lørdag, august 26, 2006

Paris er ein annan stad

Me har besøk av ei venninne som bur i Paris. Ho jobbar på ein kafé kor kunstnarar, forfattarar og filmfolk vankar, kallar seg sjølv bohem, og trivst med det. Uff, om eg må dra frå Paris, vil eg heller til London enn Oslo, seier ho. Her er så stygt. Lyslugg nikkar. Han syns også Oslo er stygg. Men leiligheten var fin, seier venninna. Lyslugg nikkar igjen. Det blir i alle fall fint, seier han. Men då har eg jammen stått på også.

Så går dei på kafé saman. Eg må vera att. Arbeida. Har lese ei av helgas bøker, pløyer meg altfor fort gjennom den andre. Lurar på om eg når alle sidene til intervjuet. Må jo det. Dessutan skriva ei lita sak til avisa, og to ganske lange for forlaget. Kan ikkje seia nei til ekstrajobbing, eg har jo bare jobb i to veker framover. Og til familien? Seia nei til mor? Du er så snill, skriv ho. Så snill og flink. Eg har dårleg samvit for å velta dette over på deg. Neidå, seier eg. Det går så bra så. Ingen problem.

Det gjer jo det. Faktisk. Ikkje jobb deg i hel, sa parisjenta då ho stakk ut døra. Neidå, lova eg. Eg skal jo ikkje det. Ikkje i hel. Meir enn eg burde, kanskje. Men aldri meir enn eg toler. Eg toler masse. Det sa handlesaren i India også. Du toler meir enn alle rundt deg før det brest, sa han. Kanskje er du eigentleg ganske lat, men bare når det passar. Aldri om du ikkje kan. Då står du framst i arbeidskøen, med oppbretta ermer og enorm kapasitet. Det er ei gåve, sa han. Eg bare smilte, for eg visste at han hadde rett.

Så eg syter litt. Klagar. Over tolvtimar arbeidsdagar, kveldsskift og frilansing og oppussing om natta. Eg slit med å sovna, og med å vakna. Manglar idear utover det openbare, og skulle gjerne visst meir om framtida.

Men eg har det bra likevel! Eg taklar dette. Eg er der eg vil vera. Alle kan ikkje vera bohemar i Paris. Særs ikkje sånne som meg. Sånne som kuttar den eine forlagsfesten fordi det var viktigare å ta ein lang prat med ei oppgåvenervøs mor. Som går på dei to andre, men ikkje finn noka stor glede i det. Fordi eg er ein observatør, kanskje, ikkje noko midpunkt. Fordi eg ser at dei norske stjernene skin veldig svakt. At eg aldri blir som dei, og at eg heller ikkje har lyst å vera det.

Eg vil heller vera meg. Her. No. Oslo er ein by ein aldri blir forelska i, men lærer å bli glad i etter kvart, seier Lyslugg. Mogleg han har rett i det. Eller ikkje. Eg syns ikkje Oslo er stygg. Stygg og fin er ikkje viktige kategoriar. Alle er då meir enn det ytre? Er eg meg fordi eg ser ut som eg gjer? Fordi eg er høgare enn snittet, middels tynn og middels tjukk? Fordi eg har bølger i håret og skeivt ansikt? Fordi eg snakkar ein rar dialekt få forstår, og alltid er den første å få gnagsår?

Eg trur ikkje det. Protesterer mot tanken. Eg er meir. Eg er ho som sit her, ein lørdagsføremiddag i slutten av sommaren, og jobbar. Ho som gjer noko fornuftig. Ikkje fordi eg plent vil det. Men ikkje bare fordi eg må, heller. Fordi det er sånn det må vera akkurat no. Fordi det er rett.

Paris er ein annan stad.

onsdag, august 23, 2006

Død over dødlinja!

Fytti svarte.

Fytti heitaste svarte søren!

Eg hatar - hatar! - å skriva saker om noko som enno ikkje har skjedd, men som eg må lata som har gjort det, for det vil det ha når avisa vert lesen.

Hatar hatar hatar!

Ikkje minst når det heile må skrivast på under ein halvtime, skal smørjast stort utover, og eigentleg kunne blitt bra om det ikkje hadde vore for den fordømrade dødlinja.

Fordømrade dødlinja!

For mange?

Kjære alle oslobuarar,

- de som visstnok er for mange.

De som virrar rundt i sykkelfeltet når eg kjem syklande, litt seint ute på veg til jobb, og som køyrer bilane dykkar i lange rekker som så vidt snik seg over lyskrysset på drosjegult. De som går fem i breidda på fortauet, og plutseleg kastar dykk på skrå ut for å kryssa vegen. De som lagar kø i matbutikken, kø i kiosken og kø på posten, og som fyller opp bussane og trikkane. De som bråkar i gatene både fredag og lørdag, og insisterer på utepils og parkgrilling sjølv om regnet heng i lufta. De som arrangerer filmkveldar og festar, visningar og lanseringar, konsertar og allslags anna eg ikkje har tid å gå på. Alle de som kjem ramlande frå ferie, brune og fine, med nye klede og ny hårsveis, fulle av opplevingar å fortelja om. Aller mest de som melder meg på mobilen og plingar meg på messenger, med "er tilbake, kva skjer", og lurer på om me skal plukka bær eller gå i bassenget -

VELKOMNE TILBAKE, ALLE SAMAN!

Eg har sakna dykk!

fredag, august 18, 2006

Epla er komne!

Og du som stussar og tenker at "hallo? det er no ALLTID epler å få tak i" kan bare gå heim og vogga. Det er sjølvsagt dei norske epla som er komne. Det er noko heilt, heilt anna enn desse seigskinna, smaklause, søtemne "fruktene" som passerer som "epler" resten av året.

Gjekk over Youngstorget i lunsjen, og der låg dei. Framleis ganske små, raudrødmande og friske, med verdas allerbestaste lukt. Måtte sjølvsagt kjøpa ein pose. Tre ulike slag, minst to av kvart.

Mmmmmmmm!

Ved sida av meg, eller eigentleg før meg, i køen hos torghandlaren, stod det eit nydeleg eldre ektepar. Dei kjøpte sånne bittesmå agurkar du veit, sånne som skal syltast og etast på leverposteien. Og så skulle dei ha meir, og eit par andre ting, og slå av ein prat, heilt til torgmannen oppdaga meg som stod der og trippa.

- Skal du bare ha epler? spurte han meg.
- Ja.
- Er det greit jeg hjelper henne først? spurte han dei.
- Ja, så klart! kvitra dei.
- Hun har sikkert bare en kort spisepause, stakkar!

Og det er utan tvil den søtaste replikken eg har høyrt heile veka.

Spisepause!

onsdag, august 16, 2006

som eit krypdyr langs bakken

Eg er på jobb frå åtte til halv seks, men burde vore der til åtte. Kjem heim klokka seks, men burde vore der fire. Veska er tung av romanar som må lesast, research som må gjerast, samvit som må tilfredsstillast. Leiligheten er full av skap som må monterast, benkeplater som må skjerast, esker som står og står.

Er det dette dei kallar "dobbeltarbeidande"? Som ordgytar på dagtid, handverkar på kveldstid? Eg er i alle fall ikkje spesielt god til det. Eg blir sliten, og sur. Eller, ikkje så mykje sur som lei. Usikker. Ukonsentrert. Annig. Samvit samvit samvit.

Eg har fått gratisbillettar til Bollywood-festivalen. Til Oslo Fashion Week. Til Oslo Jazzfestival. Eg får ikkje gått på noko. Får ikkje vore med venninna mi, som er her ei einaste veke før ho flyttar igjen. Må bare heim, til eskene. Samvitet. Vissa om at eg burde vore her på fulltid no. Bretta opp armane og teke eit tak, ikkje surra med alt dette andre. Orda. Sidene. Ingressar og bildetilvisingar.

Eg legg meg tolv, kastar meg fram og tilbake ein halvtime, før eg står opp. Les heimeleksene mine nesten ferdig, til klokka for lengst har tippa tre, og til og med togteknikarane utanfor slottet held fred.

Står på balkongen. Pustar inn regnet, dei gule lysa, ein einsleg bil som køyrer forbi.

Den dagen då ospelauvet tar til å klirra.
Då er sommaren over.
Når morgonregnet kjem så stilt at det ikkje fell, men snik seg som eit krypdyr langs bakken.
Ein slik dag var det.

Kjartan Fløgstad: Grand Manila

lørdag, august 12, 2006

If you can't beat them, join them

Eg har aldri før kjent meg så vaksen. Så etablert.

Neidå, ikkje på grunn av slottet. Ikkje fordi me driv og vel golv og kjøkkenskap og baderomsmøblement, og hamrar og bankar og styrer på som best me kan. Heller ikkje fordi eg er del av dette me-et som stadig dreg til Ikea (grøss!), og har vore det i ganske så mange år etterkvart (bliss!). Ikkje fordi eg nærmar meg tretti, eller fordi eg har ein skikkeleg jobb og tener vaksne pengar.

Nei, det er større enn som så.

Frå og med denne helga, sidan fredag for å vera heilt eksakt, har eg fått meg mobilabonnement! Du fekk det med deg? ABONNEMENT! Sånn med rekning, du veit, og oversikt over kor mykje ein ringer for? Som ein betaler etter at ein har ringt og meldt? Ikkje før?

Det er inkje mindre enn ein revolusjon.

Eg her kjempa imot, år etter år. Kontantkort er tingen, har eg sagt - og meint det. Dyrt? Pøh! Tvert om! Når eg ikkje anar kor mykje det kostar å ringa ut, men bare har vonde aningar om at det er meir enn mykje per minutt, pluss oppstartsgebyr og avslutningsgebyr og replikkgebyr og sikkert eit par andre gebyr eg ikkje har fått med meg, så let eg ganske enkelt vera å ringa. Og det er jo ikkje dyrt, er det vel?! Nettopp!

Men no har eg altså gitt meg. Lyslugg sin mangeårige kampanje har endeleg verka. Opplading er uoversikteleg, det er dumt å betala meir enn nødvendig, med rekningar kan eg skriva litt over på enkeltkvinna, og bla bla bla. Ny tid, nye løysingar.

Så no går eg rundt og gler meg til eg rekninga kjem i boksen.

Sjå! Eg er blitt vaksen!

fredag, august 11, 2006

Ein dag Fire veker om gongen

Så var det sanneleg fredag igjen, sann!

I dag skulle vore siste dagen i sommarvikariatet mitt. Dvs, i dag er siste dagen i sommarvikariatet mitt. Men tradisjonen tru har eg sjølvsagt klart å klora meg fast litt til, akkurat slik eg har eg gjort det to gonger før etter endte sommarvikariat, i begge dei andre avisjobbane eg har hatt. Den eine gongen blei det til eitt år, så eitt til, og så fast stilling før eg stakk. Den andre blei det til eit halvt år med fulltidsjobb utan kontrakt, før eg valde dei vekk for å prøva den glansa verda (noko som skulle visa seg å vera eit dumt val, men det kunne eg jo ikkje vita då...)

No har eg fått fire veker til, så får me sjå kor skarpe neglene - og albogane - er etter det.

Eg er i grunnen ikkje så bekymra. Same dagen som redaktøren ringte og lurte på om eg ville ta fire veker til, kom der mail frå forlaget, med tre nye enkeltoppdrag der.
- Okei, men då vil eg ha masse pengar, sa eg.
- Uhm. Greit, sa dei.
Og så var det avgjort.

Hah! Det er ikkje det at pengar betyr så mykje i seg sjølv. Verkeleg ikkje. Men viss eg skal jobba som frilansar, på andre sine premissar enn mine eigne, skal dei i alle fall betala for det. Det er jo eg som blir sitjande att utan tryggleik, utan sjukedagar, utan skikkeleg nettverk. Slikt kostar, forstår de, kjære forlagsbransje. Kjære frilanskunde generelt, i grunnen.

Jobb jobb jobb. Bla bla bla.

Eg skriv lite her for tida, og når eg gjer det, er det lett å forstå kvifor. Eg har jo ingenting på hjartet!

Litt sliten, som vanleg. Veit eg er heldig som har fått utvida kontrakt i avisa - det er jo det eg ønsker. Likevel kjenner eg eit lite stikk av skuffing også. Eller, ikkje skuffing. Men antiklimaks. Eg hadde tenkt at "okei, så blir eg arbeidslaus då, og får kjenna litt på det. Kjipt å banka på dører og ringa til redaktørar, men det skal nok gå på eit vis. Eg får i alle fall bestemma over eiga tid! Flikka litt på leiligheten, for eksempel. Reisa på tur med Lyslugg. Ha litt sommarferie, eg som har gått stort sett i eitt sidan India".

Men nei. Det blei visst ingen ferie på meg. I alle fall ikkje i denne omgang. Ingen late morgonar, ikkje noko kjøkkenferdiggjering på dagtid. Eg får visst venta med både koselesing og kafehenging litt til, verkar det som. Ettermiddagane og helgene no er jo fulle av fiksing!

Ojojoj, så synd på!

Unnskuld meg, eg skal bare gå og spy litt av meg sjølv. Snakk om luksusproblem! Jenta har funne seg den kjekkaste jobben ho har hatt - ein jobb ho for ei gongs skuld har lyst til å bli i - og så klagar ho over at ho ikkje får pussa opp kjøkkenet sitt på dagtid. Ååååh, så synd på! Skikkeleg, ski-ke-leg synd!

Nok no.
Eg trur eg går og skrapar av litt meir golvpapp.

tirsdag, august 08, 2006

Oppognedpussing

Framleis tom i toppen, tom for ord. Eller full i toppen, var det visst eg kom fram til (nei, ikkje sånn full. Ikkje denne gongen)

Eller så er eg ganske enkelt temmeleg sliten. Framleis utan oversikt, utan energi, utan noko på hjartet. Dundrande hovudverk etter dagens arbeidsdag, av leveringspress og faktasjekk og ein overtidsplaprande kronikkopphavsmann, og golvbankinga rett etterpå gjorde ikkje akkurat situasjonen betre.

Ah, eg har kanskje ikkje fortalt om golvbankinga?

Vel, det har seg sånn, at for nokre månader sidan, på sommaren til dess varmaste dag kjøpte eg og min allerkjæraste Lyslugg eit slott. Andre folk kallar det "ein leiglighet", men kva veit vel andre folk om slikt?

Dette slottet har, i tilfelle nokon skulle ha unngått å få det med seg, fantastisk fin utsikt. Eg kan stå time etter time og bare sjå ut av alle vindaugene, så fin utsikt har me fått.

Dvs, det kan eg jo ikkje.

For det må jo pussast opp, må vita. Og det er her golvbankinga kjem inn i bildet. Då me kjøpte slottet, var der ny, skinande kvit, høgglansa skap på kjøkkenet. Det var kvite veggar og lys benkeplate, og brune fliser på golvet. Eg gjentek: brune fliser på golvet. Type terracotta anno ca 1981, med ujamnt brennmønster og skitsvart, småseig fugemasse mellom. Og brune - nemnte eg det?

Men ikkje no lenger!

Me har hakka dei vekk! Dunk dunk dunk, med hammar, meisel og rå muskelkraft. Me starta på lørdag, kvilte på søndag (er ein frå bibelbeltet, ja så er ein frå bibelbeltet!), tok mesteparten i går, og restane i dag.

Puh!

Jobb ja! Men herleg å ha gjort. No skal me legga nye klikklaminatfliser i staden, og byta (og bygga) ut benkeplata med ei som passar betre til den nye fargen. Dessutan skal me flytta vaskemaskinen frå badet til kjøkkenet, setja inn ei rekke til med skap, og...

Hey! Eg såg den gjespen du nettopp kvelte!

Er det liksom ikkje spanande å høyra på andre sine oppussingsplanar heller no? Hm? Ikkje interessant å høyra om kjøkkenskap og kjøkkengolv og fordelar og ulemper med kork versus lineoleum versus parkett versus vinyl? Du bryr deg liksom ikkje om slottet, du? Hm?!?

Pøh! Bare vent! Eg kjem til å bu i verdas allerfinaste slott, såh!

Eller, eg gjer det faktisk allereie, heilt sidan lørdag. No gjenstår bare eit par små detaljar. Kjøleskap, f.eks. Og ein komfyr som står på kjøkkenet i staden for i gongen der sikringa går viss me brukar han til å laga mat på. Og klede som heng i skapet framfor å ligga i kassar. Og bøker som står i hyller framfor å ligga i kassar. Og lampar som heng i taket framfor å ligga i (du gjetta det!) kassar. Og sko. Og cdar. Og internett som funkar. Og eit par andre småting. Men så! Blir så fint så.

Til slutt.

PS: bildet har sjølvsagt ingenting med saka å gjera. Eg bare syntes det var temmeleg festleg at det er treff nummer to om ein søker etter bilde av ein meisel (engelsk chisel) på Google si bildesøkeside. Barnsleg humor? Eg?!? Neidå!

fredag, august 04, 2006

Tett

Alle desse orda.

Koss skal eg seia det?

Skal eg seia at dei kveler meg? Nei, for sterkt. Overveldar meg? Ikkje eigentleg. Sug meg ut? Kanskje heller det. I mangelen på rette - nettopp - ordet, er kanskje vakuum det som kjem nærast. Som i tomhet. Stilla etterpå.

Eg sit der. Kvar dag. Frå morgon til ettermiddag. Nei, kveld, i grunnen. Når klokka er seks er det då kveld? Alltid litt sein. Alltid ni timar, ti. Ikkje sju, åtte.

Uansett.

Eg sit der. Og spyr dei ut. Fleire og fleire. Fortare og fortare etter som klokka tikkar mot dødlinja. Desken heng på interntelefonen. På mailen. På skrivebordet. "Kommer sakene snart?" "Hvor ligger bildene?" "Er det faktaboks?" Stadig skiftande redaktørar. Ferieavvikling og ad hoc-løysingar. "Nå tar jeg helg! Lykke til!"

Og altså ord. Ord ord ord. ORD!

Fleire ut enn inn. Likevel lite anna - lite meg - i det heile. I staden fyller eg på med - tja - veit ikkje? Rutine? "Flinkhet"? Ærgjerrighet? Stahet?

Noko sånt.

Eller så er det kanskje feil. Kanskje er det ikkje fleire ut enn inn. Kanskje er det omvendt. Alle desse telefonane. Desse hastige møta over avissponsa drikke. Dokumenta. Nettsidene og bøkene. Ord ord ord. Inn. Kanskje ligg dei der enno, alle eg ikkje får ut? Som slagg. Ekko. Ekstramateriale utan interessentar. Og kloggar hovudet. Kloggar tankane.

Kloggar meg.