torsdag, desember 01, 2005

Åh!

Svarten ta meg for at eg har vore så tøff den siste tida og sagt at "joda, eg kjem i mål, eg kjem i mål". TENKOMEGIKKJEGJERDETLIKEVEL!!! Hjeeeelp!

Går kjempetregt akkurat no. L deltek i ein missekonkurranse, og har vore der heile kvelden, så eg har ingen å skulda på når det gjeld konsentrasjonen, heller. Er bare så trøtt. Tom. Er nok 16-17-timarsdagane og 3-4-timarsnettene som byrjar å ta meg igjen, MEN DET HAR EG FAKTISK IKKJE TID TIL NO!

Kortlista
* Naturfagdama ferdigskriven kl 01.10
* Norskfolka (URGH!) ferdigskriven kl 05.45 (HURRA!)
* Gymmann (kan skrivast i morgon, etter foto. Bør kanskje det?) (AAAAAAH!)
* Tilbakemelding, spanskdame mail sendt 01.30
* Tilbakemelding, naturfagdama mail sendt 01.20
* Norskfolka får forlagsdama ta seg av, dei dustane! mail sendt 05.45

Ønskelista
* SOOOOVAAAA!!!

10 kommentarer:

-lin sa...

Dei to intervjua eg tenkte ville vera "kjekkast" er skrivne, no byrjar marerittet som er håplaust ustrukturerte norskfolk, tre i talet...

Bah! Vil ikkje! Trur eg skal gå ned og henga opp vasken først - til og med det er kjekkare enn dette.

-lin sa...

For øvrig er ikkje missekandidaten komen heim enno. Det er rett før eg byrjar bli litt uroleg, her eg sit...

-lin sa...

Puh! Missekandidaten har det bra - "bare full på sprit betalt av konsulentbransjen..."

Hm. Forlagsbransjen burde definitivt betala spriten min når eg er ferdig med dette!

-lin sa...

Og sjølvsagt gjekk missekandidaten hen og vann både prinsessa (alias ei flaske dyr, ekte sjampis) og halve kongeriket (alias stipendet på 10.000 kroner) når han først var i gong!

Å! Stolt av!

Av han, altså, ikkje akkurat av min eigen innsats. Herre fred kor tregt det kan gå å skriva ein tekst når intervjuobjekta ikkje har sagt meir enn ca to fornuftige setningar til saman!

-lin sa...

Ferdig.

Eg trur eg dånar. Eller kollapsar, er vel ordet...

Ingvild sa...

Grattis med missen din da, vennen! Fikk tekstmelding kvart på fire, to like for sikkerhets skyld - noe sier meg at missen hadde fått både champis og sprit, ja :) Vi må finne noen som vil skjenke oss på sprit og gi oss penger.... Hvor er de???

Ingvild sa...

BY THE WAY: 5.45 natten er IKKE et fornuftig tidspunkt å jobbe på! Kjefte! Smelle! Godt afrikanske dager og netter venter på deg. SOV MYE!

-lin sa...

Ja! Kor finn me eigentleg desse gode hjelparane som har lyst å gi oss sjurettars middag, pengar og børst?

Noko seier meg at eg frekventerer feil sirklar...

Ingvild sa...

Definitivt, vi er i feile bransjer... Men du fikk jo treretters og vin av sjefedama, i det minste :) En dag skal vi også få sjuretteren! Kanskje...

-lin sa...

Ikkje kanskje, vel? DEFINITIVT, tenker eg me seier!

Dessutan tenker eg vel litt som så, at om prisen for ein halv mill i startløn og sjurettarsmiddagar med sprit og vin er å jobba 60-70 timar i veka alltid, så er det kanskje ikkje verdt det likevel...

Eg meiner, tenk på alle dei gresselege draktane me måtte gått med! For ikkje å snakka om perleøyredobbane! Og skoa!

Grøss...