søndag, desember 31, 2006

Bææh!


Eg har nettopp kjøpt fire geiter!

Dessutan grunnskule for ein unge i eitt år.

Her.

Enormt bra butikk! Eg anbefaler alt dei har. Når eg blir stor, skal eg kanskje kjøpa ein skule. Eventuelt bare ein lærar.

Det blei med andre ord Flyktninghjelpen som fekk årets kalenderpengar - pluss ein liten julebonus. Takk for innspel, folkens!

No reiser eg vestover, til Bæærghæn, ein liten tur. Tilbake 2. januar.

GODT NYTTÅR, alle saman!

lørdag, desember 30, 2006

2006

I år som i fjor er det på tide med ei lita oppsummering av året som har gått.

Aller først: Det har vore eit bra år, på så veldig mange vis. Betre enn fjoråret, som heller ikkje var til å klaga over.

Eg har ein slags mistanke om at bloggen kanskje får det til å verka som det ikkje har vore så kjekt å vera meg i 2006, så eg ville bare poengtera det før eg startar. Eg bloggar nok oftare når eg har noko å syta over enn når eg er glad.

Altså, konklusjonen først: 2006 var eit bra år!

Så over til dei faste postane:

1. Kva gjorde du i 2006 som du aldri har gjort før?
Reiste til India og Nepal. Jobba fast (med eigen kontorplass) i forlag - og slutta med det. Starta i ein rein kulturredaksjon. Kjøpte leilighet.

2. Haldt du nyttårsforsetta dine? Vil du laga nye?
Som alltid set eg størst lit til nyttårsønska, ikkje -forsetta. Intensjonen om å jobba mindre gjekk det vel ikkje så veldig godt med. Men når det gjeld vindrikking, kaféhenging, boklesing og matlaging er eg eigentleg godt nøgd.

Nye forsett? Det blir nok det der med jobbinga igjen, trur eg. Så får me heller sjå...

3. Ble noen som står deg nær mor eller far?
Ja! Det poppa fram babyar både her og her og her og her og her! Såå stas!

4. Døydde nokon som stod deg nær?
Ikkje veldig nær. Men det var trist likevel.

5. Kva land har du besøkt det siste året?
Januar: Østerrike, India
Februar: India
Mars: Nepal, India, Østerrike
Juni: Danmark (København)
September: England (London)

Førstegongsbesøk i kursiv, noko som gir følgande kart:


6. Kva ønsker du deg neste år som du har sakna?
Hm. Eg har alt eg treng, og mykje meir til. Seier framleis ja til fast jobb, men trivs godt i dei lange vikariata også.

7. Kva datoar i 2006 gløymer du aldri, og kvifor?
Eg er framleis håplaus på datoar. Men nokre av dei tydelege minna er i alle fall
* frukosten på ein takterrasse i Delhi
* eventyrkjensla i Jaisalmer
* morgonklatringa opp på fjellet i Pushkar
* nydelege Taj Mahal
* fortida i Kolkata
* stilla i Katmandu og Katmandu-dalen
* nasjonalromantikken i Sogn
* huskjøpet(!)
* vennetreff seks år seinare
* ein uventa god november
* ei super fødselsdagsfeiring

Dessutan, og eigentleg aller viktigast: Alle dei gode augeblikka med Lyslugg. Alle desse kvardagsglimta, av gode smil, trygge armar, varme ord. Så heldig eg er!

8. Kva er det største du har oppnådd i år?
Børk. Der var det igjen, det der dumme spørsmålet. Hm. Eg føler i grunnen ikkje eg har oppnådd noko som helst. Eg har fått til masse, men ikkje så mange målbare ting.

9. Kva var din største nedtur?
At eg ikkje fekk jobben eg ønska meg, kanskje?

10. Har du vore sjuk eller skada?
Nei. Som vanleg, mao.

11. Kva var ditt beste kjøp?
Slottet!

12. Hvem fortjener din hyllest for oppførselen sin?
Gode kollegaer. Solide venner. Familie som er der sjølv om eg sjeldan ser dei. Lyslugg. Takk og takk!

13. Kven sin oppførsel gjorde deg nedstemt/lei deg?
I år som i fjor: oftast meg sjølv, og min eigen utilstrekkelighet.

14. Kva gjekk mesteparten av pengane dine til?
Slottet igjen, inkludert oppussinga. Elles India/Nepal-turen, tøys og tull. Og mat.

15. Hva gjorde deg veldig veldig veldig oppspilt og glad?
Veldig veldig veldig glad?
Hm. "Gratulerer. Leiligheten er din" var i alle fall ein veldig god replikk...

16. Kva song vil alltid minna deg om 2006?
Heile Wayfaring Stranger-albumet til Kristin Asbjørnsen.

Dessutan "Suddenly I See" med KT Tunstall:


17. Samanlikna med denne tida i fjor, er du...
a. Gladare eller tristare? Like glad
b. Tynnare eller tjukkare? Først hadde eg tenkt å svara "tjukkare" på dette. Men så ser eg at eg svara det i fjor og, og i og med at akkurat dei same kleda passar akkurat likt som dei gjorde både i fjor og i forfjor, byrjar eg eigentleg å mistenka at det der med at eg blir stadig feitare bare er noko eg innbiller meg. Mao: Omtrent som før!
c. Rikare eller fattigare? Fattigare, no som eg/me har huslån.

18. Kva skulle du ønska du gjorde endå meir av?
Hang rundt med folk eg er glad i. Reiste (det kan aldri bli nok reising!) Las gode bøker, ikkje bare sånne eg måtte lesa fordi dei har med jobben å gjera.

19. Kva skulle du ønska du gjorde mindre av?
Uplanlagt overtid. Anna sutring.

20. Korleis vil du feira julen?
No kjenner eg allereie fasit. Det var ei god feiring på hytta. Oppreise rett etter jobb fredag, rolege dagar med skiturar og henging litle julafta, julafta og 1. dag, før retur om morgonen 2.dag. Kjekke folk, god mat, fine gåver, og okei skiføre. Ingenting å klaga på, mao, anna enn at det godt kunne vart mykje lenger for min del.

21. Vart du forelska i 2006?
Igjen og igjen, i same gode guten.

22. Kor mange one-night stands hadde du?
Ingen, så klart.

23. Kva var favorittprogrammet ditt på TV?
Radio Røynda var vel, tradisjonen tru, stort sett det einaste eg fekk med meg. Men Dawson's på devede er den klare vinnaren når det gjeld boksglaning - sjølv om me framleis ikkje er komne lenger enn sesong 2.

24. Hatar du nokon no som du ikkje hata på denne tida i fjor
Nei. Det der hatet mitt skal du leita djupt og lenge etter, truleg utan å finna stort uansett.

25. Kva bok er den beste du har lese i år?
Å! Mange! Trur det må bli The Emperor's Children av Claire Messud. Med Mitt milde vesen av Brit Bildøen, Krinsereglane av Edmund Austigard og Kafka on the Shore på hederslista.

26. Kva var årets beste musikalske oppdaging?
Kristin Asbjørnsen igjen.

27. Kva ønska du deg – og fekk?
Tur til India, med bonustur til Nepal. Sommarjobb og sidan vikariat i ein kjekk redaksjon kor eg har lyst å bli verande. Staseleg treroms leilighet med verdas finaste utsikt.

28. Kva ønska du deg – og ikkje fekk?
Det har eg ikkje lyst å seia her, for å blir det kanskje ikkje noko av ønsket mitt for neste år... ;o)

29. Kva var årets beste film?
Hm... Vanskelegare å huska enn bøkene... Eg lika i alle fall Reprise, Paprika og Look Both Ways.

30. Kva gjorde du på fødselsdagen din?
For det første blei eg feira etter alle kunstens reglar ei veke før sjølve dagen, bare så det er nemnt.

Den 21.12 var eg og ei venninne på ein kjekk konsert som vara til over midnatt den 22. Då eg kom heim, sto Lyslugg klar med kjempeklem og superkyss, og gåvejakt i levande lys. Fann til slutt ullsokkar, skistavar og nydelege tulipanar.

Neste morgon blei eg vekka med nydeleg gulrotkake på senga halv sju. Nam! Jobba frå halv åtte til halv fire, og nådde toget med god margin. Slumra på toget, og kom rimeleg utkvilt fram til Ustaoset. Kjapp skitur til hytta, før eg fekk sjampis, biff og allslags snadder som Lyslugg-mora hadde fiksa. Fleire gåver, fine ord.

Kortversjon: Stas å bli 30!

31. Kva enkeltting har gjort året mykje meir tilfredsstillande?
"Tilfredsstillande", hm? Tja... Det er i alle fall stas å ha kjøpt denne mykje omtala leiligheten, sånn at me slepp å tenka meir på det! Elles har eg i grunnen ikkje kjøpt så mange ting.

32. Korleis vil du beskriva klesstilen din?
Som før. Mykje t-skjorter og dongeribukser. Men eg er blitt mykje flinkare å gå i skjørt! Framleis med t-skjorter til, dog...

33. Kva har halde deg i mental balanse?
Venner! Lyslugg! Ein god november!

34. Kva for ein kjendis likte du best?
Svarar som før nokon av dei eg lika å intervjua: Ragnar Hovland og Amy Tan.

35. Kva i politikken har opprørt deg mest?
Libanon. Resten av Midt-Austen. Gasskraftverka her heime. No sist Somalia.

36. Kven saknar du?
Dei som bur langt vekke, til dømes fleire av dei nybaka foreldrepara. Men det var fint å sjå at dei fins i livet mitt likevel, trass avstand!

37. Kven var den beste nye personen som kom inn i livet ditt?
Her trur eg faktisk eg skal svara heile redaksjonen, som er ein grepa gjeng.

38. Fortel ein viktig livsvisdom du har lært i år?
Det er ikkje alt som går an å planlegga, og nokre ting passar ganske enkelt aldri. Kanskje er det bare å hoppa i det, så ordnar ting seg etterkvart?
Meir spesifik vil eg ikkje vera...

39. Ein songtekst som oppsummerer året.
Denne var lettare i fjor... Kanskje denne?:
Who's to say
What's impossible
Well they forgot
This world keeps spinning
And with each new day
I can feel a change in everything
And as the surface breaks reflections fade
But in some ways they remain the same
And as my mind begins to spread its wings
There's no stopping curiosity


"Upside Down" av Jack Johnson

Årskavalkade:
Gå i bloggoversikta di og finn den første postingen i kvar månad i 2006. Post den/dei første setningen/ane i kvart innlegg. Summen av disse utgjer årskavalkaden din.


Januar: "Har de sett noko vakrare enn dette praktstykket av ein fugl før?"

Februar: "I tilfelle nokon trudde at dette med mannleg fiksering pa kvinnelege frontparti er eit nymotens pafunn - tru om igjen!"

Mars: "Oj. Ojojoj! Eg er visst komen til Kathmandu! Vuusj! Koss skjedde eigentleg det?"

April: "Ok, no er det nok. Nok syting, og klaging, og songar om hulebuarar og det fæle arbeidslivet. Det er på tide å finna fram smilefjesa!"

Mai: "Eg har gått i tog, eg har høyrt på Kristin, eg har høyrt ho i kjøtdisken på Ica Gausel prata om solidaritet og han frå Sri Lanka snakka om tamilane, og både uteis og middag har eg fått."

Juni: "Eg er seinare ute enn dei fleste, men må bare få lov til å lenka til denne geniale artikkelen."

Juli: "Ein av dagens fellesmailar:Kan de som har en pc de ikke skal ha komme innom meg og levere den fra seg?"

August: "Alle desse orda. Koss skal eg seia det? Skal eg seia at dei kveler meg?

September:"Som eg vel kanskje har nemnt før(?), har eg ikkje alltid bare gode ting å seia om Morgenbladet. Men dette portrettet av Cathrine Sandnes, skrive av Astrid Sverresdotter Dypvik, lika eg:"

Oktober: "Dette er det einaste bildet eg tok dei fire dagane i England. På ein måte oppsummerer det turen. På andre måtar ikkje.

November: "Eg er ikkje heilt sikker på kor eg har dette frå, i og med at eg nett fann det på ein lapp i ein av flyttehaugane. Men ein eller annan plass har eg altså lese og notert følgande"

Desember: "Snøen let venta på seg, huset er ikkje i nærleiken av pynta, og boksane er fullstendig tomme for kaker.">

Kven vil du utfordra?
Eg trur dei fleste allereie har levert årets bloggmelding, så eigentleg ingen. Men det er sjølvsagt lov å låna spørsmåla!

onsdag, desember 27, 2006

Og vinnaren er...?

Eg innser at eg er på etterskot.

Så på etterskot, faktisk, at eg heller går rett på sak med ei materialistisk gåveoppsummering heller enn å skriva opp og ned om kor travelt fint eg har hatt det sidan sist, med sushimøte, kafemøte, konsert, kakepåsenga-dag, togtur til fjellet, sjampisoverrasking, skiturar, og tredagarsjuljuljul med Lyslugg, Lysluggmor og Lysluggsøster, før det var tog tilbake og andre juledagsjobbing.

Det kjem kanskje litt etter kvart, men første ting først. Eg har nemleg noko eg vil be folket om hjelp med.

Er de klare?

Oppgåva er som følger, tre dagar forsinka:
Årets, som fjorårets, julekalender frå mi side, har vore å legga til side femti kroner kvar dag. Heilt fysiske pengar, i femtilappar og myntar, i ei krukke. Tanken var at nokon skulle få pengane til jul, men no ser eg at det nok blir til nyttår i staden. Dermed spør eg:

Kven skal få 1200 kroner i nyttårsgåve i år?

Blir det Redd Barna i år igjen? Amnesty? Røde kors? Eller kanskje nokon heilt andre, som eg ikkje kjem på? Alle dei tre nemnde får allereie eit par hundringsar kvar i månaden av meg, så ingen av dei vil gå heilt tomlomma heim om dei ikkje "vinn" i denne omgang. Eg er mao open for forslag, og mottakeleg for eventuelle stemmer på dei allereie nemnde kandidatane.

1200 er ikkje allverda, eg er klar over det. Men kven veit? Kanskje eg aukar potten om du kjem med eit ge-ni-alt forslag?

Kjør debatt!

Sååå snill!

Sjå alt nissen (og hjelparane hans) kom med!:

Frå ønskelista (eg fekk alt utanom det som er overstreka):
2007 frå ordning och reda
balkongmøblar
bo kaspers hund
det var en gang et menneske på dvd
kule t-skjorter
langrennsskistavar
my so-called life på dvd (!!!)
opplevingar
skibukse
snop, særs sjokolade
snø
sol!
steiketermometer (saman med Lyslugg)
travels in the scriptorium
tur til afrika
turar generelt
tynne ullsokkar, men helst ikkje svarte, for då tek Lyslugg dei
undertøy
varm klem
vi, de druknede
vin, gjerne kvit (med Lyslugg, rød)

Dessutan:
bestemors oppskrifter
fancy spisepinnar
glitrande selskapsveske
hjerteforma peparkakeformer pluss hjertestrø i hjerteboks (med Lyslugg)
hjerteforma varmeflaske
hundehode
indiabilder
janosch
kysseplaster
løpar
salat- eller kanskje chipsbolle
serveringsskei i sølv
sminkepung med lipgloss
snøkulelys (med Lyslugg)
superskarpe knivar med kvessar (med Lyslugg)
sykkelfiksesett (med Lyslugg)
sykkellås
telysestake
vindusenglar
vinglas, graverte

pluss to pakkar eg enno ikkje har rukke å henta på posten!

Det kallar eg ugjendriveleg bevis på min eigen snillhet!

... og beskjedenhet, så klart

Oppdatering 28.12: No har eg henta pakkane på posten, og ført fangsten opp på lista. Dessutan, for ordens skuld, og sidan eg har fått opptil fleire småbeiske kommentarar på kor utskjemd eg er: Ja, eg er omgitt av generøse menneske, og er veldig godt nøgd med alt det fine eg har fått. Men dette er altså lista over gåver eg har fått både til jul og til 30-årsdagen, ikkje bare til jul!

tirsdag, desember 19, 2006

Gulltre!


Eg burde skriva noko vakkert og klokt og poetisk for å matcha motivet, men kjem ikkje på stort. Jobbar kveld no igjen, med frilans- og fastjobbting, og sparer orda til det. Men fint tre, sant?! Det står utanfor Helga Enghs hus og fysikkbygningen på Blindern, i tilfelle nokon har lyst å legga kveldsturen dit for å sjå sjølv.

Du skal få ein dag i mårå?

I mårå er lenge, det!
Treng det vera slik?
Dagen er her, nå!

Gløtt ut desemberglaset
du som nett har kome på jobb
Kva ser du ikkje!

Det flammar opp over den mørke jorda
Det som hus, spir og tre strekker seg mot
Eit herleg smiestelys løftar horisonten

Kven snakkar om død i desember?
Åh, du herlege time, åh, du lysnande dag
Himmelsend, breiddfull med forventing


(Frå Mimosa, myosatias, rosmarin av Tor Obrestad)

mandag, desember 18, 2006

Ja! Alt!

Å Syko - eg er med deg på denne!

Eg bloggar ikkje så mykje for tida, men det er ikkje fordi eg ikkje har nok bra ting å skriva om. Eg bare flyt av garde, på den eine bølga betre enn den andre, så det blir lite kvalitets- (dvs kvantitets-)tid saman med Dumbo for tida.

Så eg spolar fort fram til helga:

Eg har blitt feira!

Både fredag og lørdag! Og i dag! Fødselsdagen er ikkje før på fredag, den o store alle-eg-kjenner-i-heile-verda-er-på-veg-til-der-dei-skal-feira-jul-dagen, så eg hadde vel ærleg tala tenkt at jaja, den der trettiårsdagen kan eg heller forhalda meg til etter jul, når folk endeleg får litt betre tid igjen. Men - og det er her dei fantastiske vennene mine entrar bildet - sånn blei det ikkje:

Fredag vart eg teken med ut på nydeleg trerettars norskindisk middag, med boblande sjampanje og nydeleg kvitvin, og enorme mengder fantastiske gåver. Sidan fruktdrinkar og iste frå den lange øya i tesalongen, og meir vin hos frua. Der blei det dessutan herleg dansing mellom borda, med og utan julebordkjekkasar frå Lillestrøm (haha!). Plutseleg blinka dei med lysa, og kvelden var omme. Og for ein kveld! Alle involverte skal få bilder, eg lovar. Dei bare passar ikkje så godt her.

Lørdag var det kakebakeverkstad heime hos oss, frå tidleg på ettermiddagen til godt utpå kvelden. Me laga peparkakehus og peparkakemur*, kakemenn og kokosmakroner, pluss ei enorm gryte grøt og passeleg mengde gløgg. Tidlegare i veka hadde eg vore litt lei meg for at ingen kom til å koma, sidan eg fekk så mange "er-dessverre-travel-da"-svar den dagen invitasjonsmailen gjekk ut. Men så kom det folk likevel! Mange! Ti personar i alt - unge, vakre, strålande. Akkurat så mange som me har stol- og sofaplass til, faktisk.

Og så overraska dei meg!

Etter at me hadde ete grøt gjorde venninna mi seg eit ærend ut på balkongen. Då ho kom tilbake, hadde ho ei enorm sjokoladekake i hendene. Det var seigemenn og nonstop, mokkabokstavar og tretti(!) lys.

Hurra for meg som fyller mitt år!

Nemnte eg at eg har dei beste vennene, forresten? Eg har nemleg det. Allerbestaste! Etter grøt og kaffi og kake og sånn, var det hus- og mur*-pynting, og endå fleire gode samtalar. To episodar Dawson's saman med Lyslugg, og boms i seng med oss. Bliss!

I dag har me sove lenge, ete god frokost, og gått tur i den gyllenskarpe vintersola. Så fint! Sidan kom bror min og hans trulova (ah, for eit herleg ord! så bibelsk!) på middag og kaffi, sjølvsagt med fødselsdags- og småkaker etterpå. Godt og varmt, roleg kveld. Me får heller prøva å koma oss med på gjestelista til Penthouse Playboys også neste år, sidan me ikkje rakk det i år.

No er det kvelden. Og om ei veke er det jul!

* Peparkakemuren murar sjølvsagt inne stallen i Betlehem - jf bilde. Me lovar å gjera vårt til at han blir riven!

søndag, desember 17, 2006

fredag, desember 08, 2006

Underklasse

Dagbladet på nett køyrte nettopp ein artikkel om "den nye overklassen". Lite nytt for alle som har høyrt om Bourdieu frå før, men festlig lesnad likevel. No har eg teke testen, med følgande resultat:

Du tilhører definitivt ikke kultureliten, gratulerer! Du er antakelig ekte og jordnær, og kan delta i så mye organisasjonsarbeid du bare vil uten å bli mistenkt for å mele din egen kake og holde proletariatet nede.
67% har landet på denne bedømmelsen.

Eg er nesten litt skuffa. Eg, som jobbar i en kulturredaksjon og allslags!

Så no lurar eg sjølvsagt på kva klasse lesarane mine tilhøyrer? Finst det nokon overklassingar der ute?

onsdag, desember 06, 2006

Ovanfrå og ned

Eg sit heime og jobbar i dag, mest fordi eg driv med eit (i mi verd) langsiktig prosjekt, og treng noko av utstyret eg har her heime, ikkje på kontoret. Har installert meg i vindauget med fri utsikt over heile Oslo, te i koppen og kjøleskapet innan rekkevidde. Sola er tilbake, og forgyllar alle utanom rikingane i Holmenkollåsen, som ligg i skodda som vanleg.

Det er så stas med oversikt!

Herfrå ser eg bilar på vegen langt der nede, heisekranar som roterer og, eh, heisar ting, fuglar som fyk og skrik, og tog som susar forbi til og frå flyplassen. Slottet ligg som eit gult tempel borti høgget, og plaza fungerer som eit lysande, nesten blendande solspegl.

Aller kjekkast er det å sjå ungane som leiker på plassen nedanfor.

Dei siste fem minutta har to jenter på sju-åtte år brukt tid, energi og engasjement på eit Viktig Prosjekt: Å grava ned den røde topphua til ei av dei! Eigaren tok hua forsiktig av, strauk litt over henne, kyssa(!) den raude ulla, og nikka fort. Så starta gravinga. Eit djupt hol i sandkassa, hua nedi, og solid haug oppå. Så song dei. Kva, veit eg ikkje, for eg høyrte ikkje orda.

Fantastisk!

tirsdag, desember 05, 2006

Stopp muren!

Eg pleier ikkje skriva så mykje om politikk her. Men no gjer eg eit lite unntak frå regelen:


hit og skriv under på oppropet mot kjempehøghusa i strandsona i Oslo!

Planen er ei rekkje med hus om lag like høge som Postgirobygget og Plaza langs heile strandlina framfor spora på Oslo S. Sjå t.d. Dagbladet sin illustrasjon her.

Det hastar litt med i gi politikarane beskjed - siste høyringsfrist er i morgon, onsdag 6. desember. Vil du senda mail, sender du han til postmottak@pbe.oslo.kommune.no, og merkar emnefeltet "saksnummer 2005 14612". Forslag til tekst i mailen her, kor du også finn lenker til meir informasjon.

Takk!

søndag, desember 03, 2006

Advent

Snøen let venta på seg, huset er ikkje i nærleiken av pynta, og boksane er fullstendig tomme for kaker. Ikkje har me sett opp føggelbænd eller pønta tre' heller.

Det gjer ingen ting. Jula kjem når ho kjem. Til dess er det fint i byen også.

Det lyser i stille grender
av tindrande ljos i kveld,
og tusunde barnehender
mot himmelen ljosi held.

av Jakob Sande

torsdag, november 30, 2006

Baby!

Det er komen ein til!

I natt!

Alt er vel med far, mor og Bror.

Velkomen til verda, nurket!

Bildet er ikkje av den litle broren, men av han som starta boomen for snart to månader sidan. Søt, hm?!

tirsdag, november 28, 2006

Pingviiin!

Gjett kven som gler seg til denne filmen kjem på kino?

Finst ikkje betre vin enn pingvinar!

søndag, november 26, 2006

Pålegg, pøh!

Eg lova visst dette før helga, men så skjedde det eine, og det andre, og jammen meg det tredje også, så eg har ikkje vore nær ein datamaskin før no.

Faktisk. Det er visst mogleg.

I staden har eg sete mange timar på tog, ete fisk à la mor, symt 3000 meter i verdas beste symjehall, gått tur i blåseblesten omgitt av grått grått grått - frå himmel til hav til strand og alt i mellom, sett på kunst utmed havet og kunst i byen, besøkt venninne med mann (32), son (4) og dotter (1 1/2mnd), og ete skikkeleg kalkunmiddag med vannbakkels til dessert - også à la det moderlege kjøkken.

Toget heim går om mindre enn tre timar, så eg får koma meg til plikta:

Hvilken låt er garantert å få deg til å danse?
Hm. "Garantert"? Skeptikararen eg har problem med sånne ord. Eg trur dansing handlar like mykje om humør og timing og sånn for meg. Men, tja, "I'd rather dance with you" med Kings of Convenience fører i alle fall ofte til ein svingom eller tre på stovegolvet.

Alfabetiserer du platesamlingen din?
Nei. Ikkje bøker heller.

Når har du bursdag, og er du typisk for stjernetegnet ditt?
22. desember. Er mao steinbukk, men heilt på grensa til skytt. Horoskop i blad og aviser er sjeldan spesielt treffsikre, men eg har fleire gonger, i minst to utland, fått stilt horoskop som stemte på ein prikk. Så mogleg det er noko i det likevel. Eller ikkje.

Hva er den beste underholdningen du kan få?
Å! Så mange vanskelege spørsmål! Eg likar jo så mange ting! Konsertar er kjekt, og opplesingar. Kino og teater. Men må eg velja ein, blir det vel vennehenging. Gjerne med mat heime hos nokon.

Hvem var du i klassen på ungdomsskolen?
Ho som for lengst hadde lært å halda kjeft.

Hvilken bok anbefaler du?
Av haustens norske: Mitt milde vesen av Brit Bildøen. Av haustens utanlandske: The Emperor's Clothes, Claire Messud. Og kva du enn gjer: ikkje les "Organisten" av Erlend Loe!! Booo-ring!

Hva er verdens beste oppfinnelse?
Skrivekunsten.

Hvilket album er soundtracket til ditt liv?
Eitt album, bare?!? Umogleg. Men akkurat i dag i alle fall "On My Way" eller kva han no heiter med Kristin Asbjørnsen som surrar rundt i hovudet.

Hva er det dummeste du har sagt?
"Internett er temmeleg oppskrytt, spør du meg" (anno ca 1996).

Hva lukter det av skoene dine?
Kjem an på skoa.

Hva skal det stå på gravstenen din?
Veit ikkje om eg har så lyst på gravstein. Syns heile konseptet er litt rart: ein stein på ein plen i lag med ein heil haug andre steinar...

Hva sover du i?
Armkroken.

Fortell en vits.
Nei, uff. La meg sleppa.

Hva var yndlingsbarne-tv-en din?
Hm... Yndlings? Tja. Shagma, kanskje? Og Det var ein gong eit menneske?

Når er du på ditt peneste?
I sommarferien, rett etter morgonbadet.

Hvilken tekstmelding sletter du aldri?
Aldri sei aldri. Men eg har ein del ein viss kar sendte frå hybelen sin i Frankrike, for eksempel.

Hvilket skjønnhetsprodukt klarer du deg ikke uten?
Er sjampo "skjønnhetsprodukt"? I så tilfelle tek eg det. Men veldig stas om eg kunne slengt med ein deodorant også, altså!

Når fikk du sist ordentlig fysisk vondt?
Det huskar eg ikkje. Ikkje ordentleg. Men øvre del av ryggen min kjenner godt dei fire femtimetrane med butterfly frå fredag - tel det?

Hvilket pålegg er du?
Pålegg? Eg vil vel ikkje vera pålegg! Viss eg plent skal vera noko som kan etast, skal eg i alle fall vera noko godt. Høyrte eg sjokolade, anyone?

Puh! Ferdig.
Eg utfordrar ingen. Denne var vanskeleg.

torsdag, november 23, 2006

Bildebevis

Ragnar Hovland og Brit Bildøen var der, og det var eg også.

Olav Stedje fekk eg ikkje bilde av. Ikkje i den stemninga.

onsdag, november 22, 2006

Saman

Mørkret har lege på lur. Det har alliert seg med regnet, med skylaget, med uønska arbeidsoppgåver og sviande skuffingar. Det har ledd av hovmodet mitt, og tolmodig venta på tur. Seigt og tungt, sleipt kviskrande. "Du kan bare gi etter først som sist", har det sagt. "Eg er mørkret, og du kjem aldri til å kunna kjempa meg ned. Du veit det allereie. Så kom! Kom, og gi etter..."

Og det har vore like før. Ei krusing måndag, då Skuffinga gjorde seg kjend. Ei bølgje i går, då ho vaks i styrke og omfang. Ein tsunami i dag, då eg registrerte at Det Blir Slik, faktisk og endeleg. Her kjem ingen gud av maskinen, inga uventa hjelp.

Eg hadde jobba lenge, og tenkte meg heim. Til mørkret. Med det. Aleine, som så ofte. "Eg har vel ingen våpen att uansett", tenkte eg, og trødde ut i det.

Det var då det skjedde.

Tilfeldig, ville eg gjerne seia, men det ville ikkje vera sant. Eg skulle heim, sa eg jo nettopp, og Babylon er ein annan stad. Det er nok rettare å seia at kjende meg dregen. At eg lot meg dra, av sterkare, lysare krefter. Eg vart henta inn, samla saman, varma opp og støtta fram. Eg kom til venner, og dei tok imot meg med opne armar.

"Kjære alle vestlendingar i Oslo. Og kjære alle austlendingar. I kveld kan også de får vera vestlendingar", sa mannen.

Etter det bare flaut det. Det var Are Kalvø som Eli Hagen og Thorvald Stoltenberg, det var Kjartan Fløgstad som seg sjølv og Helge Hidle. Det var Brit Bildøen og Ragnar Hovland saman og kvar for seg, og venlege blikk i heile rommet. Det var øl for å ha det rette i handa då eg tok mot til meg og prata til og med desse høge, meir og mindre tause forfattarmennene, og gode, ektefølte ting å seia til ho milde.

Og det var Stedje. Oh, Stedje.

Han sat der på krakken sin, ganske aleine med gitaren. Småprata litt, og song. Då skjedde det. Det skjedde likevel, mirakelet. Augneblinken av fullkomen lukke, kor alt smelta saman i ei høgare eining, og alt gav like mykje meining. Like god meining. Han sat der, som sagt, aleine.

Og song:

Så kvil deg no min kjære
Lat kroppen din få fred
Er ser augo dine smile
Når du stille legg deg ned.
Vi har vandra gjennom dagen
Vi har saman gjeve han liv
Og når alle lydar stilnar
Slik som kvitringar i siv

Ooh, vi vandrar saman
Eg følgjer der du går
Ooh, gjev meg handa
Lat månader bli år.

Så takk då for ditt ljose smil
Og takk for dine ord
La all mi glede stige
Slik som tonar frå eit kor.
Og stille kjem no natta
Og ditt ansikt fell til ro
Så godt å vera saman
Så godt å vera to.

Då skjedde det.

Ein tilfeldig tilhøyrar, ein ung mann i hettegenser og litt for stor jakke, klauv opp på stolen ved sida. Smilte litt, men gjorde ikkje stort av seg. Han bare nikka litt til Olav, kikka ned i golvet...

Og song.
Ooh, vi vandrar saman
Eg følgjer der du går
Ooh, gjev meg handa
Lat månader bli år.

Og eg er framleis mållaus. Framleis ute av stand til å beskriva det. Ute av stand til å finna dei rette orda. Om tida då alt står stille. Då verda finst, men bare som eit vakkert skin. Då alt verkar logisk og sjølvsagt og inkluderande.
Oo-oh, vi vandrar saman.
Og mørkret kan bare ha det så godt. Eg vik ikkje.

Og eg er ikkje aleine.

tirsdag, november 21, 2006

Nedteljing

Om ein månad og eit par timar blir eg stor jente med nok eit tiår under beltet. Etter det eg har høyrt, er det når ein rundar 30 ein blir skikkeleg vaksen. Men me får då sjå, med mem eigenhendig stole hos Alliene. Alternativa står lista nedover, feit skrift betyr at eg har dette/er sånn. Poengskala til slutt.

Here goes.

EG HAR/ER:
* Jobb (1p) (men ikkje fast stilling - blir det eit heilt poeng då?)
* Visittkort (1p)
* Deltatt på konferanse med overnatting (1p) (jups! opptil fleire)
* Bor hjemme hos foreldrene (-2p)
* Samboer (1p)
* Forlovet (1p)
* Gift (2p)
* Skilt (3p)
* Eier eget hus (2p) (hus!?! leilighet må då halda i lange banar!)
* Har en bil (1p, kombi + 1p)
* Hund (1p)
* Lån (1p)
* Delt økonomi (1p)
* Pensjonssparing (1p)
* Gjør storhandel (1p) (i alle fall av og til! så mykje eg får på sykkelen...)
* Bruker kundekort (1p)
* Handler bevisst på rabatt-tilbud eller benytter rabattkuponger (2p) (gir meg sjølv eitt av to poeng her for å huska stempelkort på kinoen og slikt, noko Lyslugg omtrent aldri gjer)
* Hushjelp/vaskehjelp/praktikant/eller lignende (1p)
* Oppvaskmaskin (1p) (spør du meg, er det eit godt instrument for ikkje å bli gammal før tida...)
* Dobbeltseng (2p)
* Har juletre i jula (2p) (nei, men lyst på akkurat i år...)
* Grå hår (1p)
* Cellulitter (1p)
* Abonnerer på morgenavis (1p) (hehe, hadde jo vore litt løye viss ikkje)
* Løse sudoku (1p)
* Velge å ikke ta telefonen (2p) (mentalhygiene!)
* Pusse vinduer (1p) (kanskje ikkje så ofte, men grundig!)
* Plukke sopp (2p)
* Bruker msn (-1p)
* Parmiddag (1p)
* Vinsmaking (1p) (hehe, tel ikkje god gammaldags drikking?)
* Dansekurs (1p)
* Feste til gamle 70-talshits. (1p)
* Drikke Konjakk alt. calvados til kaffen (1p) (halvt poeng sidan eg jo drikk bare brennevinet, ikkje kaffien!)
* Gå til sengs før 23.00 hver kveld på ukedagene (1p)
* Foretrekke sofaen hjemme framfor utekveld med venner (1p)
* Spille bingo (1p)
* Syns Idol-Aleksander/ Idol-Vivian er dritdigg (-1p)
* Ha hofteproblem (1p)
* Ha bilradioen innstilt på P1 (2p) (bilradio? framandord. for øvrig er det lite radio for tida, gett)
* Bli overrasket over ”ungdommen nå til dags” (2p)

0-15 p - IKKE gammel
16-25 p – Godt på vei…
Over 25 p – Nå er du der!

Viss eg reknar rett, noko eg eigentleg ikkje er spesielt flink til, fekk eg 18,5 poeng. Definitivt godt på veg, mao! Og det stemmer vel i grunnen temmeleg bra. For øvrig er eg, som Alliene, einig at ungar burde vore her, med 3 poeng, minst!

mandag, november 20, 2006

Klisjeorama

Eg sit her, på jobb, ein mørkgrå kjipismandag, då følgande praktstykke av ein song (av Boyzone, ja!) heilt uventa dukkar opp og festar seg fremst i hjernebarken. På repeat:

"I'm sorry"
It’s all that you can say
Years gone by and still
Words don’t come easily
Like "sorry" "forgive me,"
Is all that you can say
Years gone by and still
Words don’t come easily
Like "forgive me"
Forgive me..

But you can say, baby
Baby can I hold you tonight?
Baby, if I told you the right words
Oooh, at the right time
You’ll be mine

"Baby Can I Hold You Tonight" av og med Boyzone

Og eg bare lurar på noko:
Heilt ærleg, på ein skala frå 1 til 10 - kor alvorleg er det fatt med meg?

12?

Uff. Det var det eg mistenkte. Ikkje bare kan eg teksten - eg veit ikkje eigong kva eg har å vera så frykteleg sorry for.

Utanom songen, kanskje?

tirsdag, november 14, 2006

Dette sjarmerer meg:

¤ To år gamle jenter som kjem på besøk med joggedrakt og om lag ti centimeter raude innesko og et like mange grøne kvitlauksmarinerte oliven som mora si og eg til saman. «'liiiiven!»

¤ Steingamle, for lengst pensjonerte forlagsfolk som stort sett innleier resonnementa sine med utsegner av typen «ja for du husker jo denne nydelige passasjen i Madame Bovary, hvor...», utan å tvila så mykje som eit sekund på om tilhøyraren, altså eg, faktisk har lese Flaubert, eller Thomas Mann, eller kven det no er det dreier seg om. Man er da kultivert!

¤ Kollegaer som donerer meg matpakke med tre skiver heimebaka brød med skikkeleg pålegg som dei sjølv ikkje har rukke å eta i løpet av den vanlege arbeidstida, «men du trenger kanskje litt påfyll du, på kveldsvakta?» Takk og takk! Nydeleg brød var det òg.

¤ Nybakte fedre som i det lengste har prøvd å halda seg liksomkule og mandig uinteresserte, men som nesten byrjar grina av stolthet bare dei fortel om podens heilt spesielle måte å hikka på.

¤ Berømte forfattarar som ser at me er to av same stykket: «du ser ikkje ut som eit slikt skrekkeleg kaffimenneske som det er så mange av her i verda. Beiske skiten. Vil du ha te? Eller kva med ein liten konjakk?» Uhm, ja takk!

Blant anna. Det er mange fine folk i verda.

mandag, november 13, 2006

Eg held pusten

Det er gode dagar.

Jøss. Kven skulle trudd? Ikkje eigentleg eg, men eg lenar meg gladeleg tilbake og tek imot. Det er venninner som flyttar inn i nabolaget, med lovande vindrikking på det tomme golvet før møblar, fødseldagsfest på landet, og herleg søndagsmiddag med full stove. Det er varm tosomhet, teater og fine møte på jobb. Det er gode tilbakemeldingar og strålande soldagar, mailar og telefonar og til og med brev. Det er gode parmiddagar midt i veka, og fleire festar enn eg rekk å gå på. Slagfylle og familiebrunsj, kunstutstillingar og uventa treff. Venninnebesøk med små ungar, raudvin og sjokolade. Det er lunsj ute før kveldsvakt, og snø i lufta om morgonen. Enkle vakter og festlege folk.

Hey! Det er faktisk november!

onsdag, november 08, 2006

Husmorhjørnet

NB: Denne posten skal lesast med fjernsynskjøkkenmelodien i bakhovudet: da tada da dada daratata data dara da daaa osv

Søndag hadde me ein liten gjeng gjester på lammelår, med poteter og saus og soppstuing og grønsaker og sånn, pluss eplekake til dessert. Nam!

Mandag tredde husmora i kraft. Bokstavleg tala. Fram med knokar og bein pluss diverse rotgrønsaker, krydder og løk - no skulle det kokast (ahem!) kraft. Boble boble ganske mange timar, avskumming og tilsmaking.

Og så har me juksa litt

Me (dvs eg) har nemleg silt av den nedkjølte krafta, og kokt opp igjen med restar av kjøt, nye grønsaker, krydderurtar og uuuhm. Nam! Veldig veldig godt!

Viss ikkje eg kan kallast eit godt koneemne (eller ebbne, som det heiter på Jæren), så veit ikkje eg!

Du treng:
Lammelår/knoke
Løk, rød og gul
Sellerirot
Potet
Gulrot
Persille, fersk
Pepar, heil
Salt, helst hav-
Tolmod


Voilà!

No driv eg bare og surfar rundt på nettet etter måtar å langsteika ei svinesteik til gjestene som kjem i sjutida medan eg er på jobb i morgon. Dvs åtte-ni timar i Römertopfen, på veldig låg varme (120, kanskje?) - går det? Tips mottas med takk!

tirsdag, november 07, 2006

For eksempel journalist

Eg har visst ikkje vore innom her på ei stund, kom eg plutseleg på. Skal skriva meir sidan - eg skal bare først.

I mellomtida kan de ta denne testen. Hard vitskap avslører dine innerste psykologiske hemmelighetar. Eg har for eksempel lingvistisk intelligens, og kan dermed bli ein fantastic journalist (hah!):

Your Dominant Intelligence is Linguistic Intelligence
You are excellent with words and language. You explain yourself well. An elegant speaker, you can converse well with anyone on the fly. You are also good at remembering information and convicing someone of your point of view. A master of creative phrasing and unique words, you enjoy expanding your vocabulary.
You would make a fantastic poet, journalist, writer, teacher, lawyer, politician, or translator.

onsdag, november 01, 2006

November

Eg er ikkje heilt sikker på kor eg har dette frå, i og med at eg nett fann det på ein lapp i ein av flyttehaugane. Men ein eller annan plass har eg altså lese og notert følgande litle dikt (viss det kan kallast eit dikt - fyndord er kanskje betre? Eller vers?)

Uansett:

Året har 16 måneder: november, december
januar, februar, marts, april, maj,
juni, juli, august, september, oktober,
november, november, november, november.

Av Henrik Nordbrandt


Sukk...

tirsdag, oktober 31, 2006

Hallo, ween!

Halloween er eit tullete amerikansk påfunn. Usunt og umoralsk - ungane gjer jo ingenting for å få snop, dei bare truar med å øydelegga for andre. Overkommersialisert, med andre ord, og dessutan ikkje i stil med vår norske protestantiske tradisjon. A Hallmark holiday, ganske enkelt.

Alle veit jo det.

Men så er det bare det, at eg eigentleg likar halloween. Litt, i alle fall. Eller, bare på ein måte. Ikkje så mykje i Norge, kor me ikkje har forstått greia og bare importert masse oransje effektar frå Kina eller kor dei no elles lagar plastdingsar.

Men i USA, der!

Eg har enormt mange gode minner frå mine amerikanske halloweenar. Graskarutskjering, utkledningsfestar, spøkelsesslott og skrekkfilm. Hershey kisses og Reeses cups og Twinkies og anna snop, alt sjølvsagt individuelt innpakka i oransje og brunt. Oreos med oransje fyll, is og øl(!) og omtrent alt anna med graskarsmak. Leik og lått og moro - on a school night. For det er litt av greia. I alle fall der eg har budd, og i dei krinsane eg har vanka, feirar ein halloween på rette datoen. Å legga festen til helga før eller etter, er juks.

Og noko av det beste - om ikkje det beste - med heile halloween er jo timinga. Amerikanarane er enormt lure på akkurat det punktet. Vel har dei bomma på nasjonaldagen, og lagt den midt i sommarferien - men om hausten! Når regnet piskar ned og lauvet ligg på bakken og blir brunt, og det verken er varm sommarsol eller fin julesnø å gleda seg over? treng me ein fest, og det har amerikanarane forstått. Ikkje bare ein, heller, men Thankgiving ein liten månad etter. Sei kva du vil om USA, men festar kan dei! Det, og individuelt innpakka snop, så klart.

Her på berget er me dårlegare på begge deler. Eg var i butikken i dag, og sjølv om eg altså syns det er noko tull å heilt ukritisk importera amerikanske tradisjonar til Norge, håpa eg i mitt stille sinn at det ville koma ein unge eller to innom. Det gjorde det ikkje. Så Foxen eg kjøpte, eine og aleine fordi det var det einaste innpakka småsnopet i heile butikken, ligg no i skapet. Ganske så aleine, stakkar, medan han ventar på å bli eten.

Aller helst av eit lite spøkelse. Eller kanskje ein aldri så liten vampyr?

mandag, oktober 30, 2006

Keisarens klær



«The sorrow Marina felt was like an internal howling, as though some organ had been plucked from her. Was this what it meant to grow up, this vast loneliness?»
Frå fantastiske - fantastiske! - The Emperor's Children av Claire Messud.

Årets beste lesnad, på så veldig mange plan.

torsdag, oktober 26, 2006

reject

Eg er så sliten. Så uendeleg, ugjendriveleg trøtt. Som om saumane held på å rakna, og eg i ferd med å enda som ein liten, klissete pøl på golvet.

Det blei ikkje meg.

Dei brukte mange veker på å intervjua. Månader på å bestemma seg. Eg har gått som på nåler, kvar dag ein ny arbeidsprøve, kvar dag litt ekstra glitter overfor juryen. Eg har sete kveldar og netter, eg har hoppa når andre sa hopp.

Eg har verkeleg prøvd!

Og så blei det ikkje meg likevel. "Du er en veldig god nummer to". "Vi er imponerte av innsatsen". "Du blir bare bedre og bedre". "Vi skulle virkelig ønske vi hadde to stillinger, så skulle vi absolutt ansatt deg".

Men det har dei ikkje. Eller, dei har, men dei vel å gjera den eine om til vikariat i staden. "Ut mai første omgang, er du interessert i det?" Ehm, ja, okeidå, eg er vel det.

Må bare samla opp alle delene mine først.

onsdag, oktober 25, 2006

Ein raud tråd

Sånn apropos omtrent ingenting føler eg eit visst behov for å skriva litt om strikking no.

Strikking, ja!

Å? Du hadde ikkje venta deg det? Ikkje frå denne kanten? Du meiner eg fram til no, altså dei 29 første åra av livet mitt, ikkje har demonstrert særlege talent innan sjangeren?

Kjære deg, eg anar ikkje kva du snakkar om!

Grunnen til at du ikkje ser meg strikka, er bare at nokon andre har stole ferrarien, eh, eg meiner ideen, min. Synd, men no er det gjort. Det blir liksom ikkje det same med ein vanleg Toyota etter dette.

Og skjerf torer eg i alle fall ikkje å laga:

mandag, oktober 23, 2006

ebony and irony

Eg driv framleis på med det der jobbdøgnetrundtopplegget mitt, så har eigentleg ikkje tid til ekstraskriving no heller.

Men så bare må eg likevel, for det er då grenser for kor tjukt ironien skal smørjast før sjølv eg ser det. Sjå bare på to av dei aller siste frilanstinga mine, altså desse som eg sit med til 2 og 3 og seinare om natta, stadig med gode intensjonar om at dette - dette - er sjølvsagt siste gongen:

* Torkjell Berulfsen om "det gode liv": Han konkluderer at det gode liv for han er å ha ein jobb han trivst med, og jobba omtrent heile tida. "Jeg har nok valgt bort venner til fordel for jobben - vennskap må jo pleies, og det har jeg ikke tid til. Kanskje er jeg i bunn og grunn en stor egoist?"

* Ingebrigt Steen Jensen om teambuilding og liknande newsspeak (jada jada, klisjealarm, eg veit. Eg sa ja mest for å hjelpa ein kompis i naud. Heilt sant!)

Han har eg, også ironisk, ikkje fått ein skikkeleg avtale med enno, all den tid me begge spring som tullingar for og i våre respektive jobbar. Dermed gjer eg research, og les det han sjølv skriv. Og no er det ikkje det at eg kjenner meg like godt igjen i alt, eller at eg er like samd i alt han seier. Absolutt ikkje alt! Men av og til må eg jo smila.

Av han, av oss, av meg.

Ta til dømes dette litle utdraget, om kvifor så mange yngre, vellukka, travle folk møter denne berømte veggen:

Vi er det 21. århundres sisyfoser. Vi ruller vår livskarrieres kampestein opp fra stranden mot toppen av klippen, og hver gang vi skal til å bikke den over, glipper den og ruller ned igjen. Forskjellen er at Sisyfos visste hva som ventet der oppe og aksepterte sin skjebne, mens vi hver eneste gang tror at nå! nå er det like før, bare vent til helgen, til vinterferien, til påske, til rypejakta, da vipper vi over kanten, da blir det bedre, bare vent!

Å, som eg ventar på helga! Som eg gler meg til eg også, ei gong, skal få ferie!
Vi har ikke lenger kraft til å bære våre egne liv; ikke helt frem. Vi klarer en uke til, et kvartal til og kanskje et helt år til hvis bare doktoren gir oss noe å sove på, men vi vet at det er umulig å bære et slikt liv hele veien frem. Det kan ikke fortsette på denne måten, sier vi til oss selv og til de få som fremdeles gidder å høre på. Deretter fortsetter vi som før.

Kor tungt er ditt liv? Og mitt?
Kanskje er vi blitt slaver av maskinen, det store kvernende hjulet av lønninger, opsjoner og posisjoner som maler oss til svevende støv. Kanskje er vi som hamstere på livets løpehjul, bena våre går som trommestikker mens vi står helt stille i rasende fart. ... Kanskje lider vi under anerkjennelsens tyranni, fordi applaus er turbolivets sterkeste narkotikum, en hallusinatorisk mikstur av berømmelse, ros og klapp på skulderen fra de andre, fordi vi ikke selv eier tilværelsens målestokk lenger, vi strekker oss alt vi kan, men Barnums linjal er nådeløs, for kort, gutt, du er ikke nådd høyt nok ennå. ... og hva skal du, hva har du fått til, hvor er du på vei?

Ja, Ingebrigt - kor er me eigentleg på veg?

Kor er eigentleg eg på veg?

Tilbake til teksten, i første omgang. Det blir ein lang kveld...

søndag, oktober 22, 2006

en blå ballong og sånn

Om to månader blir eg stor jente.

Ønskeliste per dags dato:

* snø

* denne t-skjorta i girly medium

* sol

* varm klem

* my so-called life på dvd (men fy! for ein kjip pris!)

* ferie

* fast jobb å ha ferie frå

tirsdag, oktober 17, 2006

pip!

Hei

Det er eg som av og til skriv litt her.

Ville bare stikka innom og seia at eg framleis finst. Eg har ikkje falt av jordas overflate eller noko, sjølv om det kanskje verkar slik.

Bare litt travel.

Bombe, eg veit. 12-timars arbeidsdagar pluss førebuingar, oppussing, besøk og anna snask. Hytta i helga, overnattingsbesøk frå i går, illusjonar om av og til å stikka innom treningsstudioet (haha!) Avlysingar, av vennemiddag og kompiskino - "har ikkje tid". Ei heller inspirasjon, når det kjem til meir skriving enn den eg allereie har forplikta meg til.

Men eg er her altså!

-lin

onsdag, oktober 11, 2006

Boom!

Juhu!

Fire! Talet er 4! Siste-, eller eigentleg andremann, kom for nokre dagar sidan, men har av ymse meir eller mindre alvorlege og/eller prosaiske grunnar ikkje blitt rapportert ut i verda før no.

Ein liten gut, med afghansknorske foreldre og kolsvart hår.

Salaam!

Fy søren, for ei babyveke! Eg blir heilt varm inni meg av alle desse mikromenneska!

... og endå ei!

Og jammen poppa det ikkje ut ei i dag også!

Jente med rumpa først, som blei henta ut av mora på keisarleg vis. Alt vel med legemor, ingeniørfar, og litle storebror.

Noko som er litt festleg, er at mødrene til både denne og den forrige litle jenta heiter det same, og har minst ein lege i foreldreparet. Men her er det mora som er lege, hos ho på måndag er (blir) det faren.

Velkomen til litlå!

No har eg "bare" ei venninne igjen som har termin i oktober...

mandag, oktober 09, 2006

Ei til!

Ikkje før er den eine babyen ute, før det kjem ein til!

Ei jente, førstefødt, som kjem til å veksa opp med lege(student)far og matematikk(student)mor langt nord i Tromsø.

Velkomen!

våre rom

Eg er aleine heime, og har vore det sidan grytidlig fredag morgon. I kveld, då eg kom frå kino, fekk eg to meldingar frå Lyslugg. Først ei om at flyet var forsinka, så ei om at han er booka om til eit anna fly og kjem i morgon i staden. Akkurat i tide til å rekka jobben, ikkje til å koma heim.

Å! Nei! Men eg då?

Men legga seg må ein jo uansett, så eg gjorde det. Las litt i tre-diktsamlingar-i-eitt-boka til Geir Gulliksen for i det minste å sovna med gode ord, sjølv om det er eit dårleg substitutt for ein varm rygg. Og fann dette:

Hele dagen er jeg helt vanlig
hele dagen går og jeg går også
hele dagen, jeg kommer ikke vekk fra meg
jeg går til stolen, setter meg og reiser meg igjen
går fra vindu til vindu og går til en annen stol
jeg snakker ikke med noen, ringer ikke til deg engang
tar ikke telefonen leser ikke post, drikker te og ser på
lyset som skifter utenfor og som skifter i rommene også
Dette er våre rom, og du er ikke her. I morgen er du kanskje
her igjen. Men da skriver jeg nok ikke på dette
diktet lenger


Frå "Se på meg nå" av Geir Gulliksen

"Dette er våre rom, og du er ikke her".

Kom snart!

søndag, oktober 08, 2006

Fem om dagen

Et gulrøtene dine!

Eller syng med dei.

Eller kanskje ikkje(?)

lørdag, oktober 07, 2006

Runddans

Og så, same dagen som ein går i jorda, kjem ein annan til.

Velkomen til verda, litle menneske, store mirakel!

Du kan tru me har store planar for deg!

fredag, oktober 06, 2006

Slutt?

Ein ung mann fell i døden.

Ei fire veker lita jente blir farlaus, ei ung kvinne mistar sin allerkjæraste. Ingen får nokonsinne vita kva som skjedde.

No ligg han i jorda, det er over.

«Virkeligheten har ingen ende! Ikke engang når vi dør – det slutter ikke da heller», seier Abbas Kiarostami. «Vi er her noen år, så er vi borte», seier Mona Høvring.

Eg veit ikkje heilt kva eg skal seia.

Kvil i fred

torsdag, oktober 05, 2006

Gjennombrot

Det har regna slik det bare sjeldan gjer i denne byen. Tett, kaldt, klissblautt. Og eg held på mitt: det er ingen by laga for regn, dette. Her blir så grått, så framandt og ugjestfritt. Haustaleg, seier me heime, endå heime er ein stad som toler vatn.

Men så, i det eg skulle heim frå jobb, før eg rakk få på meg regnbuksa -
dette:

Og så er Oslo og eg venner igjen.

Hey, med lys som dette kan eg til og med bli venner med hausten!

(Men ikkje sei det til han!)

mandag, oktober 02, 2006

Ved naudstilfelle

Dette er det einaste bildet eg tok dei fire dagane i England.

På ein måte oppsummerer det turen. På andre måtar ikkje.

Me fekk ikkje bruk for han, heldigvis.

Konferansefokus først, så rolege dagar, med gatesurring og kafehenging og parksitjing og vennebesøk og så altfor altfor lita tid. Akkurat som venta, mao.

Og vips, så var den "sommar"ferien omme, og kvardagen tilbake. Kveldsvakter og leveringsfristar og alt det der. Oktober.


I tilfelle haustmelankoli, plukk opp den RAUDE telefonen.

Ring ring!

onsdag, september 27, 2006

AWOL

Oj.

Eg skulle visst på tur!

Dreg om tre-fire timar, blir vekke til søndag.

So long!

tirsdag, september 26, 2006

a poor wayfaring stranger

Eg pleier fokusera på bøkene. Ramsa dei opp i margen (sjølv om eg ser det er lenge sidan no. Det får uansett venta. Harkje tid), og skriva ned utdrag eg likar av og til. Tenka i ord, som den ordgytaren eg jo er.

Men no skal det handla om musikk. Eller, "handla om" og "handla om". Eg skal vitna litt, tenkte eg.

Om Kristin Asbjørnsens fantastiske - fantastiske! - "Wayfaring Stranger - a Spiritual Songbook".

Du må høyra på! Eg meiner det! MÅ! Okei? Eg har ikkje så mange gode ord til å forklara kvifor, men likevel. Nettopp derfor! Det er så fint, og nært, og sårt, og sterkt, og djupt. Og akkurat det med djupne er jo nesten pinleg å prata for høgt om, så klart. Nærhet og sårhet og styrke og alt det der også. Og det er jo noko av det fantastiske. Dette at det finst ein måte likevel, utan at det blir for mykje. For nært og tett - før det blir klamt. Eg er jo ikkje spesielt oppteken av verken jazz eller spirituals eller nokon av boksane plata kan plasserast i, men likevel (igjen): Eg har falle.

i'm on my way
to caanan land
glory hallelujah
i'm on my way
i'm falling and i'm rising
i'm on my way

fredag, september 22, 2006

Stillingskamp

Eg kan bare seia deg ein ting, din dumme haust:

Eg NEKTAR å gå med genser over t-skjorta bare fordi du er her!

Såh! Hah!

torsdag, september 21, 2006

even when I numb myself

Uff. Kva er det å seia?

At det er haust ute? Bekmørkt og surkaldt? ... At det har vore ein sånn dag på jobb - og at jobbedagen framleis varer? ... At eg framleis svever i uvissa om ein jobb eg har søkt på, og at det ikkje er noko godt teikn? ... At eg lengtar langt vekk, og allereie no, i september!, kjenner at eg ikkje har hatt sommarferie? ... At eg seier og gjer idiotiske ting, er hårsår og kjip og sur og lei, og skyv dei som er dumsnille nok til å bry seg endå lenger vekk?

that I would be good even if I did nothing
that I would be good even if I got the thumbs down
that I would be good if I got and stayed sick
that I would be good even if I gained ten pounds

that I would be fine even if I went bankrupt
that I would be good if I lost my hair and my youth
that I would be great if I was no longer queen
that I would be grand if I was not all knowing

that I would be loved even when I numb myself
that I would be good even when I am overwhelmed
that I would be loved even when I was fuming
that I would be good even if I was clingy

that I would be good even if I lost sanity
that I would be good
whether with or without you



At eg er så uendeleg utilstrekkeleg.
Og at det er det aller verste.

lørdag, september 16, 2006

Aldri stopp!

Det hender eg er ute blant folk.

Ikkje så veldig ofte, så klart, i og med at eg stort sett held meg på kontoret, eller i alle fall heime med Dumbo på fanget og jobben i hovudet. Men altså av og til.

Og ein av dei tinga eg har lagt merke til der ute blant folk, er følgande: Det ikkje er alle som kan eta nonstop!

Sjokkerande, eg veit. Mange ser ikkje eigong ut til å vera klar over kva brotsverk dei gjer seg skuldige i, eller kor djupt dei syndar. Dei handlar rett og slett som om dei ikkje veit forskjell på rett og gale - endå så enkelt det er å gjera det rett!

Dermed ser eg at det må litt folkeopplysning til. Og sidan Staten vik unna ansvaret, får eg ta det sjølv. Her:

Dei ti nonstopboda:

Leksjon 1: Det finst bare èin rett måte å eta nonstop på. Før du er klar til å akseptera dette faktumet, vil du aldri koma deg vidare i livet, og bli ein velfungerande deltakar i samfunnslivet. Det er mogleg at folk prøver å innbilla deg andre ting, men dei tek feil. Du høyrte meg: Feil!

Ok? Nonstopeting er ikkje arenaen for individualisme og "kreative" val. Det er ein alvorleg syssel. Nonstopen skal behandlast med den respekten han fortener.

Fleire års forsking har synt meg at leksjon ein er den flest slit med. Men gi ikkje opp! Spesielt i starten av opptreninga er det uhyre viktig å halda fast på denne eine, grunnleggande regelen. Bare nokre ytterst få, topptrena nonstopetarar er i stand til å ta kreative val når det gjeld nonstopinntak. Men også då skjer det på uhyre nøye gjennomtenkte, på førehand kvalitetskontrollerte måtar - etter mønster som nybyrjaren vil bruka kilo på kilo på å skjøna.

Leksjon 2: Du skal ikkje ha andre nonstopar enn den originale. Pastellmelkesjokoladesmak? Æsj! Pføy! Fysjom! Nonstop er seriøst snop, for seriøse affecionados. Du køddar ikkje med originalen, bare for å laga noko dårlegare. Gjer du vel? Hm? Gjer du vel? Eg trudde ikkje det, nei.

Leksjon 3: Opna posen forsiktig. Det einaste som skjer om du riv han opp for fort, er at du lagar eit altfor stort hol, og nonstopen renn ut. Denne vanlege nybyrjarfeilen aukar sjansen for feilsteg sidan, og bør unngåast. Det er heilt greit å bruka ei skål til å ha nonstopen i. Eg har møtt puristar som meiner at snopeskåler er for gamle tanter. Dei tek feil.

Leksjon 4: Nonstop skal etast ein farge om gongen. Punktum. Kvifor? Fordi det er best sånn, vel. Ropeteikn.

Leksjon 5: Ein skal alltid - eg gjentek: alltid! - byrja med dei brune nonstopane. Dei BRUNE, ja. Det er fleire grunnar til dette. For det første er det alltid flest brune nonstop i posen. Det er med andre ord naturleg å byrja med det mest ordinære, og spara dei meir eksklusive bitane til slutt. Dessutan er dei brune nonstopane kjipast å sjå på. Så vekk med dei!

Leksjon 6: Neste farge ut er GRØN. Enkelt og greit. Et grøn-sakene dine. Grønt er bra for deg.

Leksjon 7: Det du sit att med no, liknar litt på noko tysk. Men ikkje heilt, gjer det vel? For det er ein farge som framleis ikkje passar inn, er det ikkje? Å joda, du ser det nok sjølv: ORANSJE! Oransje skal vekk. Nam nam!

Leksjon 8: Ah! For ein herleg tricolore! Oder: Ach! Solch ein schönes Tricolor! Bruk gjerne litt til på å beundra fargane før du går vidare herfrå. Men ikkje for lenge. Det heiter ikkje nonstop for ingenting! Når du er klar, er det eigentleg bare eitt logisk val. GULT. Knas, knas, gult!

Leksjon 9: To fargar att, og færre moglege feilval. Ta likevel litt tid til å kontemplera nonstopens vakre tosomhet før du går vidare. Svart og raudt, raudt og svart - aaah, vakkert! Men all good things must, som kjent, come to an end, og denne gongen var det raudt som skulle ut. RAUDE nonstop, farvel!

Leksjon 10: Viss du no har klart å gjera alt rett - og det har du vel? - sit du att med bare svarte nonstop no. Deprimerande? Neidå! Slett ikkje! Svart er som kjent det nye brunt, og det må feirast. Med SVARTE nonstop. Mmmmm! Svart!

Og voila!

Du har nett kome deg heilskinna gjennom ein pose nonstop - utan stopp. Gratulera! Dette fortener ei feiring.

Med nonstop, kva anna?

No som du allereie er som ein øva nonstoppar å rekna, kan du hoppa over leksjon 1 til 4 og gå rett på sak. Klar? Ferdig! Gap! Brune nonstop, mmmm..!

fredag, september 15, 2006

Aha! Derfor!

No forstod eg plutseleg eitt og anna mykje betre.

Thihi!

Kom, kom, kommunisme


Dagens gladmelding:

Your order #452642 has been shipped!

Order Summary:
1 M/One-Size Red The Communist Party Girly Tee

Communist Partaaay, yeah!

Sein sjølvinnsikt

Okei då. Det er mogleg at eg kanskje ville hatt fleire og meir interessante ting å seia om eg ikkje dreiv og jobba til over to kvar natt...

Eg skal innrømma såpass.

onsdag, september 13, 2006

obladi, oblada, life goes on - bra!

Og ellers? Noko nytt utanom tragisk, kvasi terrorsyt?

Mogleg det, mogleg det. Eg manglar bare litt oversikten. Overskotet. Lysta til å skriva det ned. Kanskje skriv eg nok for tida? "Nok"? Side opp og ned, oppslag etter oppslag? Eller så har det ikkje med det å gjera. Ikkje med det heller. Eg bare har ikkje noko å seia, rett og slett. Lite skjer, og tankane mine flaksar vidare før eg rekk å fanga dei.

Eg er framleis i avisa - vikariat ut året. Leiligheten går framover - no er kjøkkenet brukbart og bøkene sett i hyller i stova. Me skal til London ei langhelg i slutten av månaden - årets "sommarferie". Frilansingbølga er over for denne gong - eg kan pusta jamnare igjen. Samandrag, samandrag, samandrag.

Eg les. Tenker. Prøver å gripa. Halda fast. Kronikkar kan få meg til å grina, glad(?)nyheiter likeså. Utan at eg eigentleg er spesielt trist. Eller glad. Kanskje mest trøtt. Sliten. Men også nøgd. Priviligert.

Var på denne berømmelege haustutstillinga i dag. Lukka opplegg med vin og mat og omvising. Kunstprat, av den overpretensiøse, alvorlege typen. Gode Lyslugg like ved, med lurt glimt i auget og mjuke ord i øyret. Åh! Hjerte!

Neste gong eg skriv, skal eg ha noko hjartet, ikkje bare i det. Eg lovar!

Kanskje.

mandag, september 11, 2006

9/11

Er det verkeleg fem år sidan?

Det er ein klisjé, så klart, å seia sånt. Men det følest verkeleg mykje kortare sidan. På ein måte kunne det vore i går. Eg sat der som vanleg, på datarommet i Volda, og dreiv med eitt eller anna som eg for lengst har gløymt. Noko uviktig, så klart, i den store samanhengen. Truleg også i den litle. CNN stod på i hjørnet. Som vanleg det også. Som for å minna oss på dei nyheitsjegarane me burde aspirera til å bli.

Så skjedde det. Først stemmene. I utgangspunktet overraska. Forvirra. Nokon har køyrt fly inn i World Trade Center i New York! Sidan stressa, hysteriske. Ja, det er sant.

Resten skjedde som i ein draum. Eg sat klistra. Me sat klistra. Heile verda. Og såg og såg. Røyken. Flammane. Papira som flaug. Sidan også kroppar. Fleire rop, meir kaos. Eitt fly til. Fleire flammar, meir røyk. Og kollaps. Eitt først, så det andre. Panikk. Støv. Vantru.

Aller mest det - vantru.

Uff. Eg angrar allereie på at eg byrja skriva om dette. For eg kjenner det framleis. At eg manglar ord. Etter alle desse åra. All den tida eg ikkje har tenkt stort på det. All tida me har brukt på å diskutera. Prata. Analysera. Forhalda oss til. Det er for tankestyrt, rett og slett. For det var ikkje intellektet som fekk seg ein knekk 9. september 2001. Det var følelsane. Tryggleiken. Eller, tryggleik er feil ord. Eg veit ikkje kva det var. Men den opplevinga det var å sitja der, fjetra framfor TVen, har eg aldri elles kjent, verken før eller etter.

Om kvelden prata eg med ein eg ønska skulle trøsta meg. "Hah, det var til pass for dei feite, sjølvgode amerikanarane. Veit du eigentleg kor mange ungar som døyr av aids kvar dag bare i Afrika?" sa han. Eg bare la på. Kjende meg dobbelt einsam. Framleis i sjokk, utan heilt å vita kva eg skulle gjera med det. Mitt kjære New York, opp i flammar. Mitt andre heimland, knust.

Ja, det er patetisk med sånne ord. Men der og då - kanskje også her og nå - var dei sanne.

Eg reiste dit så snart eg kunne. Så snart eg fann ein måte med denne skulen. "Oppgåveskriving". Drog ikkje til N.Y med det same. Men vestpå, til Seattle, til dei eg trong å sjå. Såg flaga, høyrte redsla, diskuterte miltbrann og terror og sorg. Mest sorg. Over alt som var mista. Dei døde. Dei levande.

Uskulda.

søndag, september 03, 2006

Good grief!

Sovna seint og vakna tidleg. Som vanleg for tida, i grunnen. Så las eg dette:

What we take for grief or sorrow seems, often, to be our inability to put ourselves into a viable relationship to the world; to this nearly lost paradise. Sometimes we see the reasons for this and sometimes we do not. Sometimes we wake up to find the lens that magnifies the excellence of the world and its people broken. Saturday was such a day.
"The Journals", John Cheever

Og då visste eg at det ville bli ein god dag.

God morgon, verd!

lørdag, september 02, 2006

Tenk om...

Omtrent som å vera tre år igjen, og vita - heilt sikkert - at dokkene vaknar om nettene og vandrar fritt rundt. At dei likar is, og undrar seg over verda. At dei av og til forstår at dei er annleis, og blir triste ved tanken. Ser at dei er mindre, stivare, meir statiske enn andre menneske, utan å kunna gjera noko med det.

Likevel higande etter kjærleik. Etter å bli sett. Nysgjerrige på det som er rundt.

Alt dette. Bare at denne dokka er større, og dermed - paradoksalt nok - endå meir sårbar. Bevisst at alle glor, peikar, ler - utan å vita kvifor. At alle andre er mindre enn henne, og vel vitande om at ho ikkje er noko utan dei. At hennar liv - bokstavleg tala - ligg i andres hender. At ho er avhengig av småfolkets innsats.

Likevel open for verda. Undrande. Og søt!

Enjoy!

Om du var här

Det er visst blitt helg igjen. Eg har ete sushi og drukke vin, skravla med venninne og sett film. Sjelebot. Første frikvelden på veldig mykje lenger enn eg kan huska - kjenner eg bruker lang tid på å landa.

Men no er kvelden over. Eg er heime. Sykla gjennom dei mørke gatene (er det verkeleg allereie haust?!), tok trappene opp i sjuande, og låste meg inn i den tomme leiligheten. Skal vera aleine heime i helga, for første gong sidan me flytta hit.

Rart. Eg har jo budd her, sove her, jobba her i ganske mange veker no. Sett kjøkkenet veksa fram, forhalde meg til rotet i stova. Kikka ut over neonlysa i byen, med tekoppen i handa. Stått på balkongen og lytta etter toga.

Likevel - sjølv om det for lengst burde vera kjend, til og med kjært, å vera her - kjennest det mest rart. Ikkje einsamt, direkte, men rart likevel. Uvand, kanskje? Treng ikkje vera meir avansert enn som så. Alt er ikkje dramatisk.

Men eg tenker på det. Gler meg til ein slags "normalitet". Til å vera her, saman, utan å vera det bevisste. Utan stadig vekk å måtta gjera noko. Fiksa. Ordna. Saga. Montera. Skru og pussa. Til me bare bur her. Er til stades.

I lag.

Denne er til deg, kjære Lyslugg!

fredag, september 01, 2006

Mattips

Og medan eg først er inne på anbefalt lesestoff på nett: Du MÅ lesa Pappan til Sondre sitt absolutt GENIALE middagstips i oppvekstbloggen!

No!

Gå og gjer det! Med ei gong! Her!

Thihihihi! Løye!

Sprint og narkotika

Som eg vel kanskje har nemnt før(?), har eg ikkje alltid bare gode ting å seia om Morgenbladet. Men dette portrettet av Cathrine Sandnes, skrive av Astrid Sverresdotter Dypvik, lika eg:

Som så mange journalistar har Sandnes ikkje fullført hovudfag. Ho hadde tenkt å skrive om ein "sær språkteoretikar", som ho seier. Men så tenkte ho at denne oppgåva kjem ikkje eingong kjærasten hennar til å orka å lesa.
Ho valde heller pressa. Sandnes meiner det handlar om temperament: Ho er sprintar. Hovudfag er for langdistanseløparar.
– Journalistikk litt som narkotika. Ein venner seg til det. Det er brot. Av og på. Det er ein rytme. Og det skjer noko heile tida.

Enig!

– Det må vera rom for breidde, seier Sandnes.
– Det er noko som er samlande for det eg er interessert i. Eg er oppteken av truga posisjonar. Minoritetar, smale tidsskrift, nynorsk, små idrettar. Kvinner er ingen minoritet, men eg er oppteken av kvinners posisjon. For meg heng dette saman.
– Målrørsla vart glad i deg då du som redaktør slapp nynorsken til på kultursidene i Dagsavisen?
– Då eg oppdaga at dei fleste avisene ikkje tillet nynorsk, meinte eg det var absurd. Eg har ikkje sansen for denne tankegangen om at fleirtalet liksom alltid har rett, og at dei som gjer noko anna blir oppfatta som plagsame.

Amen!

Og etter å ha site store delar av føremiddagen i forhandlingar med eit kranglevorent intervjuobjekt sjølv, er det herleg å lesa at ikkje alle tek alt så frykteleg alvorleg:
Om ein les intervju med Cathrine Sandnes, får ein eit ganske einheitleg inntrykk: Ho ler mykje. Ho er meir enn normalt oppteken av fotball. Ho har vore norgesmester i karate 13 gonger. Det blir fortald at ein gong ho skulle dulte ein kompis vennskaplig i sida, knakk han fleire ribbein.
– Er det slik du er?
– Tja, portrettintervju er jo eigentleg karikaturar. Ein teiknar folk med ei overdriven stor nase og så vidare. Det er alltid pinleg med sjølvkarakteristikkar, men eg er jo ei muskeldame og vart redaktør då eg var 26. Eg ville vel ha skrive omtrent det same om eg skulle ha intervjua meg sjølv, seier Sandnes.
– Om eg skjønar at det er det journalistane vil, så er det jo den lettaste sak av verda å levera, smiler ho, og legg til at det eigentleg ikkje er så viktig for henne.
– Eg forheld meg ikkje til det. Eg tykkjer det er overraskande at mediefolk er så opptekne av korleis dei sjølve framstår i media. Det er noko sjølvhøgtideleg over det. Dei av alle må vita korleis ting fungerer i ein redaksjon – at det ikkje blir slik ein hadde ønska.