torsdag, juli 21, 2005

Sommarlektyre, del I - Haruki Murakami

Ein plan bak denne bloggen, er at eg skal skriva litt om bøker eg les og filmar eg ser. Så eg får vel starta ein stad, med ei av bøkene eg las i sommar:
1 - South of the Border, West of the Sun - Haruki Murakami:

Eg diggar jo Murakami, ingen tvil om det. Veldig glad eg "oppdaga" han, og barnsleg stolt over at eg gjorde det før heile resten av landet og dei norske omsetjingane (som er omsette frå engelsk, ikkje japansk, og dermed endå eit hakk unna originalane).

Men eg likar betre dei surrealistiske bøkene hans enn kjærleiksforteljingane. Las Hard-Boiled Wonderland and the End of the World aller først, og den står framleis som den beste for meg. Dei to laga, ideen om at draumar kan lesast, at lyd kan punktjusterast, møtet mellom den einsame datashufflaren og den chubby jenta i rosa - aaah! Fantastisk!

The Wild Sheep Chase og Dance, Dance, Dance var også supre. Eg visste ikkje at DDD var ei frittståande fortsetjing av WSC før eg starta på ho, så det var ei god overrasking å høyra meir frå den murakamisk desorienterte og japansk postmodernistiske hovudpersonen etter sauejakta, og om gjensynet med Dolphin hotel i Sapporo. Kjenner at eg får lyst å reisa tilbake til Japan. Det er utan tvil den ferien eg har vore på som har gitt meg mest på kortast mogleg tid.

The Wind-Up Bird Chronicle hadde litt for mykje ekkel krigsguffe til å bli heilt perfekt. Eg lika delane kor han møter Cinnamon og Nutmeg, men ikkje det som skjer i Mansjuria under krigen. Flå folk levande? Urgh!!

På sett og vis er WUBC den av surrealistbøkene som nærmar seg mest opptil kjærleiksbøkene, som Norwegian Wood. Dei er også bra, men enklare og kjappare gjennomgått, som SotBWotS. Mann møter kvinne(r) gjennom livet, men klarer ikkje forhalda seg til kjærleiken medan han har den, den tufsen. L sa, veldig forenkla, at han ikkje klarar heilt å tru på kjærleiken som i SotBWotS, og eg trur eg veit kva han meiner. Eg er ikkje som desse hovudpersonane eg heller... Veit ikkje heilt om eg trur på, eller vil akseptera, at Respekt og Felles Historie og slikt ikkje er nok til å halda par tett nok saman til at dei ikkje fell tilbake til og gir opp alt for barndomsforelskingar så snart dei har sjansen....

Men kva veit vel eg - om kjærleik?

onsdag, juli 20, 2005

Noah, hvor ble det av deg i alt mylderet?

Bekken som tidlegare var ein sykkelsti like utanfor kontorvindauget mitt, er no i ferd med å verta ei elv, som i si tid vil enda opp i den svære innsjøen ved det tette sluket like nedi svingen her.

Minner om "En tid for alt" av Karl Ove Knausgård - kapitla kor vatnet stig og stig på den norskbibelske bygda, medan albinoen Noah hamrar og sager og lagar ein båt langt der oppi fjella. Uff. Stakkars folk. Ikkje bare drukna dei til slutt, også ho som nett hadde fått ein unge og var så lukkeleg (Rakel, var det det? Eg er like dårleg på namn som eg er på bibelsoge), - dei gjorde det etter veker med mistrøstig ver, utan så mykje som ein liten koseferie til Syden i forkant.

For øvrig skal eg få lese Buzz Aldrin-boka så snart ho kjem i paperback.

I wanna know - have you ever seen the rain?

Oh, where did the blue skies go?
And why is it raining so?
It's so cold I can't sleep tonight
Everybody's saying everything's all right
Still I can't close my eyes
I'm seeing a tunnel at the end of the lights

(Travis - ikkje poesi akkurat, men ganske bra rim likevel)

Minus det med tunnellen, er det litt sånn eg hadde det i heile går. Eg blei ikkje bare våt. Eg blei komplett og ugjendriveleg gjennomdynka, til den siste truseflik og innerste sokketrevl. Omtrent som i brun&blid-reklameplakaten eg passerte på vegen - kor alle dei som ikkje tek sol stiller i svarte klede med paraply, medan jenta som tek sol får gå i gul boblejakke - om enn utan paraply. Brun eller tørr? Vel sjølv!

Eg har starta på ei ny (for meg), svensk bok: Den vidunderlige kjærlighetens historie av Carl-Johan Vallgren. Ho lovar bra. Veldig bra, faktisk. Ei gong burde nokon (eg?) skriva ei bok som handlar om sansane. Ei blanding av Parfymen, overnemnte, Hellen Keller-bøkene, m.fl. Det er jo ingenting som er meir fantastisk enn inntrykk! Eg rakk aldri å skriva om det i KA sjølv, men dei bruka ideen etter at eg hadde reist. Fint det og.