lørdag, november 19, 2005

Jenta på ball


Jenta har vore på julebord. Eller årsfest, som det visst heitte i denne bedriften. Først grua ho seg, og tenkte - som rett er - at ho ikkje passar til denslags. Pynting og sminking og konversering og dansing, uff. Kanskje aller mest det med pyntinga. Sminke og sånn. For ikkje å snakka om håret. Og dei høghæla skoa... Grøss!

Men ho gjekk no likevel. Og det vart bra. Lysekroner og tekstiltapet på Continental, trerettars med masse vin, avec etter maten, og drikke i baren, med og utan bongar. Mange drakk meir enn dei burde, men ikkje jenta.

"Vijll du dans me mæ, æller ska vi fijnn oss en rolig krok å koos oss litt med en gang?" "Ehm. Neitakk, til begge forslaga. Men lukke til vidare!" Det er noko eige med folk som innleier samtalen med å grabbe rumpa til motparten...

Etter nok eit glas på Ett glas, vandra ho heim gjennom dei kalde gatene, med ryggen rak og blikket fritt og dameskoa i veska. Litt full, litt trøtt, og litt kald kom ho heim - og vandra rett inn i den varme, trygge famnen. Av og til er det beste med å gå ut, å koma inn igjen...

Ingen kommentarer: