onsdag, september 27, 2006

AWOL

Oj.

Eg skulle visst på tur!

Dreg om tre-fire timar, blir vekke til søndag.

So long!

tirsdag, september 26, 2006

a poor wayfaring stranger

Eg pleier fokusera på bøkene. Ramsa dei opp i margen (sjølv om eg ser det er lenge sidan no. Det får uansett venta. Harkje tid), og skriva ned utdrag eg likar av og til. Tenka i ord, som den ordgytaren eg jo er.

Men no skal det handla om musikk. Eller, "handla om" og "handla om". Eg skal vitna litt, tenkte eg.

Om Kristin Asbjørnsens fantastiske - fantastiske! - "Wayfaring Stranger - a Spiritual Songbook".

Du må høyra på! Eg meiner det! MÅ! Okei? Eg har ikkje så mange gode ord til å forklara kvifor, men likevel. Nettopp derfor! Det er så fint, og nært, og sårt, og sterkt, og djupt. Og akkurat det med djupne er jo nesten pinleg å prata for høgt om, så klart. Nærhet og sårhet og styrke og alt det der også. Og det er jo noko av det fantastiske. Dette at det finst ein måte likevel, utan at det blir for mykje. For nært og tett - før det blir klamt. Eg er jo ikkje spesielt oppteken av verken jazz eller spirituals eller nokon av boksane plata kan plasserast i, men likevel (igjen): Eg har falle.

i'm on my way
to caanan land
glory hallelujah
i'm on my way
i'm falling and i'm rising
i'm on my way

fredag, september 22, 2006

Stillingskamp

Eg kan bare seia deg ein ting, din dumme haust:

Eg NEKTAR å gå med genser over t-skjorta bare fordi du er her!

Såh! Hah!

torsdag, september 21, 2006

even when I numb myself

Uff. Kva er det å seia?

At det er haust ute? Bekmørkt og surkaldt? ... At det har vore ein sånn dag på jobb - og at jobbedagen framleis varer? ... At eg framleis svever i uvissa om ein jobb eg har søkt på, og at det ikkje er noko godt teikn? ... At eg lengtar langt vekk, og allereie no, i september!, kjenner at eg ikkje har hatt sommarferie? ... At eg seier og gjer idiotiske ting, er hårsår og kjip og sur og lei, og skyv dei som er dumsnille nok til å bry seg endå lenger vekk?

that I would be good even if I did nothing
that I would be good even if I got the thumbs down
that I would be good if I got and stayed sick
that I would be good even if I gained ten pounds

that I would be fine even if I went bankrupt
that I would be good if I lost my hair and my youth
that I would be great if I was no longer queen
that I would be grand if I was not all knowing

that I would be loved even when I numb myself
that I would be good even when I am overwhelmed
that I would be loved even when I was fuming
that I would be good even if I was clingy

that I would be good even if I lost sanity
that I would be good
whether with or without you



At eg er så uendeleg utilstrekkeleg.
Og at det er det aller verste.

lørdag, september 16, 2006

Aldri stopp!

Det hender eg er ute blant folk.

Ikkje så veldig ofte, så klart, i og med at eg stort sett held meg på kontoret, eller i alle fall heime med Dumbo på fanget og jobben i hovudet. Men altså av og til.

Og ein av dei tinga eg har lagt merke til der ute blant folk, er følgande: Det ikkje er alle som kan eta nonstop!

Sjokkerande, eg veit. Mange ser ikkje eigong ut til å vera klar over kva brotsverk dei gjer seg skuldige i, eller kor djupt dei syndar. Dei handlar rett og slett som om dei ikkje veit forskjell på rett og gale - endå så enkelt det er å gjera det rett!

Dermed ser eg at det må litt folkeopplysning til. Og sidan Staten vik unna ansvaret, får eg ta det sjølv. Her:

Dei ti nonstopboda:

Leksjon 1: Det finst bare èin rett måte å eta nonstop på. Før du er klar til å akseptera dette faktumet, vil du aldri koma deg vidare i livet, og bli ein velfungerande deltakar i samfunnslivet. Det er mogleg at folk prøver å innbilla deg andre ting, men dei tek feil. Du høyrte meg: Feil!

Ok? Nonstopeting er ikkje arenaen for individualisme og "kreative" val. Det er ein alvorleg syssel. Nonstopen skal behandlast med den respekten han fortener.

Fleire års forsking har synt meg at leksjon ein er den flest slit med. Men gi ikkje opp! Spesielt i starten av opptreninga er det uhyre viktig å halda fast på denne eine, grunnleggande regelen. Bare nokre ytterst få, topptrena nonstopetarar er i stand til å ta kreative val når det gjeld nonstopinntak. Men også då skjer det på uhyre nøye gjennomtenkte, på førehand kvalitetskontrollerte måtar - etter mønster som nybyrjaren vil bruka kilo på kilo på å skjøna.

Leksjon 2: Du skal ikkje ha andre nonstopar enn den originale. Pastellmelkesjokoladesmak? Æsj! Pføy! Fysjom! Nonstop er seriøst snop, for seriøse affecionados. Du køddar ikkje med originalen, bare for å laga noko dårlegare. Gjer du vel? Hm? Gjer du vel? Eg trudde ikkje det, nei.

Leksjon 3: Opna posen forsiktig. Det einaste som skjer om du riv han opp for fort, er at du lagar eit altfor stort hol, og nonstopen renn ut. Denne vanlege nybyrjarfeilen aukar sjansen for feilsteg sidan, og bør unngåast. Det er heilt greit å bruka ei skål til å ha nonstopen i. Eg har møtt puristar som meiner at snopeskåler er for gamle tanter. Dei tek feil.

Leksjon 4: Nonstop skal etast ein farge om gongen. Punktum. Kvifor? Fordi det er best sånn, vel. Ropeteikn.

Leksjon 5: Ein skal alltid - eg gjentek: alltid! - byrja med dei brune nonstopane. Dei BRUNE, ja. Det er fleire grunnar til dette. For det første er det alltid flest brune nonstop i posen. Det er med andre ord naturleg å byrja med det mest ordinære, og spara dei meir eksklusive bitane til slutt. Dessutan er dei brune nonstopane kjipast å sjå på. Så vekk med dei!

Leksjon 6: Neste farge ut er GRØN. Enkelt og greit. Et grøn-sakene dine. Grønt er bra for deg.

Leksjon 7: Det du sit att med no, liknar litt på noko tysk. Men ikkje heilt, gjer det vel? For det er ein farge som framleis ikkje passar inn, er det ikkje? Å joda, du ser det nok sjølv: ORANSJE! Oransje skal vekk. Nam nam!

Leksjon 8: Ah! For ein herleg tricolore! Oder: Ach! Solch ein schönes Tricolor! Bruk gjerne litt til på å beundra fargane før du går vidare herfrå. Men ikkje for lenge. Det heiter ikkje nonstop for ingenting! Når du er klar, er det eigentleg bare eitt logisk val. GULT. Knas, knas, gult!

Leksjon 9: To fargar att, og færre moglege feilval. Ta likevel litt tid til å kontemplera nonstopens vakre tosomhet før du går vidare. Svart og raudt, raudt og svart - aaah, vakkert! Men all good things must, som kjent, come to an end, og denne gongen var det raudt som skulle ut. RAUDE nonstop, farvel!

Leksjon 10: Viss du no har klart å gjera alt rett - og det har du vel? - sit du att med bare svarte nonstop no. Deprimerande? Neidå! Slett ikkje! Svart er som kjent det nye brunt, og det må feirast. Med SVARTE nonstop. Mmmmm! Svart!

Og voila!

Du har nett kome deg heilskinna gjennom ein pose nonstop - utan stopp. Gratulera! Dette fortener ei feiring.

Med nonstop, kva anna?

No som du allereie er som ein øva nonstoppar å rekna, kan du hoppa over leksjon 1 til 4 og gå rett på sak. Klar? Ferdig! Gap! Brune nonstop, mmmm..!

fredag, september 15, 2006

Aha! Derfor!

No forstod eg plutseleg eitt og anna mykje betre.

Thihi!

Kom, kom, kommunisme


Dagens gladmelding:

Your order #452642 has been shipped!

Order Summary:
1 M/One-Size Red The Communist Party Girly Tee

Communist Partaaay, yeah!

Sein sjølvinnsikt

Okei då. Det er mogleg at eg kanskje ville hatt fleire og meir interessante ting å seia om eg ikkje dreiv og jobba til over to kvar natt...

Eg skal innrømma såpass.

onsdag, september 13, 2006

obladi, oblada, life goes on - bra!

Og ellers? Noko nytt utanom tragisk, kvasi terrorsyt?

Mogleg det, mogleg det. Eg manglar bare litt oversikten. Overskotet. Lysta til å skriva det ned. Kanskje skriv eg nok for tida? "Nok"? Side opp og ned, oppslag etter oppslag? Eller så har det ikkje med det å gjera. Ikkje med det heller. Eg bare har ikkje noko å seia, rett og slett. Lite skjer, og tankane mine flaksar vidare før eg rekk å fanga dei.

Eg er framleis i avisa - vikariat ut året. Leiligheten går framover - no er kjøkkenet brukbart og bøkene sett i hyller i stova. Me skal til London ei langhelg i slutten av månaden - årets "sommarferie". Frilansingbølga er over for denne gong - eg kan pusta jamnare igjen. Samandrag, samandrag, samandrag.

Eg les. Tenker. Prøver å gripa. Halda fast. Kronikkar kan få meg til å grina, glad(?)nyheiter likeså. Utan at eg eigentleg er spesielt trist. Eller glad. Kanskje mest trøtt. Sliten. Men også nøgd. Priviligert.

Var på denne berømmelege haustutstillinga i dag. Lukka opplegg med vin og mat og omvising. Kunstprat, av den overpretensiøse, alvorlege typen. Gode Lyslugg like ved, med lurt glimt i auget og mjuke ord i øyret. Åh! Hjerte!

Neste gong eg skriv, skal eg ha noko hjartet, ikkje bare i det. Eg lovar!

Kanskje.

mandag, september 11, 2006

9/11

Er det verkeleg fem år sidan?

Det er ein klisjé, så klart, å seia sånt. Men det følest verkeleg mykje kortare sidan. På ein måte kunne det vore i går. Eg sat der som vanleg, på datarommet i Volda, og dreiv med eitt eller anna som eg for lengst har gløymt. Noko uviktig, så klart, i den store samanhengen. Truleg også i den litle. CNN stod på i hjørnet. Som vanleg det også. Som for å minna oss på dei nyheitsjegarane me burde aspirera til å bli.

Så skjedde det. Først stemmene. I utgangspunktet overraska. Forvirra. Nokon har køyrt fly inn i World Trade Center i New York! Sidan stressa, hysteriske. Ja, det er sant.

Resten skjedde som i ein draum. Eg sat klistra. Me sat klistra. Heile verda. Og såg og såg. Røyken. Flammane. Papira som flaug. Sidan også kroppar. Fleire rop, meir kaos. Eitt fly til. Fleire flammar, meir røyk. Og kollaps. Eitt først, så det andre. Panikk. Støv. Vantru.

Aller mest det - vantru.

Uff. Eg angrar allereie på at eg byrja skriva om dette. For eg kjenner det framleis. At eg manglar ord. Etter alle desse åra. All den tida eg ikkje har tenkt stort på det. All tida me har brukt på å diskutera. Prata. Analysera. Forhalda oss til. Det er for tankestyrt, rett og slett. For det var ikkje intellektet som fekk seg ein knekk 9. september 2001. Det var følelsane. Tryggleiken. Eller, tryggleik er feil ord. Eg veit ikkje kva det var. Men den opplevinga det var å sitja der, fjetra framfor TVen, har eg aldri elles kjent, verken før eller etter.

Om kvelden prata eg med ein eg ønska skulle trøsta meg. "Hah, det var til pass for dei feite, sjølvgode amerikanarane. Veit du eigentleg kor mange ungar som døyr av aids kvar dag bare i Afrika?" sa han. Eg bare la på. Kjende meg dobbelt einsam. Framleis i sjokk, utan heilt å vita kva eg skulle gjera med det. Mitt kjære New York, opp i flammar. Mitt andre heimland, knust.

Ja, det er patetisk med sånne ord. Men der og då - kanskje også her og nå - var dei sanne.

Eg reiste dit så snart eg kunne. Så snart eg fann ein måte med denne skulen. "Oppgåveskriving". Drog ikkje til N.Y med det same. Men vestpå, til Seattle, til dei eg trong å sjå. Såg flaga, høyrte redsla, diskuterte miltbrann og terror og sorg. Mest sorg. Over alt som var mista. Dei døde. Dei levande.

Uskulda.

søndag, september 03, 2006

Good grief!

Sovna seint og vakna tidleg. Som vanleg for tida, i grunnen. Så las eg dette:

What we take for grief or sorrow seems, often, to be our inability to put ourselves into a viable relationship to the world; to this nearly lost paradise. Sometimes we see the reasons for this and sometimes we do not. Sometimes we wake up to find the lens that magnifies the excellence of the world and its people broken. Saturday was such a day.
"The Journals", John Cheever

Og då visste eg at det ville bli ein god dag.

God morgon, verd!

lørdag, september 02, 2006

Tenk om...

Omtrent som å vera tre år igjen, og vita - heilt sikkert - at dokkene vaknar om nettene og vandrar fritt rundt. At dei likar is, og undrar seg over verda. At dei av og til forstår at dei er annleis, og blir triste ved tanken. Ser at dei er mindre, stivare, meir statiske enn andre menneske, utan å kunna gjera noko med det.

Likevel higande etter kjærleik. Etter å bli sett. Nysgjerrige på det som er rundt.

Alt dette. Bare at denne dokka er større, og dermed - paradoksalt nok - endå meir sårbar. Bevisst at alle glor, peikar, ler - utan å vita kvifor. At alle andre er mindre enn henne, og vel vitande om at ho ikkje er noko utan dei. At hennar liv - bokstavleg tala - ligg i andres hender. At ho er avhengig av småfolkets innsats.

Likevel open for verda. Undrande. Og søt!

Enjoy!

Om du var här

Det er visst blitt helg igjen. Eg har ete sushi og drukke vin, skravla med venninne og sett film. Sjelebot. Første frikvelden på veldig mykje lenger enn eg kan huska - kjenner eg bruker lang tid på å landa.

Men no er kvelden over. Eg er heime. Sykla gjennom dei mørke gatene (er det verkeleg allereie haust?!), tok trappene opp i sjuande, og låste meg inn i den tomme leiligheten. Skal vera aleine heime i helga, for første gong sidan me flytta hit.

Rart. Eg har jo budd her, sove her, jobba her i ganske mange veker no. Sett kjøkkenet veksa fram, forhalde meg til rotet i stova. Kikka ut over neonlysa i byen, med tekoppen i handa. Stått på balkongen og lytta etter toga.

Likevel - sjølv om det for lengst burde vera kjend, til og med kjært, å vera her - kjennest det mest rart. Ikkje einsamt, direkte, men rart likevel. Uvand, kanskje? Treng ikkje vera meir avansert enn som så. Alt er ikkje dramatisk.

Men eg tenker på det. Gler meg til ein slags "normalitet". Til å vera her, saman, utan å vera det bevisste. Utan stadig vekk å måtta gjera noko. Fiksa. Ordna. Saga. Montera. Skru og pussa. Til me bare bur her. Er til stades.

I lag.

Denne er til deg, kjære Lyslugg!

fredag, september 01, 2006

Mattips

Og medan eg først er inne på anbefalt lesestoff på nett: Du MÅ lesa Pappan til Sondre sitt absolutt GENIALE middagstips i oppvekstbloggen!

No!

Gå og gjer det! Med ei gong! Her!

Thihihihi! Løye!

Sprint og narkotika

Som eg vel kanskje har nemnt før(?), har eg ikkje alltid bare gode ting å seia om Morgenbladet. Men dette portrettet av Cathrine Sandnes, skrive av Astrid Sverresdotter Dypvik, lika eg:

Som så mange journalistar har Sandnes ikkje fullført hovudfag. Ho hadde tenkt å skrive om ein "sær språkteoretikar", som ho seier. Men så tenkte ho at denne oppgåva kjem ikkje eingong kjærasten hennar til å orka å lesa.
Ho valde heller pressa. Sandnes meiner det handlar om temperament: Ho er sprintar. Hovudfag er for langdistanseløparar.
– Journalistikk litt som narkotika. Ein venner seg til det. Det er brot. Av og på. Det er ein rytme. Og det skjer noko heile tida.

Enig!

– Det må vera rom for breidde, seier Sandnes.
– Det er noko som er samlande for det eg er interessert i. Eg er oppteken av truga posisjonar. Minoritetar, smale tidsskrift, nynorsk, små idrettar. Kvinner er ingen minoritet, men eg er oppteken av kvinners posisjon. For meg heng dette saman.
– Målrørsla vart glad i deg då du som redaktør slapp nynorsken til på kultursidene i Dagsavisen?
– Då eg oppdaga at dei fleste avisene ikkje tillet nynorsk, meinte eg det var absurd. Eg har ikkje sansen for denne tankegangen om at fleirtalet liksom alltid har rett, og at dei som gjer noko anna blir oppfatta som plagsame.

Amen!

Og etter å ha site store delar av føremiddagen i forhandlingar med eit kranglevorent intervjuobjekt sjølv, er det herleg å lesa at ikkje alle tek alt så frykteleg alvorleg:
Om ein les intervju med Cathrine Sandnes, får ein eit ganske einheitleg inntrykk: Ho ler mykje. Ho er meir enn normalt oppteken av fotball. Ho har vore norgesmester i karate 13 gonger. Det blir fortald at ein gong ho skulle dulte ein kompis vennskaplig i sida, knakk han fleire ribbein.
– Er det slik du er?
– Tja, portrettintervju er jo eigentleg karikaturar. Ein teiknar folk med ei overdriven stor nase og så vidare. Det er alltid pinleg med sjølvkarakteristikkar, men eg er jo ei muskeldame og vart redaktør då eg var 26. Eg ville vel ha skrive omtrent det same om eg skulle ha intervjua meg sjølv, seier Sandnes.
– Om eg skjønar at det er det journalistane vil, så er det jo den lettaste sak av verda å levera, smiler ho, og legg til at det eigentleg ikkje er så viktig for henne.
– Eg forheld meg ikkje til det. Eg tykkjer det er overraskande at mediefolk er så opptekne av korleis dei sjølve framstår i media. Det er noko sjølvhøgtideleg over det. Dei av alle må vita korleis ting fungerer i ein redaksjon – at det ikkje blir slik ein hadde ønska.