lørdag, november 26, 2005

Litt av det eg har lært i dag medan eg heller burde skrive ein av dei mange artiklane som ventar på meg:

** Det tek ein kveld, ei natt, ein heil dag, ei natt og ein morgon å reisa med tog frå Kolkata (alias Calcutta) til Mumbai (alias Bombay) - til den nette pris av ca 80 kroner for første klasse.

** Følgande reisande får rabatt på dei 80 kronene, eller på alle andre strekningar med dei indiske jernvegane:

* "article clerks" (50%)
* kunstnarar "lower class" (75%)
* kunstnarar "upper class" (50%)
* alle med "award pass", kva no det er (50-100!%)
* bharat guidar, som eg ikkje veit kva er (50%)
* bharat seva dal, som eg heller ikkje veit kva er (25%)
* blinde (75%)
* kreftpasientar (75%)
* barneskuleelevar 1-12 år gamle (50%)
* sirkusartistar "lower class" (75%)
* sirkusartistar "upper class" (50%)
* "civil international" (50%)
* døvstumme (50%)
* den som følger den døvstumme (50%)
* generell legetilvising (50%)
* handikappa, "lower class" (75%)
* handikappa, resten (50%)
* hjertepasientar (75%)
* blødarpasientar (75%)
* den som følger blødarpasienten (75%)
* IAFT-skjemafolk, kven no det er (40-50%)
* industriarbeidarar (25%)
* bønder (25%)
* nyrepasientar (50-75% avhengig av kor alvorleg det er)
* den som følger nyrepasienten, (50-75%, avhengig av kor alvorleg det er)
* kreftpasientar (50-75% avhengig av kor alvorleg det er)
* den som følger kreftpasienten, (50-75%, avhengig av kor alvorleg det er)
* blodsjukdomspasientar (50-75% avhengig av kor alvorleg det er)
* den som følger den blodsjuke, (50-75%, avhengig av kor alvorleg det er)
* nyrepasientar (50-75% avhengig av kor alvorleg det er)
* den som følger nyrepasienten, (50-75%, avhengig av kor alvorleg det er)
* spedalske (75%)
* mentalt sjuke (75%)
* sjukepleiarar (25%)
* polospelarar (50%)
* profesjonell kunstnar, "lower class" (proff, altså, ikkje sånn vanleg) (75%)
* profesjonell kunstnar, "upper class" (ditto) (50%)
* PTOar (private tour operators??) frå andre Commonwealth-land (50%)
* PTOar for den indiske jernvegen (66,6%)
* eksamenselev i den offentlege skulen (50%)
* forskarar (50%)
* speidarar (50%)
* honnør, dvs pensjonistar (30%)
* sivilteneste (25%)
* idrettsmenn og -kvinner, "lower class" (75%)
* idrettsmenn og -kvinner, "inter n level" (75%)
* idrettsmenn og -kvinner, nasjonalt nivå (50%)
* tilsette ved st.johns-ambulansen (25%)
* studentar (50%)
* studentar med rabattkort (75%)
* tuberkulosepasientar(75%)
* lærarar (25%)
* krigsenker (75%)
* ungdom (25%)
* arbeidslaus ungdom (100!%)

**Det finst dessutan eigne billettkvotar for følgande grupper:
* kvinner
* statsfunksjonærar
* militære
* politikarar
* framande turistar

NSB - eat your heart out!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Men hvem i all verden er det da som klarer å prestere å betale full pris på turen?!

Ikke rart det ofte er lange billettkøer og tar tid å få kjøpt denslags i utlandet, hvis en liknende liste skal gjennomgås hver eneste gang en billett skal utstedes!

th-

-lin sa...

Eg trur ikkje at orda effektivisering og inntening er så godt innarbeidde i den indiske tenkemåten. Heldigvis, seier no eg!

Eg meiner - rabatt til sirkusartistar og polospelarar, pluss allslags sjukingar? På så billege billettar? Eg syns eigentleg det er ganske kult, eg!

Men joda, eg kan vel rekna med å stå/sitta/nesten svima av i kø ein del på dei to månadene eg skal vera der, ja...