onsdag, januar 31, 2007

Omsverma

Eg har gitt mitt.

Fysisk først, sidan mentalt. Eg har surkla rundt på vassdrukken is, og stuntrapportert ting eg ikkje har greie på. Utan fall i nokon av tilfella.

Så ringer Lyslugg.

- Du kan vel ikkje gå frå jobb enno, kan du vel?
- Njo. I grunnen. Morgondagens nytt er levert, helgestoffet påbegynt.
- Skal me eta ute?
- Ja!

Eg skal på deit! Med allerbestaste kjærasten! Og eta smaskens mat! Ute! Hurra!

Høyrte eg happy days, anyone?

mandag, januar 29, 2007

Happy times are here again

I alle fall til meg - i januar! - å vera. Snøen er komen, sola er stadig innom, og dei nye skia fungerer perfekt. Eg byrjar å tru at 2007 faktisk kan bli det året eg lærer å gå på ski likevel!

For to helger sidan var det teknikktrening med eigen privattrenar på Gjøvik. Dessutan bilutspaing, venninneprat og sjelevask, balsam balsam balsam.

Onsdag let eg intervju vera interjuv, og stakk frå heile skiten størstedelen av dagen. Med banen til Frognersetra, faktisk. Så einsamt driv til Kikut, og via smale, bratte, ikkje så altfor snødekte stiar til Ullevålseter og Sognsvannsbanen heim. Rakk akkurat heim-frå-kontoret-rushet på banen, og delte nistekjeks med søte barnehagebarn. Te på termos, stive musklar, mjukt smil.

Same hovudruta lørdag, bare på andre stiar og løypetrasear. Dessutan i selskap med min eigen kjære skiekspert og - i lysløypa først og sist - tusen andre skigåarar. Men midt på var det stille. Kun eg og han, i funklande glitrande sol i kritkvit snø, med skia som svusj svusj svusj i takfast rytme over vatna.

Aaah!

Og elles?

Eg kom meg greit over juvet. Fanmail og fanmeldingar, frå kjende og ukjende. Bruka søndagen til den evigvarandre oppussinga, men utan så altfor sure miner. Det blir bra.

Denne veka er det kvelds- og helgevakt, og tid til skikkeleg gode frokostar før ærend og oppussing. Mmmm! Bær!

Eg rekk både bøker og aviser, har funne att Tori i alt mylderet, tenker på Afrika og jada, eg kjenner det på meg:

I'm like a bird in the morning sun
I'm like a bee in the honey comb
I'm like a child on Christmas morn
Happy times are here again!

fredag, januar 26, 2007

Gu:g'l

Visste du at meir enn 25 prosent av alle Google-søk er originale, altså gjort for første gong? Det betyr at fjerdekvar tanke du tenker er ny. Eventuelt at kvar fjerde person blant oss tenker annleis.

Eg veit ikkje heilt kvifor, men akkurat det gleda meg stort å læra.

For dei som ønsker seg nok ein vri på googlinga, trykk her

torsdag, januar 25, 2007

Juv?

Eitt av orda eg nesten alltid skriv feil - så ofte at det heilt tydeleg ligg koda feil i hjernen, er "intervju". "Interjuv", skriv eg, igjen og igjen. Ironisk, så klart, at eg ikkje klarer å skriva rette namnet på det eg driv med.

Men av og til er feilen rett.

Av og til er det akkurat juv eg driv med. Eg trippar rundt på kanten av stupet, snart fram, snart tilbake, og prøver å finna ein veg over gapet. Eller mellom, inter, dei to sidene. Mellom oss.

Det er ikkje så lett alltid. Det er skummelt å tora, skummelt å satsa, skummelt å gjera meg sjølv tydeleg. Og den andre, ofte. Tenk om eg trør feil? Eller landar feil? Tenk om eg gjer ein annan - den andre - vondt? Tenk om eg skadar meg sjølv?

Men det må til. Eg har stått lenge nok på kanten no, og kikka ned i juvet. Eg satsa, må hoppa i det. Over det. Laga brua mellom oss.

Det blir ei sein natt.

onsdag, januar 17, 2007

Tyst

Av og til er det rett og slett umogleg å seia stort om koss ein har det, sånn eigentleg.

torsdag, januar 11, 2007

Tiddelibom

Ikkje for å ta (alt for mykje av) gleda på forskot, men

NO SNØR DET!

Mye mer enn før! Tiddelibom, og tralalalei!

Det må vera fordi eg tok på meg den fine snø-t-skjorta mi i dag.

Hurra!

onsdag, januar 10, 2007

Eplegodis

Og medan eg først er inne på ting eg ønskar meg men neppe får med det aller første:



Eplets nye telefon-pode-kamera-nettlesar-dings!

No har eg både telefon, pode, datamaskin og kamera som fungerer akkurat som dei skal, så noko prekært behov er det ikkje. Men om nokre generasjonar, kanskje, når dei til og med har fått med eit godt kamera i pakken? - tenker eg me veit kva jenta ønsker seg til fødselsdagen/jul!

Gullsnø



Er det lov å vera litt småskuffa over at vinteren 2006/2007, tidlegare annonsert som "vinteren då Lin lærer å gå på ski" så langt ser ut til å bli "vinteren då Lin kjøper nye ski men knappast får brukt dei pga global oppvarming"?

Var og besøkte ei venninne på Gjøvik i helga, inkludert skitur på Sjusjøen heile lørdagen. Sååå fint! Glatt, kvitt pudder, sylskarpe spor, bølgande terreng og bare eit par små kuldegrader. Trude-utskrift som privatlærar, nydeleg raudgyllen solnedgang (sjå foto), og ekstremt stive hofteleddsbøyarar dagen derpå.

Ei perfekt helg, mao!

Men altså ein time i bil unna Gjøvik, som igjen er to timar unna med tog.

Eg vil ha snø! Her! No!

I byen og marka, både nord- og aust-. Vil ha! Vil ha! Vil ha! Korleis skal eg elles få øvd på dette med å "finne flyt, rytme og bevege meg mykt [og] dynamisk"?

tirsdag, januar 09, 2007

Røff gaid

Frå Samlaget si vårliste:

Korleis skal ein finne fram i mylderet av samtidsforfattarar og bøker? Den kjende kritikaren Marta Norheim har skrive Røff guide til samtidslitteraturen, som hjelper deg til å få oversikt over dette området.

Dette høyres ut som ei bok eg ønskjer meg!

Bare så trasig at det er eit heilt år til neste gåveutdeling. Urgh. Eg har leita i 30 somrar og 30 vintrar, men fins framleis ingen fordelar med å fylla år like før jul...

fredag, januar 05, 2007

Tillits vekkande jule kort

I dag, altså teknisk sett i går, fekk eg det er reknar med er siste del av juleposten min. Han har kome litt i rykk og napp i år, frå første kortet 20. desember til ei røys (inkludert pakkar!) i romjula, og nokre slengarar utpå nyåret. Kjekt det - eg er veldig for å spreia gode ting utover.

Likevel. Sjølv om det er koseleg og alt det der, klarer eg ikkje heilt å dy meg frå å kommentera når eg mottek kort som dette:

Kjære [namnet mitt feilstava]!

God Jul og Godt Nytt År!

Vi i [NN] medie byrå takker for hyggelig kontakt i 2006, og håper at 2007 byr på flere spennende samarbeids prosjekter.

Med hilsner, [NN] medie byrå


Eg meiner, "medie mellomrom byrå"? Og "samarbeids prosjekter"?? Kvifor ikkje "sam arbeid" når dei først er i gong? Eller "hygge lig"?

Grøss.

Det skal nemnast at kontakten min med dette "medie byrået" har vore minimal. Faktisk måtte eg tenka meg nøye om før eg hugsa kven i all verda dei var, før eg kom på at eg selde dei eit fotografi i januar eller nårdetnovar - eit bilde som for lengst hadde stått på trykk ein annan stad.

Eg tek gjerne imot 1000 skattefrie kroner for minimal innsats, så den er grei. Men om dette medie byrået ba meg om å levera ei "tekst prøve", eller kanskje "feature intervju", kan du rekna med at eg hadde sagt fint nei, elles takk. Kall meg gjerne språksnobb, men der går faktisk grensa.

Samarbeids prosjekt, du liksom!

torsdag, januar 04, 2007

Inn for landing

Eg har jobba til over midnatt, dei siste timane sjølvsagt aleine i kontorfellesskapet. Sykla gjennom den regnvåte byen, utan å møta ei sjel. Kome heim til den tomme, halvkalde leiligheten og venta på livsteikn i form av mobilmelding frå Lyslugg på konferanse i Tromsø. Lese litt om misnøgde Emma, utan eigentleg å rivast heilt med. Ete tre skeier vaniljeyoghurt og ei halv mandarin, utan at noko smaka det heilt store. Lytta til Tori sin vintersong, men måtta skru av for ikkje å vippa over i melankolien. Er halvgira og halvtrøtt, utan at kroppen - eller toppen! - klarer å bestemma seg for nokon av delane.

Eg slit med andre ord litt med å landa.

Det er ikkje akkurat noko nytt på dagar som denne, med jobb frå ni til halv seks, og igjen frå sju til midnatt. Eigentleg lite å gjera med, anna enn å bruka tida. Brettar klede og kastar aviser - og oppdaterer bloggen.

Med eit par bilder, faktisk. Alle tekne andre juledag, på Ustaoset:





Fint, hm? Med eit lydspor av perfekt stille, bare broten av skia si svusjing og ei og anna rype som flaksar forskremt opp.

Aaah!

Sånn ja. No trur eg nok at også han med støvet har ein sjanse. Senga kallar.

God natt!

onsdag, januar 03, 2007

Stump jobben!

Eg kan bare innrømma det først som sist, at det der forsettet mitt om å jobba mindre i 2007 enn i 2006, allereie er ein vits. To dagar med solid overtid på rad her, og dei to avspaseringsdagane som ligg inne i turnusen i morgon og overmorgon, blir det ingenting av pga presserande oppgåver som bare gjerast før helga.

Jammen godt eg ikkje røyker! Eg hadde aldri klart å bestemma meg for å slutta når eg først hadde begynt. Omtrent som med sjokolade, mao, som eg er altfor smart til å innbilla meg at eg skal klara å kutta.

Mm! Sjokolade!

- sa frøkna, og jobba vidare...

(sukk)