torsdag, desember 20, 2007

2007

Det har vore eit roleg år på bloggefronten. Men oppsummera kan eg i alle fall gjera, i år som i fjor og i forfjor. Spørsmåla er dei same som sist. Eigentleg ein del av svara også.

1. Kva gjorde du i 2007 som du aldri har gjort før?
Innstilte meg på rein frilansing. Det var ei krevjande men lærerik erfaring, sjølv om ting ikkje blei som eg frykta då eg var på det mest vettskremte.

Haldt bryllupstale, til og med for bror min (og akkurat han håpar eg jo eg slepp å halda bryllupstale for igjen!)

Byrja i blandakor - som sopran(!) - etter å ha sunge alt til og med vidaregåande.

Fekk viljen min, og opplevde stor, men kortliva glede av den grunn, og desto større sorg etterpå.

2. Haldt du nyttårsforsetta dine? Vil du laga nye?
No driv eg framleis med ønske, ikkje forsett. Og nei, eg fekk dei ikkje. Men eg ønsker framleis, begge tinga.

Og alle forsett og tankar om intensjonar om å "jobba mindre" og "setja grenser" og "i alle fall ikkje sitja heile natta" og bla bla bla, går jo alltid åt skogen, så det har eg slutta med. Så det så.

3. Ble noen som står deg nær mor eller far?
Ja! Den næraste no nettopp. Fine, fine, babyen!

4. Døydde nokon som stod deg nær?
Ja. Svært svært nær. Og det er framleis så trist at eg ikkje har orka å prata stort om det. Eit stort, ømt, blødande sår.

5. Kva land har du besøkt det siste året?
Februar: Danmark
Mars: Zimbabwe, Zambia, Russland (Moskva)
August: Sverige
November: Marokko, Spania (Madrid)

Førstegongsbesøk i kursiv, noko som gir følgande kart:

6. Kva ønsker du deg neste år som du har sakna?
Fast jobb. Bombe, I know.

7. Kva datoar i 2006 gløymer du aldri, og kvifor?
3. og 24. november: høgdepunkt med kvart sitt forteikn.

8. Kva er det største du har oppnådd i år?
No blei det mykje jobbmas her, eg veit. Men faktisk - det lettast målbare i år er at eg har hatt jobb heile året...

9. Kva var din største nedtur?
24. november.

10. Har du vore sjuk eller skada?
Ja. Turistmage for første gong dei siste par dagane i Marokko, og dermed nokså ei nokså punktert oppleving av Madrid.

11. Kva var ditt beste kjøp?
Billettar til Afrika, det sørlege i påska og nordlege i november.

12. Hvem fortjener din hyllest for oppførselen sin?
Kjære, nære venner. Gode, varme Lyslugg, som klarer å tru på meg når eg tvilar sjølv.

13. Kven sin oppførsel gjorde deg nedstemt/lei deg?
Dei overordna på min noverande arbeidsplass.

14. Kva gjekk mesteparten av pengane dine til?
Som vanleg når eg får det spørsmålet, tenker eg "hm, pengar? Brukar eg pengar då?" Så det er vel leige, mat, kvardagslege ting igjen. Dessutan billettar til Afrika.

15. Hva gjorde deg veldig veldig veldig oppspilt og glad?
3. november.

16. Kva song vil alltid minna deg om 2006?
"Love will tear us apart" med Joy Division. Apropos ingenting, i grunnen.

Dessutan herlege, herlege Richard Hawley:



17. Samanlikna med denne tida i fjor, er du...
a. Gladare eller tristare? Litt tristare
b. Tynnare eller tjukkare? Om lag som før, trur eg. Går litt opp og ned i løpet av året, det der.
c. Rikare eller fattigare? Bittelitt rikare, trur eg nok.

18. Kva skulle du ønska du gjorde endå meir av?
Spontane kulturelle og kulinariske opplevingar, som uplanlagt frammøte på Litteraturhuset eller kafe eller kva som helst.

19. Kva skulle du ønska du gjorde mindre av?
Lurte på om eg har jobb neste månad. Per no er eg avklart ut januar. Wow. Fem heile veker!

20. Korleis vil du feira jula?
Heime på Jæren saman med mor, far, Lyslugg, Bror, Brors kone, Lyslyggs mor og Lysluggs søster(!) Sporty av dei to sistnemnte å takka ja til invitasjon - mora har truffe foreldra mine ei gong, men ikkje bror min og kona hans, medan søstera har truffe far såvidt men ikkje mor.

21. Vart du forelska i 2007?
Ja. På ein måte.

22. Kor mange one-night stands hadde du?
Ingen, så klart.

23. Kva var favorittprogrammet ditt på TV?
I fjor skreiv eg at eg ikkje hadde fått med meg stort, men at "Dawson's på devede er den klare vinnaren når det gjeld boksglaning - sjølv om me framleis ikkje er komne lenger enn sesong 2". Vel, no er me på sesong 4, og det seier i grunnen det meste om kor "mykje" TV me ser...

24. Hatar du nokon no som du ikkje hata på denne tida i fjor?
Nei. Hat er ikkje mi greie.

25. Kva bok er den beste du har lese i år?
Oj! Vanskeleg!

I utanlandsk klasse trur eg det må bli "Montecore, en unik tiger" av Jonas Hassan Khemiri, "Special Topics in Calamity Physics" av Marisha Pessl, "The Time Travelers Wife" av Audrey Niffenegger og "Den kommende verden" av Dara Horn som tek prisane.

I norsk blir det "Vinterbarn" av Oddmund Hagen, "Andvake" av Jon Fosse, "von Aschenbachs fristelse" av Jan Jacob Tønseth, "Borte en vinter" av Heidi Marie Kriznik og "Hässelby" av Johan Harstad.

For eksempel.

26. Kva var årets beste musikalske oppdaging?
Joy Division og Arcade Fire - årevis etter alle andre, så klart. Og Haddy N'jie! Fine fine dama.

27. Kva ønska du deg – og fekk?
Afrikaturar! Andre fine reiseopplevingar. Pustehol med venner og kjærast. Langsam tid.

28. Kva ønska du deg – og ikkje fekk?
Fast jobb. Igjen.

29. Kva var årets beste film?
Tja... Eg har då vitterleg vore på kino ganske så mange gonger, men hugsar sjølvsagt ingen titlar. Ikkje som "beste", i alle fall.

30. Kva gjorde du på fødselsdagen din?
Det veit eg ikkje, for den er om to dagar, på lørdag. Men eg skal i alle fall vera på Bryne! Og slappa av!

31. Kva enkeltting har gjort året mykje meir tilfredsstillande?
Tja... vettkje heilt eg. Har stor tru på mobiltelefonen eg veit eg får i fødselsdags- og julegåve om nokre dagar - tenk å ha ein telefon som ikkje konkar ut pga flatt batteri etter to minutts samtale! Men det blir jo for 2008. Og "tilfredsstillande"? Vel...

32. Korleis vil du beskriva klesstilen din?
Som i fjor og året før. Mykje t-skjorter og dongeribukser, ispeidd ein del skjørt og eit par kjolar. Lite sandalar og singletar grunna våt våt sommar.

33. Kva har halde deg i mental balanse?
Hehe. Det var den der definisjonen av "balanse" som kanskje er litt ute. Trur ærleg tala ikkje dette har vore mitt mest "balanserte" år. Men takk til alle som held ut med meg lell!

34. Kva for ein kjendis likte du best?
Svarar som før nokon av dei eg lika å intervjua: Arne Næss sr., Haddy N'jie og Ingrid Bolsø Berdal. "Kjendis"-statusen kan andre avgjera.

35. Kva i politikken har opprørt deg mest?
Klimakløner på andre sida av Atlanteren. Og her heime.

36. Kven saknar du?
Den eg kunne vore.

37. Kven var den beste nye personen som kom inn i livet ditt?
Den nye teatervenninna mi.

38. Fortel ein viktig livsvisdom du har lært i år?
Det er ikkje alt ein kan vera flink i. Av og til er det heilt andre makter som bestemmer, og det er ingenting, absolutt ing-en-ting!, å gjera med det anna enn å grina til ein er tom og koma seg vidare.

Til å vera såpass smart, synk sånne ting oppsiktsvekkande seint inn hos meg.

39. Ein songtekst som oppsummerer året.
Hold me
Just tonight
Sleep will tend me
Save me
From lonely hours
There's so many
And I won't get any sleep tonight


Frå "Valentine" - Richard Hawley

Årskavalkade:
Gå i bloggoversikta di og finn den første postingen i kvar månad i 2006. Post den/dei første setningen/ane i kvart innlegg. Summen av disse utgjer årskavalkaden din.


Januar: "Eg kan bare innrømma det først som sist, at det der forsettet mitt om å jobba mindre i 2007 enn i 2006, allereie er ein vits."

Februar: "Eg har jobba døgnet rundt siste tida, men no er eg tilbake. (Bank i bordet!"

Mars: "Februar 2007 vart visst den dårlegaste månaden i denne bloggens korte historie. Og mars ser ikkje så fælt mykje betre ut så langt."

April: "Du veit at du er heime i Norge igjen i det du vandrar gjennom ankomstområdet på Gardemoen og lukta av landets nasjonalrett står imot deg

Mai: "Jada, jada, eg lovar og lyg, om bilder og oppdateringar og afrikasoger og, sidan sist, moskvaeventyr."

Juni: "Eg sit på kontoret, som har vore Husgjestens soverom den siste månaden og skal vera det ei dryg veke til, og prøvar å skriva ferdig noko med deadline i morgon tidleg, medan eg fungerer som levande oppslagsverk og ordbok for dei på stova."

Juli: "Eg ryddar. Gjenstridige boksar som har overlevd i oversette hjørner sidan flyttinga førre sommar, klede inn i nymonterte trådkorger, og - som alltid - bøker bøker bøker inn i hyllene"

August: "Dette blir kjapt, for om få minuttar kjem allerkjæraste Lyslugg, som har vore vestpå i over to veker, endelig tilbake til meg, og det har eg gleda meg til lengelenge"

September: "Eg har nett drukke ein kopp rooibos-te 'with black tea and spice flavour'. Er ikkje det litt rart?"

Oktober: "Det er med blogging som med trening - fell ein ut av det, er det tungt å ta det opp igjen."

November: "Det var dette med denne jobbinga. Ikkje verdas mest interessante emne, eg veit, eg veit."

Desember: "Boomen frå i fjor har løya litt, men også i år kjem det småfolk til. Dette prakteksemplaret, med jærfar og tromsømor, kom på termindato"

Kven vil du utfordra?
Ingen. Også som vanleg.

Og med det vender eg tilbake til overtidsjobbinga. Kveldens mål er å vera ferdig før midnatt. Wish me luck!

tirsdag, desember 11, 2007

Nattskiftet igjen

Så mykje for dei «rolege desemberdagane» eg hadde sett føre meg i år.

Sit med frilansgreie eg burde hatt ferdig i går, og som i alle fall må vera ferdig til i morgon, og sparkar meg sjølv hardt i leggen fordi eg tok på meg ekstraarbeid når eg hadde meir enn 100% frå før, eg som for ei gongs skuld skulle nyta førjulstida.

På den andre sida har det skjedd mykje kjekt i det siste og, altså! Adventskonsert med koret første søndag i advent, julefest med herleg mat hos venninne lørdag, julekakebakeverkstad med fullt hus og stormande jubel heile gårsdagen til ende (altså søndag, 14-24) heime hos oss, og gløggdrikking og aleinesurring og trening innimellom- i alle fall så godt det let seg gjera mellom ekstrajobbing meg her og overtid meg der.

Denne veka vert det julefest onsdag, babybesøk og venninneøldrikking torsdag, og hyttetur til Finse fredag til søndag.

Puh!

Og med det vender eg tilbake til det faste programmet: Nattejobbing.

mandag, desember 03, 2007

Ny baby i gjengen!

Boomen frå i fjor har løya litt, men også i år kjem det småfolk til. Dette prakteksemplaret, med jærfar og tromsømor, kom på termindato (punktlig frå første stund!) 30. november.


Velkomen til verda, søta! Blir stas å treffa deg live!

torsdag, november 29, 2007

A. S. II

Eg er tilbake frå Marokko etter to herlege veker, og har både bilde og anna snadder eg kan dela når eg bare kjem så langt. Men først ein ny kortrapport frå Anonyme Sjokomane:

Med unntak av om lag ein halv Ritter Sport innkjøpt av Lyslugg og fordelt over feriens tre første dagar, går det fint. Veldig fint. Har verken kjøpt eller hatt spesielt lyst på sjokolade, og føler meg veeeeldig flink.

Jeee! Flink!

fredag, november 09, 2007

Målpassering

Fy flate.

Er det greit at eg skryt litt av meg sjølv, eller? Bare litt?

Okei då, masse.

For eg har vore så flink å jobba! Kjempeflink! Sidan onsdag forrige veke har det vore minst 13 timars innsats kvar dag (utanom søndag, kun 9 då) for å rekka over alt eg hadde teke på meg (pluss ein drøss ting eg ikkje huska å skriva opp då eg laga lista). 9-5 i den vanlege jobben, kveldsskift i den andre, ikkje i seng før tidlegast klokka to nokre av nettene - oftare nærare halv fire-tida. Igjen og igjen og igjen.

Og no er eg sliten, så klart. Men også glad. Eg klarte det!

Har dessutan vore i samtale med ei magasin om mogleg frilansing framover, utan eigentleg å føla så mykje om kor bra eller dårleg det gjekk, og så på bånn gass blodsmak-i-munnen-trening. Har ordna praktiske ting i forhold til ferien (FERIE!) me dreg på i morgon og to veker framover, og skal no sjå om eg orkar å kikka på søstera til Lyslugg si bacheloroppgåve.

Men no er det skjerpings framover. To veker ferie (FERIE!!), så er det slutt på sånn dobbeltbooking. Det er ikkje forsvarleg å jobba så mykje og gjera så få andre, kjekkare ting. Eigentleg ikkje i korte periodar, og definitiv ikkje i lengre.

Dermed: 10. november startar det nye, rolege livet! Bli med, bli med, på kafeturar og kinobesøk og tedrikking heime og lesing av bøker under pledd i sofaen! På turar ut i naturen i dagslyset i helgene, og innandørs trening i vekene! På skikkeleg mat og fine opplevingar og god god tid.

Ah! Dette kan bli bra!

PS: Så langt greier eg det med sjokoladen også!
PPS: Forresten har eg sikra meg eit fulltidsvikariat ut året, og pustar litt rolegare av det

tirsdag, november 06, 2007

A.S.

- Hei. Eg heiter Lin, og eg er sjokoman.

- Hei Lin!

- Det er no tre dagar sidan sist eg åt sjokolade.

- *Applaus*

- Men det går ikkje ein dag utan at eg tenker på det.

- Hald ut, Lin! Du klarar det, Lin! Ta livet ditt tilbake, Lin!

- Takk for støtta. Eg skal prøva. Hardt.



Sukk...

mandag, november 05, 2007

Som to dropar

Hm. No har eg fått ikkje ei, men to meldingar frå meir eller mindre perifere kompisar som vil eg skal sjekka ut denne videoen:



Ingen av dei kjenner kvarandre, men begge hadde same poenget, her formulert av den eine: "du bare MÅ se, for du er KLIN lik hu dama i videoen!"

Så om nokon lurar på koss eg ser ut, ligg fasiten her. Plystra kan eg også.

fredag, november 02, 2007

Ikkje akkurat 9 til 5...

Det var dette med denne jobbinga. Ikkje verdas mest interessante emne, eg veit, eg veit. Men det er ofte når det tårnar seg opp som no, når eg burde bruka all energi på å jobba og få kryssa ting av lista, at eg får lyst å blogga. Eine og aleine for å klaga mi naud, så klart - it's my party and I'll cry if I want to og sånn. Det er jo min blogg...

Dermed er det på tide med ei liste igjen, av den typen eg har laga før, første gongen skulle eg til Tunisia, andre gongen då eg skulle til India.

No skal eg til Spania og Marokko (hurra!) - avreise lørdag 10. november, heimkome fredag den 23. Gler meg enormt, til Gibraltar og Casablanca og Fés og Marrakesh og kanskje kameltur i ørkenen og fri fri fri.

Men først er det jobb som må gjerast. Sidan eg blei kasta ut der eg ønska å vera, og blei frilansar, har eg nemleg (surprise, surprise!) teke på meg meir arbeid enn eg burde. Syns liksom ikkje eg kan seia nei heller, i denne fasen.

Dermed treng eg å sortera litt i toppen no:

Før avreise må eg:

* gjera ferdig ekspertsak, jf hovudtema (KA) - Så godt som i boks tysdag kveld, ferdig onsdag
* finna case til anna temasak, case (KA) - Puh! Endeleg! Avtale torsdag kveld i Sandefjord i boks
* skriva ut rep'en basert på caset (KA) - Levert fredag 14.00
* helst skriva ny rep om barn etc, jf respons på tidl. sak (KA) - Vekkdelegert, hurra!
* faktasjekka og vera med på deskinga av allereie levert stoff (KA) -Fortløpande
* intervjua 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9, 10 red'ar for tekstar om deira verk (forlaget) - Siste i boks onsdag ettermiddag
* skriva 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9, 10, 11, 12, 13, 14, 15 tekstar basert på intervjua (forlaget) - Siste sendt natt til fredag kl 02.15
* gå gjennom 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9, 10, 11, 12, 15 tekstar med forlagsdame, laga endeleg versjon (forlaget) - Løpande kontakt, endeleg versjon ok natt til fredag
* komplett språk- og innhaldsvask på katalog (forlaget) - Sendt natt til fredag kl 02.45
* lesa og anmelda utanlandsk roman, 373 sider (avisa) - Meldinga sendt mandag, kl 00.25
* lesa og anmelda norsk roman, 90 sider (avisa) - Meldinga sendt tysdag, kl 00.45
* lesa og anmelda dokumentarbok , 312 sider (avisa) - Bør prata med red. om denne. Går neppe...
* skriva (kort?) arbeidsprøve for å auka sjansen for framtidig frilansoppdrag (magasin) - Møte fredag kl 15, wish me luck!

Sidan eg er tilsett 100% i KA og forlaget reknar sitt oppdrag som 100% for ei veke, har eg 200% jobb no. Pluss ca 25?% som bokmeldar.

Hm. 225% altså.

Det skal bli greit med ferie etter denne veka...

onsdag, oktober 31, 2007

Å joda, absolutt noko

Nemnte eg at eg har fantastiske venner? Eg gjorde det, sant? For det bør nemnast, igjen og igjen.

* Ahem. Drumroll, pleeease: *

Vennene mine er BEST! Betre enn det! BESTAST!

Koss skulle eg elles fått meg billett til Kent-konsert, kanskje? Eg, som knappast hadde fått med meg at dei skulle til Oslo ei gong før billettane var vooosj vekk?

Enter venninne med forbindelsar, og vips! Billett likevel!

Hipp hipp hurra!



Ingenting
Först kom ingenting
Sen kom ingenting
Sen kom ingenting
men ingenting är (ingenting, inget, inget)
De jävlarna tog oss
en efter en
De ljög och bedrog oss
med sanningen
De jävlarna tog min älskling där
Från krönet av kullen kan jag se
min förlorade värld

Jag ska göra nånting
Jag ska slå er med häpnad
Gå över en gräns
Jag ska bryta mig ut
Jag älskar dig så
som att vara beväpnad
Och under belägring kan jag skjuta dig ut

Ingenting
Först kom ingenting
Sen kom ingenting
Sen kom ingenting
men ingenting är (ingenting, inget, inget)
De jävlarna tog oss
en efter en
De ljög och bedrog oss
med sanningen

De jävlarna tog min älskling där
Från krönet av kullen kan jag se
min förlorade värld

tirsdag, oktober 30, 2007

Where's Tino?

Eg veit at eg pusha ein artikkel frå New York Times i går også, men klarer ikkje dy meg i dag heller. Eg meiner, les:

To claim that “My So-Called Life” is great, watershed television is to say something so firmly ingrained in the conventional wisdom that it hardly bears repeating. The series brought us the experience of adolescence outside the bounds of artifice, peril and pathology that had provided the context for nearly every other depiction of teenagers on television. Here what it meant to be 15 was not to discover that you suddenly had to raise your 6-year-old sister or that you might be pregnant with twins but merely that you suffered everyday indignities: overhearing people talk behind your back, the plop of a grim-looking lump of mashed potatoes on a pallid cafeteria tray.

“My So-Called Life” took us deeply inside the head of a decidedly middle-class girl whose grievances with the world were confined to an aching crush, the wish that her mother wouldn’t insist on well-balanced meals and her belief that social studies ought to be less boring. [...]

The great postwar novels of adolescence deal with innocence lost; “My So-Called Life” deals with innocence sustained, but it offers a no-less-illuminating view of what it is to be young because of it.


Ja!

Sidan eg har verdas beste venner, fekk eg DVD'ane til jul allereie i fjor, og sett fleire av episodane fleire gonger. Dessutan lånt ut til venner, og slik delt godbitane (ah, Jordan Catalano, aaah!) med fleire. Men dei som ikkje er så heldige, kan no kjøpa sine eigne, i ein kjekk liten boks. HosPlatekompaniet, f.eks.

Hurra!

Det einaste som er dumt, er at det bare blei laga 19 episodar...

mandag, oktober 29, 2007

God, betre, vinnar

Då er var yngre, trudde eg det var viktig å vera god på skulen. Ikkje bare god heller, men best. Best i klassen, definitivt, og eigentleg best på skulen i same slengen.

«Best» betyr best karakter. Logikken er sånn, at om du har vist det èi gong at det går an å få 6'ar (eller S før det) på ein prøve, så betyr det at du bør få 6 alltid på prøvane i det faget, og til slutt 6 i standpunkt og på vitnemålet. Gjer du ikkje det, betyr det at du er dårlegare enn deg sjølv, og det er faktisk ikkje akseptabelt. Kva blir det neste då, liksom? 4'ar?!?

Det var ingen som hadde fortalt meg dette. Eg hadde funne det ut heilt sjølv at det var slik ting hang saman. Så var det heller ingenting å prata så høgt om. Eg fekk mine 6'arar, trente symjing 20 timar i veka, song i kor og jobba som badevakt. Las bøker og gjekk på kino, og gjorde det som er venta av ein tenåring i heimen.

Alt utan problem. Eg var sliten, så klart, men kven er vel ikkje det? Truleg jobba eg uansett mindre enn mange andre gjorde for mykje dårlegare resultat.

Kanskje gjekk det greit nettopp fordi eg i alle fall oppfatta det som sjølvpålagt press. Det var ikkje lærarane som sa at eg måtte jobba hardare, strekka meg lenger, at bare 6'ar var godt nok. Ikkje mor og far, ikkje andre slektningar, ikkje venner eller kjente. Det var eg. Eg forstod jo at gode karakterar gir ein slags type prestisje, men også at gode skuleresultat i sosialdemokratiske Norge også var noko litt suspekt. Noko sært, i grunnen, og eit mogleg hint om uvanleg velutvikla evne til smisking.

Så når eg les denne artikkelen i New York Times i dag, om rektoren på ein prestisjetung amerikansk vidaregåande skule i eit betre strok av Boston som går ut og seier at elevane er under for mykje press - så mykje at dei blir stressa - så prisar eg meg glad og lukkeleg over at eg tilfeldigvis blei fødd i Noreg, ikkje USA.

Nettopp fordi eg veit så enormt godt kva han snakkar om. Eg huskar eg tenkte på det også då eg var i USA, både som 16-årig high school-elev og som 22-årig student. At «dette systemet, det er skapa for sånne som meg. For vinnarane, dei som klarer å oppretthalda eit A+ average og make honor roll samtidig som dei er flinke i idrett, driv på med musikk og helst involverer seg eit par andre aktivitetar også i tillegg til jobb. Community service og slikt.»

Det var fleire av typen på den high school'en eg gjekk på. Stephanie, for eksempel, som var anchor på det direktesendte morning showet som gjekk ut i alle klasseromma før skuledagen starta (=høg populærfaktor), kaptein på tennislaget (=individuell idrett), solist i show choir (=det mest prestisjefylte koret), solodansar i ein musikal eg har gløymt namnet på (=sceneutstråling!), og med på dean's list som ramsa opp dei ti prosenta av elevane som hadde høgast karaktersnitt. Som fekk eittelleranna stipend til eittelleranna prestisjefylt universitet - eg har gløymt kva for eitt – (men det var ikkje Columbia, eg huskar ho var lei for det), og sikkert graduated med dei beste papira derifrå.

Pluss ein heil skokk andre, gutar og jenter, som klarte den balanseøvinga det er å vera best. Best på skulen, best i idrett, best i musikk, best i spirit, best i alt. Sikkert best i karriere og familieliv også, når dei kjem så langt.

No er det som kjent sånn i USA, at ein kjem langt med å vera skikkeleg god i èin ting også. I alle fall om den tingen er idrett, helst ein av dei mest prestisjetunge (football, basket, baseball, hockey). Men der som her, kjem ein lenger om ein er god i fleire. Oftast mykje lenger.

Hadde eg vore amerikansk og gått på skulen i NYT-reportasjen, hadde eg sikkert fnyst av den blaute rektoren, som vil sy puter under armane på middelmådige studentar. «Eg treng ikkje avslapping, eg klarar meg heilt fint» ville eg sikkert tenkt - og på eitt plan hatt rett. Eg trur nemleg eg hadde takla det heilt fint, det amerikanske systemet. Presset. Trur eg har rett i at sånne system som passar fint for sånne for meg, og at eg kunne blitt ein einar - a winner - i det. Eg har dessutan skikkelege foreldre som garantert hadde spara pengar til universitetsutdanninga mi - framtida ville vore sikra, med og utan scholarships. Helst med. Alt eg hadde trunge å gjera, var å halda oppe dampen frå vidaregåande. Ikkje bruka studietida på å finna ut at det eigentleg ikkje er så himla viktig å vera best, slik eg faktisk gjorde.

Men ville eg vore lukkelegare av å vera ein amerikansk vinnar? Neppe. Klokare? Trur ikkje det, heller.

Ein kan seia mykje om det nordiske likskapsidealet, og eg skal vera ein av dei første til å innrømma at eg brukte sikkert 75% av skuletida mi på å kjeda meg halvt i hel fordi stoffet var for lett og progresjonen for sakte. Men det har absolutt sine verdiar som er verdt å ta vare på.

Forståinga av at menneskeverd ikkje kan målast i karaktertal, for eksempel.

søndag, oktober 28, 2007

Long lost friend

Det er med blogging som med trening - fell ein ut av det, er det tungt å ta det opp igjen. Det er så mange ting eg gjerne skulle skrive om, gjerne skulle fortalt, men så orkar eg ikkje fordi eg då også må ut med forhistoria, og det gidd eg ikkje.

I staden skal eg fortelja om noko av det finaste som har hendt meg på lenge. Det skjedde i går tidleg, då eg fekk ein mail. Dvs, mailen var frå natt til lørdag, norsk tid, men eg las han altså i går morges, før frukost og joggetur på Ekeberg. Slik såg den ut:

[Namnet mitt],
Were you an exchange student at Webster High School? If so, I don’t know if you remember me. If not, I’m sorry to bother you.
Best, [Namnet hennar]


Gjett om eg var! Og gjett om eg huskar henne! Den tynne, rare, jenta som sat rett framfor meg i psykologi, og som eg hadde gym saman med annankvar dag. Ho som skreiv alle notata sine med STORE bokstavar, for "det er det kreative folk gjer", og som lærte seg norske barnerim og "eg hatar gym" utanat. Jenta som i dag, viser det seg, er gift med ein franskmann og mor til ei skjønn jente på snart to år.

Wow. At det er mogleg, 13 år etter forrige møte! Me har maila fram og tilbake heile helga, like boblande sjokkglade begge to, over at me fann kvarandre. Ingen av oss hadde eigentleg venta det, så gleda er desto større.

Plutseleg er eg tilbake til upstate New York, landet ved dei store innsjøane ved grensa til Kanada, kor det snødde metervis om vinteren og me derfor fekk fri frå skulen, snow days, rett som det var. Til gule skulebussar, sal av donuts til frokost, til rare tullefag og amerikanske highschoolklisjear og alle ting for første gong. Til første gongen eg smaka brownies, smaka bagels, smaka så mange ting. Til dei første skikkelege skuleballa, første bussturane til korfestival i Boston og musikalbesøk i Toronto, første forståinga av at eg kan vera akkurat kven eg vil, for her er det ingen som kjenner meg frå før. Første gong i New York City, første Halloween, første jul heimefrå, første sååå mange ting.

Som regel når eg lengtar til USA (og det gjer eg jo ganske så ofte), er det Seattle eg vil til. Men no kom eg liksom på upstate NY også. Dei store hagane i suburben, fulle av badebasseng og svartgrå ekorn og ungar og grillande fedre. Køyringa til symjetrening, med I'm a loser baby so why don't you kill me på anlegget og pit stops på Taco Bell og Wendy's. Symjestemna over heile delstaten, kor foreldra til Sarah, mormonane, insisterte på at eg skulle ligga gratis på deira rom, og mora Anne ønska at også eg var dottera hennar. Til den søte vertsfamilien som gjorde alt for at eg skulle ha det bra sjølv om dei totalt mangla evne til sjølvrefleksjon og forståing for at andre folk med andre meiningar også kan vera bra menneske.

Og det er sjølvsagt litt melankolsk, all denne mimringa, for kva har vel ikkje gått tapt av ungdommelig uskuld og overmot sidan 1994? Men mest er det godt. Godt å vita at det fortida skjedde. At ho sette spor i meg. Og at eg sette spor i henne. At det faktisk finst folk der ute som deler minne frå Webster, NY, skuleåret 1993/94.

At eg ikkje er aleine. Ikkje med det heller.

fredag, september 21, 2007

Opptur

Eg er ikkje bare trist, altså. I dag har eg for eksempel fått øl og chips av reportasjeleiinga på jobben, i arbeidstida, og ledd masse av alt mogleg.

Av denne, for eksempel:


God helg, folkens!

mandag, september 17, 2007

Flink? Pøh!

Så er det ti dagar igjen på jobben. Eigentleg nærmare ni, om ein skal vera nøyaktig. Ikkje at det merkest, anna enn at sjefen i dag sa at "vel, dette er jo den siste uken din her!", og så rodde seg inn i eit halvhjerta surrete innlegg om kor fint det var at eg skulle vera lengre og bladibla då han fekk vita at nei, det er faktisk to.

Tryggleik to heile arbeidsveker fram i tid, tenk det!

Kikkar meg sjølvsagt rundt etter andre jobbar. Dei er som regel langt vekk, geografisk eller tematisk. Eller begge. Var nett på intervju for ein jobb eg ikkje vil ha, men har lyst å få. Uinteressante oppgåver, perifere i forhold til noverande framtidstankar, men ordna forhold og sikkert grei løn og alt det der. Ein jobb å få ungar i. Hadde vore fint å vita at eg kan få sånne jobbar sjølv om eg ikkje har lyst på dei.

Tilsetjingsstoppen i Dagbladet og NRK er uttalt og offentleg. I VG, Aftenposten, Dagsavisen, Nationen, Vårt Land, Klassekampen og andre aviser er han det i praksis - vikarane på dør, innstraming og nedskjering. "Joda, men du FÅR jo noko, du er jo så FLINK" seier folk - som om det har noko med saken å gjera. Det nyttar ikkje å vera flink om der ikkje er jobbar å få.

Er veldig klar over at eg sutrar no.

Eg er bare litt sliten av å høyra på folk i andre bransjar - folk som klagar over at dei "bare" får "korte" vikariat på eitt år om gongen (eit heilt ÅR!), og faktisk har hatt TRE vikariat før dei fekk fast jobb som 25-åring. Og at det bare er SÅ dårlege forhold - sist veke jobba dei FEM timar overtid (til skikkeleg løn og med moglegheit for avspasering!), og når dei tar ferie (ferie!!), må dei jobba SÅ mykje etterpå, osv osv osv. Eg har så enormt lyst å seia frå, setja i perspektiv, klaga mi nød. Men gjer det sjølvsagt ikkje.

Kall meg gjerne sur. Men eg er altså mest trist.

torsdag, september 06, 2007

Ingen stopp. Tvert om!

Og sidan eg framleis sit her på jobb og bloggar om trivielle ting medan eg gjer meg heilt ferdig med dagens dont, kan eg vel kosta på meg ein liten godbit til. Nemleg....

(tromtrommelitrommlommmtrommesolo)

Melkesjokolade med non stop!

To av favorittane mine! Saman! I same plata! På likt! Halleluja, eg trur det faktisk fins ein gud. I alle fall ein sjokoladefe eller noko.

Det er så nytt at ikkje eigong Freia sine mjølkesjokoladesider har klart å få det med seg, men nam nam, det har eg!

Jummi!

Rødt er det nye svart

Eg har nett drukke ein kopp rooibos-te "with black tea and spice flavour". Er ikkje det litt rart? Som Solo med colasmak, liksom?

Teen - "urtete med kryddersmak" på norsk - var for øvrig grei nok. Han smakar om lag slik India luktar, av ingefær, kardemomme og litt kanel. Eg manglar bare eit lass sukker og ein solid støyt h-melk, så blir det så autentisk som det kan få blitt.

onsdag, august 29, 2007

Dommens dag

Dagens finaste melding:
(på mail frå pressekontakt, klokka 14.29)

"tullevikariat er dumt. håpar det ordnar seg. du er bra for [avisa]"


Dagens kjipaste melding:
(på sjefens kontor, klokka 15.20)
"Jeg kan gi deg et vikariat ut september. Etter det er det slutt"


Så det var det.

Eg har jo visst det. Eg trudde eg var førebudd på det kunne skje. Eg innbilte meg eg hadde kontroll.

Og eg tok feil.

Feil. Feil. Feil.

Kor er holet ein kan gøyma seg i når ein treng det?

mandag, august 27, 2007

Bli ny

Sidan sist har eg klypt av meg cirka 15 centimeter hår.

Det anbefales.

Frisøren hadde fullstendig panikk og trudde eg var den nye Britney Spears eller noko.

Men det var eg ikkje. Fint, blei det!

onsdag, august 22, 2007

Det som tel

Så står du der då, på ein av desse forlagsfestane. Og du pratar litt med den eine og meir med den andre, bokryggar og bylines og folk du aldri har møtt og kjem til å gløyma heilt til også dei hoppar fram frå ein bokrygg eller forlagsfest og seier hei, me møttes på Gyldendal, eller Cappelen, eller kordetnovarigjen ifjorellervardetiforfjor, eggløymersålettslikt, dei flyt inn i kvarandre desse festane, og takkforsistogkvaskjer?

Og du tenker at joda, det er bra dette. Det er faktisk det. Du får det til. Du flyt. Det er ikkje det at det ikkje er vinen, for joda, sjølvsagt er det den også, du blir jo litt brisen, litt småfull, og er det framleis medan du skriv dette. Og kanskje er du hakket lettare, hakket morsommare, hakket vassare med litt kvitvin innabords, og du rekk jo å tenka at akkurat Damm sin vin faktisk er bra, meir enn bare drikkbar som forlagsvin pleier vera.

Men det er ikkje bare det heller. Det er du. Faktisk. Det er du som står der og pratar, og ler, og lyttar, og tullar og er seriøs. Ærleg og uærleg, alvorleg og fjåsete. I eit brått glimt merkar du det, det du tenkte at aldri ville koma. Det du ikkje eigong visste at du ville skulle koma. Kjensla av å høyra til. Av å vera inne.

Og når du skriv desse linjene høyres det ut som om det har vore målet. Og det har det ikkje. Har det aldri. Men når sjansen byr seg, er du klar. Klarare enn du visste. Gladare enn venta. Varmare inne enn ute. Ikkje fordi du prata med den viktigaste, den mest kjente, den klokaste eller morsommaste. Ikkje fordi du sjølv sa så mykje viktig, klokt eller morsomt. Du var med, og det er bra. Du fiksa, og det er betre. Du er modig.

Sånn. Så var det sagt. Du er faktisk det, modig. Du torer å gå sjølv om du er aleine. Utan livbøye, støttekontakt. Du rekker ut handa, du seier hei, du stoler på at den andre vil ta ho, vil seia noko, vil møta akkurat deg. You've come such a long long way baby. Du har fått fanmail tidlegare om dagen, takk for fine bokmeldingar, du er modig og ærlig og det er så uendeleg mykje meir enn mange vågar, eg håpar du held fram for du skal vita du betyr noko for nokon, og tenkt at er det ikkje rart, dette med å bety noko for nokon. Dei må jo meina det?

Så, brått, er det nok. Lokalet er i ferd med å tømmast, men det er ikkje derfor. Du har nådd grensa, fått metta di, sett det du ville sjå og gjort meir enn du ville gjera. Du har ete fingermaten, drukke vinen, høyrt på talen og fått so much more than you ever bargained for. Du takkar fint nei til han søte debutanten som lurte på om du treng følge heim, for er det noko du ikkje treng, er det jo følge heim, og du fyllesjanglar ned i mørket, aleine på den smale stien ned frå Ekebergrestauranten, gjennom gravlunda, heilt heim til sjuande etasje. Og du er ikkje redd, for kvifor skulle du vera redd, du er jo heime, du er jo trygg, mørket passar på deg, og byen vaktar stega dina.

But do you know that tonight the streets are ours, tonight the streets are ours, and these lights in our hearts they tell no lies syng herlege Richard H., og det kan vera akkurat så kvasi, så klissete, så nostalgisk og innsmigrande det bare vil, for det er sant, sant, sant. Gatene er dine, dei er våre, dei tilhøyrer alle som kjenner det slik du kjenner det akkurat no, alle som kjenner det skjøre, det svevande, det vakre uuttalte. Kjærleiken i lufta, i hjarta, i fellesskapen. I byen og folka.

Og når du er halvvegs mellom toppen og dalen stoppar du og lenar deg mot rekkverket og skodar utover byen, slik du elskar, slik du gjer kvar kveld. Og vinkelen er litt ny og litt gammal, og byen er det same, og du kjenner at det er godt. At alt er godt. At det er er her, no, du skal vera. Ei overveldande kjensle av tilhøyrsle. Klissete, nostalgisk, bada i innsmigrande baryton, og likevel rett rett rett. Her. No. Det er det som tel, det som tel.

Det som tel.

mandag, august 20, 2007

Dette er ditt liv

Så, kva skjer?

- Jobbing.
- Mekking av video til litlebror sitt bryllup lørdag (note to self: du har i alle fall valt redd medium! levande bilder er ikkje mi greie)
- Bryllupsmas generelt (note to self: nok eit argument mot å entra den standen!)
- Jobbing.
- Stockholm! Herleg langhelg med 25 grader og sol i fine fine byen, saman med Lyslugg. Den delen av meg som tenker eg burde budd der ei stund, er lett å vekka.
- Grasenkestatus igjen og igjen medan same Lyslugg fartar Europa rundt på diverse konferansar.
- Jobbing.
- Boklanseringar og forlagsfestar opp og i mente. Samlaget og Gyldendal sist veke, Cappelen i dag, Damm i morgon og Aschehoug torsdag. Prøver å vera flink jente og faktisk gå i år, eg som har det med å skulka unna slike festlege samkomer.
- Konsert med herlege Richard Hawley på Blå, nett komen heim derfrå.
- Jobbing.
- Ei distinkt kjensle av at sommaren er over. At han faktisk aldri stakk innom i år. Og at det er ok. Det kunne faktisk vore verre.
- Få, men fine folk.
- Jobbing.
- Ingefærsylting av pærer(!) og generell utprøving av ting eg aldri hadde trudd at eg nokonsinne kom til å laga. Gamliskvalitetsmat.
- Love is all around me. And so the feeling grows.

... sånn kort oppsummert.

tirsdag, august 07, 2007

Blått!

Dette blir kjapt, for om få minuttar kjem allerkjæraste Lyslugg, som har vore vestpå i over to veker, endelig tilbake til meg, og det har eg gleda meg til lengelenge.

Men eg skulle bare kunngjera følgande til alle oslobuar: Det er masse blåbær i skogen no!

Gå og plukk!

Eg er ikkje så van med blåbærplukking sjølv, oppvaksen på gjennomdyrka og skogfattige Jæren som eg jo er. Men når sørlandsvenninner dreg meg med, for øvrig dagen etter ein litt fuktig kollegamiddag med påfølgande ut-tur og nachspiel, blir eg med.

Og det er så fint i skogen no! Halv- eller heilgrått ver inga hindring, det er blått i blått, og kjekt å plukka.

Så er de i det minste informerte.

tirsdag, juli 24, 2007

Sommaren 2007

Eg ryddar. Gjenstridige boksar som har overlevd i oversette hjørner sidan flyttinga førre sommar, klede inn i nymonterte trådkorger, og - som alltid - bøker bøker bøker inn i hyllene. Då dukkar det sjølvsagt opp eitt og anna. Veska eg alltid brukar på stranda, for eksempel. Innhald: solkrem, leppepomade, halvfull farrisflaske og ei avis. Eit søndagsdagblad, for å vera nøyaktig, datert 6. august 2006.

Og det oppsummerer i grunnen årets sommar ganske bra.

Før han starta, lova eg på ære og samvit at i år, i motsetnad til i fjor, skulle eg vera flink å skriva fort, levera tidleg, og koma meg ut i sola så snart eg kunne etter jobb. At eg ikkje skulle ha ferie trengte ikkje bety at eg ikkje fekk min del solstråler, tenkte eg, og gleda meg til båtturar ut på byøyane, sykkelturar til Sognsvann, parkhenging og balkonggrilling.

Optimist, det skal eg ha!

Eg har sjølvsagt ikkje klart å halda løftet. Det har blitt minst like mange dagar som vanleg i sommar. Faktisk ein del endå lengre, sidan eg har vore på reportasjeturar fjern og nær, utan overnattingar men med mangetimars køyring i kvar ende. Bare urutinerte vikarar på jobb, og dermed meir å gjera på kjemperutinerte (ehrm) meg. Hakket færre bøker å anmelda, men det er i grunnen einaste forskjellen på no og resten av året.

Og så dette veret.



Eg veit ikkje heilt eg. Sjølvsagt er det kjipt med regn når ein venta sol. Og late ettermiddagar på stranda hadde sjølvsagt vore kjekkare enn lange timar på kontoret, sveittande over nok ein halvtynn agurkkompott. Men eigentleg, heilt ærleg, syns eg det er litt greit og. Det svir litt mindre å vera den einaste i heile vennekrinsen som jobbar sommaren gjennom når den eine etter den andre sender postkort om at teltturen regna vekk, hytteferien blei til ein inneklemt affære med for mange slektningar på for få kvadratmeter, eller at festivallivet eigentleg ikkje er stas når det også medfører forkjøling og neglesprett.

Eg burde heilt sikkert ikkje skriva det, ikkje minst sidan fleire av dei det gjeld pleier stikka innom bloggen innimellom. Og eg ser jo at det er ei fattig trøyst, sidan endå fleire sender postkort frå varme strender i sørlege strok, eller happenin' storbyar i land eg likar. Men likevel. Det må vera min indre jærbu som står 'an av. At sommaren regnar vekk og topptemperaturen kjem to uventa dagar tidleg i juni er ikkje spesielt originalt på sørvestlandet, og ikkje verdt dei største overskriftene. Det er trass alt bare her austpå at folk planlegg grillfestar tre veker på førehand, og blir sjokkerte om det regnar den valde datoen.

Dermed, utan meir prat:

Tolvbra ting med sommaren 2007

* Kjøping og planting av balkongkassar. Urter og blomar i frodig forening, kjærleg påpassa og (regn-)vatna, med knoppskytande resultat.
* Hurtigbading i - skal me seia friskt? - vatn.
* Heime-aleine-kveldar når Lyslugg er på konferanse eller tur, tekopp i handa, regn på ruta.
* Skikkelege middagar, vin og dessert, utan å føla at ein burde vore ute og grilla eller ete salat på utekafé.
* Seine kveldar med sjølvvalde bøker, ikkje avbrotne av alle desse som må hurtiglesast fordi det er jobb.
* Tid til huspusling, utan å irritera seg over at ein må vera inne og ikkje får nytt sommarsola.
* Lange fredagspilsar med søte sommarvikarar.
* Herleg langhelg på Jæren, med sol og St.Hans, venner og stor open himmel.
* Null behov for nye klede og tilhøyrande butikkbesøk, sidan den vanlege vår- og hausthabitten gjer nytta.
* Kjensla av at alt finver bare er ein bonus.
* Sykling gjennom bil- og folketomme gater om morgonen, så pyttane skvett rundt gummistøvlane.
* Overtid som skal sparast til avspasering. Eg lovar!
* Allerkjæraste Lyslugg. No som alltid.

I morgon tek eg turen til Jæren igjen, for det første av sommarens to bryllup. Gler meg til togturen dit, seks timar aleine med poden og stilla. Lyslugg er i Bergen, men til helga får eg sjå han igjen. Seinare er det planar om stockholmstur, diverse festar, og sikkert ein hyttetur og to.

Joda. Bra sommar.

fredag, juni 29, 2007

Kræsj!

Folk driv og går på veggene rundt meg. Ikkje konkret, dessverre - hadde det bare vore så vel. Ei skrame i pannen og kanskje litt naseblod, og ferdig med den saka. Nei, dei kræsjar full fart inn i den altfor kjente no-er-eg-fullstendig-utslitt-og-orkar-ikkje-lenger-den-lettaste-ting-og-i-alle-fall-ikkje-å-gå-på-jobb-veggen.

Det er tydelegvis ingen lettvegg, heller.

Siste offer ut er ein av kollegaene mine, som har vore sjukmeldt i rundt ein månad no. Først trudde han det var ein slags allergi, kanskje, så ei forkjøling. Eller kanskje ei influensa eller noko? Han sjukmeldte seg "for eit par dagar", og fire veker seinare er han framleis ikkje tilbake. Sist me ringte han, forrige veke, høyrtes han ut som han prata frå enden av ein lang tunell. "Eg orkar nesten ikkje å stå opp", sa han. Og "eg ser ikkje føre meg koss eg skal orka å nokonsinne lesa ei avis igjen, langt mindre skriva i ho".

Og eg blir redd.

Sjølvsagt blir eg det. Den eine dagen er ein på jobb, smilar og ler og leverer oppslag så det står etter, den neste orkar ein knappast å stå opp. Rett nok hadde han lenge virka litt sliten, litt treigare i avtrekket enn vanleg, med litt for mange dagar kor han sat på kontoret til sju og åtte når han burde gått heim i firetida. Men likevel. Neppe noko verre enn eit par friveker i juli burde kunna fiksa, tenkte alle. I den grad me tenkte noko særs om det.

Og så eg då, som også surrar og virrar med saker til tider. Som også har dagar kor eg er på jobb til sju og åtte fordi konsentrasjonen for lengst har teke sommarferie og reist på tur til Syden, minst, og eg ikkje klarar samla meg om den enklaste kosegladsaka eller skriv-av-og-krediter-andre-notisen. Ikkje før eg må, før eg har gått endå ein runde for å fylla vatn på flaska, eller surfa endå ein gong innom diverse nettstader. Eg som sit om nettene og kveldane med ting eg ikkje torer innrømma for sjefen at eg ikkje fekk gjort ferdig mellom ni og fem. Men som held ut og smiler og tenker at det ikkje gjer noko, fordi eg har så stor arbeidskapasitet.

Eg har det, har eg ikkje?

Men det trudde vel kollegaen min også, om seg sjølv? Trur me ikkje alle at me klarer, at me taklar, at me orkar og får til? Er det ikkje derfor folk plutseleg kjenner det singla i metaforisk murpuss, og plutseleg ligg der utan å makta? Eg trur liksom at eg er så godt vaksinert mot denslags sidan eg eigentleg er så lat, og kviler så godt når eg kviler, totalt utan å tenka jobb og oppslag og potensielle saker og slikt, men det trur vel alle?

Tenk om det ikkje er nok?

Eg hadde eittårsjubileum på noverande arbeidsplass tysdag, etter å ha klora meg fast i fem korte men stort sett samanhengande vikariat så langt. To månader her, tre månader her. Fordi folk er sjuke. Fordi dei går på veggar og slit ut armsener, eller får ordinære influensaliknande greier som varer og varer av uvisse grunnar, mest truleg generell slitasje.

Og det er ironien:

Så lenge folk kræsjar i veggen, har eg jobb. Så lenge eg har jobb, veit eg ikkje om eg sjølv kjem til å møta murpussen.

torsdag, juni 14, 2007

Til skogs!

Du huskar Tori? Både at CDen var bra og at ho skulle koma til den norske skogen?

Vel, etter det har følgande skjedd:
1) Eg vil på festival, og spør mange om dei vil gå med meg. Tori, jee!
2) Folk seier nei. "Ikkje råd" osv. Folk, buu.
3) Eg er usikker på om eg skal gå aleine, og bestemmer meg for at ja, det skal eg. Jeee!
4) Eg oppdagar at eg har kveldsvakt, og dermed ikkje kan gå likevel. Buuu!
5) Eg klarer å overtyda redaktør og reportasjeleiar om at ein festivalreportasje frå Tori-konserten er akkurat det fredagsavisa treng. Jeeee!
6) Rep-leiar ringer torsdag morgon og har ombestemt seg. Eg må laga rep på noko anna, Tori utgår. Buhuuu!
7) Redaktør ringer torsdag ettermiddag med dårleg samvit, og gir meg gratisbillettar utan at eg treng skriva noko til avisa! Jippi-ai-ai-jippi, jippi-aaai!

Eg er med andre ord one happy camper akkurat no.

Til skogs!

________________________________________________
Oppdatering seint same kveld:

________________________________________________
Jee! Konsert! Med Tori!

For øvrig viser det seg at det eg trudde var ein billett, var ein billett for i dag og eit pressepass for heile festivalen. Travis søndag, anyone?

tirsdag, juni 12, 2007

Med rett til å grina

Ingolf Håkon Teigene er død. Det er bare ekstremt trist. Dødsbodskapen kom som ei uventa melding på tampen av arbeidsdagen, ein kveld eg ærleg tala hadde tenkt å surfa inn med notisskriving og andre trivialitetar.

Merker at eg ikkje heilt klarer å forklara koffor det er så trist. Men det er ikkje ofte eg grin på jobb. Ikkje så ofte som Ingolf. Men likevel. Kanskje akkurat derfor.

fredag, juni 01, 2007

Venner for livet

Eg sit på kontoret, som har vore Husgjestens soverom den siste månaden og skal vera det ei dryg veke til, og prøvar å skriva ferdig noko med deadline i morgon tidleg, medan eg fungerer som levande oppslagsverk og ordbok for dei på stova. I sofaen der sit Lyslugg si syster, som er på besøk for å få hjelp til den heimeeksamenen ho skal levera i morgon, og Lyslugg, som jobbar med eittelleranna han må ha levert før midnatt for å få vera med på ein eller annan konferanse eller kvadetnoer, medan også han hjelper syster si med oppgåva. Tidlegare las han oppgåva hennar medan ho rulla ut bollar av deigen han laga tidlegare, og eg laga kringle medan han bruka Dumbo på kontoret til å skriva ut frå. I godstolen like ved sofaen sit Husgjesten og lærer seg powerpoint og installerer Netscape (!) som ho treng i den nye jobben sin, medan også ho bidreg med språkhjelp og heiarop til Lysluggsysteras heimeeksamen, Lysluggs konferanseting og min deadlinetekst. Når bollane er gjennomsteikte tek Lyslugg dei ut, og når kringla luktar ferdig, ordnar eg opp. Alle drikk te, alle er saman, akkurat som me er tilbake på nittitalet og bur i kollektiv og gler oss til å sjå Friends eller Seinfeldt på TV tirsdag.

Og sånn går no dagane.

Heilt til natta kjem. Då er dei tre andre kollektivistane ferdige og går og legg seg, og eg sit aleine igjen. Det er greit det. Eg kjem i mål, denne gongen også. Ute blir det mørkare og mørkare, så lysare igjen, og regner trommar forsiktig mot ruta.



Stilt, innforstått, roleggjerande.

- Men innan eg skal sykla til jobb i morgon tidleg, bør det ha slutta, altså!

torsdag, mai 31, 2007

Fitter. Happier. More Productive*

Eg har lenge tenkt å skriva noko om samvit. Særs om den dårlege sorten. Men sidan eg sit til oppunder øyrene med ein foreløpig altfor kort tekst som bare ha blitt lang og trykkbar innan i morgon kl 09.15, får det lange innlegget venta litt.

Men ei liste har eg tid til:

Fem ting eg har (litt) dårleg samvit over
- sjølv om eg veit at det er teit å ha det:

* At eg ikkje likar å sjå TV, og derfor gjer det minst mogleg
* At eg sjeldan les heile avisene - og det er ikkje bare sporten eg blar forbi, heller!
* At eg ikkje likar spinning
* At eg er mest glad i å gå på ski når det er sol og fint ver
* At eg ikkje likar å gå i butikkar og følgeleg ikkje kjøper stort

Puh!

Lengre innlegg følger, som sagt. Medan du ventar, anbefaler eg denne posten hos Elisabeth. Det er noko av det same eg tenker - bare at ho er komen mykje lengre i tankane. Eller noko.

* Radiohead: Fitter Happier

Graffint

Tagging er teit. Stygt, tilfeldig, sjølvdiggande.
Graffiti, derimot! Graffiti likar eg. Bodskapar på ein vegg, ute i det fri eller inne på do på uteplassar. Her er nokre av dei eg har funne den siste veka.

onsdag, mai 30, 2007

Meir enn 1000 ord

Eg har eigentleg ganske mykje eg har lyst å fortelja, om bøker og reiser og venner og tankar og slikt. Men ser no at Elisabeth har tægga meg, så eg får gjera første tingen først:

Hva er du flink til?


Hva drømmer du om?


Hvem drømmer du om å kline med?


Hva er det beste med hjemstedet ditt?


Hva ville du gjort hvis du var statsminister for en dag?


Hva er du mest redd for?


Hvem skulle spilt deg i filmen om ditt liv?


Hvilket yrke ønsker du deg?


Hva ville du sunget på Idol-audition?


Hvorfor er ikke du kjendis egentlig?

Hvem tagger du?
Den som vil.

tirsdag, mai 15, 2007

nattønske

Eg vil at nokon skal gripa inn. At dei, eller den, skal hjelpa meg. Ein skikkeleg gud frå maskinen, ein reddande engel, "det var visst bare ein draum". Eg vil vakna opp og oppdaga at det er ferdig. At eg er ferdig. At eg har skrive det eg skulle, og at det blei bra. Ikkje fantastisk, men greit nok. Ferdig, først og fremst. Klar til å leverast, før fristen. Så kunne eg gått heim no, og lagt meg. Ikkje site til halv seks om morgonen, som i går. Ikkje lurt på om det i det heile tatt kjem til å gå, å skriva dette i natt og det andre i morgon tidleg og i tillegg pakka for 17. mai-feiring vekke og kjøpa gåve til ho som fortener noko fint - før toget (ikkje 17.mai-, det andre) går. Ikkje lata som at joda, det er heilt ok dette, eg konsenterer meg jo så mykje betre om natta, når det ikkje er andre ting som forstyrrar. Ikkje vera så navla flink heile tida. Bare sova litt, som andre folk.

Men eg vil jo vera meg også.

mandag, mai 07, 2007

In your face

Kjære fjesbok

Eg er så enormt glad du ikkje fanst for femten eller tjue år sidan! Særs tjue. Det har vel alltid vore vondt å vera vennelaus, men på 80-talet slapp ein i alle fall å kringkasta det over internett! "X has 0 friends"...

Venlege helsingar
Frøken Blir-litt-stressa-over-alle-desse-"vennene"-som-plutseleg-dukkar-opp-frå-den-dunkle-fortida-hennar

onsdag, mai 02, 2007

Amerikanske dokker

Jada, jada, eg lovar og lyg, om bilder og oppdateringar og afrikasoger og, sidan sist, moskvaeventyr. Men first things first, okay?

Eg har nemleg kjøpt den nye plata til Tori i dag! Og høyrer på på kveldsvakta mi, full guffe no som alle andre i kontorfellesskaprommet har gått heim. Og ho er så BRA!

Og det gjorde meg så GLAD! Eg hadde høyrt at ho skulle vera "meir nittitals enn 2000-tals", og frykta at det betydde retur til korjentehotellyden frå midten av nittitalen, i staden for fleire skarlagens- eller birøktarliknande songar. Heldigvis tok eg feil.

Og: Eg er glad fordi den herlege sola skin og skin, og våren så definitivt er komen til Oslo medan eg har vore vekke. Eg les vackra svenska böcker, lagar herleg 1.mai-kvelds på nyfått elgrill på balkongen, og både har og får overnattingsbesøk av dei unge, vakre og vellukka. Avisa ønska meg tilbake med ektefølt varme og glede i dag, og verda smiler breitt og varmt.

BRA LIV, altså!

Eg måtte bare nemna det.

fredag, april 20, 2007

Grandiost

Du veit at du er heime i Norge igjen i det du vandrar gjennom ankomstområdet på Gardemoen og lukta av landets nasjonalrett står imot deg:



P. S. Har hatt det supert i Zimbabwe og Zambia - oppdatering følgjer når eg har fått litt meir styr på pakke-rydde-bilde-og-klesvaskkaoset som er heimen vår akkurat no.

lørdag, mars 24, 2007

langsomt

Og du jobbar rundt. Igjen. Og registrerer at det skjer oftare og oftare, eller i alle fall ikkje sjeldnare, og at det sikkert burde gjera deg meir bekymra enn det gjer. Du les bøker om natta og anmelder dei om morgonen, og brukar seine og etterkvart tidlege timar på ordteikning av folk du ikkje kjenner og nesten bare såvidt har møtt. Du stiller på pressekonferansen og er førebudd til telefonintervjuet og les rapporten på fritida. Og du er tretti men har framleis ikkje fast jobb, og kan ikkje få ungar for kven veit om du klarar å jobba frilans fram til termin når det blir synleg og ingen lenger vil gi deg vikariat og kva har du vel å venda tilbake til etterpå. Og snart har du vore der for lenge i vikariat så alikevel og må ut på lufting igjen sånn at ingen - Gud forby - skal måtta ta noko ansvar for deg og rettane dine i dette arbeidslivet. Du stiller opp og hoppar når det skal hoppast og latar som det ikkje gjer noko med deg at folk du ikkje kjenner og aldri har møtt vil dynka deg i kaffi på generelt grunnlag, som representant for den "standen" du visstnok tilhøyrer. Og du prøver å vera snill og du prøver å følga med og du svarar ja og ikkje nei og tar sjølvsagt den ekstravakta også og joda du får heller skriva overtid. Og du dør så jævla langsomt at du faktisk trur at du lever.

Og innimellom, sånn av og til i ein sein nattetime, blir du litt sliten av det heile.

Litt.

torsdag, mars 15, 2007

Livredding på engelsk



Take anything you want!

torsdag, mars 08, 2007

Så flott!

I anledning dagen som snart er på hell, tenkte eg å dela følgande reflekterte utsegn, saksa frå papirutgåva av Dagsavisen. Det er den såkalla "glamourmodellen" og "artisten" Lene Alexandra "My Boobs Are Okay" Øien som uttaler seg om kva som er den viktigaste kvinnesaken i dag:

"Kvinnedagen er den dagen i året da man hyller kvinnen, og jeg synes det er supert å kunne gi ut videoen min på denne dagen - den er også en hyllest til kvinnen. Jeg er ikke så veldig feministisk. Det er fint at kvinner har fått stemmerett. Men når det gjelder lederstillinger, spiller det ingen rolle om sjefene er menn elller kvinner. Lønnsforskjeller i arbeidslivet har jeg ikke lagt merke til - der jeg jobber (restauranten Eik Annen Etage) får menn og kvinner lik lønn, tror jeg.


Til det har eg bare ein ting å seia: Gratulera med stemmeretten, jenter! Kva meir kan me eigentleg ønska oss?

tirsdag, mars 06, 2007

Sirup

Du veit sånne dagar kor det følest heilt feil å vera på jobb? Kor ein kjenner seg som ein innesperra ungdomsskuleelev som ikkje klarer halda blikket vekke frå vinduet og verda utanfor, og må kjempa aktivt for å halda seg i skinnet og ikkje bare gå? Ikkje fordi det ein gjer er så fælt mykje mindre meiningsfullt enn vanleg, eller fordi ein er så spesielt mykje trøttare enn normalt. Det er nettopp det som er greia - det er ingenting å setja fingeren på, men noko er likevel feil. Ein sånn dag kor ein burde blitt i den varme senga, og stått opp først langt utpå dagen, til god frokost, ei skikkeleg bok og ein tur på kafé med gilde folk, eventuelt ein lang skitur eller ein togtur langt vekk. Du veit kva eg snakkar om?

Ein sånn dag er det eg har i dag.

Urgh.

Så no veit de det. Og eg registrerer at det ikkje hjalp å skriva det av seg.

mandag, mars 05, 2007

Baking på amerikansk

Marshmallows, smør og rice krispies. Fem minutt frå start til ferdig. Mmmmm!

søndag, mars 04, 2007

Frista

Eg har omsider fått lese «von Aschenbachs fristelse» av Jan Jakob Tønseth. Lenge etter kritikarros og Brageprisnominasjon og nominasjon til Nordisk Råds Litteraturpris, men i alle fall før denne vert delt ut.

Heldigvis!

For ei nydeleg bok! Knirkete gammaldags, med soignert sprog og tjukke lag klassisk danning. Og klokskap:

«Det gjelder å ta brodden av reddsomheten på et tidlig tidspunkt. Jeg vet hva som skjer når den får vokse seg stor og uimotståelig. Den tar deg vekk fra verden. Verden? Det er nok å slå stort på. Det inntrefer med det nære. Den tar kaffekoppen fra deg. Vekslepengene, metrobillettene. Å lese en avis er en kraftanstrengelse. Barbere seg, pusse tennene - utenkelig. Tanken på å vanne blomster, uoverkommelig. Reddsomheten setter deg under pari. Den tar taleevnen fra deg. Du ser deg omkring i rommet. Det er ingenting der som angår deg. Den tar fuglesangen fra deg. Og barnas glade latter. Nei, det er ikke å slå for stort på. Den tar solnedgangen fra deg. Utsikten over Paris' hustak. Trekronene som bøyer seg for vinden under himmelen. Den tar nord og syd fra deg, og solen og månen og de tolv stjerner.»


Ei visse om at einsemd ikkje alltid er einsamt, og at anonymitet ofte er noko fint:

«Jeg gjorde som Baudelaire gjerne gjorde: søkte asyl i mengden. Man er et menneske i mengden. Man er i det alminnelige. Man er comme il faut. Man er anonym grensende til det utslettende. Her får man være i fred. Slik slo jeg i hel et kvarters tid. Det gjorde godt.»


Og ein vakker, fantastisk rørande respekt for det forsiktige. For dei forsiktige:

«Og til dem som måtte spørre hvorfor jeg er så omstendelig, hvorfor jeg gjør selv en slik bagatell til et spørsmål om takt og tone, vil jeg svare: er litt blyghet og sømmelighet å forakte òg nå?
[...]
Man er redd for å blamere seg. Man later som ingenting»


Det er ei bok som må lesast seint, i alle fall mykje seinare enn vanleg for meg. Som kanskje må tyggast litt, men som til gjengjeld blir med vidare. Eller, for å seia det som juryen i Nordisk Råd:

«De ulike jeg-fortellerne er innadvendte og beskjedne og forsiktige inntil det passive, men boken gjør dem også tydelig til stede i sine dagligdagse liv og gir dem små håp om at en lun, upretensiøs lykke ikke nødvendigvis er langt unna. De opplever verden nyansert og langsomt og ikke minst sanselig. De kan le av seg selv, men de forsøker også å oppnå genuin endring, genuin ny frihet.»


Anbefales!

Heilt i hundre

Februar 2007 vart visst den dårlegaste månaden i denne bloggens korte historie. Og mars ser ikkje så fælt mykje betre ut så langt.

Men her er eg.

Totalt utan planar om å unnskulda eller oppsummera. I staden skal eg skamlaust stela flinke Mari sin gode ide, og ramsa opp hundre ting som gjer meg glad, spesielt ting som har gjort det dei siste par vekene, i den rekkefølga eg kjem på dei.

Klar, ferdig, gå!

1. Venner!
2. Syklane i Køben
3. Vinterbarn av Oddmund Hagen
4. Ferdig med oppussing(!!)
5. Lunsj med foreldre på gjennomfart
6. Fjørlett puddernysnø
7. Te med blåbær- og yoghurt(!)smak
8. Oslo skyline frå kjøkkenvinduet
9. Varm hand i mi
10. Mørk Caffé Chiocco på Baresso i Frederiksborggade
11. Sol!
12. Fastelavnsboller med gul krem
13. Ralph
14. Gode hårdagar
15. Statens museum for kunst
16. Bror som har det bra
17. Snøklokker
18. Døren av Magda Szabó
19. Havreknekkebrød
20. "Du er flink å finna gode gåver"
21. Skarp solnedgang over snøen
22. Special K bars
23. Overskot!
24. Victoria Falls
25. Jomfrueleg kvitmalt
26. Nye babyar
27. Fest!
28. Ny skidress
29. Stå opp halv fem
30. Fin olivenolje i gåve
31. Rice Krispies treats "Mmm! Nam! Har du oppskrifta?"
32. Lått
33. Klukkelyden i vinflaska
34. Fri heile ettermiddagen
35. "Kom!"
36. Gouda frå Holland
37. Vanity Fair
38. Bachs Brandenburgerkonsertar
39. Frokost med radio
40. Vissa om vind
41. Kurt Trampedachs Selvportræt
42. Gode kollegaer
43. Jærbuar i butikken
44. Vanilje
45. Rød dagplanleggar
46. Nytt sett lakkerte, eksklusive spisepinnar
47. Lakriskarameller
48. Folk som har tid likevel
49. Gratis lunsj when there is no such thing
50. Blå himmel
51. "Takk for fint intervju. Det beste så langt"
52. Tørr og varm på beina
53. Iskrystallglitter i asfalten
54. Utsprungne påskeliljer i vinduskarmen
55. Kino
56. van Goghs sjølandskap på favorittkoppen
57. Omnsbakt steinbit
58. Vår rett rundt svingen!
59. Stikka tidleg frå jobben, rett på kafe
60. Snøtung granskog aleine om kvelden
61. Trikketur
62. Når alt er som før på den gode måten
63. Ein heil bolle grøne, velduftande lime
64. ... og limekake laga av dei
65. Uventa postkort
66. Draumen om Afrika
67. Nyvaska sengeklede
68. Cherrox
69. Flørtande kava1er (1 1/2 år) på bussen
70. Å sykla utan is i gatene!
71. My So-called Life
72. "Super sak - slikt vil vi har mer av!"
73. Ansvar
74. ... og andre som deler det
75. Utsikta frå Ekebergsvingen
76. Ferske urter på balkongen
77. Å sitja i vindauget på kafeen og kikka på hipsterfolka på Løkka
78. Sopran
79. Kyllingburrito på Mucho Mas
80. Finn-Erix
81. von Aschenbachs fristelse i Iladalen
82. Heimelaga oliventapenade
83. Slow food
84. Gode knivar
85. Musikk på poden gjennom byen him
86. Ompotting
87. Lommekamera
88. Stjerneklart
89. Kjøleskapspoesi
90. Stå opp til ferdig frokost
91. Eigen bane i symjehallen
92. Vissa om at eg aldri aldri aldri treng jobba i vekeblad igjen
93. United Bakeries på Paleet
94. Oransj
95. Klassisk danning
96. ... og at dei rette folka trur eg har det
97. Småsko
98. Lysluggs heimebaka focaccia
99. Treningstopp i ull
100. Festivalopning med fiffen

Og det var det. Eg kunne lett kome på minst hundre til, men stoppar der.