fredag, desember 23, 2005

Same procedure...

Eller: Observasjonar ein gjer seg litle julaften på Jæren:

* Det regnar. Så klart.

* For kvar 10. bil på kjøpesenteret, er der ein svær amerikansk dozerfamiliebil. Og for kvar 20., ein traktor.

* Familie, familie, familie. For kvar einslege handlar, er det minst fem familiar med mor, far (eller "den nye typen te mor"), unge nr 1, unge nr 2, og unge nr 3. Pluss den nye babyen mor har i magen, så klart.

* Jærbuen skal tidleg krøkjast som god Mann og Dame skal bli: "næmmen E-MI-lie då, du måkje gjær sånn! Dæ æ bare gytta så helle på sånn! He du lyst å vær en taide gytt, kanskje? [uttalt i det Emilie saman med bror sin veltar eit heilt tårn fint oppstabla leiker] Å du, Adrian, helle fint kjeft. Du får IKKJE barbidåkka - dæ æ jo for jente! Sjå, Adrian - 'u æ jo ROSA!"

* Den tøffaste jenta på heile ungdomsskulen, ho som alltid var saman med eldre gutar med bil, og som kunne ekskommunisera kven det skulle vera til utleing og utfrysing med eit enkelt blikk, var blitt vektar på Mega. Førti kilo tyngre, aleinemor for tre ungar med to ulike fedrar, og ein frisyre stivna på tidleg nittital ei gong. Blikket hennar sveipa meg, men eg var visst blitt usynleg, gitt. Det var rart...

* Drittungar eg lærte å symja då dei framleis var så små at dei av og til gløymte å ta på seg badedrakten i garderoben, sit no i kassen og lurar på om eg har medlemsnummer.

* På under eit kvarter, rekk minst fire personar du har vage aningar om kven er, å helsa på deg, og to andre å spørja om du ikkje snart skal koma tilbake og skriva i avisa. "Dæ'kje de sama nå lengar, når ikkje du æ der - dæ saie maen min ao". Uhm, takk, men nei takk.

* Alt er som det alltid har vore...


... Og snart er det jammen meg jul igjen.

1 kommentar:

Ingvild sa...

Med en del unntak (særlig traktorene) høres dette veldig kjent ut! Men det kan kanskje være en del av sjarmen med å komme hjem - når en tross alt har flyttet / kommet seg vekk...?

GOD JUL, -lin! Har fått pakke fra deg og høy lys flinkis som plutselig sto på døren min! Jippi!