fredag, september 21, 2007

Opptur

Eg er ikkje bare trist, altså. I dag har eg for eksempel fått øl og chips av reportasjeleiinga på jobben, i arbeidstida, og ledd masse av alt mogleg.

Av denne, for eksempel:


God helg, folkens!

mandag, september 17, 2007

Flink? Pøh!

Så er det ti dagar igjen på jobben. Eigentleg nærmare ni, om ein skal vera nøyaktig. Ikkje at det merkest, anna enn at sjefen i dag sa at "vel, dette er jo den siste uken din her!", og så rodde seg inn i eit halvhjerta surrete innlegg om kor fint det var at eg skulle vera lengre og bladibla då han fekk vita at nei, det er faktisk to.

Tryggleik to heile arbeidsveker fram i tid, tenk det!

Kikkar meg sjølvsagt rundt etter andre jobbar. Dei er som regel langt vekk, geografisk eller tematisk. Eller begge. Var nett på intervju for ein jobb eg ikkje vil ha, men har lyst å få. Uinteressante oppgåver, perifere i forhold til noverande framtidstankar, men ordna forhold og sikkert grei løn og alt det der. Ein jobb å få ungar i. Hadde vore fint å vita at eg kan få sånne jobbar sjølv om eg ikkje har lyst på dei.

Tilsetjingsstoppen i Dagbladet og NRK er uttalt og offentleg. I VG, Aftenposten, Dagsavisen, Nationen, Vårt Land, Klassekampen og andre aviser er han det i praksis - vikarane på dør, innstraming og nedskjering. "Joda, men du FÅR jo noko, du er jo så FLINK" seier folk - som om det har noko med saken å gjera. Det nyttar ikkje å vera flink om der ikkje er jobbar å få.

Er veldig klar over at eg sutrar no.

Eg er bare litt sliten av å høyra på folk i andre bransjar - folk som klagar over at dei "bare" får "korte" vikariat på eitt år om gongen (eit heilt ÅR!), og faktisk har hatt TRE vikariat før dei fekk fast jobb som 25-åring. Og at det bare er SÅ dårlege forhold - sist veke jobba dei FEM timar overtid (til skikkeleg løn og med moglegheit for avspasering!), og når dei tar ferie (ferie!!), må dei jobba SÅ mykje etterpå, osv osv osv. Eg har så enormt lyst å seia frå, setja i perspektiv, klaga mi nød. Men gjer det sjølvsagt ikkje.

Kall meg gjerne sur. Men eg er altså mest trist.

torsdag, september 06, 2007

Ingen stopp. Tvert om!

Og sidan eg framleis sit her på jobb og bloggar om trivielle ting medan eg gjer meg heilt ferdig med dagens dont, kan eg vel kosta på meg ein liten godbit til. Nemleg....

(tromtrommelitrommlommmtrommesolo)

Melkesjokolade med non stop!

To av favorittane mine! Saman! I same plata! På likt! Halleluja, eg trur det faktisk fins ein gud. I alle fall ein sjokoladefe eller noko.

Det er så nytt at ikkje eigong Freia sine mjølkesjokoladesider har klart å få det med seg, men nam nam, det har eg!

Jummi!

Rødt er det nye svart

Eg har nett drukke ein kopp rooibos-te "with black tea and spice flavour". Er ikkje det litt rart? Som Solo med colasmak, liksom?

Teen - "urtete med kryddersmak" på norsk - var for øvrig grei nok. Han smakar om lag slik India luktar, av ingefær, kardemomme og litt kanel. Eg manglar bare eit lass sukker og ein solid støyt h-melk, så blir det så autentisk som det kan få blitt.