onsdag, oktober 19, 2005

Panikkåtak

Baaah! Baaah! Baah!

Eg gjentek: Baaaaaah!

Akkurat-no-har-eg-så-mykje-som-eg-skulle-ha-gjort-for-lenge-sidan-men-som-framleis-ikkje-er-ferdig-hengande-over-meg-at-eg-veit-snart-ikkje-kva-eg-skal-gjera-meir! Hjelp!

Må sortera litt i rotet her, så hald ut. Eventuelt kan du bare skippa heile posten, for nei, det blir ikkje betre om du les vidare!

Altså. Lista. The List. La Liste. Das Liste. El Listo:

* The neverending story som er intervjuet med Halvdan. Problemet er rett og slett at eg lika han så bra (mannen altså, ikkje nødvendigvis musikken) at eg har lyst at det skal bli bra for ei gongs skuld, sjølv om det bare skal publiserast i eit teit blad.

* Omsetja og omdikta den fæle, teite, usamanhengande tyske artikkelen sjefen kom med og ville at me skulle bruka. Nemnte eg at han er på tysk?

* Gjera ferdig reisereportasjen frå Italia, kor me var for cirka tre millionar lysår sidan, og som burde vera ferdigskriven på den tida det tek å laga ein skikkeleg lasagne dersom eg bare klarte å få ut fingen. Grrr!

* Gjera ferdig reisereportasjen frå Lofoten, som manglar ca tre idiotiske avsnitt som eg sjølvsagt ikkje klarer å få pressa ut, som den håplause prokrastinatoren eg jo er.

* Skriva heile saka om ein viss eventyrmålar (her utelet eg detaljar med tanke på alle dei viktige Konkurrentane som heilt sikkert les denne bloggen), basert omtrent utelukkande på dei historiske bilda og dokumenta styraren ved museumet sendte til meg tre månader etter at me var der og prata med ho og fotograferte. Tre månader!

* Skriva ut det e-gjesp-normt in-te-gjeesp-res-san-te intervjuet med kosthaldsdama som prata om barn og unge og overvekt og om du nokonsinne gir ungen din så mykje som ei rute kokesjokolade kjem ho til å veksa opp til å bli ein svær blob av eit menneske, for det seier Staten!

* Ringa kunstmålardama om den døde mannen du veit, noko eg gruar mest av alt til, for koss i all verda startar ein sånne samtalar per telefon når alle normalt utstyrte og gjennomsnittleg danna menneske i heile verda veit at det gjer ein faktisk bare ikkje!

* Ringa folka som i si tid opplevde eit slags mirakel som hadde med telefonar og overdosar og diverse anna å gjera, og overbevisa overdosedama om at "jovisst har du lyst å fortella om dette til meg [kviskre: og mine halv million lesarar!]. Blir så kjekt så!"

* Ringa Ole Paus. Igjen. Og igjen. Og igjen.

* Ringa ho der dama som eg aldri før hadde høyrt om før eg fekk beskjed om at ho spelar ei Viktig Rolle i Hotell Cæsar og derfor bare få lov til å fortella om sitt privatliv i våre spalter. Søte barn påkrevd. Pluss ein mann, viss ho har.

* Ringa folka på Røros og spikra avtalar, helst før snøen kjem. (Er snøen allereie komen der, seier du? Aaargh!)

* Gjera noko med desse tromsøtipsa mine. Skal, skal ikkje?

* Skriva ut forlagsintervju nummer ein. Om matte, faktisk.

* Skriva ut forlagsintervju nummer to. Også om matte. Hurra!

* Skriva ut forlagsintervju nummer tre. Om ing-lissssh få' prah-fessh-a-nell stjuuu-dentsss

* Skriva ut forlagsintervju nummer fire, og gjera noko med bilda som høyrer til. Om norsk, takk høgare makter.

* Lesa og kommentera og tilbakemelda på Ei Viss Kvinne Eg Kjenner si masteroppgåve i eit fagfelt eg kan minimalt om. "Hey, ho er jo bare 57 sider, så kva om me pratest igjen i morgon om det du har funne ut?" "Ehm, jo Mor, det går nok fint det". Kjempefint.
Kuttar lista der. Ting eg skal gjera neste veke, altså ikkje før eg reiser på hytta om mindre enn eitt døgn, kan eg spara til ei anna gong.

Og jada, jada, eg veit eg ikkje burde posta her og heller setta meg ned og starta i ein ende. Men-akkurat-no-er-eg-så-blaaaah-at-eg-ikkje-eigong-orkar-tanken-på-eitt-einaste-minutt-til-med-han-der-elendige-Halvdan!

Dermed: eg går no. På kafe. Med den einaste venninna mi som både går med slør, pratar flytande ikkje-indoeuropeiske språk, og har vore så smart at ho gifta seg med ein rik utlending og dermed slepp å jobba resten av livet.

1 kommentar:

-lin sa...

Når eg tenker meg om, så er sjølvsagt både pashti, urdu og arabisk indoeuropeiske språk, så akkurat det stemte ikkje heilt. Har andre venner og venninner med ikkje-indoeuropeisk som hovudmål, men det er jo litt på sidelinja akkurat no, spesielt sidan dei bur på andre sida av jordkloden.

Var uansett rette avgjerda å henga med frk afghan. Me kutta kaféen, og gjekk rett på bufféen i staden. Nærmare bestemt eit bugnande fastebrytingsmåltid dekka med dei lekraste rettar, bare avbrote av bønn og høglydte telefonsamtalar på overnemnde språk. Jummi!

Har ståande invitasjon på å bli med til Afghanistan og Pakistan neste gong dei reiser, og kjenner eg har veldig, veldig lyst.