mandag, januar 30, 2006

Objektet opplever noko autentisk

Eg er blitt intervjua i dag! Forste gongen i dette landet - i Japan var jo skuleungane etter med annankvar dag, med sine faste sporsmal i japansk lydskrift ("kva er favorittempelet ditt?"), og bildeknipsing i slutten av "intervjuet". Trur kanskje det blir med dette eine her.

Intervjuaren var til gjengjeld alldeles fantastisk: Ei indisk dame pa ca 60 ar, med det hennaglorete haret i ein lekker liten bustete bolleklipp, briller av Dame Edna-typen og eit fantastisk ulekkert liksomvestleg antrekk av typen sjokklimegront og flagrande. Ho presenterte seg (langt, komplisert namn eg for lengst har gloymt), sa at ho var reisejournalist, og lurte pa om ho kunne stilla meg nokre sporsmal. Joda, ho kunne sjolvsagt det. Eg sa kva eg heitte, kor eg kom fra, kor eg hadde reist i India, kor eg tenkte meg vidare, og kva eg syns om India.
- Er du sikker pa at du likar alt, fiska dama, tydeleg misnogd med rosen av vakre indiske fargar og folk, natur og kultur.
- Uhm, ja... meinte eg.
- Alt? Du har vel hatt nokre problem? naermast kommanderte ho.
- Vel... det er jo litt slitsamt med alle mennene som staar omkring og bare kikkar og glor pa meg heile tida, og som aldri vik blikket. Men problem... nei, eigentleg ikkje, heldt eg fast ved.
- Uff! Ja, huff og huff! Det er frykteleg. Frykteleg. Gir India slik eit daarleg rykte. Er du sikker pa at du ikkje har hatt verkeleg ubehagelege opplevingar her? Hm???
- Nei, ikkje verkeleg ubehagelege. Det skal nok ga bra, smilte eg, som syns at det byrja bli nok mas no.
- Ok, sa ho, etter hektisk notering om den stakkarslege uskuldige kvite dama som hadde opplevd dei grusommaste ting takka vera faele indiske menn. - Men om ein av dei naermar seg - bare smekk til han! Viss eg faar gi deg eitt godt raad fra India, froken Lin: SMEKK TIL DEI!

Og dermed var intervjuet over... Klar beskjed, hm?

Det fann for ovrig stad i Sanchi, ein herleg liten landsby fem timar i skumpete lokalbuss (vegarbeid! stovete! rodt!) nord for Bhopal. Stort sett sovnig og avslappa, med faerre skulande menn - noko som er ein attraksjon i seg sjolv - dessutan beromt for buddhistiske "stupaer".

Er ikkje sikker pa kva slike stupaer evt heiter pa norsk, om dei har noko anna namn, men det er altsa runde "steinkuplar" av varierande storleik, fra sma pa ein meter eller sa, til dei storste, som eg trur var ca 25 meter(?) hoge. Til dei storste hoyrer fint dekorerte soylekonstruksjonar rundt inngangane, som pa bildet. Over to tusen aar gamle! Alle desse stupaene laag spreidd rundtomkring pa ein liten fjelltopp, ein freda plett pa jord med faa folk og omtrent ingenting braak. Herleg!

No er eg i Jhansi, etter fire timar i andreklassevogna pa toget. Eitt ord: trongt! Men ogsa festleg, trass tresmak i raua og ryggen utav ledd. Sat stua saman med ein gjeng som sjolvsagt var veldig interesserte i meg, og sjolvsagt ikkje kunne eitt einaste ord engelsk. Dei stirra, sa klart, men eg klarte fint a stirra dei ned, utan a prova sa altfor hardt. Det var uansett ikkje nodvendig, for dei var ikkje ekle, bare nysgjerrige. Dessutan vennlege. Dama pa sida av meg var nemleg av typen som aldri gir opp: ho prata og spurte og grov sjolv om det var tydeleg at eg ikkje fatta kva ho sa, og ikkje klarte a svara pa noko. Til allmenn munterhet, sa klart. Etter ein time eller to viste det seg at ein av mennene kunne ca ti engelske gloser, sa med verdskartet i LP-boka mi, aktivt kroppsprak og mange flir, klarte me a fa til ein slags "samtale" etter kvart. Kveldens hogdepunkt var sjolvsagt da eg drog fram kameraet, fotograferte dei, og viste fram bilda. - Woooow! Er det meg? Eg er sikker pa dei trudde eg var verdas rikaste, minst, sidan eg eigte slik eit fantastisk apparat. Men koffor i all vidaste verda reiste eg daa pa andre klasse, saman med dei? Ikkje loye dei var forvirra, og provde pa ca ein million hindifraser a fa meg til a forklara kven eg var, kva eg skulle, eller kva dei no spurte om. Til slutt gjekk det eit lys opp for engelskglosemannen: - Your company? spurte han. Aaaah! Dei lura sjolvsagt pa kor mannen min, eller fetteren, eller ein eller annan mannleg slektning var. Koss kunne familien etterlata meg her aleine, med ein svaer, tung ryggsekk og null hindikunnskapar? Eg lova at han kom og henta meg pa stasjonen i Jhansi (eh, kremt), og dei nikka letta. Alle ville kjopa te til stakkars meg som var aleine, og daa eg forlet toget, fekk eg 30 kalenderkort med bilde av hinduistiske gudar og profetar av skravledama ved sida av meg.

Saa der kom han, den der kontakten med dei lokale som alle ryggsekkreisande skryt saann av (no ogsa eg!), og som visstnok er saa ein mykje meir autentisk enn trash-tv-dagar pa hotellrommet. Puh!

søndag, januar 29, 2006

Trashy mellomspel

Eg har temmeleg bra reisekondis. Som ein japanar, omtrent, som utan aa kny dekker det eine kontinentet etter det andre, med eitt sjaaverdig tempel, eller slott, eller kvadetnoskullevera, per dag. Gjerne fleire ogsa, om det passar seg slik og korresponderer med lokalbussar og tog og hotellinnsjekking og slike logistiske hensyn. Det er ikkje nodvendigvis noko eg er spesielt stolt av: alle veit jo at det er mykje betre, for ikkje aa snakka om kor mykje meir autentisk, aa bruka lengre tid, og verkeleg synka inn i kulturen, prata med dei lokale, oppdaga hemmelige smaa uventa sights som ikkje staar i turistguiden, faa venner for livet, osv osv.

Vel. I gaar svikta kondisen litt. Eg hadde staatt opp tidleg fredag, reist fire-fem timar fraa Aurangabad, pa skranglete overfylt lokalbuss med svaere bagasjen paa fanget og ein slitsam inder ved sida (stirr. stirr. stirr. STIRR. men ikkje eit ord engelsk, saa klart...). Kome fram til dei vakre, men dessverre mindre fredfylte huletempla i Ajanta, sett desse i ko med masse inderar, og reist vidare to-tre timar med tilsvarande buss til Jalgaon, kor eg skulle naa eit tog nordover til Bhopal kl 17.45.

Eit tog som sjolvsagt var forsinka. Ein time. To. Tre. Fire. Og fem, foer det endeleg toeffa avgarde. I sovevagna min var det ein heil gjeng unge menn, mykje toeffare enn toget, og veldig interesserte i aa plystra og ropa hello! hello! HELLO! til meg annakvart minutt og prata hoeglydt om meg medan dei peika i min retning og lo stoeyande saa snart dei oppdaga at eg ikkje forstaar hindi. Dermed blei det minimalt med soevn, og lange iskalde timar i det temperaturen utanfor dei vidopne doerene kraup nedover mot 5-6-talet.

Foerst i sekstida om morgonen, medan Bhopals mange minaretar kalla dei rettruande til dagens foerste boen, kom eg fram til den vanlege gjengen rickshawfoererar som masar og masar og MASAR om aa koyra deg hitogdit - til blodig overpris om dei faar lov, saa klart. Maatte krangla med hotellmannen foer eg fekk rommet mitt, sidan eg kom for seint, og oppdaga snart at Planeten loyg om det der med varmtvatn dognet rundt i akkurat dette, bittelitt dyrare hotellet, som eg hadde valt eine og aleine pga det med varmtvatnet. Det var like iskaldt som det er om natta overalt elles i India, saa klart, og dermed maatte jenta bruka over ein time for eigen maskin paa aa tina saapass at ho fekk sova.

For aa bli vekka kl 9 av room service. You want, Madame? Urgh, nei, ingenting. Og igjen kl 11: Clean room! Blaergh, NEI takk! (Typisk, forresten, at det einaste hotellet eg har vore paa med reingjering av romma, maatte vera akkurat dette, naar eg bare ville sova...) Og igjen og igjen av diverse "service"telefonar og bank paa doera og styr og vesen. Maatte til slutt gi meg. Stod opp, dusja i det no lunka vatnet, og gjekk ned, til resepsjonen. Der fekk eg vita at eg maatte byta rom, sidan det dei hadde gitt meg om natta var airconditioned, og dermed dyrare enn prisen dei hadde sagt. Duh! Som om nokon ville koma i mellomtida og bestilla eit rom med luftkjoling naar det er langt under 10 grader om natta, og tjukke veggar isolerer mot sola om dagen! Hadde eg vore vaknare, hadde eg sjolvsagt pakka og reist til eit heilt anna hotell, men saa trott som eg var, gadd eg ikkje. Flytta til eit anna, elles stort sett identisk rom, foer eg gjekk ut.

I loevens hule. Som nemnt er det mange muslimar her i Bhopal, i alle fall i bydelen der eg bur, og du kan seia kva du vil om mellomreligios forstaaing og bla bla bla, men dei ER faktisk verre enn dei andre inderane naar det gjeld ubehagelege blikk, og ufine hentydingar, og det som verre er. Ikkje saa rart, kanskje, naar dei er vande med at deira eigne kvinner gaar kledde i burkaliknande sarikjolesekkar...

Etter eit par timar, inkludert internettkafe (kor eg konstaterer at bare gode guten held ord og skriv til meg - elles var der ingen mail aa henta) og sjokoladehamstring (den to forste paa turen saa langt!), gav eg opp og gjekk "heim" til det masete hotellet igjen.

Endeleg!

At eg ikkje kom paa det foer! Med Do not disturb (or help you God!)-skiltet paa doera, telefonkontakten riven ut, og vindua lukka mot i alle fall ein del av stoyen utanfor, blei det endeleg den dagen eg trong. Las i boka mi, sjekka planeten for vidare reiseplanar, og saag paa TV timevis i strekk (noko eg elles ALDRI gjer, bare spoer dei som kjenner meg!). Indian Idol, Bollywood-musikkvideoar, amerikanske actionfilmar dubba til hindi, og -best av alt- ein endelaus prisutdelingsseremoni a la Emmys eller Oscars eller noko midt i mellom, med dansenummer og songnummer, og enormt mange prisar. Beste kvinnelege "positive rolle", beste mannlege "negative rolle", beste duett i ein saapeopera, beste dommar i songkonkurranse, osv osv. Det gjekk paa engelsk og hindi, hindi og engelsk, med vakre, glamorose indiske stjerner i hopetal. Mange slanke og spenstige, men slett ikkje alle - eit positivt trekk med indisk popkultur. Festleg nok bruka dei den ultraamerikanske og ganske pinlege sjangeren kor stjerner i ein kategori delar ut prisen til dei som vinn i andre, og er tvungne til aa lesa daarlege, uspontane "morsomhetar" fraa prompteren foer dei roeper opp vinnaren, medan publikum humrar velvillig. Kosteleg!

For aa gjera kvelden komplett, bestilte eg mat fraa room service, for aller foerste gong i mitt liv. Den allerbestaste chicken tikka'en eg har smaka nokonsinne, med butter naan og cola til. Eg aat alt, inkludert salaten og tomatene som var skaarne i rosefasong, med sjokoladane eg hadde kjopt tidlegare til dessert. Aaaaah! Bliss! Maaltidet er det dyraste eg har hatt saa langt, til heile 25 kroner (sjokk!) foer den temmeleg rause tipsen til den soete litle guten som kom med maten. Og gjett om det var verdt det?!

Moralen: sloeving er ein bra ting! I dag har eg vore glad og energisk, og full av styrke til aa taala allverdas blikk og rop og kva det skulle vera. Reiseplanane vidare er saa godt som i boks, bloggen er oppdatert, og India ligg atter ei gong for mine foeter.

Lenge leve room service og trash tv!

torsdag, januar 26, 2006

No-way?

I
Han: Come where Madame?
Eg: Norway
Han: Eh?
Eg: Nooor-waay. In Europe.
Han: (etter ein lang pause) Aaah! New York!

II
Han: Where you from, Madame?
Eg: Norway
Han: No way?
Eg: No, Noor-way. In Europe. Far north, you know?
Han: Aaah, yes, Madame! Norway, land of the rising sun!
Eg: Ehm... yes... exactly... (i alle fall saann cirka)

III
Han: What is your country, Madame?
Eg: Norway
Han: Norway?
Eg: Yes, Norway.
Han: Aaaah! I know: "Norway, land where the sun never sets".
Eg: (Smiler) Yes.
Han: Is it true? Never sets?
Eg: In the north, in the summer, yes - it is true. And in the winter it never rises.
Han: Never? Not all day?
Eg: No. It's dark all day. Or, the snow makes it lighter, but it's dark compared to India.
Han: (Tenker. Lenge.) Aaah. (Legg ansiktet i sorgmodige faldar, foer han leverer konklusjonen) Not so good for cricket, then. Very sorry, Madame. Not so good cricket.

onsdag, januar 25, 2006

Mumbai!

Det er travle dagar i India. Saa mykje aa sjaa og saa lita tid!

Akkurat no er eg i Aurangabad, eit par timar inn i landet fraa Mumbai (alias Bombay), og har planar om aa sjaa nokre heilt spesielle tempel-"holer" i fjellet i morgon og ettermiddag foer eg set meg paa toget nordover i overmorgon kveld.

Men foer det har eg vore i Mumbai! Og hatt det heilt topp! For ein straalande by! Instant forelsking fraa mi side, og eg trur ho blei gjengjeldt. Ikkje alle byar er slik, at ein kjenner seg heime med det same. Det blir litt som forskjellen paa Bergen og Trondheim for min del: forstnemnte lika eg fraa forste stund, daa ho som gjorde at eg ville studera der og eg gjekk av bussen for aa leita etter hybel, medan eg framleis har problem med aa forstaa kva det er som liksom er saa bra med sistnemnte. Eg innser jo at folk likar Trondheim, og har ingenting i mot byen som saadan. Det er bare det at Bergen er mi greie.

Men altsaa. Mumbai, alias Bombay. Paa mange maatar liknar byen litt paa London. Svaere, monumentale bygg i britisk victoriansk kolonistil, haugevis av heilt identiske svarte og gule drosjar (minst annankvar bil i byen), toetasjes bussar, og masse folk overalt. Men der folka i London ofte er travle, og sure, og graa, er folka i Mumbai avslappa, og blide, og fargerike saa det held. Smilar og nikkar, og ler til deg fordi du er ein rar kviting. Til deg, altsaa, i staden for av deg. Trur eg, i alle fall...

Og fargane! Dei finaste sariane seglar avgarde opp og ned gatene, marknadane bugnar av tekstilar, og gull og glitter, og frukt og gronsaker eg aldri foer har sett, vakkert stabla med kjopmannen midt i haugen. Vil du kjopa eit par meter kopartraad, Madame? Eller kanskje eit geitehovud, komplett med hjerne og blod? Ikkje? Neivel - daa poserer me gjerne paa eit foto i staden, me!

Etter nokre sansebombanderande timar paa marknadane, er maidanen, den store opne grassletta midt i byen plassen aa henga medan ein ser eit par slag cricket, eller bare sit i skuggen og drikk ein kopp soet, melkete kardemommeblanda te kjoept av den omfartande chai-wallahen.

Fraa parkreglane:
5) No cattle, horses, goats, stray dogs etc are allowed in the maidan.
8) Anti-social activities are strictly prohibited.
18) Users of the maidan do so at their own risk.

Thihi!

Eg skal definitivt tilbake til Mumbai. Har fly heim derfraa den 13. mars, saa kjem til aa legga inn ei lita veke eller saa foer den tid.

No er det derimot innlandet som gjeld. Har vore nokre dagar i Nasik, ein av hinduane sine heilage byar fordi ei heilag elv renn gjennom byen. Her vaskar dei vekk synder saa det staar etter. Fraa huden, og haaret, og kleda, og tallerkane, og sjolvsagt kyrne. Etterpaa kan det graabrune vatnet med fordel drikkast, for endaa betre indre effekt. Den skal ha sterk mage som vil oppnaa frelse paa hinduvis!

Neste stopp paa ferda, i morgon, blir Ellora. Buddhistiske, hinduistiske og jainistiske munkar har gjennom hundrevis av aar (trur arkeologane) grave seg ned- og innover i fjellet, og laga tempel med intrikate steinskulpturar av Shiva og Buddha og gjengen i full utfalding. Templa er paa World Heritage-lista til UNESCO, og visstnok fantastiske.

Dessverre, eller heldigvis(?), er morgondagen ogsaa ein fridag i India. Det betyr anten at ting er stengt og bussane ikkje gaar likevel, eller at dei gjer det, og heile India er paa tur. Mor, far, mors to sostre og deira til saman aatte barn, svigermor og svigerfar og bestemor og nanny - med picnicspann og mobiltelefonar med bollywoodringetonar paa full guffe saann for underhaldningas skuld. I ko. Saman med meg. Puh. Det kan bli ein dag i ko, trur eg. Men sikkert bra likevel.

Diggar dette landet!

fredag, januar 20, 2006

Og no litt reklame

Modern cassettes!
- butikknamn i Panjim

Genuine Indian fakes!
- slagord hos t-skjortemannen paa hjornet, Anjuna

og min favoritt:
Makes your wife come straight to you after dinner
- vegreklameskilt for oppvaskmaskinar

tirsdag, januar 17, 2006

Paa stranda

Dagens kompliment:
You are very white, Madame!

Dagens observasjon:
Det er vanskeleg aa smora solkrem paa sin eigen rygg...

mandag, januar 16, 2006

It's a small world after all

Eg er framme, og sjaa kor eg er hamna! Tada! Benaulim i Goa, skal bu i lita straahytte like ved stranda, idyll idyll idyll.

Forsteinntrykket er derimot litt uventa. For Goa minner meg mest av alt om Vest-Afrika! Naerare bestemt Ghana. Eg blei henta paa flyplassen av eit taksisjaaforpar (han stod og venta med namnet mitt paa ein lapp, ho(!) koyrte), og me var ikkje foer komne ut av parkeringsplassen foer jesusmusikken i kalypsotakt stroyma ut av hogtalarane:

"Oaah, Jesus you're my friend and redeeeeemer, cha cha cha. Oh, Jesus I'm so glad I'm a beliiiiiever, cha cha cha. Oh, Jesus you're my friend, cha cha, until the very end, cha cha!", osv osv - akkurat som i Accra!

Kombinert med klimaet, den rode jorda, folk som balanserer uhorvelege mengder ting paa hovudet, og butikkfasadar med allverdas fargesprakande slagord maala rett paa muren, gjekk tankane mine altsa til eit anna kontinent. Stranda liknar ogsa, med fiskebaatar og garntrekking og damer som samlar opp fisken, pluss palmer og faa kvitingar. Dessutan har eg allereie koyrt forbi baade "Jesus Amen Bus" og "God Is With You Fish and Groceries"!

Saa det stemmer nok at Goa er India for nybyrjarar. Men det er greitt det. Planen er jo aa bygga opp indiakondisen gradvis. Det blir tidsnok hektisk, trur eg.

Lunsj neste. Sidan eg allereie har gloymt meg og gjort tre feil (ferdigskrella frukt og skaldyr paa flyet -ups!, og tannpuss i vanleg springvatn -oj!), hadde eg tenkt aa liksaagodt ta han heilt ut, og eta fisk og/el skaldyr til lunsj og/el middag. Saapass maa no magen min faa til aa oeva seg paa!

PS: Forresten saa er tidsforskjellen mellom Norge og India +4,5timar (06.00 i Norge er 10.30 her), saa om de trudde at eg var oppe grisetidleg for aa skriva, tek de feil. Eller, det kjennes paa ein maate litt saann sidan eg reiste heile natta utan sovn, men det er i alle fall ikkje natt i India lenger!

lørdag, januar 14, 2006

Og vips - så for ho

Eg er ferdig med å kollapsa (over 9 timars søvn i natt!), har pakka sekken (det blei faktisk ikkje mykje!), og kjøpt ein fænsismænsi lommekniv (med sag!). Har hatt ein roleg dag, og snart skal allerbestaste kjærasten og eg ut og eta sushi (jum jum!). Forlagsverda og oslovinteren får klara seg sjølv så lenge, for no dreg eg faktisk.

Wow. Eg dreg. Sære greier... Burde eg ikkje kjent det ein eller annan stad? Følt det på meg, liksom, at eg endeleg - endeleg - gjer det kjekke i staden for det lure? At eg skal ut i den Store Vide Verda heeeilt aleine? Tydelegvis ikkje. Hm. Det kan mao fort bli ein vane, denne ufornuften...

Ønsk meg lukke til!

fredag, januar 13, 2006

T minus 48

Jada jada jada. Eg hadde gode intensjonar om å slutta med sånne jobba-rundt-netter, og eg veit at eg lova å prioritera kvalitetstid i senga framfor kvantitetstid med Dumbo.

Men: Om nøyaktig to døgn har flyet mitt nettopp letta! Og eg er på veg til India!



Eg ville bare ha nemnt det før eg kollapsar.

torsdag, januar 12, 2006

61 timar til avreise, og eg må rekka:

Jobb:
* brosjyre+flyertekst, helse utkast til gjennomlesing tors. ettermiddag
* utskrift intervju helse sendt 00.45 natt til fredag
* utskrift intervju geografi sendt 04.15 natt til fredag
* utskrift intervju samfunn ferdig finpuss fredag ettermiddag
* brosjyretekst samfunn (eg MÅ få andre til å gjera dette!)
* brosjyretekst geografi (ditto...)
* bildetekstar tunisia ferdig 05.45 fredag morgon
* faktadel tunisia ferdig 06.15 fredag morgon
* brenna cd tunisia unnagjort 06.30 fredag
* innom gamlejobben for levering pengeinnkreving fredag føremiddag

India:
* kopi alle viktige dokument snille kjærasten ordnar opp!
* skaffa lommekniv
* pakka!

Diverse:
* Pusta inn
* .. og ut
* ... og iiinn.
* .... og uuut...
* sova litt kanskje? må visst dessverre utgå...

(H.J.E.L.P!!)

tirsdag, januar 10, 2006

To observasjonar tirsdag kveld

Eg er visst ikkje så flink til å setta grenser likevel.

Det er ikkje kjekt å allereie vera så tom og trøytt at tunga bankar når ein veit at lista over det ein MÅ få gjort i løpet av dagen har minst tre punkt att - av ca ein million...

mandag, januar 09, 2006

På med sjaketten!

Tenk at eg gløymte det! Å fortella at eg har sett filmen! Noko også du bør gjera. Eg meiner, kan dei 300.000 festkledde sørbuarane i denne billettkøen ta feil?


Trudde ikkje det nei. Så kva meir kan eg seia? Sjå filmen!

Venlege helsingar, Pinglin

søndag, januar 08, 2006

Meg - ein arbeidsgjevar

Eg har teke nok eit steg inn i vaksenverda!

Nei, eg har ikkje kjøpt meg hus, eller bil, eller skaffa meg ein unge. Det er større enn som så - eit steg det oftast tek folk årevis med vaksenliv før dei klarer å gjennomføra:

Eg har kjøpt og betalt eit menneske for å gjera reint etter oss!

Dvs - eigentleg var det vel Mr. Sambuar som både kjøpte og betalte. Men då eg kom heim frå skitur i Nordmarka, tre-fire timar før middagsgjestene var venta, og oppdaga at huset var strøkent, nyrydda og grønsåpeluktande, var det ikkje akkurat noko å seia på betalingsviljen min heller.

Genialt! Studentsøstra til kjære Mr. Flinkis tente nokre kjærkomne slantar, og eg kunne bruka lang tid i dusjen og på middagen - i tillegg til å jobba eit par timar - meir enn nok til å tena inn både vasking og middag og allslags. Utan rosinfingrar!

No ventar eg bare på at KK skal koma og intervjua meg: "Korleis taklar du tidsklemma, o suksessfulle karrierekvinne?"

fredag, januar 06, 2006

Snop

Dagens møte med forlaget gjekk som den berømte kniven gjennom smøret. Folka smelta som softis i sommarsol for den utruleg primitive lynkladden, nikka og klappa og smilte, før dei drog meg rundt i heile labyrinthuset for at eg skulle få møta den eine redaktøren etter den andre, og tredje, og fjerde, slik at eg er best mogleg budd til alle dei andre tinga eg skal gjera før eg dreg - og når eg kjem att. Oppdraget er mao mitt - til ein alldeles latterleg høg sum. Gull i reisekista!

I rein euforisk rus gjekk eg ut og gjorde det kvinner visstnok skal i ein sånn situasjon: Eg shoppa.

Bøker, så klart. Det er jo sal på bøker der ute! Herlege, tjukke, innbundne eksemplar til småpengar per stykk. Kjente og ukjente, norske og utanlandske - hurra! Til dømes denne, denne og denne, pluss eit par kilo andre.

Våren, og truleg store delar av sommaren, er sikra!

Men indialektyren eg var der for å kjøpa, hadde dei ikkje. Det var dumt. Eg må visst oppsøka ein annan bokhandel i morgon. Som også har sal. Ja huff. Skikkeleg, skikkeleg dumt. (thihi)

Lynvingen rapporterer

Med gode råd i bakhovudet har eg gripe tyren ved horna og starta arbeidet med min første sånn derre lynpresentasjon. Lekkert skal bli!

Det eg har funne ut så langt:

  • eitt til to minutt er kort tid

  • veldig kort!

  • i alle fall i forhold til kor lang tid det tek å laga kvart sekund...

  • det kan henda eg har noko å bidra med likevel når utgangspunktet er setningar av typen "Ettersom digital kompetanse introduseres som grunnleggende ferdighet i alle fag, har forlaget utviklet fagnettsteder som supplement til samtlige reformverk". Uhm... hæh?

  • dei elskar meg same kor dum eg er. Var innom ein av dei andre forlagsmennene i anna ærend i dag, og ryktet om gårsdagens møte hadde allereie spreidd seg til han: "Sjefen min sa du gjorde en utrolig solid figur - hun var sååå glad for at du hadde tatt på deg jobben!" Ser man det, ser man det...

    Andre oppturar:
  • Jan i forsinka julegåve!

  • Koseleg mail frå kievmedreisar og intervjuobjekt om at saka no har stått og at ho - og dagblajournalistbror hennar - var nøgde med alt. "Kjempefin artikkel. Kjempefornøyd!".

  • Kjekk mail generelt, frå Finland, Nederland, USA, Tyskland og Palestina - i tillegg til gode gamle Norge

  • Utsikter til Markatur på lørdag søndag, pingvinar i løpet av helga (lørdag), middagsbesøk heime på tirsdag onsdag og ute på onsdag torsdag, og generelle godvibbar i lufta.


  • Love is all around me - and so the feeling grows.

    Og no skal eg gå og legga meg.

    onsdag, januar 04, 2006

    Itte bærre lækkert

    Det eg ønska:
    Enkle, arbeidslause surredagar. Tid til meg og mitt, bare ispedd roleg kosejobbing for bladet og forlaget. Butikkrundar og kafebesøk med alle eg kjenner, gjennomtenkt pakking av indiasekk.

    Det eg fekk:
    Møte med forlaget idag - for anledninga fullt av stressa forlagsfolk frå helvete.

    "Vi vil gjerne at du skal gjøre dette. Og dette. Og dette lille biprosjektet her, så klart. Før du reiser bort snarsnart, så klart. Og mens du er borte - hvorfor drar du egentlig bort og gjør alt så vanskelig for oss? - kan du jo ha med deg dette, og dette, og dette på turen, så er du mer på hugget når du kommer tilbake til oss. Har du et par andre prosjekter du må fullføre før avreise også, sier du? Jasså - jo, men de går sikkert an å gjøre unna i helgene, ikke sant? Vi tar et nytt møte fredag, og da er det opp til deg å presentere hva du har kommet frem til så langt. Okei? Okei!"

    Gulp.

    Hjelp!

    Egforstårikkjeheiltkvadetvarmeiningaegskullegjera! Utruleg abstakte beskjedar - det einaste eg forstår, er at det visst er min jobb å laga deira flyktige tankar og visjonar om til ein flashpresentasjon - noko handfast og "lekkert" (ja, dei bruka det ordet!) til bruk på kurs og internett og gudane veit.

    Urgh. Typisk. Mindre enn ei veke inn i det nye året, og eg har allereie brote det første punktet på skal-lista mi.

    tirsdag, januar 03, 2006

    Kjole og kvitt

    Gler meg massemasse til førpremieren til denne filmen på kino! (Gimle 6.-12. januar - nokon som blir med?) Pingvinar er og blir dei kulaste fuglane. Eller hur, Therese?

    For øvrig, i tillegg til å sjå pingvinfilmen, er planen for 2006 som følger:


    Eg skal:
    * jobba mindre
    * lesa gode bøker
    * høyra fin musikk, heime, på poden og på konsert
    * laga og eta god mat
    * oppdaga endå fleire fine kafear i Oslo
    * drikka meir vin midt i veka
    * øva meg på å sjå meir tv
    * reisa på tur, hurra! I første omgang India, så klart, sidan blir det vel hytta og kven veit - kanskje andre stader i sommar og haust? Har lyst på Stockholm med Kjærasten, og segltur rundtomkring med microsoftaren. Blant anna.
    * ha det kjekt i Vinterlandet før eg dreg
    * - og etter!

    Eg skal ikkje:
    * trena meir og eta mindre, for det skjer ikkje så allikevel
    * automatisk prioritera overtid framfor tullogtøys med venner
    * ha dårleg samvit fordi eg ikkje gidd lesa alle delane av alle aftenpoften
    * - eller fordi eg ikkje er så intellektuell

    Meir av det same, mao. Og det i seg sjølv er vel eit bra teikn på at eg har det rett så bra allereie? For det har eg! Veldig, veldig bra, veldig veldig glad i livet mitt for tida. Faktisk. Jøss. Heldige jenta!

    Kalkunlukke

    Har de sett noko vakrare enn dette praktstykket av ein fugl før? Trudde ikkje det nei. Fugl og stuffing og waldorfsalat og anna tilbehør - nam nam nam! Førstegongslaging av saus gjekk som ein draum, alle blei mette og glade.

    Happy turkey day!

    Gode venner, god mat, avslappa stemning - og sjampis. Oppskrifta på ein topp nyttår.


    Takk for det gamla, folkens! Skal me gjera det igjen neste gong?



    Dessutan skal ein på ingen måte kimsa av dette indre austlandet!

    I alle fall ikkje til vintersbruk. Dei tunge mørke granene som skuggar for utsikt og himmel og fjelltoppar og dermed ikkje eignar seg til sommarsbruk, er nemleg rektig så vakre med eit ti centimeters snølag fint dandert over alle greinene. Glitrande fint å sjå på, komplett med skigardar som held ut sjølv om dei dessverre ikkje kan vara evig vettu. Fine skiløyper og godt føre - perfekt for turar både første og andre nyttårsdag. Eg veit om ei jente som skal investera i sånne fænsi pinneski med sokkesko så snart ho kjem frå India!