søndag, desember 31, 2006

Bææh!


Eg har nettopp kjøpt fire geiter!

Dessutan grunnskule for ein unge i eitt år.

Her.

Enormt bra butikk! Eg anbefaler alt dei har. Når eg blir stor, skal eg kanskje kjøpa ein skule. Eventuelt bare ein lærar.

Det blei med andre ord Flyktninghjelpen som fekk årets kalenderpengar - pluss ein liten julebonus. Takk for innspel, folkens!

No reiser eg vestover, til Bæærghæn, ein liten tur. Tilbake 2. januar.

GODT NYTTÅR, alle saman!

lørdag, desember 30, 2006

2006

I år som i fjor er det på tide med ei lita oppsummering av året som har gått.

Aller først: Det har vore eit bra år, på så veldig mange vis. Betre enn fjoråret, som heller ikkje var til å klaga over.

Eg har ein slags mistanke om at bloggen kanskje får det til å verka som det ikkje har vore så kjekt å vera meg i 2006, så eg ville bare poengtera det før eg startar. Eg bloggar nok oftare når eg har noko å syta over enn når eg er glad.

Altså, konklusjonen først: 2006 var eit bra år!

Så over til dei faste postane:

1. Kva gjorde du i 2006 som du aldri har gjort før?
Reiste til India og Nepal. Jobba fast (med eigen kontorplass) i forlag - og slutta med det. Starta i ein rein kulturredaksjon. Kjøpte leilighet.

2. Haldt du nyttårsforsetta dine? Vil du laga nye?
Som alltid set eg størst lit til nyttårsønska, ikkje -forsetta. Intensjonen om å jobba mindre gjekk det vel ikkje så veldig godt med. Men når det gjeld vindrikking, kaféhenging, boklesing og matlaging er eg eigentleg godt nøgd.

Nye forsett? Det blir nok det der med jobbinga igjen, trur eg. Så får me heller sjå...

3. Ble noen som står deg nær mor eller far?
Ja! Det poppa fram babyar både her og her og her og her og her! Såå stas!

4. Døydde nokon som stod deg nær?
Ikkje veldig nær. Men det var trist likevel.

5. Kva land har du besøkt det siste året?
Januar: Østerrike, India
Februar: India
Mars: Nepal, India, Østerrike
Juni: Danmark (København)
September: England (London)

Førstegongsbesøk i kursiv, noko som gir følgande kart:


6. Kva ønsker du deg neste år som du har sakna?
Hm. Eg har alt eg treng, og mykje meir til. Seier framleis ja til fast jobb, men trivs godt i dei lange vikariata også.

7. Kva datoar i 2006 gløymer du aldri, og kvifor?
Eg er framleis håplaus på datoar. Men nokre av dei tydelege minna er i alle fall
* frukosten på ein takterrasse i Delhi
* eventyrkjensla i Jaisalmer
* morgonklatringa opp på fjellet i Pushkar
* nydelege Taj Mahal
* fortida i Kolkata
* stilla i Katmandu og Katmandu-dalen
* nasjonalromantikken i Sogn
* huskjøpet(!)
* vennetreff seks år seinare
* ein uventa god november
* ei super fødselsdagsfeiring

Dessutan, og eigentleg aller viktigast: Alle dei gode augeblikka med Lyslugg. Alle desse kvardagsglimta, av gode smil, trygge armar, varme ord. Så heldig eg er!

8. Kva er det største du har oppnådd i år?
Børk. Der var det igjen, det der dumme spørsmålet. Hm. Eg føler i grunnen ikkje eg har oppnådd noko som helst. Eg har fått til masse, men ikkje så mange målbare ting.

9. Kva var din største nedtur?
At eg ikkje fekk jobben eg ønska meg, kanskje?

10. Har du vore sjuk eller skada?
Nei. Som vanleg, mao.

11. Kva var ditt beste kjøp?
Slottet!

12. Hvem fortjener din hyllest for oppførselen sin?
Gode kollegaer. Solide venner. Familie som er der sjølv om eg sjeldan ser dei. Lyslugg. Takk og takk!

13. Kven sin oppførsel gjorde deg nedstemt/lei deg?
I år som i fjor: oftast meg sjølv, og min eigen utilstrekkelighet.

14. Kva gjekk mesteparten av pengane dine til?
Slottet igjen, inkludert oppussinga. Elles India/Nepal-turen, tøys og tull. Og mat.

15. Hva gjorde deg veldig veldig veldig oppspilt og glad?
Veldig veldig veldig glad?
Hm. "Gratulerer. Leiligheten er din" var i alle fall ein veldig god replikk...

16. Kva song vil alltid minna deg om 2006?
Heile Wayfaring Stranger-albumet til Kristin Asbjørnsen.

Dessutan "Suddenly I See" med KT Tunstall:


17. Samanlikna med denne tida i fjor, er du...
a. Gladare eller tristare? Like glad
b. Tynnare eller tjukkare? Først hadde eg tenkt å svara "tjukkare" på dette. Men så ser eg at eg svara det i fjor og, og i og med at akkurat dei same kleda passar akkurat likt som dei gjorde både i fjor og i forfjor, byrjar eg eigentleg å mistenka at det der med at eg blir stadig feitare bare er noko eg innbiller meg. Mao: Omtrent som før!
c. Rikare eller fattigare? Fattigare, no som eg/me har huslån.

18. Kva skulle du ønska du gjorde endå meir av?
Hang rundt med folk eg er glad i. Reiste (det kan aldri bli nok reising!) Las gode bøker, ikkje bare sånne eg måtte lesa fordi dei har med jobben å gjera.

19. Kva skulle du ønska du gjorde mindre av?
Uplanlagt overtid. Anna sutring.

20. Korleis vil du feira julen?
No kjenner eg allereie fasit. Det var ei god feiring på hytta. Oppreise rett etter jobb fredag, rolege dagar med skiturar og henging litle julafta, julafta og 1. dag, før retur om morgonen 2.dag. Kjekke folk, god mat, fine gåver, og okei skiføre. Ingenting å klaga på, mao, anna enn at det godt kunne vart mykje lenger for min del.

21. Vart du forelska i 2006?
Igjen og igjen, i same gode guten.

22. Kor mange one-night stands hadde du?
Ingen, så klart.

23. Kva var favorittprogrammet ditt på TV?
Radio Røynda var vel, tradisjonen tru, stort sett det einaste eg fekk med meg. Men Dawson's på devede er den klare vinnaren når det gjeld boksglaning - sjølv om me framleis ikkje er komne lenger enn sesong 2.

24. Hatar du nokon no som du ikkje hata på denne tida i fjor
Nei. Det der hatet mitt skal du leita djupt og lenge etter, truleg utan å finna stort uansett.

25. Kva bok er den beste du har lese i år?
Å! Mange! Trur det må bli The Emperor's Children av Claire Messud. Med Mitt milde vesen av Brit Bildøen, Krinsereglane av Edmund Austigard og Kafka on the Shore på hederslista.

26. Kva var årets beste musikalske oppdaging?
Kristin Asbjørnsen igjen.

27. Kva ønska du deg – og fekk?
Tur til India, med bonustur til Nepal. Sommarjobb og sidan vikariat i ein kjekk redaksjon kor eg har lyst å bli verande. Staseleg treroms leilighet med verdas finaste utsikt.

28. Kva ønska du deg – og ikkje fekk?
Det har eg ikkje lyst å seia her, for å blir det kanskje ikkje noko av ønsket mitt for neste år... ;o)

29. Kva var årets beste film?
Hm... Vanskelegare å huska enn bøkene... Eg lika i alle fall Reprise, Paprika og Look Both Ways.

30. Kva gjorde du på fødselsdagen din?
For det første blei eg feira etter alle kunstens reglar ei veke før sjølve dagen, bare så det er nemnt.

Den 21.12 var eg og ei venninne på ein kjekk konsert som vara til over midnatt den 22. Då eg kom heim, sto Lyslugg klar med kjempeklem og superkyss, og gåvejakt i levande lys. Fann til slutt ullsokkar, skistavar og nydelege tulipanar.

Neste morgon blei eg vekka med nydeleg gulrotkake på senga halv sju. Nam! Jobba frå halv åtte til halv fire, og nådde toget med god margin. Slumra på toget, og kom rimeleg utkvilt fram til Ustaoset. Kjapp skitur til hytta, før eg fekk sjampis, biff og allslags snadder som Lyslugg-mora hadde fiksa. Fleire gåver, fine ord.

Kortversjon: Stas å bli 30!

31. Kva enkeltting har gjort året mykje meir tilfredsstillande?
"Tilfredsstillande", hm? Tja... Det er i alle fall stas å ha kjøpt denne mykje omtala leiligheten, sånn at me slepp å tenka meir på det! Elles har eg i grunnen ikkje kjøpt så mange ting.

32. Korleis vil du beskriva klesstilen din?
Som før. Mykje t-skjorter og dongeribukser. Men eg er blitt mykje flinkare å gå i skjørt! Framleis med t-skjorter til, dog...

33. Kva har halde deg i mental balanse?
Venner! Lyslugg! Ein god november!

34. Kva for ein kjendis likte du best?
Svarar som før nokon av dei eg lika å intervjua: Ragnar Hovland og Amy Tan.

35. Kva i politikken har opprørt deg mest?
Libanon. Resten av Midt-Austen. Gasskraftverka her heime. No sist Somalia.

36. Kven saknar du?
Dei som bur langt vekke, til dømes fleire av dei nybaka foreldrepara. Men det var fint å sjå at dei fins i livet mitt likevel, trass avstand!

37. Kven var den beste nye personen som kom inn i livet ditt?
Her trur eg faktisk eg skal svara heile redaksjonen, som er ein grepa gjeng.

38. Fortel ein viktig livsvisdom du har lært i år?
Det er ikkje alt som går an å planlegga, og nokre ting passar ganske enkelt aldri. Kanskje er det bare å hoppa i det, så ordnar ting seg etterkvart?
Meir spesifik vil eg ikkje vera...

39. Ein songtekst som oppsummerer året.
Denne var lettare i fjor... Kanskje denne?:
Who's to say
What's impossible
Well they forgot
This world keeps spinning
And with each new day
I can feel a change in everything
And as the surface breaks reflections fade
But in some ways they remain the same
And as my mind begins to spread its wings
There's no stopping curiosity


"Upside Down" av Jack Johnson

Årskavalkade:
Gå i bloggoversikta di og finn den første postingen i kvar månad i 2006. Post den/dei første setningen/ane i kvart innlegg. Summen av disse utgjer årskavalkaden din.


Januar: "Har de sett noko vakrare enn dette praktstykket av ein fugl før?"

Februar: "I tilfelle nokon trudde at dette med mannleg fiksering pa kvinnelege frontparti er eit nymotens pafunn - tru om igjen!"

Mars: "Oj. Ojojoj! Eg er visst komen til Kathmandu! Vuusj! Koss skjedde eigentleg det?"

April: "Ok, no er det nok. Nok syting, og klaging, og songar om hulebuarar og det fæle arbeidslivet. Det er på tide å finna fram smilefjesa!"

Mai: "Eg har gått i tog, eg har høyrt på Kristin, eg har høyrt ho i kjøtdisken på Ica Gausel prata om solidaritet og han frå Sri Lanka snakka om tamilane, og både uteis og middag har eg fått."

Juni: "Eg er seinare ute enn dei fleste, men må bare få lov til å lenka til denne geniale artikkelen."

Juli: "Ein av dagens fellesmailar:Kan de som har en pc de ikke skal ha komme innom meg og levere den fra seg?"

August: "Alle desse orda. Koss skal eg seia det? Skal eg seia at dei kveler meg?

September:"Som eg vel kanskje har nemnt før(?), har eg ikkje alltid bare gode ting å seia om Morgenbladet. Men dette portrettet av Cathrine Sandnes, skrive av Astrid Sverresdotter Dypvik, lika eg:"

Oktober: "Dette er det einaste bildet eg tok dei fire dagane i England. På ein måte oppsummerer det turen. På andre måtar ikkje.

November: "Eg er ikkje heilt sikker på kor eg har dette frå, i og med at eg nett fann det på ein lapp i ein av flyttehaugane. Men ein eller annan plass har eg altså lese og notert følgande"

Desember: "Snøen let venta på seg, huset er ikkje i nærleiken av pynta, og boksane er fullstendig tomme for kaker.">

Kven vil du utfordra?
Eg trur dei fleste allereie har levert årets bloggmelding, så eigentleg ingen. Men det er sjølvsagt lov å låna spørsmåla!

onsdag, desember 27, 2006

Og vinnaren er...?

Eg innser at eg er på etterskot.

Så på etterskot, faktisk, at eg heller går rett på sak med ei materialistisk gåveoppsummering heller enn å skriva opp og ned om kor travelt fint eg har hatt det sidan sist, med sushimøte, kafemøte, konsert, kakepåsenga-dag, togtur til fjellet, sjampisoverrasking, skiturar, og tredagarsjuljuljul med Lyslugg, Lysluggmor og Lysluggsøster, før det var tog tilbake og andre juledagsjobbing.

Det kjem kanskje litt etter kvart, men første ting først. Eg har nemleg noko eg vil be folket om hjelp med.

Er de klare?

Oppgåva er som følger, tre dagar forsinka:
Årets, som fjorårets, julekalender frå mi side, har vore å legga til side femti kroner kvar dag. Heilt fysiske pengar, i femtilappar og myntar, i ei krukke. Tanken var at nokon skulle få pengane til jul, men no ser eg at det nok blir til nyttår i staden. Dermed spør eg:

Kven skal få 1200 kroner i nyttårsgåve i år?

Blir det Redd Barna i år igjen? Amnesty? Røde kors? Eller kanskje nokon heilt andre, som eg ikkje kjem på? Alle dei tre nemnde får allereie eit par hundringsar kvar i månaden av meg, så ingen av dei vil gå heilt tomlomma heim om dei ikkje "vinn" i denne omgang. Eg er mao open for forslag, og mottakeleg for eventuelle stemmer på dei allereie nemnde kandidatane.

1200 er ikkje allverda, eg er klar over det. Men kven veit? Kanskje eg aukar potten om du kjem med eit ge-ni-alt forslag?

Kjør debatt!

Sååå snill!

Sjå alt nissen (og hjelparane hans) kom med!:

Frå ønskelista (eg fekk alt utanom det som er overstreka):
2007 frå ordning och reda
balkongmøblar
bo kaspers hund
det var en gang et menneske på dvd
kule t-skjorter
langrennsskistavar
my so-called life på dvd (!!!)
opplevingar
skibukse
snop, særs sjokolade
snø
sol!
steiketermometer (saman med Lyslugg)
travels in the scriptorium
tur til afrika
turar generelt
tynne ullsokkar, men helst ikkje svarte, for då tek Lyslugg dei
undertøy
varm klem
vi, de druknede
vin, gjerne kvit (med Lyslugg, rød)

Dessutan:
bestemors oppskrifter
fancy spisepinnar
glitrande selskapsveske
hjerteforma peparkakeformer pluss hjertestrø i hjerteboks (med Lyslugg)
hjerteforma varmeflaske
hundehode
indiabilder
janosch
kysseplaster
løpar
salat- eller kanskje chipsbolle
serveringsskei i sølv
sminkepung med lipgloss
snøkulelys (med Lyslugg)
superskarpe knivar med kvessar (med Lyslugg)
sykkelfiksesett (med Lyslugg)
sykkellås
telysestake
vindusenglar
vinglas, graverte

pluss to pakkar eg enno ikkje har rukke å henta på posten!

Det kallar eg ugjendriveleg bevis på min eigen snillhet!

... og beskjedenhet, så klart

Oppdatering 28.12: No har eg henta pakkane på posten, og ført fangsten opp på lista. Dessutan, for ordens skuld, og sidan eg har fått opptil fleire småbeiske kommentarar på kor utskjemd eg er: Ja, eg er omgitt av generøse menneske, og er veldig godt nøgd med alt det fine eg har fått. Men dette er altså lista over gåver eg har fått både til jul og til 30-årsdagen, ikkje bare til jul!

tirsdag, desember 19, 2006

Gulltre!


Eg burde skriva noko vakkert og klokt og poetisk for å matcha motivet, men kjem ikkje på stort. Jobbar kveld no igjen, med frilans- og fastjobbting, og sparer orda til det. Men fint tre, sant?! Det står utanfor Helga Enghs hus og fysikkbygningen på Blindern, i tilfelle nokon har lyst å legga kveldsturen dit for å sjå sjølv.

Du skal få ein dag i mårå?

I mårå er lenge, det!
Treng det vera slik?
Dagen er her, nå!

Gløtt ut desemberglaset
du som nett har kome på jobb
Kva ser du ikkje!

Det flammar opp over den mørke jorda
Det som hus, spir og tre strekker seg mot
Eit herleg smiestelys løftar horisonten

Kven snakkar om død i desember?
Åh, du herlege time, åh, du lysnande dag
Himmelsend, breiddfull med forventing


(Frå Mimosa, myosatias, rosmarin av Tor Obrestad)

mandag, desember 18, 2006

Ja! Alt!

Å Syko - eg er med deg på denne!

Eg bloggar ikkje så mykje for tida, men det er ikkje fordi eg ikkje har nok bra ting å skriva om. Eg bare flyt av garde, på den eine bølga betre enn den andre, så det blir lite kvalitets- (dvs kvantitets-)tid saman med Dumbo for tida.

Så eg spolar fort fram til helga:

Eg har blitt feira!

Både fredag og lørdag! Og i dag! Fødselsdagen er ikkje før på fredag, den o store alle-eg-kjenner-i-heile-verda-er-på-veg-til-der-dei-skal-feira-jul-dagen, så eg hadde vel ærleg tala tenkt at jaja, den der trettiårsdagen kan eg heller forhalda meg til etter jul, når folk endeleg får litt betre tid igjen. Men - og det er her dei fantastiske vennene mine entrar bildet - sånn blei det ikkje:

Fredag vart eg teken med ut på nydeleg trerettars norskindisk middag, med boblande sjampanje og nydeleg kvitvin, og enorme mengder fantastiske gåver. Sidan fruktdrinkar og iste frå den lange øya i tesalongen, og meir vin hos frua. Der blei det dessutan herleg dansing mellom borda, med og utan julebordkjekkasar frå Lillestrøm (haha!). Plutseleg blinka dei med lysa, og kvelden var omme. Og for ein kveld! Alle involverte skal få bilder, eg lovar. Dei bare passar ikkje så godt her.

Lørdag var det kakebakeverkstad heime hos oss, frå tidleg på ettermiddagen til godt utpå kvelden. Me laga peparkakehus og peparkakemur*, kakemenn og kokosmakroner, pluss ei enorm gryte grøt og passeleg mengde gløgg. Tidlegare i veka hadde eg vore litt lei meg for at ingen kom til å koma, sidan eg fekk så mange "er-dessverre-travel-da"-svar den dagen invitasjonsmailen gjekk ut. Men så kom det folk likevel! Mange! Ti personar i alt - unge, vakre, strålande. Akkurat så mange som me har stol- og sofaplass til, faktisk.

Og så overraska dei meg!

Etter at me hadde ete grøt gjorde venninna mi seg eit ærend ut på balkongen. Då ho kom tilbake, hadde ho ei enorm sjokoladekake i hendene. Det var seigemenn og nonstop, mokkabokstavar og tretti(!) lys.

Hurra for meg som fyller mitt år!

Nemnte eg at eg har dei beste vennene, forresten? Eg har nemleg det. Allerbestaste! Etter grøt og kaffi og kake og sånn, var det hus- og mur*-pynting, og endå fleire gode samtalar. To episodar Dawson's saman med Lyslugg, og boms i seng med oss. Bliss!

I dag har me sove lenge, ete god frokost, og gått tur i den gyllenskarpe vintersola. Så fint! Sidan kom bror min og hans trulova (ah, for eit herleg ord! så bibelsk!) på middag og kaffi, sjølvsagt med fødselsdags- og småkaker etterpå. Godt og varmt, roleg kveld. Me får heller prøva å koma oss med på gjestelista til Penthouse Playboys også neste år, sidan me ikkje rakk det i år.

No er det kvelden. Og om ei veke er det jul!

* Peparkakemuren murar sjølvsagt inne stallen i Betlehem - jf bilde. Me lovar å gjera vårt til at han blir riven!

søndag, desember 17, 2006

fredag, desember 08, 2006

Underklasse

Dagbladet på nett køyrte nettopp ein artikkel om "den nye overklassen". Lite nytt for alle som har høyrt om Bourdieu frå før, men festlig lesnad likevel. No har eg teke testen, med følgande resultat:

Du tilhører definitivt ikke kultureliten, gratulerer! Du er antakelig ekte og jordnær, og kan delta i så mye organisasjonsarbeid du bare vil uten å bli mistenkt for å mele din egen kake og holde proletariatet nede.
67% har landet på denne bedømmelsen.

Eg er nesten litt skuffa. Eg, som jobbar i en kulturredaksjon og allslags!

Så no lurar eg sjølvsagt på kva klasse lesarane mine tilhøyrer? Finst det nokon overklassingar der ute?

onsdag, desember 06, 2006

Ovanfrå og ned

Eg sit heime og jobbar i dag, mest fordi eg driv med eit (i mi verd) langsiktig prosjekt, og treng noko av utstyret eg har her heime, ikkje på kontoret. Har installert meg i vindauget med fri utsikt over heile Oslo, te i koppen og kjøleskapet innan rekkevidde. Sola er tilbake, og forgyllar alle utanom rikingane i Holmenkollåsen, som ligg i skodda som vanleg.

Det er så stas med oversikt!

Herfrå ser eg bilar på vegen langt der nede, heisekranar som roterer og, eh, heisar ting, fuglar som fyk og skrik, og tog som susar forbi til og frå flyplassen. Slottet ligg som eit gult tempel borti høgget, og plaza fungerer som eit lysande, nesten blendande solspegl.

Aller kjekkast er det å sjå ungane som leiker på plassen nedanfor.

Dei siste fem minutta har to jenter på sju-åtte år brukt tid, energi og engasjement på eit Viktig Prosjekt: Å grava ned den røde topphua til ei av dei! Eigaren tok hua forsiktig av, strauk litt over henne, kyssa(!) den raude ulla, og nikka fort. Så starta gravinga. Eit djupt hol i sandkassa, hua nedi, og solid haug oppå. Så song dei. Kva, veit eg ikkje, for eg høyrte ikkje orda.

Fantastisk!

tirsdag, desember 05, 2006

Stopp muren!

Eg pleier ikkje skriva så mykje om politikk her. Men no gjer eg eit lite unntak frå regelen:


hit og skriv under på oppropet mot kjempehøghusa i strandsona i Oslo!

Planen er ei rekkje med hus om lag like høge som Postgirobygget og Plaza langs heile strandlina framfor spora på Oslo S. Sjå t.d. Dagbladet sin illustrasjon her.

Det hastar litt med i gi politikarane beskjed - siste høyringsfrist er i morgon, onsdag 6. desember. Vil du senda mail, sender du han til postmottak@pbe.oslo.kommune.no, og merkar emnefeltet "saksnummer 2005 14612". Forslag til tekst i mailen her, kor du også finn lenker til meir informasjon.

Takk!

søndag, desember 03, 2006

Advent

Snøen let venta på seg, huset er ikkje i nærleiken av pynta, og boksane er fullstendig tomme for kaker. Ikkje har me sett opp føggelbænd eller pønta tre' heller.

Det gjer ingen ting. Jula kjem når ho kjem. Til dess er det fint i byen også.

Det lyser i stille grender
av tindrande ljos i kveld,
og tusunde barnehender
mot himmelen ljosi held.

av Jakob Sande