onsdag, desember 21, 2005

Gåvene i boks

Ikkje mine, så klart, altså dei eg skal gi andre folk. Eg har jo hatt så god tid i år, må vita, at eg er minst like seint ute som eg alltid er. Men eg har tenkt litt - ikkje verst bare det, til å vera meg. Må kanskje ta ein liten runde i dag, trur eg, og sikra meg bok til far, noko til kjærasten, eittelleranna til venninnene, til kameratane, og i det heile tatt.

Men det eg meinte, var at eg har allereie fått fleire av tinga på lista! Bare sjå:

  • Først kom søte (uhm, eg meiner sjølvsagt tøffe) kjærasten med to par tynne ullsokkar i førjulsgåve. Takkogtakk!

  • Så ringte mor og lura på kva eg ønska meg, og då eg nemnte at ein sånn fancy våkmæn kanskje kunne vera ei grei kombigåve for fødselsdag, jul og konsulentverksemd på oppgåvefronten, svara ho både "ja" og "det vil me gjerne gi deg" og "kjøp han sjølv, så blir det rett". Som sagt, så gjort. Poden kom på døra(!) i forgårs, og er no fyllt opp med songar, bilder og videoar. Er eg hipp, eller er eg hipp?

  • Middagsbesøk i går (med jummi mat, om eg må seia det sjølv: lammekjøt den tunisiske svigermora hadde sukka henført av viss eg hadde ei slik, brownies og bær). Og jammen om eg ikkje fekk uventa førfødelsdagsgåve! Kart, hurra! Dessutan ein lovnad om å bli med på tur - eller var det ikkje så, frk Dings?

  • Og førebels siste gåva stod mine venner Forlaget for. Dei gir seg ikkje, nemleg.

  • Eg var beden på lunsjmøte der i går. "Gjelder jobboppdrag (forhåpentligvis spennende)", som det heitte i mailen. Kantineskiver med fisk og ost, mandarin og skummamjølk - og altså jobbtilbod.

    Igjen. Og denne gongen sa eg ja.

    Først ei til to veker før eg dreg til India den 15. januar, sidan to dryge månader ("eller kor lenge som trengst") etterpå, frå midten av mars og utover. Før India skal eg laga ein flashpresentasjon (noko eg ikkje anar korleis ein gjer), etterpå skal eg vera infodame og pressepushar.

    Gåvepakke!

    Eg hadde innstilt meg på arbeidsløyse etter returen. Sommarjobb, sannsynlegvis, men uvisse før den tid. Men sjå om ikkje jobbane blir kasta etter meg! Thihi! No kan eg trygt reisa heim til Moderleg Opphav og fortelja at eg skal til India - "men eg har jobb både før og etter, altså, og slapp av, det GÅR BRA med L og meg".

    Og med den inspirasjonen innabords skal eg no gi meg butikkane i vald. Med ullsokkar på beina og poden på øyret: "Man blir trött på ditt jävla gnäll, man blir trött på ditt jävla gnäll, man blir trött på ditt jävla gnäll" (Kent: Dom som försvann)

    3 kommentarer:

    Ingvild sa...

    Kremt, lovnad og lovnad... Det var vel mer et sterkt ønske! Men klart, hvis jeg bare får tre måneders permisjon med lønn fra nyjobben og/eller vinner i lotto.. Hmm, spørs om du ikke må ta denne på egenhånd gitt...

    Maten var utrolig god, jeg har skrytt av deg både her og der. Nam, nam. Gleder meg til flere sånne kvelder, og vi skal rekke minst en før 15. januar! Så det så.

    Herlig med ullsokker, det håper jeg at jeg også får! Fryse. Og fænsivåkmænen er veldig kul. Lykke til på julegavehandel, jeg er ferdig! Tjihi

    Anonym sa...

    Gratulerer gratulerer som flashpresentatør, infodame og pressepusher! Herlige titler å putte på cv'en! Jeg er ekstremt stolt over å kjenne en flashpresentatør, som i tillegg er en drivende god journalist... :D

    -lin sa...

    Sånn EG huskar det, så lova du...
    *GLIIS*

    Kanskje eg skal starta ein ny karriere som jobbtittelsamlar? No er eg i alle fall i gong!