tirsdag, februar 28, 2006

Cutta, Cutta, Calle, Calle, Cutta! (alias Kolkata for dei politisk korrekte)

Avreisa til fjellandet der gudane bur (heilt sant! bare spor den forste og beste hinduen du moter!) er forst i morgon, sa eg har hatt nok ein dag i denne herlege byen.

Tidleg opp for eit besok pa den fargesprakande blomemarknaden, lang spasertur tilbake til hotellet for ein halvtimes ned"kjoling" under vifta, interessant samtale med japansk frivilligarbeidar, meir surring og virring rundt omkring i byen, roleg runde i den herleg pedantiske parken rundt det halvt gyselege, halvt imponerande Victoria-monumentet, og verdas allerbeste seine lunsj/tidlege middag pa Flury's, ein Kolkata-institusjon med "europeisk" mat og skikkelege dessertar.

Aaaah! Sliten no. Igjen. Absolutt ingen planar for kvelden, og glad for det.

Er noko med varmen, trur eg, som sug sitt av krefter. Eg meiner, du veit det er varmt nar du drikk tre liter pa halvannan time og framleis ikkje ma pa do... Eg blir ikkje direkte sur og lei, bare litt.. kva er ordet... letargisk? (veit me ikkje seier det pa norsk, men kva seier me eigentleg?) Soker skuggen (!!!), gaar seint (til meg a vera), gidd ikkje prata sa mykje med folk.

Ikkje at dei bryr seg, sa klart - det er jo oftast dei som pratar til meg uansett. Helloooou! What is your country? How you like India? Kolkata you like? Bla bla bla. Ikkje sa veldig givande den tiande gongen for dagen. Det kan nok henda eg ikkje er ekstremt hofleg og vennleg med alle... sjolv om eg ofte angrar.

Som i dag, pa benken utanfor Victoria-monumentet:
Dei to indiske damene, ca pa min alder: Hello!
Eg: Hi.
Dei:What-is-your-country, Madame?
Eg: (Mumlar) Norway.
Dei: Huh?
Eg: Grynt!
Dei: (Med hoflege nikk) Ooh. Very good!
(Stille. Lenge. Eg sukkar oppgitt, vil at dei skal gaa)
Dei: You-like-India?
Eg: (sukkar igjen)
Dei: Yes?
Eg: (irritert no) Yes!
(Stille igjen. Enda lengre denne gongen).
Dei: Very sorry, Madame. But you are so very beautiful. We just want to say. Goodbye.
Eg: Uhm. Thank you. (Forsoker a smila unnskuldande, men for seint. Dei har gatt)

Aaaahrgh! Dei maakje seia sann! Ikkje nar eg oppforer meg som ein kolonialistisk dritt! Like ved Victoria, av alle stader!

mandag, februar 27, 2006

Hot town, still winter in the city

Det er ikkje det at eg ikkje har lagt merke til at det er varmt. For det har eg. Eg har til og med merka meg at det har blitt varmare for kvar dag som gar og dess lengre aust eg kom, fra Rajastan via Agra og Varanasi til Kolkata.

Men det var ikkje foer eg las avisa i dag at eg fekk med meg gradene: 36.5 pa fredag, 37.5 i forgars, 38.5 i gar og (du gjetta det!) 39.5 i dag. Varmerekord for februar, faktisk! Det faar ein kalla bra timing.

Likevel - sjolv om det hadde vore interessant a sja kor langt opp pa 40-talet me hadde kome om eg blei litt lenger, har eg ordna meg billettar og visum vidare no.

Hit:

Juhu! Gler meg.

søndag, februar 26, 2006

Tilbake til fortida

Eg har besokt 1800-talet i dag! Her i Kolkata! Det ligg pa hjornet av skabbete Sudder street, kor alle hippiebackpackarane (og eg) heng ut, i ein diger, monumental victoriansk bygning. I form av eit museum, for a vera noyaktig. Rom etter rom med tunge, morke mahognikabinett, med stovete glas og stovete innhald. Eitt med steinar og mineral, eitt med insekt pa knappenaler, eitt med ulike planter (eller det som er att av dei etter hundretals aar i stovet), eitt med buddhafigurar, eitt med diverse steinbrot som visstnok har vore tempeldelar ei gong i tida, osv osv. Dyr fra fjern og naer (isbjornen var brun, og selen var ei gaave fra Stavanger museum - utan tvil gitt etter at han blei vurdert som for gammal og stovete for norske auger), og - i eit lite hjorneskap naer dora - menneske-foster pa glas. Mellom anna. Eg surra rundt i mange timar mellom alt det morke treverket og alt stovet, og kjente koss tida stod stille. Alt er som det alltid har vore, og det kjem det til a halda fram med.

I India, kor alt alltid flyt, og brakar, og masar, og endrar seg, er sanne augneblink som gaver fra gudane a rekna.

thank you india
thank you india
thank you providence
thank you disillusionment
thank you nothingness
thank you clarity
thank you thank you silence

torsdag, februar 23, 2006

Den heilage byen

Er framleis i Varanasi. I dag har eg:

- statt opp 5 for a fa med meg morgonbona og meditasjonen langs elva.

- ete frukost bestaande av den forste kanelbolla eg har kome over pa dette kontinentet pa det politisk korrekte bakeriet som donerer all profitten til diverse veldedige foremal

- registrert at det framleis blir varmare og varmare for kvar dag som gar. Vinteren er tydelegvis over

- surra rundt og gatt meg fullstendig vill i dei smalsmale smaua i gamlebyen, blant kyr og geiter, gateungar og heilage menn

- blitt velsigna og lova "ei fruktbar framtid" av ein av dei sistnemnte (det er for ovrig eit gjennomgangstema her - mannen som las handflata mi, pluss ein annan "heilag" mann prata ogsa om barn, og lova meg snarleg suksess pa den fronten. Dei syns nok eg er for gammal til a vera barnlaus, og prover a roa "desperasjonen"...)

- sett bein og hovudskallar stikka ut av flammane der lika brenn ved breddene til Ganges, i eld som vart starta av Shiva sjolv for 3000 ar sidan, og som aldri slokker, ikkje eigong i den verste monsunen

- ... og eit heilt lite babylik som flaut forbi uti elva. Barn under 15 og ugifte kvinner far ikkje brennast slik at dei kan oppna instant nirvana - mange blir bare dumpa i staden...

- drukke sukkerkvalm chai medan eg sat og saag pa livet ved ein av dei andre ghat'ane (trapper til elva) - bading og being og messing og henging - som overalt i denne byen

- vore innom skreddaren og henta eit skjort eg bestilte i gaar

- kollapsa ein halvtime pa hotellrommet, sjolvsagt medan straumen, og dermed vifta, ikkje funka

- bytta til meg ei ny bok (A short history of everything) etter a ha lese ut A backward place og Are you experienced

- kjopt ei t-skjorte av ein kvalitet som kjem til a halda i ca ein vask men som eg desperat treng medan eg ventar pa at klesvaskefamilien skal bli ferdig med kleda mine. Seljaren ville ha 200 rupi (ca 30kr), eg fekk ho for 40 (ca 6kr), mest fordi eg ikkje gadd a bruka fleire minutt og svettedropar pa heile affaeren

- sete pa ein av ghatane og sakte forstatt at han der rare italienaren med dreads og slora blikk faktisk prover a be meg ut pa ein date

- takka nei, elles takk

- ete middag aleine - smaklaus gusjebrun saus med ubestemmelege klumpar eg antek var gronsaksbitar, ris og chapati (Varanasi er ikkje byen for gourmetar, akkurat...)

- kollapsa nok ein halvtime pa hotellet

- kome til internettplassen (med vifte, hurra!) og ramsa opp dette


Sliten no!

Morgondagens program er battur pa medan sola star opp, pluss meir dilling og dalling foer eg tek toget til Kolkata (tidlegare Calcutta) om kvelden. Hu hei hvor det gaar!

tirsdag, februar 21, 2006

Vegen til Agra

I had it coming, I suppose. Salatar, tannpussevatn, iskrem, uskrelt frukt - alt det farlege og ulovlege. I mengder. Utan problem, fem veker til endes.

Til i forgars. Rumle rumle, brumle brumle, visj og vasj, og der losna det. I begge endar, gett!

Men ein har jo reiseplanar, ma vita, og billettar til bussen og hotellrom som ventar. Sa den som helsa sjolvaste Agra med ein herleg spydusj ut av bussvinduet etter a ha halde seg heile den femtimars skrangleturen fra Jaipur, det var underteikna.

Dog. Ein ettermiddag og ei natt i senga, utan mat men med opptil fleire dropar vatn som ikkje kom i retur, kjende eg meg klar og frisk igjen i morges, klar for a sta opp 5.30 og sja soloppgangen over Taj Mahal. Heldigvis! For ein kan faktisk ikkje reisa til India og sa koma heim att utan a sja Taj, sjolve emblemet pa India!

Eitt ord: nydeleg. Eg fekk nesten tarer i augene da eg gjekk gjennom den raude porten og sag marmorkuplane trona pa andre sida av det smale bassenget. Mange saanne ikon (Big Ben, Eiffeltarnet, Manneken Pis) er jo nesten litt skuffande nar ein ser dei pa skikkeleg, i motsetnad til pa retusjerte postkort.

Ikkje Taj!

Finn ikkje ord, kan ikkje beskriva. Men konklusjonen er klar: Alle som doyr i barsel i det dei foder sitt fjortande (ja, 14.!) barn pa nitten aar, fortener eit minne. Han forstod i alle fall sapass, den godaste kongen.

søndag, februar 12, 2006

Borg er bra, innsjo enda betre

Jammen om eg ikkje har vandra inn i eit eventyr igjen! Har teke bussen fra Jodhpur til Udaipur litt lenger soeraust. Jodhpur, home of verdas beste mat, var ein fascinerande by det ogsa, om enn stovete og braakete. Masse blaamala hus i kubistiske klynger nedanfor det gigantiske fortet pa ein fjelltopp, med blodige historier om kongar og konebrenning, krigar, gull og glitter. Tronge markandssmau med krydder og snabeltoflar, saristoff og betelnoeter, kyr og trehjulsdrosjar, i ein komplett kakofoni av lyd og lukt og synsinntrykk. Veldig indisk, rett og slett.

Men Udaipur! Udaipur er utruleg! Saaaa nydeleg! Byen ligg pa 800 meter, rundt fleire innsjoar, med slott og oyar og sjarmerande buktande smau overalt. Hustak med kafear pa, folk som badar og vaskar kleda sine i vatnet, smilande folk kor ein snur seg. Namaste!

Kom i dag ettermiddag, har ete middag medan sola gjekk ned i aasen bak innsjoen, og sa sett ei framsyning med tradisjonell dans og dokketeater i bakhagen pa eit svaert gammalt slott - under stjernehimmelen, sa klart.

Og i morgon skal eg laera a mala(!!) Kunstnaren seier at "alle" faar til a laga miniatyrmaleri, men me faar no sjaa. To timars undervisning til 35 kroner er uansett verdt det, om det ikkje akkurat bur nokon Michelangelo i meg.

lørdag, februar 11, 2006

Manna!

De kjem ikkje til a tru dette, men eg har nett ete verdas aller aller beste mat. Betre enn jordbaer, betre enn nybaka kanel-i-svingane, betre enn (giiisp!) sjokolade. Ja, folkens, betre enn sjokolade!

Eg har, kort fortalt, funne manna. Gudemat. I India! (Kor elles, nar eg tenker meg om?)

Vidunderet heiter makhania lassi. (Noter, folkens, noter!)

Jada jada jada. Eg veit de sikkert har hoyrt om lassi foer, og kanskje smaka det ogsa. Ein vanleg lassi er ein slags drikkeyoghurt, soet eller salt alt ettersom, med smak av f.eks. banan eller kokos. Men det er altsa ein vanleg lassi.
Skikkeleg makhania lassi, derimot, lagar dei bare i Jodhpur, kor eg er no. I eit lite hol i veggen, like ved den monumentale porten inn til det brakete torget rundt klokketarnet, omtrent der dei tre sintaste kyrne samlar seg og et avispapir og brukte batteri til kvelds, medan den gamle spedalske mannen viser fram flest mogleg av dei klissete lemmene sine og tiggar etter smapengar og mat.

Der! Manna. Ambrosia. Gudemat. Verkeleg! Ei heilt fantastisk blanding av tjukk yoghurt, mjolk, sukker, sitron og -dette er den hemmelige ingrediensen- safran. Smeltar-pa-tunga-tjukk, nydeleg gyllengul, kjoleg og uuuuhm. Totalt uventa, sjolv om eg pa forehand visste at folk valfartar til Jodhpur fra heile India for a drikka denne spesielle lassien i dette spesielle holet i veggen.

Venner! Eg er her for a fortelja dykk folgjande: Eg har sett lyset. Og at lyset heiter makhania lassi. Eg var lenge ein trugen sjokoholist, sa eg kjenner betre enn dei fleste den vantrua de slit med no. Likevel. Ta det fra meg: Det finst noko som er enda betre! Betre enn 70% belgisk sjokolade, betre enn brownies, betre enn smagodt nar det er ein av dei dagane. Og folkens - de vil finna det de soker i India, det forgjetta landet. Dra dit, til landet som floymer av mjolk og yoghurt, og de vil finna svaret:

Safran.

torsdag, februar 09, 2006

Framleis i eventyret

Sjolvsagt elska eg det! Kamelar! Gjennom orkenen! Til solnedgangen! Og leirbaal, og nomademat, og folkedans, og song! Sov som ein baby under open stjernehimmel, vakna til soloppgang og hirsegraut og tidleg avmarsj for a rekka flest mogleg timar pa kamelen foer lunsj. Kamelar er aalreite dyr!

Tilbake i Jaisalmer no, framleis ein super by. Lurte ei stund pa om eg skulle kjopa eit svaert, fargesprakande sengeteppe, men har vel gaatt vekk fra tanken igjen. For stort tilbod, for mange a velga mellom. Og det foer prutinga... Eg er og blir ein daarleg shoppar saann sett - altfor daarleg kondis. Pa den andre sida slepp eg jo a dra med meg eit digert stykke toy gjennom landet no. Pengar og ryggsekkplass intakt - i morgon gaar turen vidare austover, til Jodhpur.

tirsdag, februar 07, 2006

Jenta i eventyret

Tjue timar pa toget, og her er eg: fantastiske Jaisalmer heilt vest i Rajastan. Bilda eg har funne (alle bilda fra India er henta fra nettet - mine er trygt i poden min enno) er ikkje i naerleiken av a visa kor utruleg fint det er her. Forst orkenen. Stor, open, stovete. Sa - ut av ingenting - ei borg. Hogt tronande, med bittesma gulgylne hus strodd rundtomkring. Innanfor murane smale smau og forseggjorte portar. Kyr, ungar, kattar og hundar. Menn i turban, kvinner med gullringar i nasen og fargesprakande sariar. Nydelege tekstilar pa torkesnora og til sals. Menn inni portromma, med floyter og andre instrument, og kardemommeluktande chai pa laage bord. Kvinner med svaere fat fylte med ris og gronsaker pa hovudet, pa veg fra markedet til matlaginga. Middag i solnedgangen pa taket av herberget, pa mjuke puter rett pa steingolvet. Raudt og gyllent, varmt.

Og i morgon skal eg ri pa kamel! I orkenen! Igjen! Og overnatta i orkenen - under stjernene!

Eg bare veit at eg kjem til a elska det.

mandag, februar 06, 2006

Oslomage

Eg lurar pa kvifor dei kallar det Delhi belly? Av alle stadene eg har vore i India sa langt, er Delhi definitivt den byen som har best utval, reinast forhold, og flest turistvenlege restaurantar. Eg meiner, dei sel Oreos her! Og granola bars! Med peanottsmak!

Dessutan vestleg mat pa restaurantane i tillegg til god indisk. Og det ma eg innromma - eg har ete bade pannekake til frokost og vegetable sizzler til middag medan eg har vore her. Med is og brownie(!!) til dessert, hurra! Etter ei god veke eller sa kor eg stort sett bare hadde indisk vegetarmat a velga i, og mange gonger bare hindisprakleg meny (med hindibokstavar), foltest det som eg hadde fortent det.

Herleg a vera ein plass kor det er sa enkelt a vera pa tur. Mange kvitingar, f.eks! Som sagt foer, sa er det jo ikkje slik ein skal tenka som ryggsekkreisande, at det er kjekt a mota andre kvitingar. Det er jo det urorte og autentiske ein er etter, ma vita. Vel, eg er nok rett og slett bare ein darleg turist. Eg syns det er ganske kjekt, eg, nar inderane kan engelsk, nar dei har menyar pa sprak eg forstar, og dei til og med har sett reisande foer, slik at dei ikkej er sa redde og skeptiske. Totalt politisk ukorrekt, sa klart, men dog. Eg kan heller leva med ryktet som dum vestleg dame. Greitt det, sa lenge eg f.eks far mat kvar dag, og finne folk a prata med - lokale og reisande.

Delhi er for ovrig ein super by ogsa om ein ser vekk fra maten. "Alle" advarte meg jo at det er sa brakete og stovete og skite og overveldande her, men som vanleg tok "alle" feil. Oversikteleg og enkel, med bra folk og god stemning! Jada, det er kyr i gatene, og jepp, dei manglar renovasjon utover dyr som et opp soplet. Ein moter tiggarar, og det finst dei som prover a lura deg - men sann er jo India!

Delhi er mao mykje enklare enn f.eks Bhopal. Dei kan jo engelsk! Dessutan er byen opnare og betre organisert enn det meste anna i India, mykje takka vera britisk kolonialisme (som sjolvsagt ikkje treng takkast som prinsipp), som etterlet seg lange, breie gater, svaere jernbanestasjonar, og enkelt manovrerbare bydelar.

Har brukt mesteparten av tida pa a surra rundt, utan eigentleg a oppsoka sa altfor mange monument og sights. Men Bahai-templet (t.v) har eg sett, og digga. Ferdigstilt i 1986, fantastisk marmorbygg forma som ein lotus, kjoleg og stille inni. Pusterom!

Dessutan har eg hunge rundt i ein fantastisk park med svaere rode sol- og maane- og planet-maalingsinstrument fra 1700talet. Kult! Gjekk ganske beserk med kameraet akkurat det, for det var sa mange bra vinklar og hjorner og slikt. Veldig fotogent.

No gar turen vidare til Jaisalmer i Rajastan. Det er 19 timar med tog, definitivt den lengste turen eg kjem til a ta medan eg er her, til det vestlegaste punktet. Etter det er det bare a reisa austover igjen!

lørdag, februar 04, 2006

Blaerk

Eg hadde tenkt - til og med gleda meg til - a oppdatera bloggen i dag. Fortella om supre Delhi, alt eg har sett og gjort og ete og opplevd.

Men sa kom eg pa at eg matte vera ein ansvarleg vaksenperson med tankar for framtida, meir spesifikt sommaren, og da blei det sommarjobb-soknadsskriving i staden. Har sokt her, og her, og her, og her.

Urgh. Ikkje kjekt! For det forste er det ein alldeles haplaus sjanger ("sja kor flink eg er!"), for det andre folest det heilt absurd a driva med dette akkurat her og no, for det tredje trur eg ikkje at eg faar nokon av desse jobbane uansett.

Dobbelturgh!

fredag, februar 03, 2006

Sa rart...

Var innom min eigen blogg no nettopp, og ser at dei to siste postane ikkje hadde lagt seg pa nett, bare i arkivet. Men her er dei!

For ovrig er Delhi nok ein super by - men meir om det ein annan gong!

onsdag, februar 01, 2006

Pamela? Eat your melons out!

I tilfelle nokon trudde at dette med mannleg fiksering pa kvinnelege frontparti er eit nymotens pafunn - tru om igjen!

Har vore i Khajuraho i dag, langt inni gokkivold i forhold til heile resten av India. Mao: nok ein tur med mjolkeruta gjennom skomperud, med knea i klem og ryggsoyla ut av stilling, iskald vind i ansiktet og blaafrosne sandaltaer pga avreise klokka 6 (ruta sa 5, sa eg maatte sjolvsagt venta ein time i klem foer sjolve turen), og ankomst fem-seks skumpete timar etter.

Men verdt det! Fantastiske tempel, med rekke etter rekke av steinskulpturar oppetter veggane. Som den pa bildet - halvnakne par i meir eller mindre kompromitterande og akrobatiske kamasutriske stillingar. Fascinerande!

Forskarane veit ikkje heilt kva all sexen eigentleg betyr - teoriane gaar pa at det enten er eit slags tantrisk, religiost uttrykk, eller at det er ei laere"bok" til etterfolgelse for unge prinsar, eller at sex rett og slett ikkje var sa farleg pa den tida, og at dei dermed tok med sexscenene fordi dei er ein like naturleg del av livet som krig (eit anna hovudtema) og dans (eit tredje). Amerikanaren (ein annan utlending, hurra! ein av fleire, til og med!!) eg motte pa turen tilbake (er i Jhansi igjen no), derimot, hadde ein annan teori: - Ya'know what I think? They were just braggin'! "Look how powerful I am - I had all these chicks!" Thihi. Den britiske offiserer som vart teken hit i victoriatida ei gong, og dermed gjenoppdaga templa etter ein god del hundre aar utan anna enn lokalt besok, meinte for ovrig at dei erotiske statuane var "a little warmer than was any absolute necessity for". Fnis!

Uansett interessant, ogsa om ein ser vekk fra sexen. Og i kveld (eller i natt, om toga er saa forsinka som dei pleier...) gaar turen vidare til Delhi!