fredag, august 18, 2006

Epla er komne!

Og du som stussar og tenker at "hallo? det er no ALLTID epler å få tak i" kan bare gå heim og vogga. Det er sjølvsagt dei norske epla som er komne. Det er noko heilt, heilt anna enn desse seigskinna, smaklause, søtemne "fruktene" som passerer som "epler" resten av året.

Gjekk over Youngstorget i lunsjen, og der låg dei. Framleis ganske små, raudrødmande og friske, med verdas allerbestaste lukt. Måtte sjølvsagt kjøpa ein pose. Tre ulike slag, minst to av kvart.

Mmmmmmmm!

Ved sida av meg, eller eigentleg før meg, i køen hos torghandlaren, stod det eit nydeleg eldre ektepar. Dei kjøpte sånne bittesmå agurkar du veit, sånne som skal syltast og etast på leverposteien. Og så skulle dei ha meir, og eit par andre ting, og slå av ein prat, heilt til torgmannen oppdaga meg som stod der og trippa.

- Skal du bare ha epler? spurte han meg.
- Ja.
- Er det greit jeg hjelper henne først? spurte han dei.
- Ja, så klart! kvitra dei.
- Hun har sikkert bare en kort spisepause, stakkar!

Og det er utan tvil den søtaste replikken eg har høyrt heile veka.

Spisepause!

7 kommentarer:

Anonym sa...

sjøulken er tilbake....gi han ett eple eller to. Liker norske epler...de som er litt syrlige...mm..nam nam

-lin sa...

Kom og få!

Leiligheten byrjar snart å bli noko no. I dag har me vore røyrleggarar, lagt røyr inn og røyr ut, kopla til oppvaskmaskin og styrt og ordna.

Snart klare for besøk, mao!

Amalie sa...

Trønderbæra om sumaren, epler frå Gvarv om hausten, eller generelt norske. Utrolig deilig å lese hverdagshistorie som er verdt hele livet:)

Ane sa...

Så koselig! Jeg fikk en kasse epler hjemmefra i helgen, stolt overlevert av far, hobbyeplebonden. Knask!

Anonym sa...

Jeg, på den annen side, oppdaga her for litt siden at den lokale meny-butikken har fått inn Oreos... og hadde en liknende reaksjon. :) Men epler er bra de også - b-e-v-a-r-e-s! Fikk noen fra hagen til ei venninne her om dagen; bittesmå, grønne og deilig syrlige. Glede seg!

-lin sa...

Amalie - takk for fine ord! Epla er av dei tinga eg likar absolutt best med hausten - eg er elles sommarjente på min hals!

Handbag - din heldiggris! Mor og far har rips og solbær og kirsebær og stikkelsbær og urter og slikt. Men epler? Trur ikkje dei veks så godt på Jæren, det er altfor mykje kald vind og for lite varm sol.

Th- forskjellen på meg og deg, er at eg fort mistar interessa for oreos og denslags så snart det er å finna i heimlege butikkhyller. Dei har dei jo på Deli de Luca, f.eks, men kor ofte er eg eigentleg der? Forrige gong var då du var her på kurs...

Anonym sa...

Jeg mister sikkert interessen nå, siden oreos plutselig finnes på meny... men fram til nå har det liksom vært som en liten tur til det store utland å kunne gå på Deli de Luca og kjøpe den! Hva kan jeg si, jeg er en enkel sjel... :)