mandag, desember 12, 2005

Reisande tante Mac

Eg veit at eg lova bilder og eventyr frå Tunisia, men sidan kjære Nikke har fått ein barnesjukdom og dermed vart levert på sjukehuset seinast idag, vil det nok dra litt ut før bilda er klare. Og utan bilde, dessverre ingen eventyr.

I staden har eg surfa litt rundt på dette nettet. Mest på leit etter info om India, sweet India, men sjølvsagt vikla eg meg raskt inn i andre, mindre relevante ting også. Dette herlege blogginnlegget her, for eksempel, kor sjølvaste Jon Fosse snakkar ut om korleis det er å vera ein minoritet:

Eg har det gjerne med å støtte den tapande part. Ikkje fordi eg er så særleg moralsk av meg, men det å vere i mindretal og i opposisjon har alltid tiltalt meg mest. Og det ikkje minst fordi mindretalet som regel har rett. Eg er nok på eit vis meir elitist enn demokrat, dessverre kanskje. Og her minner faktisk nynorsken og Mac-en ikkje så reint lite om kvarandre. Begge er – unnskyld meg! – langt betre enn alternativet, og likevel står ein så svakt i forhold til alternativet at utrydding trugar. Men det skjer ikkje. Takka vere blant anna slike som meg. Eg har vanskeleg for å skjøne at det skal vere slik i verda. Både når det gjeld nynorsk og når det gjeld Mac. Og slik er det jo utruleg nok på dei fleste andre omkverve, enten det no gjeld litteratur eller teater eller båt (for å ta tre område som interesserer meg).
--- Jon Fosse ---

Og sjølvsagt kunne eg ikkje anna enn å smila. Viss L har det sånn når det gjeld Dumbo som eg har det overfor nynorsken, er det jammen ikkje løye me passar så godt saman! Elitistiske stabeisane!

1 kommentar:

Ingvild sa...

Humre :) Det må vera lagnaden...