tirsdag, januar 20, 2009

Godt nytt år

Eg driv som kjent ikkje med nyttårsforsett og denslags. Livet er for kort til dårleg samvit over at ein heller ikkje i år klarte å trena meir eller eta mindre eller kva det no er folk pleier å bestemma seg for i januar og bryta i februar.

Men om eg skulle hatt forsett, skulle det vore dette: At eg i 2009 - og 2010 og 2011 osv for den saks skuld - skal satsa meir på kvalitet.

Og viss eg hadde hatt det som forsett, hadde eg faktisk lege veldig bra an. 2009 har vore eit godt år så langt. Særs godt.

Eg har brukt lite tid på nett generelt og hos tidstjuvar av typen nettaviser spesielt. I staden har eg gjenopptatt lesinga. På papir. Ikkje så mykje og raskt som før, men likevel. Essays, ein og annan roman, aviser og diverse litt tidsskrift.

Eg skriv. Ikkje i blogg, men på papir, det også. Dagbok, rett og slett, og leselogg. Følger opp Boka om Lille Stor, og er fullstendig àjour med babytakke-, jule- og nyttårskort.

Eg drikk. Gode ting. Til fredagens middagsbesøk sprette me ei herleg flaske portvin frå påskeferien då eg ikkje kunne drikka. Nydeleg - lett å smaka at ho var beste sort av beste årgang, og kosta deretter. Også til søndagens peparkakehusknusselskap gjorde dei edle dråpane seg.

Peparkakeknusinga totalt føyer seg også inn i kvalitetsrekka. Trass mange invitasjonar, kom det akkurat passe få folk, kun fire korav to gjekk ganske tidleg. Dei siste to, Lyslugg og eg blei sitjande lenge og vel og prata om livet, kunsten, framtida - sånne ting - medan snøen lava ned i store mengder ute. Dessutan smaka huset fortreffeleg, i tillegg til den nemnde vinen og vakker blomsterte.

For eg drikk også te. Har endeleg slutta med meir eller mindre smakslause og utilfredsstillande graviditets-, fødselsførebuande- og ammevenlege tear, og vendt tilbake til skikkeleg vare. Ramsalt Lapsang Souchang, aromatisk Earl Grey, first flush frå Darjeeling, mmmm! Sit på kjøkkenet med ein herleg kopp kvit te med jasmin no, og kikkar utover natteneonlysa i byen. Bliss!

I særs forsinka julegåve (takk, Posten, for super "service"!) fekk eg lørdag ein heil pose vakker - og god! - blomsterte som eg både har kosa meg med heilt aleine (luksus!) og delt med peparkakeknusarane.

Gåva inspirerte meg dessutan til endeleg å våga meg inn på nydelege Le Palais de Thés på Grünerløkka. Eg har ikkje våga gå dit tidlegare, i frykt for å kjøpa altfor mykje altfor dyr te. Men no tenkte eg at "skitt au, spesialbutikkane skal jo også leva!", og handla i veg. Gåver til den eine og den andre, inkludert meg sjølv. Verdas søtaste litle asiatiske dame bydde på gratis smaksprøvar, prata og forklarte om teane, og forhøyrte seg litt om dette med norske gravide og ammande og deira kompliserte tevanar. Då eg gjekk frå butikken, med Lille Stor i den nye mei tai'en på magen, visste eg at ein faktisk kan kjøpa seg lukke.

Som den nemnde mei tai'en, frå etsy. Eg har bestemt meg for å slutta å sutra over at Lille Stor sjeldan vil ligga i vogna, og heller gleda meg over når han faktisk gjer det. Elles ber eg den vakre litle kroppen run i det vakre beretøyet, og innkasserer mange koselege kommentarar og kompliment for det. I snøen og slapset me har i Oslo for tida er bering uansett det einaste praktiske.

Eg har gjenoppdaga Bach. Lyttar til cellosuitane, pasjonane, Brandenburgerkonsertane. Fattar ikkje at eg ei gong slutta.

Går turar. Gate opp og gate ned, oftast med ungen på magen, av og til i vogn. Kikkar på folk og ting, registerer at der finst mange butikkar eg på ingen måte treng gå inn i. Men også at eg kan, om eg vil.

Tenner lys. Tjukke, dyre, lengebrennande kubbelys, som gir gyllen lød til heile rommet. Nyt kveldsstunder som denne, aleine med lysa og teen og mørket der ute.

Et gode ting. Ein herleg, perfekt moden mango frå tyrkaren på hjørnet i dag, tre-fire ruter nydeleg belgisk sjokolade i går. Omnsbaka fisk. Perfekt krydra chili con carne.

Gler meg over snøen. Ikkje at eg får "brukt" han til noko - skiløypene er så altfor langt unna for Lille Slukhals - men eg frydar meg likevel. Vakkert!

Tar bilder. Kvar dag. Lille Stor i alle situasjonar, vakre, vakre mennesket. Kjenner på stor, varm kjærleik i møtet med han. Privilegiet det er å bli kjend med han. Tenk at noko så perfekt kan koma frå noko så imperfekt som meg!

Takkar for gode venner. For at dei held fast og heng på, babyboble til trass. Gler meg til overnattingsbesøk av kirurgvenninna frå i morgon ut helga, og til middagsbesøk av Teatervenninna og den Bra Mannen ho endeleg har funne torsdag. Kjenner at eg blir rekna med, og veit at det er noko ein aldri - aldri - skal ta for gitt.

Kontrasten til fjorårets rastlaust kriblande nervøsitet og blåhet i same periode er med andre ord påfallande. Og det er ikkje bare på grunn av babyen. Eg har liksom starta på rett fot!

Og på den foten har eg tenkt å halda meg.