onsdag, november 16, 2005

Næmmen!?

Eg er glad i dag.

La meg la det synka inn: g-l-a-d!
Alias happy, avslappa, tilfreds! Endeleg.

Ingen spesielt gode grunnar, eigentleg. Ingen spesielt store, i alle fall. Meir ei oppsamling av mange små.

Som at:
* sola skin!
* eg har levert mitt til forlaget i denne omgang, og har ein heil dags pustepause før me startar på’an igjen i morgon ettermiddag.
* eg ikkje er trøtt sjølv om eg jobba til 2 i natt og ikkje fekk sova før ½ 3 pga hjernespinn.
* eg fekk ein mail i natt frå ein kompis som hadde fått Sin Drømmejobb – ein jobb eg absolutt ikkje kunne tenka meg, men som eg ønskar han absolutt alt godt i. Det er så godt å verkeleg unna nokon lukke, utan å måtta svelga eiga skuffing!
* Ei Viss Kvinne leverte oppgåva si på mandag, ein dag før fristen, og eg står nemnt med store bokstavar i forordet.
* eg ser at eg kjem til å koma i mål! Kanskje ikkje som førstemann, men som ein fullførar trass alt.
* verda ligg for mine føter. Viss eg vil.

1 kommentar:

-lin sa...

Og - før eg får eit visst språkpoliti på nakken, så meiner eg sjølvsagt som førstekvinne

;o)