tirsdag, oktober 31, 2006

Hallo, ween!

Halloween er eit tullete amerikansk påfunn. Usunt og umoralsk - ungane gjer jo ingenting for å få snop, dei bare truar med å øydelegga for andre. Overkommersialisert, med andre ord, og dessutan ikkje i stil med vår norske protestantiske tradisjon. A Hallmark holiday, ganske enkelt.

Alle veit jo det.

Men så er det bare det, at eg eigentleg likar halloween. Litt, i alle fall. Eller, bare på ein måte. Ikkje så mykje i Norge, kor me ikkje har forstått greia og bare importert masse oransje effektar frå Kina eller kor dei no elles lagar plastdingsar.

Men i USA, der!

Eg har enormt mange gode minner frå mine amerikanske halloweenar. Graskarutskjering, utkledningsfestar, spøkelsesslott og skrekkfilm. Hershey kisses og Reeses cups og Twinkies og anna snop, alt sjølvsagt individuelt innpakka i oransje og brunt. Oreos med oransje fyll, is og øl(!) og omtrent alt anna med graskarsmak. Leik og lått og moro - on a school night. For det er litt av greia. I alle fall der eg har budd, og i dei krinsane eg har vanka, feirar ein halloween på rette datoen. Å legga festen til helga før eller etter, er juks.

Og noko av det beste - om ikkje det beste - med heile halloween er jo timinga. Amerikanarane er enormt lure på akkurat det punktet. Vel har dei bomma på nasjonaldagen, og lagt den midt i sommarferien - men om hausten! Når regnet piskar ned og lauvet ligg på bakken og blir brunt, og det verken er varm sommarsol eller fin julesnø å gleda seg over? treng me ein fest, og det har amerikanarane forstått. Ikkje bare ein, heller, men Thankgiving ein liten månad etter. Sei kva du vil om USA, men festar kan dei! Det, og individuelt innpakka snop, så klart.

Her på berget er me dårlegare på begge deler. Eg var i butikken i dag, og sjølv om eg altså syns det er noko tull å heilt ukritisk importera amerikanske tradisjonar til Norge, håpa eg i mitt stille sinn at det ville koma ein unge eller to innom. Det gjorde det ikkje. Så Foxen eg kjøpte, eine og aleine fordi det var det einaste innpakka småsnopet i heile butikken, ligg no i skapet. Ganske så aleine, stakkar, medan han ventar på å bli eten.

Aller helst av eit lite spøkelse. Eller kanskje ein aldri så liten vampyr?

mandag, oktober 30, 2006

Keisarens klær



«The sorrow Marina felt was like an internal howling, as though some organ had been plucked from her. Was this what it meant to grow up, this vast loneliness?»
Frå fantastiske - fantastiske! - The Emperor's Children av Claire Messud.

Årets beste lesnad, på så veldig mange plan.

torsdag, oktober 26, 2006

reject

Eg er så sliten. Så uendeleg, ugjendriveleg trøtt. Som om saumane held på å rakna, og eg i ferd med å enda som ein liten, klissete pøl på golvet.

Det blei ikkje meg.

Dei brukte mange veker på å intervjua. Månader på å bestemma seg. Eg har gått som på nåler, kvar dag ein ny arbeidsprøve, kvar dag litt ekstra glitter overfor juryen. Eg har sete kveldar og netter, eg har hoppa når andre sa hopp.

Eg har verkeleg prøvd!

Og så blei det ikkje meg likevel. "Du er en veldig god nummer to". "Vi er imponerte av innsatsen". "Du blir bare bedre og bedre". "Vi skulle virkelig ønske vi hadde to stillinger, så skulle vi absolutt ansatt deg".

Men det har dei ikkje. Eller, dei har, men dei vel å gjera den eine om til vikariat i staden. "Ut mai første omgang, er du interessert i det?" Ehm, ja, okeidå, eg er vel det.

Må bare samla opp alle delene mine først.

onsdag, oktober 25, 2006

Ein raud tråd

Sånn apropos omtrent ingenting føler eg eit visst behov for å skriva litt om strikking no.

Strikking, ja!

Å? Du hadde ikkje venta deg det? Ikkje frå denne kanten? Du meiner eg fram til no, altså dei 29 første åra av livet mitt, ikkje har demonstrert særlege talent innan sjangeren?

Kjære deg, eg anar ikkje kva du snakkar om!

Grunnen til at du ikkje ser meg strikka, er bare at nokon andre har stole ferrarien, eh, eg meiner ideen, min. Synd, men no er det gjort. Det blir liksom ikkje det same med ein vanleg Toyota etter dette.

Og skjerf torer eg i alle fall ikkje å laga:

mandag, oktober 23, 2006

ebony and irony

Eg driv framleis på med det der jobbdøgnetrundtopplegget mitt, så har eigentleg ikkje tid til ekstraskriving no heller.

Men så bare må eg likevel, for det er då grenser for kor tjukt ironien skal smørjast før sjølv eg ser det. Sjå bare på to av dei aller siste frilanstinga mine, altså desse som eg sit med til 2 og 3 og seinare om natta, stadig med gode intensjonar om at dette - dette - er sjølvsagt siste gongen:

* Torkjell Berulfsen om "det gode liv": Han konkluderer at det gode liv for han er å ha ein jobb han trivst med, og jobba omtrent heile tida. "Jeg har nok valgt bort venner til fordel for jobben - vennskap må jo pleies, og det har jeg ikke tid til. Kanskje er jeg i bunn og grunn en stor egoist?"

* Ingebrigt Steen Jensen om teambuilding og liknande newsspeak (jada jada, klisjealarm, eg veit. Eg sa ja mest for å hjelpa ein kompis i naud. Heilt sant!)

Han har eg, også ironisk, ikkje fått ein skikkeleg avtale med enno, all den tid me begge spring som tullingar for og i våre respektive jobbar. Dermed gjer eg research, og les det han sjølv skriv. Og no er det ikkje det at eg kjenner meg like godt igjen i alt, eller at eg er like samd i alt han seier. Absolutt ikkje alt! Men av og til må eg jo smila.

Av han, av oss, av meg.

Ta til dømes dette litle utdraget, om kvifor så mange yngre, vellukka, travle folk møter denne berømte veggen:

Vi er det 21. århundres sisyfoser. Vi ruller vår livskarrieres kampestein opp fra stranden mot toppen av klippen, og hver gang vi skal til å bikke den over, glipper den og ruller ned igjen. Forskjellen er at Sisyfos visste hva som ventet der oppe og aksepterte sin skjebne, mens vi hver eneste gang tror at nå! nå er det like før, bare vent til helgen, til vinterferien, til påske, til rypejakta, da vipper vi over kanten, da blir det bedre, bare vent!

Å, som eg ventar på helga! Som eg gler meg til eg også, ei gong, skal få ferie!
Vi har ikke lenger kraft til å bære våre egne liv; ikke helt frem. Vi klarer en uke til, et kvartal til og kanskje et helt år til hvis bare doktoren gir oss noe å sove på, men vi vet at det er umulig å bære et slikt liv hele veien frem. Det kan ikke fortsette på denne måten, sier vi til oss selv og til de få som fremdeles gidder å høre på. Deretter fortsetter vi som før.

Kor tungt er ditt liv? Og mitt?
Kanskje er vi blitt slaver av maskinen, det store kvernende hjulet av lønninger, opsjoner og posisjoner som maler oss til svevende støv. Kanskje er vi som hamstere på livets løpehjul, bena våre går som trommestikker mens vi står helt stille i rasende fart. ... Kanskje lider vi under anerkjennelsens tyranni, fordi applaus er turbolivets sterkeste narkotikum, en hallusinatorisk mikstur av berømmelse, ros og klapp på skulderen fra de andre, fordi vi ikke selv eier tilværelsens målestokk lenger, vi strekker oss alt vi kan, men Barnums linjal er nådeløs, for kort, gutt, du er ikke nådd høyt nok ennå. ... og hva skal du, hva har du fått til, hvor er du på vei?

Ja, Ingebrigt - kor er me eigentleg på veg?

Kor er eigentleg eg på veg?

Tilbake til teksten, i første omgang. Det blir ein lang kveld...

søndag, oktober 22, 2006

en blå ballong og sånn

Om to månader blir eg stor jente.

Ønskeliste per dags dato:

* snø

* denne t-skjorta i girly medium

* sol

* varm klem

* my so-called life på dvd (men fy! for ein kjip pris!)

* ferie

* fast jobb å ha ferie frå

tirsdag, oktober 17, 2006

pip!

Hei

Det er eg som av og til skriv litt her.

Ville bare stikka innom og seia at eg framleis finst. Eg har ikkje falt av jordas overflate eller noko, sjølv om det kanskje verkar slik.

Bare litt travel.

Bombe, eg veit. 12-timars arbeidsdagar pluss førebuingar, oppussing, besøk og anna snask. Hytta i helga, overnattingsbesøk frå i går, illusjonar om av og til å stikka innom treningsstudioet (haha!) Avlysingar, av vennemiddag og kompiskino - "har ikkje tid". Ei heller inspirasjon, når det kjem til meir skriving enn den eg allereie har forplikta meg til.

Men eg er her altså!

-lin

onsdag, oktober 11, 2006

Boom!

Juhu!

Fire! Talet er 4! Siste-, eller eigentleg andremann, kom for nokre dagar sidan, men har av ymse meir eller mindre alvorlege og/eller prosaiske grunnar ikkje blitt rapportert ut i verda før no.

Ein liten gut, med afghansknorske foreldre og kolsvart hår.

Salaam!

Fy søren, for ei babyveke! Eg blir heilt varm inni meg av alle desse mikromenneska!

... og endå ei!

Og jammen poppa det ikkje ut ei i dag også!

Jente med rumpa først, som blei henta ut av mora på keisarleg vis. Alt vel med legemor, ingeniørfar, og litle storebror.

Noko som er litt festleg, er at mødrene til både denne og den forrige litle jenta heiter det same, og har minst ein lege i foreldreparet. Men her er det mora som er lege, hos ho på måndag er (blir) det faren.

Velkomen til litlå!

No har eg "bare" ei venninne igjen som har termin i oktober...

mandag, oktober 09, 2006

Ei til!

Ikkje før er den eine babyen ute, før det kjem ein til!

Ei jente, førstefødt, som kjem til å veksa opp med lege(student)far og matematikk(student)mor langt nord i Tromsø.

Velkomen!

våre rom

Eg er aleine heime, og har vore det sidan grytidlig fredag morgon. I kveld, då eg kom frå kino, fekk eg to meldingar frå Lyslugg. Først ei om at flyet var forsinka, så ei om at han er booka om til eit anna fly og kjem i morgon i staden. Akkurat i tide til å rekka jobben, ikkje til å koma heim.

Å! Nei! Men eg då?

Men legga seg må ein jo uansett, så eg gjorde det. Las litt i tre-diktsamlingar-i-eitt-boka til Geir Gulliksen for i det minste å sovna med gode ord, sjølv om det er eit dårleg substitutt for ein varm rygg. Og fann dette:

Hele dagen er jeg helt vanlig
hele dagen går og jeg går også
hele dagen, jeg kommer ikke vekk fra meg
jeg går til stolen, setter meg og reiser meg igjen
går fra vindu til vindu og går til en annen stol
jeg snakker ikke med noen, ringer ikke til deg engang
tar ikke telefonen leser ikke post, drikker te og ser på
lyset som skifter utenfor og som skifter i rommene også
Dette er våre rom, og du er ikke her. I morgen er du kanskje
her igjen. Men da skriver jeg nok ikke på dette
diktet lenger


Frå "Se på meg nå" av Geir Gulliksen

"Dette er våre rom, og du er ikke her".

Kom snart!

søndag, oktober 08, 2006

Fem om dagen

Et gulrøtene dine!

Eller syng med dei.

Eller kanskje ikkje(?)

lørdag, oktober 07, 2006

Runddans

Og så, same dagen som ein går i jorda, kjem ein annan til.

Velkomen til verda, litle menneske, store mirakel!

Du kan tru me har store planar for deg!

fredag, oktober 06, 2006

Slutt?

Ein ung mann fell i døden.

Ei fire veker lita jente blir farlaus, ei ung kvinne mistar sin allerkjæraste. Ingen får nokonsinne vita kva som skjedde.

No ligg han i jorda, det er over.

«Virkeligheten har ingen ende! Ikke engang når vi dør – det slutter ikke da heller», seier Abbas Kiarostami. «Vi er her noen år, så er vi borte», seier Mona Høvring.

Eg veit ikkje heilt kva eg skal seia.

Kvil i fred

torsdag, oktober 05, 2006

Gjennombrot

Det har regna slik det bare sjeldan gjer i denne byen. Tett, kaldt, klissblautt. Og eg held på mitt: det er ingen by laga for regn, dette. Her blir så grått, så framandt og ugjestfritt. Haustaleg, seier me heime, endå heime er ein stad som toler vatn.

Men så, i det eg skulle heim frå jobb, før eg rakk få på meg regnbuksa -
dette:

Og så er Oslo og eg venner igjen.

Hey, med lys som dette kan eg til og med bli venner med hausten!

(Men ikkje sei det til han!)

mandag, oktober 02, 2006

Ved naudstilfelle

Dette er det einaste bildet eg tok dei fire dagane i England.

På ein måte oppsummerer det turen. På andre måtar ikkje.

Me fekk ikkje bruk for han, heldigvis.

Konferansefokus først, så rolege dagar, med gatesurring og kafehenging og parksitjing og vennebesøk og så altfor altfor lita tid. Akkurat som venta, mao.

Og vips, så var den "sommar"ferien omme, og kvardagen tilbake. Kveldsvakter og leveringsfristar og alt det der. Oktober.


I tilfelle haustmelankoli, plukk opp den RAUDE telefonen.

Ring ring!