torsdag, november 03, 2005

Shabby, not chic

Eg var på ei litteraturgreie i går. Opplesing. Kom ramlande inn døra rett før det starta, direkte frå jobb og superhardcoretrening (blod, svette, tårer) og kjappisdusj (utan hårvask) og risbollemiddag (gul thaikarri, nam!), med håret i ein vasete treningshestehale og hendene fulle av baggar og styr.

Og vandra rett på nokre freshe voldafolk.

Sjølvsagt. Det gjer eg jo alltid når håret liknar ein mopp og dei stygge eg-skal-uansett-bare-sitta-på-kontoret-og-skriva-idag-kleda heng på halv åtte og ansiktet er varmt og raudt og hendene fulle av gymbaggar. Som den gongen på Gåte-konsert, kor L og eg hadde steikt fisk til middag og nesten glømt tida, og eg derfor gjekk rett på konsert med fiskemiddagluktande heimeklede, utvaska og halvskitne, med håret i feitt hestehale.

Og vandra rett i fanget på det freshe, nystyla voldafolket. Så klart.

Klompedeisa rider igjen!

Men men. Opplesinga: Eg lika begge mennene og ei av damene. I feminismens namn skulle det sjølvsagt vore omvendt, men då kan faktisk ikkje damene skriva bøker om ørkenromansar eller babyspark, sårri. Dessutan: kor finn ein sånne litteraturdamer som innleier med sjumilssetningar innehaldande minst fem undersetningar og bisetningar, framført med überaspirert p2-røyst? Eg bare lura...

Ingen kommentarer: