fredag, desember 02, 2005

Det er fullendt

Eg. Er. Ferdig.

(for no)



Ikkje med alt eg bør, men med alt eg må.

Sat til seks i går (altså dag), sovna som ein stein (næmmen!), og hadde lite lyst å stå opp då klokka ringte halvannan time seinare, halv åtte. Så lite, faktisk, at eg låg tjuetre minuttar lenger, og dermed øydela heile den fine planen om god tid til stulling og stelling og dilling og dalling før bussen klokka 07.58. I staden blei det vanleg turbodusj og hurtigpakking, og bussen fem over. Den nådde sjølvsagt ikkje trikken eg hadde tenkt å ta vidare til Høgskulen, så den som måtte springa heile vegen frå Vestre Aker ned ned ned til HiO, var meg.

Han: - Løp du virkelig hele veien ned? Er ikke det ganske langt? Fire-fem trikkestopp, minst?
Ho: - Eh, ja, eg syns vel kanskje det var litt lengre enn venta eg òg... Men det er jo nedoverbakke, så ingen problem! Og slapset var ikkje så glatt som isen i går. Eg kom bare tre minutt for seint.
Han: [foreslår fleire gode ruter ho heller skulle ha valt]
Ho: [nikkar beskjemma]

Fekk fotografert kroppsøvaren i typisk, gulguggete gymsallys, og var ferdig før ni. Vandra via sentrum heim, og oppdaga at det er kome julegraner med lys på både her og der, og at eg verkeleg verkeleg LIKAR denne byen om vinteren. Luksuskjensla av å vandra heile vegen heim midt i beste arbeidstid, ditto.

I senga heime låg missekandidaten, som sikkert hadde venta på at eg skulle steika egg og bacon. Så då gjorde eg det, og me fekk nokre gode minuttar saman før han stakk for å møta rettleiiaren sin. Eg stulla litt meir, og sette meg så til med gymmannen. Som altså er ferdiggskriven no! Spanskdama hadde lese teksten og var nøgd med det aller meste, og forlagsfolka har fått ein lengre oppsummeringsmail med kor flink eg har vore.

Eg har nemleg det! Vore flink, altså. Kjenner det i rygg og nakke og hovud og heile meg.

Og no kallar senga! Minst ein time, før eg set meg ned med litt av slagget frå den eigentlege, alias eks-jobben min.

3 kommentarer:

-lin sa...

Update:
Og no ringte akkurat gymmannen og sa at alt var heilt fint! Han hadde funne ein kommafeil, elles ingenting, og ønska meg god tur til Tunisia.

Hurra!

-lin sa...

Update 2:
Og så fekk eg akkurat følgande mail frå naturfagdama:
"Takk skal du ha. Det ble jo kjempefint!"
Også utan rettingar. Aaaaaah... bliss!

Ingvild sa...

HERLIG!!! Gratulerer! Nå kan du puste ut, feste i kveld og dra til Tunisia i morgen. Og du, vi jobber ikke når vi er på ferie gjør vi vel...??? Snart klart for julebord hos meg! Stor godklem