torsdag, desember 01, 2005

Nok eit bevis...

... på at eit biblioteksbesøk kanskje er akkurat det eg treng...*

Eg er på ingen måte ferdig med heile gjerelista mi, og kjem nok til å tilbringa mesteparten av tida fram mot fest fredags kveld og avreise lørdags morgon saman med Dumbo og dei kjekke forfattarane. Men sidan eg byrjar å sjå slutten på heile prosjektet (i alle fall for denne gong), bestemte eg meg likevel for å unna meg eit kjapt besøk innom biblioteket.

Innom min lokale filial, faktisk. På Majorstua. No har eg ikkje vore der før, og var ikkje heilt sikker på kor han ligg, men ettersom eg veit at eg har gått forbi rett sidegate tidlegare, og dermed hadde eit sterkt indre bilde av korleis bygget ser ut, tenkte eg ikkje på det som noko problem. Er vel bare å gå nedover Bogstadveien, det, så ser eg han!

Feil.

Jenta gjekk frå Majorstukrysset, på venstre fortau, nedover nedover nedover Bogstadveien - og etterkvart Hegdehaugsveien - og kikka like ivrig inn kvar sideveg ho kryssa. Denne, då? Eller denne..?

Feil.

Plutseleg stod eg der, heilt nederst i Hegdehaugsveien, like ved Lorry´s, og lurte fælt. Kunne eg verkeleg ha unngått å sjå det? Snodig. Vel, vel, fort gjort i snøføyka. Eg fekk gå oppover igjen, då!

Som sagt, så gjort. Men nei, ikkje noko bibliotek. Til slutt fekk eg den smarte ideen at eg kunne spørja nokon. (Kjapp? Eg? Å jadda!)

- Veit du kor biblioteket er? spurte eg den første jenta i blomsterbutikken.
- Nei, harsje pejjjling, svara ho, som nokså garantert var frå Gandal eller deromkring.
- Veit du? spurte eg den andre blomsterjenta.
- Nei, sårri. Jei ække så godt kjent her, sa ho.
- Du då? spurte eg den tredje blomsterjenta.
- Veit du hvor Chateau Neuf ligger? svara ho.
- Uhm, ja, sa eg.
- Like før, der med Rimibutikken når du har krysset Kirkeveien - der ligger det, sa ho.
- Aha! Tusen takk! sa eg, og sette kursen mot døra.

Idet eg opna ho for å gå ut i slapset igjen, sa den første blomsterjenta, akkurat tidleg og høgt nok til at eg høyrte det:
- Typisk bonde!
Og eg haldt på å le høgt. Litt fordi ho hadde rett, så klart, men mest fordi det blir rimeleg ironisk når gandalsfolk seier akkurat det om nokon frå bare eit par kilometer lenger sør. Gandal er ikkje akkurat verdas navle det heller, for å seia det sånn...

Og jada, eg fann fram til slutt, og fekk henta boka eg hadde reservert. Så klagar eg? Neidå! Kjekt med frisk luft og sånn, må vita!

(* for den generelle danningas del, meiner eg...)

Ingen kommentarer: