tirsdag, november 01, 2005

Crash test dummy, Ukrainian style

Litt av det ein lærer på ei veke i Kiev:



* Ein skal aldri bruka sele i bil! Verre enn å slengast gjennom frontruta etter bråstopp nummer tre tusen, i det ladadrosjesjåføren brått innser at bilen som kjem beint mot i køyrefeltet (som forsåvidt er hans) ikkje har tenkt å gi seg, er det nemleg å stoppast av militiaen. Dei ser det svarte bandet over brystet ditt, og forstår straks at du har noko å skjula. Kvifor ville du elles følga trafikkreglane på den måten? Mest truleg er hanskerommet fullt av dop og bagasjerommet fullt av lik, og du er ein rømt Fiende Av Staten (å joda, dei finst i rikt monn, også etter oransjerevolusjonen!). Altså: Ingen setebelter!

* Viss du bare klarer å halda fullstendig kjeft gjennom tre portar, tre dører, og fleire kilometer stadig smalare undergjordiske gangar, og dessutan kvittar deg med alle liksommetalliske øremyntar, koparmyntar og småsedlar på vegen (ikkje dei største sedlane - grisk er trass alt ikkje Gud. Håpar me...), vil du få oppfylt tre ønske:
- Eitt for magen ("gi meg bilen/huset/lottogevinsten/diamantringen/data-maskinen/barbiedokka eg vil ha!")
- Eitt for hjarta ("ver grei og pass på barnet/mannen/kona/foreldra/ elskarinna mi/n/e og gjer han/ho/dei fri frå alt gale som elles måtte skje!"),
- Og eitt for hovudet og anda ("lei meg på den rette vegen, Gud, og frels meg frå alt det vonde, Amen!").
Ikkje verst, huh - tre ønske for prisen av nokre småmyntar og tre tynne bivokslys? Askepott og meg, liksom! Men så var det dette med å klara å halda kjeft, då, i det den eine mummifiserte helgenen etter den andre manifesterer seg i all sin halvrotna velde langs veggane, og tolvåringen bak deg i køen for tredje gong nesten klarer å setja fyr på skautet ditt med stearinlyset sitt... Eitt av tre er vel heller ikkje så gale?

* Så klart det er naudsynt med èin tilsett per etasje som bare har som ansvar å passa på nøkkelen din medan du er ute av hotellrommet ditt! For ikkje å snakka om ho som har ansvar for lintøy, ho som har ansvar for vasking, og ho tredje som har ansvar for sengereiing - også per etasje.

* Du slepp ikkje unna kyrkjene. Minst ei per dag, den eine meir gullforgylt og heilag enn den andre. Med russisk omvising.

* Menn er veldig søte med lange svarte kjolar, bolleklipp og gullkors rundt halsen.

* Viss du kjøper for meir enn 10NOK i sjokolade om gongen (det er gaver, æresord!), ser folk på deg. Då gjeld det å snarast mogleg evakuera sjokoladebutikken kor dei sel eit herleg utval sovjetestetisk innpakka godsaker med bilde av Staut Ukrainsk Ungdom og Vakre Ukrainske Bondekoner, og koma seg vekk. Den søte sjokoladeselgaren både kan og vil ringa framandpolitiet om du ikkje snarast stikk av med bevismaterialet!

* Borsj som fastfood er oppskrytt. Du blir aldri - eg gjentek: aldri - kvitt dei raude flekkane på den kvite yndlings-t-skjorta di.

* Det er klart det både bør og må ta minst to timar å få sjekka inn på eit fly! Ser du ikkje at me er Menn Med Uniform Og Makt, medan du bare er ein ussel framand som ikkje pratar eitt einaste ord forståeleg språk?! Okei då, kanskje eitt. Men kvifor seier du eigentleg "takk" heile tida?

Ingen kommentarer: