tirsdag, juli 14, 2009

bättre än någon annanstans

Og så, etter dette, låg denne eposten og venta på meg då eg kom på jobb måndags morgon, etter ei på absolutt alle vis herleg langhelg ved kysten:

Kära [førenamnet mitt],

Nu har har jag läst intevjun som du skrev. Jag blev så rörd, så rörd. Det är så vackert skrivert. Det är som allt runt mina böcker blir bättre i Norge än någon annanstans. Mitt allra varmaste tack!

[hennar førenamn]

Så då skal eg kutta sytet ei lita stund, og venda tilbake til det sedvanlege sjølvskrytet. Jadda. Det er min blog, and I'll brag if I want to!

onsdag, juli 08, 2009

Rusten og (litt) lei

Kven er eg, og kor går eg? Kva er eigentleg greia med denne blogginga? Er ikkje blogging veldig 2005?

Eg trur rett og slett eg har funne andre kanalar. Eller så har eg bare mindre tid. Eg tenker ikkje lenger blogg når eg oppdagar noko eg syns er interessant, eller når eg har noko eg vil dela. Ei stund var bloggen ein stad eg kunne gå med sorgene. Med slitet. Det usikre, kanskje ufordøyde, og så gjorde skrivinga ting klarare.

Slik er det ikkje lenger.

Som no. Eigentleg har eg masse eg godt kunne skrive, delt, invitert andre inn i. Men eg huskar ikkje lenger heilt koss ein gjer det.

Eller, kanskje skal eg likevel gjera eit forsøk.

Saka er den, at eg har intervjua ein forfattar. Det var ein fin prat, syns eg, sjølv om det var andre veka etter permisjonsslutt og underbemanning og overtid og generelt kaos. Eg fann tid, og gjorde intervjuet sjølv om sjefen var uinteressert i saka. Forfattaren prata klart og greitt, eg syns det var interessant. Me prata om sjanger, om kjønn, om skriving og tilstøytande tema. Ho er debutant, og svara villig vekk.

Så gjekk det ei god stund (dvs fleire dagar, som er "lenge" i mitt miljø). Saka skulle ikkje på med det same, men sparast til seinare, fekk eg vita av den stadig like lite intesserte sjefen. I mellomtida måtte eg sjølvsagt gjera tusen andre ting, smått og stort og tralala, før eg fekk skrive ut intervjuet, som brått skulle på likevel. Nuh, faktisk.

Det skjedde ein sein kveld, heime, på fritida, etter først å ha brukt timar på nedroing og legging av Lille Stor, og sidan å ha sprunge inn og ut av soverommet for å roa han igjen då han vakna om lag kvart tredje kvarter. Trøtt. Sliten. Lei av overtid og jobb og alt det der, men må ein, så må ein, og teksten blei ferdig.

Neste morgon fekk eg vita at han skulle vera mykje kortare enn først avtalt. Og at eg hadde eit kvarter på å fiksa - desken hadde ikkje tid. Så eg kutta. Masse. Fort. Og gale, skulle det visa seg. For desken hadde visst tid likevel. Då saka omsider kom på trykk, hadde dei endra på tittel og utheva sitat, men då basert på mitt allereie kortbarberte manuskript. Saka var blitt ei anna, og - syns eg - ikkje noko betre av det.

Og det er jo slikt som skjer. Men akkurat denne gongen var det ikkje så kult at det skjedde.

Dama eg intervjua, er nemleg bloggar. Dessutan populær på twitter, og generelt rundt omkring. Og ho har, i blogg og på twitter og i det heile tatt, gitt tydeleg uttrykk for kor teit ho syns saka i avisa blei. Kor dårleg journalistikk dette er, som fokuserer på det eine når det burde handla om det andre, og som til og med røper litt av handlinga i boka (noko ho sjølv gjorde heile tida då me prata saman, medan eg prøvde å også snakka om det rundt sjølve handlinga, om forfattarsituasjonen osv.

Aller dummast syns ho førstesidehenvisinga blei, og det forstår eg i grunnen godt, for den er feil og misforstått, og påstår noko forfattaren aldri har sagt. Som eg heller ikkje har sagt, og ikkje meiner.

Og eg blir lei meg.

Syns det er dumt når ting blir dumme. Når intervjuobjekt ikkje kjenner seg igjen i det eg skriv, eller i alle fall syns at fokuset blir rart. Når det blir direkte feil på framsida fordi desken ikkje kan lesa. Når eg har veldig lyst til å unnskulda og forklara, i blogg og på twitter og kor som helst, men ikkje orkar fordi dei mange titals kommentarane i bloggen sjølvsagt er heilt totalt einige med bloggedameforfattaren i at dette jammen var dårlege, dårlege greier og for ein håplaust mislukka og ignorant og beint fram idiotisk journalist!

Dumme, ignorante, mislukka meg!

Og det er sjølvsagt ikkje hennar feil, heller, at eg skriv ut sakene på fritida, gratis utan å føra overtid, medan eg tenker meir på babyen som snart må bli flinkare til å sova viss ikkje blir eg gaaal, og på at klokka er to og saka sikkert bra nok no, sånn at eg kan få lagt meg og sove meir enn fire timar i natt, ikkje tre som den forrige. Like lite som det er hennar - eller min - feil at desken er det desken er, og at ting blir misforstått og feil framstilt.

Det er likevel eg som er skurken.

Og kanskje er det derfor eg ikkje bloggar så mykje for tida. Eg har ikkje så mykje å seia. Kanskje er det noko med den liksomanonymiteten eg skriv under. Kanskje hadde det vore lettare å skrive under fullt namn, med tittel og arbeidsplass og bilde og full pakke. Så kunne eg i alle fall ta til motmæle.

Men nei.

Det er ikkje meg, det heller. Meg sjølv kan eg vera på fjesboka. Og på twitter ein merkeleg hybrid mellom privat og offentleg. Viss eg brått bestemmer meg for å gjera denne bloggen "offentleg", seier eg for mykje. Det står ting her som eg ikkje syns intervjuobjekt treng vita. Kanskje har dei som les her fast mistankar om kven eg er og kor eg jobbar, og det er ok (om enn spesielt sannsynleg - eg innser at eg ikkje akkurat er interessant). Det er noko anna å gjera det heile søkbart på namn.

Så der står eg, lei og frustrert, men utan tyngde til å ta igjen gjennom bloggen. Linkar eg til dama det gjeld, avslører eg meg sjølv, og tek eg til motmæle utan å kunna visa til heile forklaringa, opnar eg bare eit ormebol av det evig sydande journalisthatet som allereie gjennomsyrer store delar av bloggosfæren.

Så tja. Akkurat det er jo ikkje akkurat noko nytt. Journalistar er som politikarar, bare verre. Ein er aldri betre enn sin siste artikkel. Har du nittini rette, er det som forventa, som det burde vera. Har du ein feil, er du Verdas Største Dust. Eg veit jo det. Som regel bryr det meg ikkje, heller. Bare av og til, ein sjeldan gong. Som no.

Men men. Eg kom visst ikkje akkurat fram til noko. Men det var ok å skriva likevel. Fort, utan struktur og overordna tanke. Som før, kanskje.

Dermed, også som før, skal eg avslutta med å dela noko fint. Faktisk noko av det finaste eg veit, og særs passande no som det er sommar.

Værsågod! "Sjølandskap ved Saintes-Maries", av Vincent van Gogh:

Aaah! Vakkert!

søndag, juli 05, 2009

Tilknytningsfilm

Dave Eggers og Vendela Vida har skrive filmmanus saman! Flinke forfattarar og søte intervjuobjekt, begge to, så det er ein fin ting.

Det er det dessutan at Maggie Gyllenhaal (alias ho som skulle spelt meg i (den kjedelege) filmen om mitt (uinteressante) liv) er med! Ho spelar tilknytningsomsorgsmora LN:

"I loooove my babies! Why would I want to push them away from me?"


Hahhahaha! Eg ler meg i hel, og stiller meg først i køen når denne kjem til Norge!



(Ok, skal innrømma at den der tilknytningsomsorgslatteren kanskje blei litt intern. Men men. Det er min blogg, and I'll laugh if I want to).