fredag, desember 30, 2005

Pikkpakk

Noko av det vanskelege med å besøka eit nytt land, er at ein ikkje har vore der før.

Eg meiner: Eg veit eg skal til India, 15. januar til 13. mars (hurra!). Og eg veit sånn cirka kor i India eg skal hen (Mumbai (alias Bombay) - Goa - Mumbai - Dehli - Jaisalmer - Jodhpur - Udaipur - Pushkar - Jaipur - Agra - Varanasi - Kolkata (alias Calcutta) - Mumbai (ad omvegar).

Men kva skal eg ha med meg??

Eg må jo pakka lett, så klart. Men koss gjer ein det når den anbefalte pakkelista ser sånn ut?:
- anstendige, heildekkande, men ikkje for varme klær
- varmt skift til kalde kveldar i nord
- undertøy
- paraply eller aller helst regnsett
- gode sko
- og sandalar, inkl flipfloppar til ekle dusjar
- lakenpose
- og noko varmt, enten sovepose eller teppe, til dei nemnte nordlege nettene
- dagtursekk/-veske

- pass (med visum, ordna allereie)
- billettane
- pengar i dollar, pluss bankkort (to stykk)
- reiseforsikring som dekker alle åtte vekene, ikkje bare dei standard seks (ordna idag, til blodpris: 340kr for kun to veker ekstra! -Men du betaler ingenting for denne samtalen. Uhm, nei, skulle søren meg bare mangla!)
- kopiar av ovenemnte dokument
- og flat under-kleda-veske til å ha dei i
- toalettsaker, inkl tampongar
- våtserviettar
- førstehjelpsett, inkl tablettar mot hovudverk og magesjau
- vaksinar (ordna idag, eitt pinglete stikk i kvar arm!)
- myggnett (helst, i alle fall om ein er sånn som meg, som tiltrekker seg all mygg i mils avstand)
- myggspray/-middel (av same grunn)
- lommelykt
- vekkarklokke
- hengelåsar til lenking av sekk til bagasjehyller, til hotelldører osv, helst med nett til sekken
- kamera med minnekort, USB-kabel og batteriladar (til frilansjobbinga)
- iPod til bildelagring undervegs, inkl kamerakortlesar (ditto)
- skriveblokk (ditto)
- planeten
- dagbok
- lita samling bilder av familien min, "mannen min", landet eg kjem frå osv
- lesestoff (på engelsk, så eg kan gi det vekk etterpå)
- og sikkert fleire ting eg ikkje kjem på akkurat no.

Innspel? Håpet var at eg skulle ha plass i sekken til å kjøpa ting også... Eg veit jo at eg har god tid enno, men med all jobbinga eg har teke på meg fram til avreise (i gamlejobben og hos forlaget, pluss eks-avisa), trur eg at eg må planlegga litt på sikt.

For øvrig er den store ryggsekken hos reparatøren no. Han skulle ha 50 kroner for å fiksa saumane som allereie er revna og forsterka dei som kan bli det. For dei nesten 2000 kronene eg sparar på å ikkje kjøpa ny sekk, har eg altså allereie dekka både pengebelte og sikringsnettet! Thihi!

3 kommentarer:

Ingvild sa...

Kan ikke se at du får plass til så veldig mye mer... Nomaden ruler på spennende reiseting, sukk! Jeg har ingen spisskompetanse på India, så vanskelig å si. Men klart det er lurt å planlegge, 16 dager er ikke sååå mye ;-)

Hilsen blogging-er-gøyere-enn-jobbing-ling

PS Skriv meg inn i den travle møte-før-reiser-listen din, da? Plis?

-lin sa...

Skulk-ling, hm..? Tsk tsk tsk...

Klart eg har tid til deg før avreise! Er ikkje travel, vel! Reiser til Gjøvik i morgon, blir til 1. eller 2. januar, men heng elles rundt i byen. Veit ikkje heilt kva forlaget ser føre seg, men eg hadde i alle fall ikkje tenkt å jobba fulltid for dei... Kanskje fulltid totalt, inkludert gamlejobbprosjekta og eksavisgreiene, men også då er jo kveldane frie. Dessutan er Flinkisen endå flinkare og flittigare enn vanleg for tida, så eg stiller!

Kva og når?

:o)

Ingvild sa...

Jobber innimellom, da :-)... Sender deg en mail for nærmere avtale, jeg!