i politikken har opprørt deg mest?
    Meir enn ein av fem stemmer på ein plasthårig dokkemann som ropar "billig bensin og sprit til landet!" - av akkurat dei årsakene! Uff. Spørsmålet er eigentleg for deprimerande til å ta seriøst.

    36. Hvem savner du?
    Mange. Alle dei gode folka frå Seattle, som no er spreidde over heile kloden. Venninna i nord, for tida med stor mage. Folka i Bergen, som burde vera lette å halda kontakten med men som ikkje alltid er det likevel. Sjelevennen med dama som trur eg skal stela han frå ho, den paranoide tullejenta.

    37. Hvem var den beste nye personen som kom inn i livet ditt?
    Det har vel strengt tatt vore eit år for konsolidering og styrking heller enn etablering og oppsøking. Men det er kimar til nye gode ting - du er med på den, Ingling?

    38. Fortell en viktig livsvisdom du har lært i år?
    Glansa papir er ikkje for alle!

    39. En sangtekst som oppsummerer året
    Tumble out of bed and stumble to the kitchen
    Pour myself a cup of ambition
    And yawn and stratch and try to come to life
    Jump in the shower and the blood starts pumping
    Out on the street the traffic starts jumping
    With folks like me on the job from nine to five

    Working nine to five what a way to make a living
    Barely getting by it's all taking and no giving
    They just use your mind and they never give you credit
    It's enough to drive you crazy if you let it
    Nine to five for service and devotion
    You would think that I would deserve a fair promotion
    Want to move ahead but the boss won't seem to let me
    I swear sometimes that man is out to get me

    (Dolly Parton: "Nine to Five")

    Årskavalkade:
    Gå i bloggeoversikten din og fin den første postingen i hver måned i 2005. Post den første setningen i hvert innlegg. Summen av disse utgjør din årskavalkade.

    Januar - Juni: ... var der ingen blogg å henta sitat frå.
    Juli: Oh, where did the blue skies go? / And why is it raining so?
    August: Og kor gammal blei du? Eg blei bare 26, hurra!
    September: Eg er heime frå jobben i dag.
    Oktober: "If a man does not keep pace with his companions, / perhaps it is because he hears a different drummer"
    November: Litt av det ein lærer på ei veke i Kiev:
    Desember: Lever framleis i jobbebobla, så lite spanande å melda.

    Representativt? Vel... desember er vel på sett og vis det... i og med at eg sjeldan har det heilt store å melda...

    Hvem vil du utfordre?
    Eg kjenner ikkje så mange i denne bloggeverda. Dei som kjenner seg kalla, kan jo ta opp tråden. Men du, Ingling, kan godt føla deg tagga! Om du vil, så klart. Dessutan ventar eg stadig på at du skal laga ein eigen blogg, Therese!

    fredag, desember 16, 2005

    Snø!

    Nei no vart visst jenta så oppskjørta av heile konkurransen at ho nesten glømte å nemna at ho skal på hyttetur i helga! Med kjekke folk! Frå i morgon tidleg til seint på søndag!
    Til Finse!
    Kaldtkaldtkaldt, snøsnøsnø, solsolsol, hurra!

    Førjulskonkurranse

    Eg har vore innom gamlejobben idag. Enormt rart. Føltest som eg ikkje hadde jobba der på minst eit år, så fjernt var det. Eg hadde glømt passordet til dataen, til og med! Kom på det til slutt, men ikkje før tredje forsøket.

    Det er liksom noko løye med tida i den bygningen... Vanskeleg å forklara, men det har vel eitt eller anna med at eg er så van med å vera der heileheile tida, frå altfor tidleg til altfor seint, og liksom ikkje få med meg noko av det som skjer i Verda Utanfor. Eg kom dit ikkje før i 14-15-tida (frå forlagsjobb i Groruddalen), og vips så var det seine kvelden. Merkeleg merkeleg merkeleg. Ikkje uventa, eller nytt, men rart likevel. Og fullt av folk, så klart - andre individ som trur det er som det skal vera at dei alltid kjem heim til familiane sine etter at det er blitt mørkt...

    Men men, eg bablar. Det eg var på kontoret for i utgangspunktet, var å pakka, skriva ein del mailar, levera eit par saker, og få godkjenning for eit par indiasaker. Fekk unnagjort alle (hurra!).

    Dessutan hadde eg fått pakke! Ikkje julegåve, sidan eg stakk før utdelinga. Men sånn pakke som dei driv med i den glansa verda! Full av gratisvarer redaktøren får og deler søsterleg med alle oss vanlege dødelege. Det er nemleg mange greier som blir forsøkt pusha på glansa papir! Mykje av det inngår i testar i bladet, men det som ikkje blir testa, hamnar i godteposane - ein til kvar kvart halvår.

    Min pose i år:

    Bøker
    Biter av Norge – smak av verden, Jorda rundt med norsk fisk, av Hans Morten Sundnes
    Sans for det søte, av Sverre Sætre
    Drager, Mellom myte og virkelighet, av Torfinn Ørmen
    Smilets kraft, av Anders Johansen

    Damegreier
    Guy Kremer – Super Shine Shaping Mousse, for the perfect style and finish: hårgøsj
    Yves Rocher/ADN Vegetal – Sérum Cellulaire Radiance [alias ”Lystergivande serum MOT PIGMENTFLÄCKAR]: seige greier til å ha på huden
    Cerruti 1881 – Eau de Parfum: tung dameperfyme
    MF Earth Spirits Eye Shadow: kvit(!) augesminke
    Helena Rubinstein – Modell Eyes Palette, eyeshadow quad and radiant concealer base: fire fargar augesminke pluss lita tube med guggefarga underlagskrem.
    No7 – Hydra Boost Mask, Revitalises Tired Skin: ansiktsmaske
    No7 – Instant Radiance, For Healthy Looking Skin: ansiktskrem
    Lancôme – Hypnôse Waterproof Mascara: svart augesverte
    Lumene – Super Gloss & Quick Dry 54: lyselillarosa glitterneglelakk
    Lumene – Brilliant Bright Smile Lipshine: skimrande raudrosa leppefarge
    Lumene sminkepung i fancy, finmaska netting: eg kan vel trenga han no...
    Pluss ein drøss mindre vareprøvar som eg ikkje gidd å ramsa opp.

    Og nest sist, men definitivt ikkje sist:
    The Original BODY MINT, The First All Body Deodorant!: Body Mint tabletter reduseerer kroppslukt. Sammensetningen gjør at sjenerende og uænsket lukt fra pust, armhuler eller føtter reduseres... er laget av klorofyll og inneholder ikke mint, hvete, gluten, sukker, mais, gjær, eller animalske produkter: Herleg!

    Og aller sist: Dingsen på bildet... Kva i all verda er det? (Ikkje den svarte dingsen, altså, for det veit eg jo at er ein penn - den er der bare for at de skal sjå kor stor den kvite dingsen er.)
    Konkurranse for alle* lesarar! Svar i kommentarfeltet - den som vinn kan f.eks få noko av stæsjet over.

    * dvs begge...

    onsdag, desember 14, 2005

    Ting ein oppdagar når ein disponerer heile dagen fritt i staden for å bruka alle soltimane på å stirra ut vinduet på kontoret

  • Sola skin! Og eg kan gå ut i ho Når. Eg. Vil! Kor bra er ikkje det?

  • Det er mange andre som også surrar rundt i byen og kor det no skulle vera midt på dagen, i beste arbeidstida. Byen full, faktisk!

  • Det er mange som ringer til meg om midt på dagen! For å gjennomføra samtalar som denne, f.eks:
    Eg: Hallo?
    Dama Med Sukkerstemmen: Hei, dette er Frøken Effektiv fra Norsk Gallup. Kan jeg få snakke med den i firmaet som er ansvarlig for bedriftens valg av mobile løsninger?
    Eg: Bedriftens hæh?
    DMS: Bedriftens valg av mobile løsninger, ja..? Jeg har ringt [nummeret heim til L og meg] nå?
    Eg [som brått kjem på at Enkeltkvinneforetaket mitt kanskje er ei "bedrift" (thihi!) i hennar bok]: Eh, ja, det stemmer. Men altså - me (me, faktisk!) har reservert oss (fleirtalsform igjen!) frå reklametelefonar...
    DMS: Joda, men dette er fra Gallup. En undersøkelse, altså.
    Eg: Eh, ja, nettopp. [Tenker fort, og lurar på om eg skal dikta opp ein innkjøpsansvarlig blant "oss" her i bedriften, men bestemmer meg etterkvart for ein enklare - og kjipare - veg ut av knipa] Eg forstår... Men du? Me har ikkje tid akkurat no...
    DMS: Helt i orden! Den er grei!
    Eg: Hadet.
    DMS [framleis utan eit hint av surt i alt det søte]: Farvel!
    Så fort gjort var det altså å bli til fleire enn ein for oss (ja, oss ja!) heimeverande...

  • Så mange kjekke ting og så lita tid! Eg har vore i India og bedt fint om å få koma inn i Riket, maila hit og dit og ordna avtalar nok til å rekka langt inn i det nye året, kjøpt permar eg enno ikkje har fylt med Viktige Ting, og for lengst registrert at eg jammen må kosta på før jul likevel for å rekka i alle fall litt av det eg skulle ha gjort, "arbeidsløyse" eller inga arbeidsløyse.

  • Likevel, for dei som aldri har prøvd det: bli arbeidslaus! Det er sååå kjekt å bestemma over eiga tid!

    tirsdag, desember 13, 2005

    Smakebitar

    No har eg aldri! Nikke er allereie frisk att! Var og henta han på sjukehuset idag, så frisk og så rask som bare det. Eg har aldri, i heile mitt liv, opplevd at slikt tek mindre tid enn annonsert! Dei sa først "en uke, kanskje" på telefonen, så "vi håper at vi rekker det før jul" då eg var innom i går. Og så ringte dei altså i 11-tida idag og var ferdige!

    Eg er framleis i sjokk.


    Derfor gidd eg ikkje å behandla og styra med bildene akkurat no. Her er nokre få smakebitar - det får halda i denne omgangen:

    Utsikta over Tunis frå eit mosaikkledd tak.






    Dromedarar! (duh!) I solnedgang! I Sahara!
    Sååå bra!







    Kyststripa, som hadde endå mykje villare fargar på skikkeleg.










    Fleire fargar. Hot hot baby!








    Tronge marknadssmau både i Sousse og Tunis. Dette i sistnemnte. Special price, Madame! Two for nothing!

    mandag, desember 12, 2005

    Reisande tante Mac

    Eg veit at eg lova bilder og eventyr frå Tunisia, men sidan kjære Nikke har fått ein barnesjukdom og dermed vart levert på sjukehuset seinast idag, vil det nok dra litt ut før bilda er klare. Og utan bilde, dessverre ingen eventyr.

    I staden har eg surfa litt rundt på dette nettet. Mest på leit etter info om India, sweet India, men sjølvsagt vikla eg meg raskt inn i andre, mindre relevante ting også. Dette herlege blogginnlegget her, for eksempel, kor sjølvaste Jon Fosse snakkar ut om korleis det er å vera ein minoritet:

    Eg har det gjerne med å støtte den tapande part. Ikkje fordi eg er så særleg moralsk av meg, men det å vere i mindretal og i opposisjon har alltid tiltalt meg mest. Og det ikkje minst fordi mindretalet som regel har rett. Eg er nok på eit vis meir elitist enn demokrat, dessverre kanskje. Og her minner faktisk nynorsken og Mac-en ikkje så reint lite om kvarandre. Begge er – unnskyld meg! – langt betre enn alternativet, og likevel står ein så svakt i forhold til alternativet at utrydding trugar. Men det skjer ikkje. Takka vere blant anna slike som meg. Eg har vanskeleg for å skjøne at det skal vere slik i verda. Både når det gjeld nynorsk og når det gjeld Mac. Og slik er det jo utruleg nok på dei fleste andre omkverve, enten det no gjeld litteratur eller teater eller båt (for å ta tre område som interesserer meg).
    --- Jon Fosse ---

    Og sjølvsagt kunne eg ikkje anna enn å smila. Viss L har det sånn når det gjeld Dumbo som eg har det overfor nynorsken, er det jammen ikkje løye me passar så godt saman! Elitistiske stabeisane!

    søndag, desember 11, 2005

    Tilbake frå Tunisia...

    ... og full av inntrykk.

    Dessutan trøtt, så bildene og alt det der får koma seinare.

    Eg seier bare:
    Sanddyner!
    Endelause!
    I solnedgang!
    Frå dromedar-ryggen!


    Yeeeehaa!

    fredag, desember 02, 2005

    Dilemma

    Det er visst aldri fred å få. Ikkje før hadde eg sovna, så ringte dei frå Forlaget. Og spurte:

    - Vil du ha jobb hos oss?

    ...

    ...

    - Uhm... vel.. Koss då? sa eg.
    - Prosjektstilling, bla bla bla, ni månader, bla bla, spananade oppgåver, bla bla, tenkte spesielt på deg, bla bla bla. Sååå fornøgde, ser du, sa Forlagsmannen.
    - Uhm... når då? spurte eg.
    - Frå 1. januar, sa han.

    Oj. Shit. Oj igjen. Då er jo eg snart på veg til India...

    - Det går nok ikkje, sa eg.
    - Å. Så dumt, sa han.
    - Ja, sa eg.

    ...

    Og så kom L heim, og fekk meg til å forstå at eg -som vanleg- ikkje hadde klart å stilla dei rette spørsmåla og dermed få med meg dei juicy detaljane, og at eg jo kunne vurdera å koma heim tidlegare, f.eks, dersom det gjekk an for dei?

    Typisk. Alltid alltid alltid skal det vera noko å grunna over! Og eg som bare skulle vera på tur, ha fri og ikkje tenka, Ei. Heil. Veke!

    Børk. Eg gjentek: BØRK!

    Avdeling for sjølvskryt

    Når biografen min lagar det kapitlet som handlar om überivrig dobbeltjobbing oktober-november 2005, vil eg gjerne at vedkomande får med seg følgande sitat, som sjølvsagt er eit fullstendig tilfeldig utval setningar frå epostane som har dumpa inn i frilansmappa mi den siste tida*:

    - Ahem-

    Engelskdame: "Takk for sist! Jeg synes du har skrevet et fint intervju, lett i tonen, med viktige poeng, god reklame for boka!"
    Jotakk, det er liksom litt av poenget det då... Kjøpt og betalt, oh yeah.

    Norskdame: "La det være sagt - jeg har aldri sett er så godt førsteutkast til intervjutekst før."
    *Rødme*

    Forlagsmann nr 2: "Har nå lest intervjuet med [norskdama]. Flott intervju!"
    Yay!

    Naturfagmann nr 1: "Jeg har nå fått sett på forslaget. Jeg føler at innholdet er meget bra... Jeg venter spent på fortsettelsen!"
    Følsomme typar, desse naturfagsmennene!

    Forlagsmann nr 2: "Supre bilder, veldig bra intervju. Var de virkelig så velformulerte?"
    Hello?! Sjølvsagt var dei ikkje det! Ilegging av ord i munn som journalistisk metode er undervurdert. I alle fall i møtet med bablete lærarar.

    Tysk- alias virredama: "Det var spennende å lese hva du hadde skrevet. Du skriver godt, synes jeg. Lett og ledig penn. Men stakkars deg, du fikk ikke så mye vettugt ut av meg den kvelden. Med det utgangspunktet har du gjort en imponerende jobb... Jeg begynte å skulle føye til litt i teksten, men det var vanskeligere gjort enn tenkt. Du skriver mye bedre enn meg. Så jeg gav litt opp på halvveien"
    Same dama etter revisjonsrunden: Nå er teksten nesten perfekt! jeg skal ikke kluse mer nå, selv om jeg ser at det og det og det skulle jeg ha nevnt ja. Intervjuet skal ikke gi svar på alt. Ha en fin desember!"
    Nei, me likar ikkje lærarar som "klusar", gjer me vel?

    Forlagsdama om overnemnte: Takk for fint intervjy
    Værsågod! Intervjy er det eg kan best!

    Mattelærar, etter fleire sure mailar med idiotisk småpirk, som gjorde intervjuet minst tre hakk dårlegare: "Og bare for å ha presisert det, jeg synes din versjon var meget bra!"
    Dust!

    Naturfagmann nr 2: "Dette virker bra."
    Nøktern, mindre følsom type, dette.

    Forlagsmann nr 1 om naturfagsmann nr 2: "Bilde nr 7 er midt i blinken! Gleder meg til å lese teksten."
    Ja du har jommen meg mykje å sjå fram til. Kjem-pe-span-an-de.

    Naturfagsdame: "Takk skal du ha. Det ble jo kjempefint!"
    Veel... Fint og fint. Men takk!

    Gymmann (per telefon): "Jeg syntes det var helt topp, jeg! Ikke no' å legge til eller trekke fra. God ferie!"
    Gym er gøy!

    Forlagsmann nr 1, for eit par dagar sidan, når under halvparten var levert: Kan du sende meg komplett regning for intervjuene + fotopptak. Vil gjerne betale deg før utgangen av desember hvis dette er ok for deg.
    Pengar? Ok? Joa... heilt greitt for meg.

    Forlagsmann nr 1: Takk for alt materiale du har sendt meg. Supert jobbet. Jeg har nå bilder av samtlige forfattere som kan brukes til intervjuene. Veldig bra! Ditt honorar er sendt til regnskapsavdelingen. Krysser fingrer og håper på at utbetalingen skjer i løpet av de nærmeste to ukene. Hvor enn du drar, ha det riktig fint.
    I første omgang: langt langt vekk! JUHUUU!

    * (Dei kan med fordel brukast på innbretten av omslaget til "-lins samla verk" også - der det pleier stå Salman Rushdie-sitat, du veit)

    Det er fullendt

    Eg. Er. Ferdig.

    (for no)



    Ikkje med alt eg bør, men med alt eg må.

    Sat til seks i går (altså dag), sovna som ein stein (næmmen!), og hadde lite lyst å stå opp då klokka ringte halvannan time seinare, halv åtte. Så lite, faktisk, at eg låg tjuetre minuttar lenger, og dermed øydela heile den fine planen om god tid til stulling og stelling og dilling og dalling før bussen klokka 07.58. I staden blei det vanleg turbodusj og hurtigpakking, og bussen fem over. Den nådde sjølvsagt ikkje trikken eg hadde tenkt å ta vidare til Høgskulen, så den som måtte springa heile vegen frå Vestre Aker ned ned ned til HiO, var meg.

    Han: - Løp du virkelig hele veien ned? Er ikke det ganske langt? Fire-fem trikkestopp, minst?
    Ho: - Eh, ja, eg syns vel kanskje det var litt lengre enn venta eg òg... Men det er jo nedoverbakke, så ingen problem! Og slapset var ikkje så glatt som isen i går. Eg kom bare tre minutt for seint.
    Han: [foreslår fleire gode ruter ho heller skulle ha valt]
    Ho: [nikkar beskjemma]

    Fekk fotografert kroppsøvaren i typisk, gulguggete gymsallys, og var ferdig før ni. Vandra via sentrum heim, og oppdaga at det er kome julegraner med lys på både her og der, og at eg verkeleg verkeleg LIKAR denne byen om vinteren. Luksuskjensla av å vandra heile vegen heim midt i beste arbeidstid, ditto.

    I senga heime låg missekandidaten, som sikkert hadde venta på at eg skulle steika egg og bacon. Så då gjorde eg det, og me fekk nokre gode minuttar saman før han stakk for å møta rettleiiaren sin. Eg stulla litt meir, og sette meg så til med gymmannen. Som altså er ferdiggskriven no! Spanskdama hadde lese teksten og var nøgd med det aller meste, og forlagsfolka har fått ein lengre oppsummeringsmail med kor flink eg har vore.

    Eg har nemleg det! Vore flink, altså. Kjenner det i rygg og nakke og hovud og heile meg.

    Og no kallar senga! Minst ein time, før eg set meg ned med litt av slagget frå den eigentlege, alias eks-jobben min.

    torsdag, desember 01, 2005

    Åh!

    Svarten ta meg for at eg har vore så tøff den siste tida og sagt at "joda, eg kjem i mål, eg kjem i mål". TENKOMEGIKKJEGJERDETLIKEVEL!!! Hjeeeelp!

    Går kjempetregt akkurat no. L deltek i ein missekonkurranse, og har vore der heile kvelden, så eg har ingen å skulda på når det gjeld konsentrasjonen, heller. Er bare så trøtt. Tom. Er nok 16-17-timarsdagane og 3-4-timarsnettene som byrjar å ta meg igjen, MEN DET HAR EG FAKTISK IKKJE TID TIL NO!

    Kortlista
    * Naturfagdama ferdigskriven kl 01.10
    * Norskfolka (URGH!) ferdigskriven kl 05.45 (HURRA!)
    * Gymmann (kan skrivast i morgon, etter foto. Bør kanskje det?) (AAAAAAH!)
    * Tilbakemelding, spanskdame mail sendt 01.30
    * Tilbakemelding, naturfagdama mail sendt 01.20
    * Norskfolka får forlagsdama ta seg av, dei dustane! mail sendt 05.45

    Ønskelista
    * SOOOOVAAAA!!!

    Nok eit bevis...

    ... på at eit biblioteksbesøk kanskje er akkurat det eg treng...*

    Eg er på ingen måte ferdig med heile gjerelista mi, og kjem nok til å tilbringa mesteparten av tida fram mot fest fredags kveld og avreise lørdags morgon saman med Dumbo og dei kjekke forfattarane. Men sidan eg byrjar å sjå slutten på heile prosjektet (i alle fall for denne gong), bestemte eg meg likevel for å unna meg eit kjapt besøk innom biblioteket.

    Innom min lokale filial, faktisk. På Majorstua. No har eg ikkje vore der før, og var ikkje heilt sikker på kor han ligg, men ettersom eg veit at eg har gått forbi rett sidegate tidlegare, og dermed hadde eit sterkt indre bilde av korleis bygget ser ut, tenkte eg ikkje på det som noko problem. Er vel bare å gå nedover Bogstadveien, det, så ser eg han!

    Feil.

    Jenta gjekk frå Majorstukrysset, på venstre fortau, nedover nedover nedover Bogstadveien - og etterkvart Hegdehaugsveien - og kikka like ivrig inn kvar sideveg ho kryssa. Denne, då? Eller denne..?

    Feil.

    Plutseleg stod eg der, heilt nederst i Hegdehaugsveien, like ved Lorry´s, og lurte fælt. Kunne eg verkeleg ha unngått å sjå det? Snodig. Vel, vel, fort gjort i snøføyka. Eg fekk gå oppover igjen, då!

    Som sagt, så gjort. Men nei, ikkje noko bibliotek. Til slutt fekk eg den smarte ideen at eg kunne spørja nokon. (Kjapp? Eg? Å jadda!)

    - Veit du kor biblioteket er? spurte eg den første jenta i blomsterbutikken.
    - Nei, harsje pejjjling, svara ho, som nokså garantert var frå Gandal eller deromkring.
    - Veit du? spurte eg den andre blomsterjenta.
    - Nei, sårri. Jei ække så godt kjent her, sa ho.
    - Du då? spurte eg den tredje blomsterjenta.
    - Veit du hvor Chateau Neuf ligger? svara ho.
    - Uhm, ja, sa eg.
    - Like før, der med Rimibutikken når du har krysset Kirkeveien - der ligger det, sa ho.
    - Aha! Tusen takk! sa eg, og sette kursen mot døra.

    Idet eg opna ho for å gå ut i slapset igjen, sa den første blomsterjenta, akkurat tidleg og høgt nok til at eg høyrte det:
    - Typisk bonde!
    Og eg haldt på å le høgt. Litt fordi ho hadde rett, så klart, men mest fordi det blir rimeleg ironisk når gandalsfolk seier akkurat det om nokon frå bare eit par kilometer lenger sør. Gandal er ikkje akkurat verdas navle det heller, for å seia det sånn...

    Og jada, eg fann fram til slutt, og fekk henta boka eg hadde reservert. Så klagar eg? Neidå! Kjekt med frisk luft og sånn, må vita!

    (* for den generelle danningas del, meiner eg...)

    Eg held dampen

    Lever framleis i jobbebobla, så lite spanande å melda. Høyrer på Alanis til og frå spanskdamer og heimekontor, og observerer at vinteren held ut. Austlandsklart med sol og frost og rim, lyserosa morgon og mørkeoransj ettermiddag.

    Siste offisielle dag på jobben, men sidan eg har prioritert den andre jobben i staden, må eg nok innom både ei og to gonger før eg kan seia endeleg farvel der.

    Men, viktigare: Eg kjem i mål!

    onsdag, november 30, 2005

    Det gjeld bare å sjå på rette talet...

    Feiebilen (det kan ikkje vera så mykje snø att å brøyta no, nemleg) tek rundane sine, og eg har nett sendt mail til naturfagsmannen. Nok eit par linjer strokne av lista. Sakte, sakte, men dog.

    Senga no, og utsikter til heile fem timars søvn - ein framgang på 67% frå i går. Held eg fram på dette viset, kjem eg til å sova rundt innan utgangen av veka!

    Nok prat. Dyne no. Og Varmeapparat med jamn pust og sterke armar!

    tirsdag, november 29, 2005

    Matpause

    Eg har ete:
    * urtefocaccia med havsalt og heimekinna smør
    * skaldyrfylte canelloni gratinert med mozarella, med nøttesky og grøn bladsalat i lett balsamicovinaigrette
    * omnsbakt ishavsrøye med potet- og trøffelgrateng, senneps- og rotgrønsakssaus, grøne bøner og hasselnøter
    * ekstra mørk sjokolademousse med sylta røde moreller og morellsorbet, melisdryss og mynte

    Eg har drukke
    * fire glas jummi kvitvin
    * ein konjakk

    No skal eg:
    * jobba vidare

    Takk for maten, sjefedama! Nam nam!

    At eg aldri lærer!

    For å kompansera for dei tre timane søvn eg fekk i natt, og liksom "opna blikket" litt, fann eg ut at eg skulle ta på meg maskara idag.

    Duh! Kor dum går det an å bli?

    Eg veit jo at eg ikkje kan med denslags! At det einaste som gar-an-tert skjer, er at eg gløymer meg, og klinar våte tårer frå slitne auger over augesverten, utover augeloka og resten av ansiktet. "Ope blikk", eh jada.

    Nok eit teikn i den stadig veksande haugen bevis for at det for lengst er på tide for jenta å slutta i den glansa bransjen. Ho byrjar å tru at litt sminke sikkert kan løysa problema!

    Nattskiftet

    Feiebilen (eller er det kanskje brøytebilen?) tek stadig nye rundar opp og ned de pene frogneravenyane, eg sit inne og tenker at det er ganske ok ikkje å ha ein nattejobb sånn til vanleg. Det er nemleg både mørkt og kaldt der ute...

    Om sommaren, derimot, stiller saka seg noko annleis!

    mandag, november 28, 2005

    Hjerneskrot

    Jada, jada, eg veit det bare er syt og klag med meg for tida. Men akkurat no er det sortering eg treng mest.

    Ergo presenterer eg... trommesolo... lista over ting som gjerast innan ferien, og bør vera unnagjort på onsdags ettermiddag

    (No vart døkk spænt, ja!)

    * Bildeutval og -redigering av Oslo Ø-elevane (28.11 kl 23.30)
    * Utval og ferdiggjering av dei andre forfattarbildene (28.11 kl 00.00)
    * Tyskintervju med virredama par excellence (29.11 kl 02.30)
    * Revisjon av overnemnte (yay! 30.11 kl 19.00)
    * Foto av virredama (29.11)
    * Norskintervju m/ diskusjonskameratane u/ fokus (O lukke! 02.12 kl 05.45)
    * Epostkommunikasjon m/ overnemnte (mail til forlagsdama 02.12 kl 05.55)
    * Skriva ut kroppsøvingsintervju med knapp kar (02.12, kl 14.00)
    * Nye bilder av mr. kroppsøving, alias knapp kar (avtale 02.12 kl 08.30)
    * Naturfagsintervju (2t for yrkesfag) med han på landet (30.11 kl 02.00)
    * Foto av han på landet (28.11)
    * Gjennomlesing og slikt med overnemnte (jupp! 30.11 kl 21.30)
    * Revidera "for sprekt" naturfagsintervju (blæh!) (me fix! 29.11 kl 11.45)
    * Intervju og foto, spanskdama på Tveita (ferdig 30.11 kl 18.45, foto 22.00)
    * Skriva ut spanskdama 01.12 kl 20.00
    * Gjennomlesing og slikt med overnemnte (sendt forlag 02.12 kl 14.30)
    * Intervju og foto, naturfagsdama på Asker (tilbake 01.12 12.30)
    * Skriva ut naturfagsdama (02.12 kl 01.10)
    * Gjennomlesing og slikt med overnemnte (mail sendt 02.12 kl 01.30)

    * Redaksjonsmøte (idiotisk, men deltatt lell, 29.11 kl 10-12)
    * Guatemaladamene 29.11 kl 16.00 - juhu!
    * Eventyrmannen
    * Kievslagg (kan eg fira litt på denne, mon tru?
    * Kollegial middag (grøss!) 29.11 kl 16-19.30, kjekt (!!)
    * Rydda kontoret (kanskje kan også denne venta?)

    Ønskegjerelista:
    * Låna Tunisia-bok på biblioteket 01.12 Hurra!
    * Gjera ferdig italiatullet
    * Gjera ferdig nordnorgedingsen
    * SOVA!

    Arbeidstimar til Tunisia: 104, inklusive dei eg burde sova.

    Det ironiske er at eg føler meg akkurat som eg gjorde på vidaregåande. Pisken lurar like rundt hjørnet, eg halsar vidare med hovudet under armen og armen i bind, og prøver å venda livet det annet kinn. Eller noko sånt.

    Hald meg fast!

    Mørkt når eg kjem og mørkt når eg går. Den trygge utsikta frå vinduet, med snødryss på toppen. Den evige straumen ned bakken, konsentrerte. Eg har snart gått full sirkel no. 17 offisielle timar att her, av eit heilt hav, minus dei tre eg kjem til å kutta.

    Men det går ikkje likevel! Eg forstår ikkje koss eg skal rekka alt eg må rekka! Overalt kor eg snur meg, dukkar samvitet opp. Alt eg skulle gjort, ikkje har gjort, burde rukke over. Folka. Vennene. Planane. Avskjedsmiddag og avslutningsmøter. Jobben jobben jobben. Den eine og den andre. Tekstar som skal skrivast, bilde som skal velgast ut og redigerast. Tilbakemeldingar og mailar. Sprudlande entusiasme og akkurat passe lengd. Pedagogiske innføringar og medrivande vinklar. Tilstedeværelse.

    Koss kan eg vera i teksten når eg ikkje klarer vera i mitt eige liv?

    To observasjonar før 8 mandags morgon:

  • Det snør, det snør, tidelibom!

  • Det er stor forskjell i varmenivået på knea når ein vel ei vanleg, tynn bomullsstrømpebukse framfor dei skikkelege i ull. Brrr...
  • lørdag, november 26, 2005

    Litt av det eg har lært i dag medan eg heller burde skrive ein av dei mange artiklane som ventar på meg:

    ** Det tek ein kveld, ei natt, ein heil dag, ei natt og ein morgon å reisa med tog frå Kolkata (alias Calcutta) til Mumbai (alias Bombay) - til den nette pris av ca 80 kroner for første klasse.

    ** Følgande reisande får rabatt på dei 80 kronene, eller på alle andre strekningar med dei indiske jernvegane:

    * "article clerks" (50%)
    * kunstnarar "lower class" (75%)
    * kunstnarar "upper class" (50%)
    * alle med "award pass", kva no det er (50-100!%)
    * bharat guidar, som eg ikkje veit kva er (50%)
    * bharat seva dal, som eg heller ikkje veit kva er (25%)
    * blinde (75%)
    * kreftpasientar (75%)
    * barneskuleelevar 1-12 år gamle (50%)
    * sirkusartistar "lower class" (75%)
    * sirkusartistar "upper class" (50%)
    * "civil international" (50%)
    * døvstumme (50%)
    * den som følger den døvstumme (50%)
    * generell legetilvising (50%)
    * handikappa, "lower class" (75%)
    * handikappa, resten (50%)
    * hjertepasientar (75%)
    * blødarpasientar (75%)
    * den som følger blødarpasienten (75%)
    * IAFT-skjemafolk, kven no det er (40-50%)
    * industriarbeidarar (25%)
    * bønder (25%)
    * nyrepasientar (50-75% avhengig av kor alvorleg det er)
    * den som følger nyrepasienten, (50-75%, avhengig av kor alvorleg det er)
    * kreftpasientar (50-75% avhengig av kor alvorleg det er)
    * den som følger kreftpasienten, (50-75%, avhengig av kor alvorleg det er)
    * blodsjukdomspasientar (50-75% avhengig av kor alvorleg det er)
    * den som følger den blodsjuke, (50-75%, avhengig av kor alvorleg det er)
    * nyrepasientar (50-75% avhengig av kor alvorleg det er)
    * den som følger nyrepasienten, (50-75%, avhengig av kor alvorleg det er)
    * spedalske (75%)
    * mentalt sjuke (75%)
    * sjukepleiarar (25%)
    * polospelarar (50%)
    * profesjonell kunstnar, "lower class" (proff, altså, ikkje sånn vanleg) (75%)
    * profesjonell kunstnar, "upper class" (ditto) (50%)
    * PTOar (private tour operators??) frå andre Commonwealth-land (50%)
    * PTOar for den indiske jernvegen (66,6%)
    * eksamenselev i den offentlege skulen (50%)
    * forskarar (50%)
    * speidarar (50%)
    * honnør, dvs pensjonistar (30%)
    * sivilteneste (25%)
    * idrettsmenn og -kvinner, "lower class" (75%)
    * idrettsmenn og -kvinner, "inter n level" (75%)
    * idrettsmenn og -kvinner, nasjonalt nivå (50%)
    * tilsette ved st.johns-ambulansen (25%)
    * studentar (50%)
    * studentar med rabattkort (75%)
    * tuberkulosepasientar(75%)
    * lærarar (25%)
    * krigsenker (75%)
    * ungdom (25%)
    * arbeidslaus ungdom (100!%)

    **Det finst dessutan eigne billettkvotar for følgande grupper:
    * kvinner
    * statsfunksjonærar
    * militære
    * politikarar
    * framande turistar

    NSB - eat your heart out!

    torsdag, november 24, 2005

    Vått og godt

    En er en, og to er to -
    vi hopper i vand,
    vi triller i sand.
    Zik zak,
    vi drypper på tag,
    tik tak,
    det regner idag.
    Regn, regn, regn, regn,
    øsende regn,
    pøsende regn,
    regn, regn, regn, regn,
    deilig og vådt
    deilig og råt!
    En er en, og to er to -
    vi hopper i vand,
    vi triller i sand.
    Zik zak,
    vi drypper på tag,
    tik tak,
    det regner idag.

    (Sigbjørn Obstfelder)

    - og det til gangs! Er så uvant i denne byen, at det av og til regnar skikkeleg, så det får liksom litt større vekt når det faktisk gjer det. Tungt, vått teppe over heile dalen, strie straumar over alt. Greit-å-vera-inne-ver.

    Typisk. Eg har ikkje skrive noko særs, i alle fall ingenting interessant, på lengelenge, og så startar eg på igjen med å skriva om veret. Hm. Er ein frå Jæren, ja så er ein frå Jæren! Og då er veret beste emnet.

    I alle fall når livet mitt er der det er akkurat no. Eg har det bra, jobbar og tenker og jobbar litt meir, og prøver å vera så sosial eg bare kan mellom 14-timarsøktene, men det er ikkje alt eg rekk over. Faktisk ganske mykje. Har sett eit par rarsøte, japanske filmar, f.eks denne og denne, men orkar ikkje analysera dei her og no. Held på med japanske ødipuskafka parallelt, når eg ikkje les om India i den einsame planeten.

    For jepp, det blir India! Det blir det blir det blir!

    lørdag, november 19, 2005

    Jenta på ball


    Jenta har vore på julebord. Eller årsfest, som det visst heitte i denne bedriften. Først grua ho seg, og tenkte - som rett er - at ho ikkje passar til denslags. Pynting og sminking og konversering og dansing, uff. Kanskje aller mest det med pyntinga. Sminke og sånn. For ikkje å snakka om håret. Og dei høghæla skoa... Grøss!

    Men ho gjekk no likevel. Og det vart bra. Lysekroner og tekstiltapet på Continental, trerettars med masse vin, avec etter maten, og drikke i baren, med og utan bongar. Mange drakk meir enn dei burde, men ikkje jenta.

    "Vijll du dans me mæ, æller ska vi fijnn oss en rolig krok å koos oss litt med en gang?" "Ehm. Neitakk, til begge forslaga. Men lukke til vidare!" Det er noko eige med folk som innleier samtalen med å grabbe rumpa til motparten...

    Etter nok eit glas på Ett glas, vandra ho heim gjennom dei kalde gatene, med ryggen rak og blikket fritt og dameskoa i veska. Litt full, litt trøtt, og litt kald kom ho heim - og vandra rett inn i den varme, trygge famnen. Av og til er det beste med å gå ut, å koma inn igjen...

    onsdag, november 16, 2005

    Forresten:

    Gratulera med dagen, Therese! Eg sender denne ballongen din veg - dersom du ikkje ser han, er det nok bare fordi du sit med hovudet i spanskøvingane - som vanleg.

    Måtte dagen vera fylt av sol, glede, og - viktigast - masse sjokoladekake!

    Syng: å gid hun lenge, lenge, lenge leve må! Å gid hun lenge, lenge, lenge leve må! Å gid hun leenge, leenge, leeeeeeeeve mååååå! HURRAAA!

    (Det der med mange små kan me heller ta ei annan gong, eller hur?

    Næmmen!?

    Eg er glad i dag.

    La meg la det synka inn: g-l-a-d!
    Alias happy, avslappa, tilfreds! Endeleg.

    Ingen spesielt gode grunnar, eigentleg. Ingen spesielt store, i alle fall. Meir ei oppsamling av mange små.

    Som at:
    * sola skin!
    * eg har levert mitt til forlaget i denne omgang, og har ein heil dags pustepause før me startar på’an igjen i morgon ettermiddag.
    * eg ikkje er trøtt sjølv om eg jobba til 2 i natt og ikkje fekk sova før ½ 3 pga hjernespinn.
    * eg fekk ein mail i natt frå ein kompis som hadde fått Sin Drømmejobb – ein jobb eg absolutt ikkje kunne tenka meg, men som eg ønskar han absolutt alt godt i. Det er så godt å verkeleg unna nokon lukke, utan å måtta svelga eiga skuffing!
    * Ei Viss Kvinne leverte oppgåva si på mandag, ein dag før fristen, og eg står nemnt med store bokstavar i forordet.
    * eg ser at eg kjem til å koma i mål! Kanskje ikkje som førstemann, men som ein fullførar trass alt.
    * verda ligg for mine føter. Viss eg vil.

    mandag, november 14, 2005

    I scream, you scream, we all scream

    Moro, moro:

    Jackson i toalettrøbbel

    Michael Jackson er nok en gang i politiets søkelys etter at han brukte et dametoalett i Dubai.

    Jackson ble oppdaget på toalettet av en kvinne mens han sto og sminket seg iført et arabisk hodeskjerf. Kvinnen ble så forskrekket over å se en mann på dametoalettet at hun skrek i panikk, skriver flere britiske medier.

    En annen kvinne fotograferte i stedet Jakson med sitt mobilkamera. Da begynte også Jackson å skrike.

    Saken er nå under etterforskning av politiet. (NTB)

    søndag, november 13, 2005

    Frode får sagt det

    Er på Jæren, har brukt absolutt heile dagen på å lesa og retta ei laaaaang masteroppgåve, gidd ikkje å skriva så mykje akkurat no.

    Men dette bare eg nemna: Eg skulle bare sjekka at linkane i forrige post funka, og så blei eg sitjande og lesa intervjuet med Frode, heilt fram til den delen kor han har prata seg gjennom Faulkner og Murakami og andre favorittar, og kjem til det med nynorsken. Ramsar opp gode namn, gode titlar, bøker ein aldri blir ferdige med. Alle på nynorsk, så klart.

    Og så seier han dette: "Det fins bevissthet i det nynorske. I bokmål er det så mye ferdig tygget språk, krimskrams".

    Ja! Nettopp! Akkurat det var det eg prøvde å seia sjølv!

    Frode - du er og blir min mann!

    fredag, november 11, 2005

    Rapport frå ei racerrotte

    Måndag:
    Tidleg opp, flytog, Gardermoen. Leeenge. Fly innstilt, fly forsinka, fly endeleg på vingene, og lille meg sovnar momentant. Landar på solfylt(!) Værnes, flybuss til byen. Diverse intervjuavtalekluss, går på biblioteket i staden.

    Og krasjar rett i Frode! Starstruck alldeles. Resten av tida han er der inne, blir eg sittande og skula mot bordet der han sit og les ei avis. Trur kanskje ho er utanlandsk, irriterer meg at eg ikkje finn det ut sikkert.

    Forlet det trådlause nettet på biblioteket, kafé med Gravide Venninna frå Nord. Stas! Stor mage, chilikaffi og altfor hastige ord. Tankar om nettverk, som vanleg for hastige til å fullføra. Gjennomføra. Er eg der eg vil vera i livet mitt?

    Jobb i Skatval, turbofamilie på fem, huske- og systove, grining og lått, trønderfotograf med bakgrunn frå bibelbeltet. Eksklusivt, hysj hysj.

    Værnes. Leeenge. Fly innstilt, flyplassmat, Dumbo på fanget og forlag i hovudet. Dumbo på flyet og Dumbo på flytog, endeleg ferdig når framme.

    Nattetomme gater, varm velkomst, seint i seng.

    Tirsdag
    Tidleg opp, jobb jobb jobb, bokbad.

    Blei endå meir sikker på at eg må lesa bøkene til både Jan og Linn, men syns godt Ane kunne klart seg med ein god del færre kåbbåisongar.

    For øvrig stilte ho med både dotter, mann og mor, og eg kan ikkje la vera å tenka at det sanneleg er eit uskuldig lite land me lever i. Her sit Diva Liv, enkelt og greitt plassert på eit heilt vanleg rockefellerbord, blant publikum som verken er sjekka for våpen eller fotoapparat, og høyrer på at dottera fortel om halvsøskena sine! Never in Hollywood, seier bare eg.

    Onsdag
    Ikkje fullt så tidleg opp, jobb jobb jobb, heim for meir frilansjobb. Sliten L, sliten sjølv, lasagne og prat. Geniale Jodie, søsterbesøk, og sein kveld igjen.

    Torsdag
    Tidleg opp, jobb jobb jobb , jummi overtidsmat, jobb jobb jobb jobb, buss, tom leilighet, meir jobb, pakking, seint i seng. Igjen.

    Idag
    Endå tidlegare opp, søppeltømming og bokoppsamling, og jobb jobb jobb. Må forta meg innom her før dei stenger klokka 19 og eg dreg til jærs i 20-tida. Skal vera oppgåvekonsulent for Ei Viss Kvinne, som leverer på tirdag. Dessutan planar om strandvandring, bilkøyring og beundring av høge himlen.

    Men jepp, Dumbo blir med, han også, og det skal sjølvsagt gjerast ein Jobb der også...

    Og sånn går dagane...

    fredag, november 04, 2005

    Ingenting?

    Eg rømte i dag, frå heile jobben. Ikkje før sjefane også var gått, altså, men likevel. Er for lengst inni nedtellingsmodus, kjenner eg. Fire veker igjen no...

    Gjekk rett på Krishna Cuisine. Sat i andre etasje og kikka ned på det travle krysset (så mange folk det er ute og går allereie i to-tre-tida! Så mykje for åtte-til-fem-livet...) medan eg åt kvasiindisk veggismat. Gyldne fargar og gyldne smakar, søt krishnakar frå Stavanger i kassa. Lenge sidan eg har vore der no, kjente at det var heilt rett å rømma inn i varmen.

    Og eg veit ikkje heilt kva det var som gjorde det, men plutseleg dukka denne songen opp i toppen:

    you owe me nothing in return

    i'll give you countless amounts of outright acceptance
    if you want it
    i will give you encouragment to choose the path you want
    if you need it
    you can speak of anger and doubts, your fears and freak outs
    and i'll hold it
    you can share your so-called shame filled accounts of times in your life
    and i won't judge it.
    and there are no strings attached to it

    you owe me nothing for giving the love that I give
    you owe me nothing for caring the way that I have
    i give you thanks for receiving, it's my privilege
    and you owe me nothing in return

    you can ask for space for yourself and only yourself
    and I'll grant it
    you can ask for freedom as well or time to travel
    and you'll have it
    you can ask to live by yourself or love someone else
    and i'll support it

    you can ask for anything you want, anything at all
    and i'll understand it
    and there are no strings attached to it

    you owe me nothing for giving the love that I give
    you owe me nothing for caring the way that I have
    i give you thanks for receiving, it's my privilege
    and you owe me nothing in return

    i bet you're wondering when the next payback shoe
    will eventually drop
    i bet you're wondering when my conditional police
    will force you to cough up
    i bet you're wondering how far you have now danced
    your way back into debt
    this is the only kind of love, as I understand it,
    that there really is


    you can express your deepest of truths, even if it means i'll lose you
    and i'll hear it
    you can fall into the abyss on your way to your bliss,
    i'll empathize with
    you can say that you'll have to skip town to chase your passion
    and i'll hear it
    you can even hit rock bottom, have a mid-life crisis
    and i'll hold it
    and there are no strings attached

    you owe me nothing for giving the love that I give
    you owe me nothing for caring the way that I have
    i give you thanks for receiving, it's my privilege
    and you owe me nothing in return

    you owe me nothing for giving the love that I give
    you owe me nothing for caring the way that I have
    i give you thanks for receiving, it's my privilege
    and you owe me nothing in return


    Vel heime måtte eg sjølvsagt setja han på, og no har Alanis sunge seg gjennom si einaste forståing av kjærleik eit par gonger. Og eg lurar: er det eigentleg kjærleik, dette? Eller er det noko anna, meir sjølvutslettande? Går det an å elska utan å ønska noko tilbake? Sånn eigentleg? Og er det bra om det går an?

    Huskar eg tenkte det same då plata kom ut, og eg kjøpte ho og lytta til ho siste langopphaldet i USA. På rømmen også då. Vikla inn i andre erfaringar enn Alanis sine. Og bare delvis sikker på at ho hadde rett. Kanskje ikkje det eigong. Eg trur ho tek feil. Trur ikkje den typen unconditional love finst. Ikkje sånn. I alle fall ikkje for meg. Støtte gjennom midtlivskriser, anger og redsle - ok! Men ikkje på vegen over til ein annan, til å springa etter begjæret. Slik sjølvutsletting trur eg ikkje er bra. Faktisk.

    Det er alltid strings attached i eit forhold! Er ikkje det heile vitsen?

    - men eg likar no songen, lell...

    Og medan eg er inne på det...

    ... fekk eg dette resultatet på den japanske personlegdomstesten:

    You Are a Henna Gaijin!

    You're not Japanese, but you wish you were!
    You can use chopsticks with your eyes closed, and you've memorized hundreds of Kanji.
    You even answer your phone "moshi moshi." While the number of anime videos you've seen is way higher than the number of dates you've been on, there's hope. Play the sexy, mysterous gaijin, and you'll have plenty of Japanese meat.


    Ikkje sikker på om eg har lyst å leika sexy og mystisk framand, men ville vel kanskje vurdert å blonda håret mitt igjen om eg skulle flytta til Japan permanent... ;o)

    Ta testen her om du gidd.

    Arigato!

    You Should Learn Japanese

    You're cutting edge, and you are ready to delve into wacky Japanese culture.
    From Engrish to eating contests, you're born to be a crazy gaijin. Saiko!

    Hurra! Eg diggar jo Japan!

    Viss du vil ta testen sjølv, finn du han her. Men pass deg! Eitt av språka du kan bli anbefalt, er svensk...

    torsdag, november 03, 2005

    Shabby, not chic

    Eg var på ei litteraturgreie i går. Opplesing. Kom ramlande inn døra rett før det starta, direkte frå jobb og superhardcoretrening (blod, svette, tårer) og kjappisdusj (utan hårvask) og risbollemiddag (gul thaikarri, nam!), med håret i ein vasete treningshestehale og hendene fulle av baggar og styr.

    Og vandra rett på nokre freshe voldafolk.

    Sjølvsagt. Det gjer eg jo alltid når håret liknar ein mopp og dei stygge eg-skal-uansett-bare-sitta-på-kontoret-og-skriva-idag-kleda heng på halv åtte og ansiktet er varmt og raudt og hendene fulle av gymbaggar. Som den gongen på Gåte-konsert, kor L og eg hadde steikt fisk til middag og nesten glømt tida, og eg derfor gjekk rett på konsert med fiskemiddagluktande heimeklede, utvaska og halvskitne, med håret i feitt hestehale.

    Og vandra rett i fanget på det freshe, nystyla voldafolket. Så klart.

    Klompedeisa rider igjen!

    Men men. Opplesinga: Eg lika begge mennene og ei av damene. I feminismens namn skulle det sjølvsagt vore omvendt, men då kan faktisk ikkje damene skriva bøker om ørkenromansar eller babyspark, sårri. Dessutan: kor finn ein sånne litteraturdamer som innleier med sjumilssetningar innehaldande minst fem undersetningar og bisetningar, framført med überaspirert p2-røyst? Eg bare lura...

    onsdag, november 02, 2005

    Matprat

    Når eg blir stor (haha, pun intended!), skal eg i alle fall ikkje jobba der eg jobbar no! Alle slankar seg, heile tida, og syns det er det beste samtaleemnet som fins. Særs i lunsjpausen.

    Ikkje så svolten idag, så det blei med ei skive og ei gulrot.
    Alarm! Kva diett var eg på, tru, kor ein skulle eta skive og gulrot?

    Dei ikkje bare tenkte det, dei spurte.

    Syns du eg treng å slanka meg? spurte eg, og kikka spørjaren roleg inn i augene. Ho rødma ikkje eigong, og stotra ikkje det grann då ho svara: "Nei det meiner eg ingenting om. Eg ville bare påpeika at du mykje heller bør gå på fedonkur - det er såå mykje sunnare!"

    Jo takk som byr. Eg skal vurdera det om eg nokonsinne finn att matlysta i alt diettpratet.

    tirsdag, november 01, 2005

    Crash test dummy, Ukrainian style

    Litt av det ein lærer på ei veke i Kiev:



    * Ein skal aldri bruka sele i bil! Verre enn å slengast gjennom frontruta etter bråstopp nummer tre tusen, i det ladadrosjesjåføren brått innser at bilen som kjem beint mot i køyrefeltet (som forsåvidt er hans) ikkje har tenkt å gi seg, er det nemleg å stoppast av militiaen. Dei ser det svarte bandet over brystet ditt, og forstår straks at du har noko å skjula. Kvifor ville du elles følga trafikkreglane på den måten? Mest truleg er hanskerommet fullt av dop og bagasjerommet fullt av lik, og du er ein rømt Fiende Av Staten (å joda, dei finst i rikt monn, også etter oransjerevolusjonen!). Altså: Ingen setebelter!

    * Viss du bare klarer å halda fullstendig kjeft gjennom tre portar, tre dører, og fleire kilometer stadig smalare undergjordiske gangar, og dessutan kvittar deg med alle liksommetalliske øremyntar, koparmyntar og småsedlar på vegen (ikkje dei største sedlane - grisk er trass alt ikkje Gud. Håpar me...), vil du få oppfylt tre ønske:
    - Eitt for magen ("gi meg bilen/huset/lottogevinsten/diamantringen/data-maskinen/barbiedokka eg vil ha!")
    - Eitt for hjarta ("ver grei og pass på barnet/mannen/kona/foreldra/ elskarinna mi/n/e og gjer han/ho/dei fri frå alt gale som elles måtte skje!"),
    - Og eitt for hovudet og anda ("lei meg på den rette vegen, Gud, og frels meg frå alt det vonde, Amen!").
    Ikkje verst, huh - tre ønske for prisen av nokre småmyntar og tre tynne bivokslys? Askepott og meg, liksom! Men så var det dette med å klara å halda kjeft, då, i det den eine mummifiserte helgenen etter den andre manifesterer seg i all sin halvrotna velde langs veggane, og tolvåringen bak deg i køen for tredje gong nesten klarer å setja fyr på skautet ditt med stearinlyset sitt... Eitt av tre er vel heller ikkje så gale?

    * Så klart det er naudsynt med èin tilsett per etasje som bare har som ansvar å passa på nøkkelen din medan du er ute av hotellrommet ditt! For ikkje å snakka om ho som har ansvar for lintøy, ho som har ansvar for vasking, og ho tredje som har ansvar for sengereiing - også per etasje.

    * Du slepp ikkje unna kyrkjene. Minst ei per dag, den eine meir gullforgylt og heilag enn den andre. Med russisk omvising.

    * Menn er veldig søte med lange svarte kjolar, bolleklipp og gullkors rundt halsen.

    * Viss du kjøper for meir enn 10NOK i sjokolade om gongen (det er gaver, æresord!), ser folk på deg. Då gjeld det å snarast mogleg evakuera sjokoladebutikken kor dei sel eit herleg utval sovjetestetisk innpakka godsaker med bilde av Staut Ukrainsk Ungdom og Vakre Ukrainske Bondekoner, og koma seg vekk. Den søte sjokoladeselgaren både kan og vil ringa framandpolitiet om du ikkje snarast stikk av med bevismaterialet!

    * Borsj som fastfood er oppskrytt. Du blir aldri - eg gjentek: aldri - kvitt dei raude flekkane på den kvite yndlings-t-skjorta di.

    * Det er klart det både bør og må ta minst to timar å få sjekka inn på eit fly! Ser du ikkje at me er Menn Med Uniform Og Makt, medan du bare er ein ussel framand som ikkje pratar eitt einaste ord forståeleg språk?! Okei då, kanskje eitt. Men kvifor seier du eigentleg "takk" heile tida?

    mandag, oktober 31, 2005

    Jammen, det er oktober enno!

    Det må ha skjedd ein feil her ein stad. Det høyrer vel ikkje til å bli stupmørkt allereie i tretida!?! Hæh?

    Tilbake!

    Så var jenta tilbake frå gullkuplanes fagre land.



    Full av inntrykk, enno ikkje ferdigfordøyd trass i at det har gått ei heil, kjemperoleg helg sidan returen. Trur eg må skriva meir sidan, akkurat no får det halda med eit bittelite utval bilder:


    Stikkord elles: kyrkjer, gull, pilgrimar, tre ønsker, healing, oransj, sovjethotell, marknad, kaviar, sol, grønt, og endå fleire kyrkjer.

    Reis til Kiev!

    Det er ein nydeleg by!

    søndag, oktober 23, 2005

    Framleis stukken

    Kom frå hytta for ti minutt sidan, har vore ei strålande helg.

    Vinteren kom! Med ti centimeter snø, minusgrader og idyll idyll idyll. Elgsteik og rødvin og eplekake og gode venner og jupp, absolutt vellukka. Medan dei andre løysa sudoku og las og småprata, jobba eg meg gjennom seksti sider spes.ped, så no kan eg alt om det også.

    Ukraina neste! Dreg i otta i morgon, blir vekke til seint på fredag. Gler meg - kan eg la vera når dei har ein velkomstplakat som denne?

    torsdag, oktober 20, 2005

    Eg stikk no

    Først til hytta. Er skikkeleg vill og gal og tek ut heile 7,5 av dei cirka 2,7 millionar oppsparte overtidstimane mine som eg aldri kjem til å rekka å bruka opp før eg blir sparka ut av denne jobben.

    Gler meg! Treng eit lite opphald i kontorfri sone no.

    Dumbo skal vera med, men han skal ikkje brukast til anna enn den tidlegare nemnde masteroppgåva om noko eg ikkje heilt forstår men likevel har lova å sjå på. Av ein eller annan merkeleg grunn klara eg ikkje bli heilt ferdig med dei seksti sidene på dei to timane eg hadde til gode i gårkveld - eg skulle jo bare laga mat og pakka og skriva tre mail den same tida! Tsk tsk, amatøren sin!

    Donor

    Eg er småsvimmel og litt frysen, og ikkje så reint lite kvalm etter frokost beståande av to eplemost og tre pepitakjeks, med påfølgande køyretur på overfylt buss kor eg til slutt fekk kjempa meg til ein plass vendt mot køyreretningen.

    Men dei fekk det dei ville ha, heile halvliteren. Og det før klokka var åtte!

    onsdag, oktober 19, 2005

    Panikkåtak

    Baaah! Baaah! Baah!

    Eg gjentek: Baaaaaah!

    Akkurat-no-har-eg-så-mykje-som-eg-skulle-ha-gjort-for-lenge-sidan-men-som-framleis-ikkje-er-ferdig-hengande-over-meg-at-eg-veit-snart-ikkje-kva-eg-skal-gjera-meir! Hjelp!

    Må sortera litt i rotet her, så hald ut. Eventuelt kan du bare skippa heile posten, for nei, det blir ikkje betre om du les vidare!

    Altså. Lista. The List. La Liste. Das Liste. El Listo:

    * The neverending story som er intervjuet med Halvdan. Problemet er rett og slett at eg lika han så bra (mannen altså, ikkje nødvendigvis musikken) at eg har lyst at det skal bli bra for ei gongs skuld, sjølv om det bare skal publiserast i eit teit blad.

    * Omsetja og omdikta den fæle, teite, usamanhengande tyske artikkelen sjefen kom med og ville at me skulle bruka. Nemnte eg at han er på tysk?

    * Gjera ferdig reisereportasjen frå Italia, kor me var for cirka tre millionar lysår sidan, og som burde vera ferdigskriven på den tida det tek å laga ein skikkeleg lasagne dersom eg bare klarte å få ut fingen. Grrr!

    * Gjera ferdig reisereportasjen frå Lofoten, som manglar ca tre idiotiske avsnitt som eg sjølvsagt ikkje klarer å få pressa ut, som den håplause prokrastinatoren eg jo er.

    * Skriva heile saka om ein viss eventyrmålar (her utelet eg detaljar med tanke på alle dei viktige Konkurrentane som heilt sikkert les denne bloggen), basert omtrent utelukkande på dei historiske bilda og dokumenta styraren ved museumet sendte til meg tre månader etter at me var der og prata med ho og fotograferte. Tre månader!

    * Skriva ut det e-gjesp-normt in-te-gjeesp-res-san-te intervjuet med kosthaldsdama som prata om barn og unge og overvekt og om du nokonsinne gir ungen din så mykje som ei rute kokesjokolade kjem ho til å veksa opp til å bli ein svær blob av eit menneske, for det seier Staten!

    * Ringa kunstmålardama om den døde mannen du veit, noko eg gruar mest av alt til, for koss i all verda startar ein sånne samtalar per telefon når alle normalt utstyrte og gjennomsnittleg danna menneske i heile verda veit at det gjer ein faktisk bare ikkje!

    * Ringa folka som i si tid opplevde eit slags mirakel som hadde med telefonar og overdosar og diverse anna å gjera, og overbevisa overdosedama om at "jovisst har du lyst å fortella om dette til meg [kviskre: og mine halv million lesarar!]. Blir så kjekt så!"

    * Ringa Ole Paus. Igjen. Og igjen. Og igjen.

    * Ringa ho der dama som eg aldri før hadde høyrt om før eg fekk beskjed om at ho spelar ei Viktig Rolle i Hotell Cæsar og derfor bare få lov til å fortella om sitt privatliv i våre spalter. Søte barn påkrevd. Pluss ein mann, viss ho har.

    * Ringa folka på Røros og spikra avtalar, helst før snøen kjem. (Er snøen allereie komen der, seier du? Aaargh!)

    * Gjera noko med desse tromsøtipsa mine. Skal, skal ikkje?

    * Skriva ut forlagsintervju nummer ein. Om matte, faktisk.

    * Skriva ut forlagsintervju nummer to. Også om matte. Hurra!

    * Skriva ut forlagsintervju nummer tre. Om ing-lissssh få' prah-fessh-a-nell stjuuu-dentsss

    * Skriva ut forlagsintervju nummer fire, og gjera noko med bilda som høyrer til. Om norsk, takk høgare makter.

    * Lesa og kommentera og tilbakemelda på Ei Viss Kvinne Eg Kjenner si masteroppgåve i eit fagfelt eg kan minimalt om. "Hey, ho er jo bare 57 sider, så kva om me pratest igjen i morgon om det du har funne ut?" "Ehm, jo Mor, det går nok fint det". Kjempefint.
    Kuttar lista der. Ting eg skal gjera neste veke, altså ikkje før eg reiser på hytta om mindre enn eitt døgn, kan eg spara til ei anna gong.

    Og jada, jada, eg veit eg ikkje burde posta her og heller setta meg ned og starta i ein ende. Men-akkurat-no-er-eg-så-blaaaah-at-eg-ikkje-eigong-orkar-tanken-på-eitt-einaste-minutt-til-med-han-der-elendige-Halvdan!

    Dermed: eg går no. På kafe. Med den einaste venninna mi som både går med slør, pratar flytande ikkje-indoeuropeiske språk, og har vore så smart at ho gifta seg med ein rik utlending og dermed slepp å jobba resten av livet.

    tirsdag, oktober 18, 2005

    Sheherazade (re)visited:

    Dette er meg om ca sju veker!

    Har nemleg lokka med meg L på eit aldri så lite eventyr, komplett med kamelar og snabelsko og flygande teppe av alle slag. Sånn skjedde det*:

    Eg: Skal me ikkje reisa på ein tur i desember, når eg blir arbeidslaus og har så mykje fritid som bare det?
    Han (djupt inni Harry Potters eventyr): Hmm...
    Eg: Det hadde jo vore kjekt, ikkje sant?
    Han (framleis i Harry-verda): Hm-m
    Eg: Eg kan godt ta på meg å finna ut litt om alternativa, viss du vil?
    Han (kikkar opp): Huh?
    Eg: Den turen me skal på - eg kan godt finna ut litt meir om alternativa!
    Han: Tur? Når da?
    Eg: Kjem an på kva som passar best for deg. 3-10. eller 10-17. desember?
    Han (usikker no): Eh... den første, tror jeg. Hvordan det?
    Eg: OK!

    [Ein dag* seinare]:
    Eg: Me skal til Tunisia!
    Han (med nasen i Økonomisten): Hnn?
    Eg: Til Sousse! Me skal bu på Kaiser hotel - tenk det, eit ekte keisarhotell!

    [L kikkar opp frå bladet. Lenge]
    Han: Du er veldig søt når du smiler så mye.

    ---
    Så Tunisia it is!
    3-10. desember, noko som gir meg eit par dagar å tenka over min nye, arbeidslause situasjon i forkant, og han den første veka i advent til å finna ut at eg har lokka han med meg på tur no igjen.

    --
    * Jo visst var det sånn det skjedde! Eg kan i alle fall ikkje huska noko anna, og eg var der.

    mandag, oktober 17, 2005

    Det var tid jeg gikk omkring og sultet i Kristiania...

    Magen knyter seg og piiip sørgeleg, hjernen sender stadig fleire meldingar av typen "så klart det er ein lur ide å surfa rundt på internett på søk etter informasjon om Junior Mints (nam!) framfor å skriva ferdig den samvitsknugande saka om Halvdan Sivertsen som du jo allereie har halde på med ca tre evigheter", og augene har for lengst gjennomsøkt lokalet over ting som kan etast, for svarte!

    I det stadig veksande lageret over vekebladstæsj fann dei:
    * gratisprøve på Confecta suppe med "bare 38 kcal!" per kopp, som "anbefales ved slanking" av sjølvaste Grete Roede. Iblanda p-lunka vatn frå kaffi- og teautomaten vart pulveret til noko lysegulbrunt, kjempesalt, oppvaskvatnliknande som eg les på posen skal vera "deilig kyllingsuppe". Ikkje verst - mykje salt for bare 38 kaloriar!
    * to halvsmadra Dietorelle-karamellar med "jordbær"(kremt)smak. "Kos deg helt uten dårlig samvittighet!". Imponerande mykje syntetsmak per omtrent ikkjeeksisterande kalori!
    * to Ido-Form (er ikkje det diarémedisin?) tyggetablettar med melkesyrebakteriar og "fruktsmak" som "styrker magen hver dag", men som dessverre ikkje gjer han noko meir mett.

    Så no gir eg opp og går heim. Skal kasta meg over den første feittdryppande, kaloridampande godbiten eg finn, og nyyyta kvar bit!