fredag, desember 19, 2008

2008

Ho har visst eit temmeleg tomt liv for tida, denne -lin. I alle fall om ein skal dømma etter aktiviteten her inne. Men èin tradisjon skal ho no i det minste klara å halda i hevd: Kavalkaden over

ÅRET SOM GJEKK:

1. Kva gjorde du i 2008 som du aldri har gjort før?
Bar fram og fødde ein fantastisk nydeleg son. Hurra!

2. Haldt du nyttårsforsetta dine? Vil du laga nye?
Eg driv som kjent ikkje med forsett, bare ønske. I fjor ønska eg meg at eg skulle bli gravid igjen og at det skulle gå bra denne gongen. Og det blei eg - allereie 2. eller 3. januar.

3. Blei nokon som står deg nær mor eller far?
Ja! Ikkje bare eg og Lyslugg. Bror min og kona også!

4. Døydde nokon som stod deg nær?
Nei. Og heldigvis for det.

5. Kva land har du besøkt det siste året?
Portugal i påska (Lisboa og eit herleg sommarhus i ein landsby utanfor), Italia i mai (Roma), Sverige i juni (Stockholm), USA i juni-juli (Cal, Ore, Wa og NYC) og Nederland (strandbyen Ouddorp) i juli. Dessutan mellomlandingar i Tyskland og Belgia, men det er juks å rekna med.

Veldig kjekke turar, alle saman. Så får det heller vera at dette året er det første på lenge kor eg ikkje besøker eit nytt land. Eller, eg kan forresten rekna Fastlands-Portugal som nytt, sidan eg tidlegare bare har vore på portugisiske Madeira.

6. Kva ønsker du deg neste år som du har sakna?
Ein unge som vil ligga i vogna si meir enn eit kvarter om gonga. Trur eg får det også, eller t.o.m. er i ferd med å få det.

7. Kva datoar i 2008 gløymer du aldri, og kvifor?
2. oktober, då Lille Stor blei fødd.

8. Kva er det største du har oppnådd i år?
Jada, jada, eg innser at eg svarar baby over heile linja her. Men det er jo ei stor greie i livet å bli mor! Dessutan: fast jobb, etter altfor mykje tull og tøys.

9. Kva var din største nedtur?
Å bli vitne til kor utruleg lite reale, kor beint fram feige og rett ut kjipe mine overordna oppførte seg i forkant av at dei tilsette meg.

10. Har du vore sjuk eller skada?
Niks. Surfa gjennom heile svangerskapet, og hadde ei super fødselsoppleving som eg også kom frå utan så mykje som ei lita rift - kun fem timar frå første ri til Lille Stor var ute.

11. Kva var ditt beste kjøp?
Eg hadde tenkt å seia det fine brune beresjalet som faktisk lever opp til slagordet "the only place your baby wants to be", men det kjøpte eg faktisk i 2007, før det gjekk gale med det første knøttet.

Så då... hm... stellebordet har faktisk vist seg å vera utruleg bra! Montert i passande høgd både for Lyslugg (1,82) og meg (1,77), og dermed mykje betre enn alle dei andre stelleordningane eg har prøvd dei siste par månadene - sidan slike oftast er berekna på lågare folk.

Og USA-billettar, så klart! Både i kroner og øre, sidan dollaren stod i under 5 kroner då me var der, og i overført verdi. Det var ein herleg tur.

12. Kven fortener ein hyllest for oppførselen sin?
Foreldra mine, som har stilt opp på alle tenkelege måtar sidan Lille Stor kom til. Feil landsdel inga hindring!

13. Kven sin oppførsel gjorde deg nedstemt/lei deg?
Her blir svaret nøyaktig det same som i fjor, gitt: Dei overordna på min noverande arbeidsplass.

14. Kva gjekk mesteparten av pengane dine til?
Babystash, sikkert, sjølv om kvar del er billeg for seg. Pluss reiser, som vanleg.

15. Hva gjorde deg veldig veldig veldig oppspilt og glad?
Dette!

16. Kva song vil alltid minna deg om 2008?
"All This Time (Pick-Me-Up-Song)" med Maria Mena.

17. Samanlikna med denne tida i fjor, er du...
a. Gladare eller tristare? Gladare. Definitivt.
b. Tynnare eller tjukkare? Om lag som før, trur eg. Framleis litt mjukare mage, og hakket større pupper, men vekta seier det same som før, så då er vel det meste i orden.
c. Rikare eller fattigare? Bittelitt fattigare, trur eg, no som eg bare får foreldrepengar, ikkje løn. Men ingenting dramatisk.

18. Kva skulle du ønska du gjorde endå meir av?
Hang med venner. Som vanleg, mao. Dessutan føler eg at årets bokhøst gjekk meg litt vel fort forbi. Eg har verken lese gamle favorittar som Kjærstad eller moglege nye som Øyehaug. Det blir mykje å ta igjen neste år!

19. Kva skulle du ønska du gjorde mindre av?
Grunna over jobbsituasjonen min. Var redd for at det kom til å gå gale igjen.

20. Korleis vil du feira jula?
I Bergen, saman med Lille Stor, Lyslugg, Lysluggmora og Lysluggsøstera. Lysluggfaren med hans nye sambuar første juledag, og etter det får me sjå. Kanskje blir det ein biltur til jærs også, til mine foreldre.

21. Vart du forelska i 2008?
Ja!

22. Kor mange one-night stands hadde du?
Ingen, så klart.

23. Kva var favorittprogrammet ditt på TV?
Hahaha! I fjor skreiv eg dette:

"I fjor skreiv eg at eg ikkje hadde fått med meg stort, men at "Dawson's på devede er den klare vinnaren når det gjeld boksglaning - sjølv om me framleis ikkje er komne lenger enn sesong 2". Vel, no er me på sesong 4, og det seier i grunnen det meste om kor "mykje" TV me ser...


No er me på sesong 5!

Men eg har kome meg gjennom heile to sesongar av "Six Feet Under" på DVD også, altså!

24. Hatar du nokon no som du ikkje hata på denne tida i fjor?
Resirkulerer fjorårets svar igjen: Nei. Hat er ikkje mi greie.

25. Kva bok er den beste du har lese i år?
Vanskeleg kategori, i år som i fjor, men i år fordi det er så mange bøker eg ikkje har lese. Har aldri slutta midt i så mange i og for seg heilt greie bøker som i år - konsentrasjonen har rett og slett ikkje vore heilt på topp.

Men "Sorrows of an American" av Siri Hustvedt var bra, og "Oppmålingen av verden" av Daniel Kehlmann var morosam.

26. Kva var årets beste musikalske oppdaging?
Oj. Trur eg er heilt blank i denne kategorien i år, eg...

27. Kva ønska du deg – og fekk?
Ein baby! Og fast jobb.

28. Kva ønska du deg – og ikkje fekk?
Veit du? Eg skal vera så klissete som å seia at no har eg alt eg ønsker meg. Faktisk.

Eg har eit nydeleg, friskt barn, ein varm og trygg partner, gode venner og familie som stiller opp. Eg har eige slott eg trivst veldig godt i, fast jobb, perfekt helse og lyse utsikter.

Alt!

29. Kva var årets beste film?
Hm. Eg huskar jo aldri når eg såg kva. Men "Atonement" gjekk i år, gjorde han ikkje? Og søte "Juno"?

30. Kva gjorde du på fødselsdagen din?
Som i fjor og åra før er den enno ikkje unnagjort når eg skriv dette, så eg veit ikkje heilt. Kanskje Lyslugg og eg kan få barnevakt og ta oss ein tur på ein restaurant eller noko? Det hadde vore stas.

31. Kva enkeltting har gjort året mykje meir tilfredsstillande?
Mobyen. Har ein ein unge som ikkje vil ligga i vogna, ja så har ein ein unge som ikkje vil ligga i vogna...

32. Korleis vil du beskriva klesstilen din?
Flagrande diskret ut mai, før eg kunne røpa kulen. Stramare tjukkebolletoppar frå juni ut september, og praktisk nedgulpa frå oktober ut året.

33. Kva har halde deg i mental balanse?
Er det her eg burde lyga litt og svara yoga? Eller skal eg heller ta heile kredden sjølv? Eg pleier i grunnen å vera ein ganske balansert person, nemleg!

34. Kva for ein kjendis likte du best?
Av dei eg intervjua blir det Tore Renberg. Han er så fantastisk ADHD-søt!

35. Kva i politikken har opprørt deg mest?
Ein positiv bieffekt av at eg ikkje lenger les fire-fem-seks aviser kvar dag og dermed er oppdatert på det meste, er at eg heller ikkje irriterer meg så mykje over alle idiotane der ute. Så i år har eg vel aller mest gleda meg. Over denne karen. Sjølv om eg er nervøs på hans vegne...

36. Kven saknar du?
Mora mi. Akkurat no, medan Lille Stor er så fersk i verda, hadde det vore praktisk om ho - og far - budde nærare.

37. Kven var den beste nye personen som kom inn i livet ditt?
Lille Stor!

38. Fortel ein viktig livsvisdom du har lært i år?
Alt det fæle som alle står i kø for å førebu deg på treng ikkje skje. Det går an å surfa igjennom også, utan problem. Og det er faktisk like normalt. Og fortent.

39. Ein songtekst som oppsummerer året.
And I love you so
The people ask me how
How I've lived 'til now
I tell them I don't know

I guess they understand
How lonely life has been
But life began again
The day you took my hand

And yes I know, how lonely life can be
The shadows follow me
And the night won't set me free
But I don't let the evening get me down
Now that you're around me


- "And I Love You So" av og med Don McLean:


Årskavalkade:
Gå i bloggoversikta di og finn den første posten i kvar månad i 2008. Post den/dei første setningen/ane i kvart innlegg. Summen av disse utgjer årskavalkaden din.

Januar: "Ok, då har eg bestemt meg. Det blir blogg i 2008 også."

Februar: "Er det nokon som har funne ein hjerne i det siste? Medium storleik, middels godt brukt, tilhøyrande kvinne på 31?"

Mars: "Alle intensjonar om ei roleg veke før påske er for lengst smadra i tusen knas, eg jobbar seint og eg jobbar tidleg og styrar på så godt eg kan dei få timane døgnet inneheld."

April: "Hm. Eg hadde ein slags ide om at så snart eg fekk bekrefta at det blei noko av kjempeprosjektet, og offentleggjort det til litt fleire, ville den kløande, kriblande, irriterande utålmodigheten eg har kjent på eit par månader gi seg."

Mai: "Turen går til... USA! Nærare bestemt til Vestkysten og Austkysten, i månadsskiftet juni-juli. Eg skal ha sommarferie, folkens!"

Juni: "Så er det offisielt. Eg har fått jobben"

Juli: "Oops. Eg reiste visst på ferie, eg, utan å melda i frå. Meir om det sidan, når kameraet og Dumbo med alle bilda på kjem tilbake saman med Lyslugg, som blei igjen eit par dagar ekstra i New York."

August: "Fekk nett mail frå Oslo Journalistklubb, som minner om at fristen for å søka på deira "hvilestipend" er 15. august."

September: "Sidan eg verken har spesielt lyst på svangerskapsforgiftning eller svangerskapsdiabetes med tilhøyrande sukkerbaby, har eg prøvd å vera litt ekstra forsiktig med sukkerinntaket den siste tida no fram mot termin."

Oktober: [stille]

November: "Då eg skreiv forrige post, over favorittar i Oslo, hadde eg enno ikkje vore på Torgerstuen. Men det har eg no, og eg har funne ein ny favoritt!"

Desember: "Ho har visst eit temmeleg tomt liv for tida, denne -lin. I alle fall om ein skal dømma etter aktiviteten her inne."

Kven vil du utfordra?
elisabeth, som vel er om lag like aktiv på bloggefronten som meg for tida. Alliene har visst allereie vore flink jente dame og gjort unna sin dont.

mandag, november 17, 2008

To(pp)gerstuen!

Då eg skreiv forrige post, over favorittar i Oslo, hadde eg enno ikkje vore på Torgerstuen. Men det har eg no, og eg har funne ein ny favoritt! Alle som bur i eller besøker Oslo ta turen dit!

Les meir her. Og meld frå når de er der, så kjem eg og drikk kakao, eg og!

torsdag, september 18, 2008

Tigerfavorittar

Eg merkar veldig godt at eg har ein sitje-ved-dataskjermen-jobb til vanleg, for no som eg er i permisjon, er eg i grunnen meir motivert for å gjera alt mogleg anna enn nett det.

Men litt blogging kan eg jo få til, og Elisabeth gjer det enkelt for meg ved å tagga meg for følgande meme. Det handlar om favorittar i byen ein bur i, altså Oslo for min del:

Spise ute: Uhm... Ylajali - med vinmeny! - på St.Olavsplass om det skal vera fænsi, Ekebergrestauranten på fine sommardagar med over gjennomsnittleg budsjett, og Havsmak om eg har lyst på fisk og havfrukter (og det har eg jo stort sett alltid!)

Ta med hjem-mat: Mitsu Sushi i Møllergata, uoriginale Rice Bowl i Youngsgate og Habibi i Storgata dei ca to gongene i året eg et sånt.

Treffe venner og være lat: Bare Jazz i Grensen, Åpent Bakeri bak slottet, og den lokale favoritten Vårt daglige brød i Schweigaardsgate.

Drikke te: Bare Jazz igjen. Dessutan Stockfleths i Tinghuset eller Dronningens gate for byens beste Lapsang Souchang, og Bibliotekbaren på Bristols for tynt porselen, Chesterfieldsalong og kjensla av gamle pengar.

For lesehesten: Litteraturhuset er heilt supert, går der så ofte eg kan, om ikkje anna så for å sitja i LesBar og leka intellektuell blant tidsskrifta. Av standard kommersbokhandlarar likar eg Norli i Universitetsgata best, medan Tronsmo sjølvsagt er obligatorisk på alt det der ein har intensjonar om å lesa, eller føler ein burde ha lese, eller kan observera at alle dei genuint smarte og intellektuelle faktisk les. For øvrig syns eg det er herleg å sitja med ei bok på Rådhuskaien - passe kombinasjon av roleg og folkefylt, og ein av stadene i sentrum som har sol lengst.

Være utendørs: Viss greia er å finna seg ein rimeleg sjenert plass å slikka sol i nabolaget blir det aller oftast Ruinparken. Til kjapp lokalturgåing uansett årstid er det supert på Ekeberg, og når skia skal fram blir det sjølvsagt denne berømte skogen alle oslofolk trur er ei "mark". Utover det likar eg godt å trava byen på langs og tvers, inn og ut av bydelane, utan det heilt store målet for auget. Gamlebyen-Galgeberg-Vålerenga-Kampen-Tøyen-Grønland-heim igjen er f.eks ei herleg rute.

Beste utsikten: Frå herlege, herlege Ekebergskrenten. Dessutan frå Frognerseteren om ein gidd ta banen eller gå litt langt. Og sjølvsagt frå Slottet vårt!

Beste bakst: Åpent bakeri - igjen - for grove rundstykke med så mykje rørte bær du vil ha attåt, United Bakeries på Karl Johan(!) for sjokoladescones, og allereie nemnte Vårt daglige brød for nettopp det - kvardagsbrød milevis unna remastandarden.

Dyppe tærne og resten av legemet: Ingierstrand er den eigentlege favoritten, men når me ikkje gidd å sykla så langt, er Gressholmen favoritten blant byøyane. På grå og regntunge sommardagar er oppvarma Frognerbadet bra - på fine dagar blir det litt for mykje sikksakksymjing mellom surreungar og svanehalsdamer for min smak.

Skeie ut med lunsjen: Hm. Sjeldan tid til slikt. Gjerne eitt av bakeria over, men det skjer altså så sjeldan at eg faktisk ikkje kan huska nokon gong... Men calzone frå Bit på Byporten eller i Storgata har eg faktisk ete ei gong og to, og det er bra greier.

Trimme plastikk-kortet: Ehm... Det var dette med meg og shopping, då... Men likar godt Jenny Hellström-utvalet hos Grim i Nygata, svære Grændsens Skotøimagasin i, duh, Grensen, og - for tida - Rakkerungene ved Vår Frelsers gravlund i Ullevålsveien.

Favorittkino: Gimle når eg er i ikkjegravid, vindrikkande tilstand. Men det blir oftast Saga eller Klingenberg sånn i det daglege.

Beste smågodtsted: Smågodt? Tja... vettkje heilt, for kjøper oftast slikt i vanlege matbutikkar. Men Lucky Lips ved Saga er jo bra (om enn dyr)...

Beste is: Dolce Vita i Prinsens gate, og Mövenpick på Karl Johan. Men besøker dei maks ei gong i året, så ville kanskje spurt ein annan enn meg om akkurat isråd...

lørdag, september 06, 2008

Etter åtte

Sidan eg verken har spesielt lyst på svangerskapsforgiftning eller svangerskapsdiabetes med tilhøyrande sukkerbaby, har eg prøvd å vera litt ekstra forsiktig med sukkerinntaket den siste tida no fram mot termin.

Men i dag er det lørdag, og då er det lov med litt (litt, altså!) lørdagsgodt. Og eg kan bare seia:

- Hel-loo, Mister Dream med mintsmak og sjokoladespon! How you doin? Og kor har du vore heile mitt liv?

Uuuuuhm!

Eg er ikkje den som i utgangspunktet elskar iskrem - syns ofte den norske isen smakar syntetisk og smire, og vil heller bruka kaloriane på konsentrert nyting, som sjokolade (yum!). Gjerne After Eight, sjølv om eg sjeldan kjem på å kjøpa akkurat det.

Men kombinasjonen! Mint og sjokolade og is!

Uuuuuhm igjen!

Har allereie ete ei skål, og no kjem eg til å tenka og tenka og tenka på isen i fryseboksen heilt til neste lørdag. Eller til fødselen? Kanskje det er eit smart triks til den verste og vondaste fasen? "Kom igjen no! Hald ut, så skal du få mintis etterpå!".

Hehe, eg trur eg har funne min eigen private pressmotivator.

onsdag, august 27, 2008

Hjernen er alene... eller for opptatt

Uff. Eg får vel bare innrømma at eg utanom full jobb og frilansing på si og ei oppussing som dreg ut på grunn av dødsfall i nær familie (Lyslugg sin kjære farfar døydde sist veke, bisetjing i helga) ikkje har så mykje anna enn ein ting på hjernen for tida, og at blogginga her vel ber eit visst preg av det.

Eg får koma sterkare tilbake seinare. Kanskje.

mandag, august 11, 2008

Føre var er for pyser

Fekk nett mail frå Oslo Journalistklubb, som minner om at fristen for å søka på deira "hvilestipend" er 15. august.

Jøss. Ikkje verst, tenkte eg, ganske imponert over fagforeiningas evne og vilje til å gå inn for å forebygga utbrenthet og nedslitthet blant medlemmene sine.

Heilt til eg las kriteria:

Oslo Journalistklubb deler ut hvilestipend til medlemmer i 2008. Kriterier for tildeling av stipend er todelt:
1. Lang fartstid i yrket.
2. Særskilte kriterier som arbeidsledighet, midlertidighet, belastningsskader, utbrenthet og lignende.

Då sank entusiasmen eit par hakk, gitt. At ein bør ha jobba lenge før ein får kvila er no ein ting, men at ein allereie bør vera utbrent, overbelasta og helst også arbeidslaus før ein er fortener ein pause, verkar for meg litt, tja, mot hensikten.

Men kva veit vel eg, eg som er heilt ny i denne verda av fast oversiktelegheit. Forebygging er tydelegvis ut, reparasjon det som gjeld. Ingen andre i redaksjonen som stussa, så mogleg dette er gjengs metode.

Eg håpar bare eg aldri kvalifiserer for akkurat dette stipendet...

fredag, juli 25, 2008

Samarbeidsproblem

Det er visst feriestille i bloggen for tida, akkurat som i Oslo og landet for øvrig.

Eg veit det høyres ut som ei dårleg unnskulding, og det er det kanskje òg, men mykje av stilla skuldast rett og slett samarbeidsproblem mellom Blogger og meg. Planen var å laga ein fin post med masse bilder frå USA-ferien, gjerne ein dag-for-dag-gjennomgang over reiseruta, men Blogger nektar å la meg gjera noko så avansert. Eg har prøvd fleire gonger, men han bare spinn og spinn, og vil ikkje lasta så mykje som eit einaste lite bilde. Kall meg gjerne lat, men motivasjonen forsvann litt på det sjette forsøket...

Så då blir det ein nattleg rapport frå kjøkkenbenken i staden, her eg sit og prøver å jobba ferdig alt som må gjerast ferdig før siste del av årets herlege sommarferie kan starta i morgon ettermiddag. Turen går til Nederland, nærare bestemt til Ouddorp sør i landet, via ein dag eller så i Amsterdam i kvar ende. Lyslugg og eg skal treffa igjen mange av studievennene hans frå då han budde i Paris, det vil seia ein fransk-tysk-nederlandsk-britisk gjeng, og bu saman i sommarhuset til ein av dei.

Gler meg!

Eg bare skal bare først. Skriva ferdig ein reportasje, lesa ut ei bok og anmelda ho, skriva ferdig ein annan tekst, og samla trådane i ein tredje. Ekstra stas hadde det dessutan vore om eg rakk ein time eller to på auget før avreise også, men med det tempoet eg held akkurat no, ser det ikkje akkurat lovande ut. For mange oppgåver på for få timar er vel ei ganske presis oppsummering av situasjonen.

Men men. Kun tretten timar til avreise!

onsdag, juli 16, 2008

Ta sats!

Oops. Eg reiste visst på ferie, eg, utan å melda i frå. Meir om det sidan, når kameraet og Dumbo med alle bilda på kjem tilbake saman med Lyslugg, som blei igjen eit par dagar ekstra i New York.

Har i alle fall hatt det heilt herleg, om det skulle vera nokon tvil!

Kom dessutan heim til ein skikkeleg gladnyheit:
No som eg har fått fast stilling, er eg endeleg blitt meldt inn i bedriftens treningsavtale med Sats, som eg tidlegare ikkje har hatt tilgang til.

Jee!

Så vidt eg klarar å rekna over, er der åtte senter i Oslo (Aker Brygge, Ila, Kampen, Majorstua, Nationaltheatret, Sinsen, Spektrum og Storo), eitt av dei (Kampen) i kort avstand heimefrå, eit par av dei andre (særs Spektrum) nære jobb. No om sommaren er det sjølvsagt færre timar enn vanleg, men når haustprogrammet startar i august, kan eg jo håpa eg rekk litt hopp og sprett (eller kanskje heller bøy og tøy) før den verkeleg Store Økta i slutten av september/byrjinga av oktober. Dessutan utover vinteren og våren - dei har visstnok ein del "snille" opptreningstimar som sikkert passar fint etter fødsel, inkludert timar spesielt tilpassa mor og barn.

På Sats sine nettsider fann eg for øvrig denne korte meldinga, om treningsråd for gravide. Eg skal prøva å halda gravidgreiene litt unna denne bloggen, men kan i alle fall konkludera med at denne Jill ikkje skriv noko anna i boka si enn det eg visste frå før: Trening er bra, men ein skal ikkje gjera ting som gjer vondt.

Så dette blir stas!

Det siste halvanna året har eg gått på Friskis & Svettis, som er mykje billegare enn Sats. Det har vore ok, dèt, men dei har kun tre senter i Oslo, og veldig få timar. Oftast rekk eg ikkje trening verken klokka fire eller fem, og då blir det lite å velga i der. Sats er større, og har fleire timar også om kvelden. Dessutan større utval i type timar generelt.

Pluss at dei har eit mykje kjekkare namn. Eg meiner, Svettis?!?! Kven i all verda var det som tykte det var eit godt ord å importera til Norge? Æsj!

torsdag, juni 12, 2008

Ti tonn lettare

Det er bare ein myte dette at ein går opp i vekt når ein er gravid.


Så snart ein får fast jobb og ordna forhold og slepp å grua seg og skjula seg og legga seg med svart klump i magen kvar kveld, går ein nemleg ned. Ti tonn, minst, på mange færre dagar!

Eat that, Grete Roede!

torsdag, juni 05, 2008

Sommar!

Ah!

Finst det noko betre enn 25-30 grader og strålande sol kvar dag, heile dagen?

Tenkte ikkje det, nei.

Reiser for øvrig til Stockholm i morgon rett etter jobb, og blir t.o.m. søndag. Blir stas. Fine byen!

tirsdag, juni 03, 2008

Lækjinga byrjar

Så er det offisielt.

Eg har fått jobben. Kom nett frå sjefred sitt kontor, kontrakt i handa og alt i orden. Grei løn, streite ordningar elles.

I morgon, på 24-vekersdagen, fortel eg om Lille Knøtt.

Ønsk meg lukke til!

torsdag, mai 29, 2008

Fin ting, feil reaksjon

Eg kjem til å få jobben.

Prata nett med kulturredaktøren, som igjen har samordna med reportasjeleiar, og dei kjem til å innstilla meg som nummer ein. Endeleg avklaring kjem neste veke, når Klubben og sjefredaktøren har uttalt seg. Klubben er jo på mi side, og ifølgje kulturredaktøren kjem sjefredaktøren "ganske sikkert ikke" til å gå imot innstillinga hans.

Så kvifor er eg ikkje glad?

Dette er jo liksom det einaste eg har mangla, er det ikkje det? Eg som allereie har den allerbestaste kjærasten, ein leilighet eg likar veldig godt, mange og gode venner, støttande familie, upåklageleg helse og det som skal bli verdas nydelegaste Knøtt i magen?

Tja. Kanskje fordi det følest som det heile kom for seint og har kosta for mykje? Eg skal ikkje la det eg skreiv sist bli ein sjølvoppfyllande profeti, men det om at ting vil ta tid å lækja, stemmer nok. Eg har framleis opne sår, og er framleis klar over sider ved dei over meg som eg helst ville ha sluppe å sjå.

Dessutan gruar eg meg til å måtta fortelja om Knøttet. Sjefen var full av framtidsplanar for meg, for redaksjonen, og eg føler meg skikkeleg ussel som bare sat der og nikka og smila og lata som at joda, dette blir jammen kjekt å ta fatt i til hausten.

Dei får som dei fortener, eg veit det. Men likevel... Likar ikkje å vera like snikete og kjip som dei. Byrjar dessutan å bli vanskelegare og vanskelegare å halda det heilt skjult, så kjipt at eg må venta endå ei veke før eg får tatt den endelege praten med øverste sjef for å fastsetja løn og få papir osv. Før eg står der med kontrakten i handa, skal eg ikkje seia eit pip - eg stolar ikkje meir på dei no enn eg gjorde...

Men men. Syt og klag.

Det er jo ein fin ting, dette, trass alt. Eller blir det, i alle fall.

Tenk! Eg kjem til å ha meir enn tre-fire vekers horisont! Tenk å vita kva ein har i inntekt om både to og tre og fire(!) månader frå no! Å kunna vera trygg på at dei profesjonelle banda ein knyter ikkje plutseleg må brytast fordi ein er kasta ut igjen! Å få vera skikkeleg del av kollegiet, ikkje bare vikaren på evig nåde og evig vandring frå pult til pult alt etter kven som er sjuke!

Å vera ein av dei som blir rekna med, rett og slett.

Eg må bare slikka ferdig mine eigne sår, og venta til dei eg kjem til å påføra sjefane nå eg fortel om Knøttet gror, så blir det sikkert bra, dette. Eg trur faktisk det.

Dessutan har eg bare tre dryge månader å jobba før permisjon, inkludert tre-fire vekers ferie!

torsdag, mai 22, 2008

Tygd på og spytta ut

I dag, som i går, skulkar eg jobben.

Ringte i morges, og i går morges, og sa ganske enkelt at eg var "sjuk". Ingen spørsmål stilt, latterleg enkelt i grunnen. Har sjølvsagt dårleg samvit no, og har på ingen måte planar om at dette skal bli ein vane, men slik situasjonen har vore den siste tida, orka eg rett og slett ikkje meir.

Det følest som eg har nådd eit punkt kor såpass drastiske metodar var einaste måten å ta vare på meg sjølv (og, særs, Lille Knøtt) på. Det er ikkje sunt å vera spent og nervøs over så lang tid som eg har vore no, særs ikkje med ekstrapassasjer i magen. Dessutan, for å sitera Lyslugg: "Om det er noen som skal ha dårlig samvittighet i denne situasjonen, så er det arbeidsgiveren din, ikke du".

Eg har lenge lurt på om eg burde skriva noko om dette her, eller om eg heller burde lida meg gjennom heile situasjonen med samanbitne tenner og "æra" i behald. Men no får det gå som det går. Eg treng ein ventil, og har allereie slite ut altfor mange av mine næraste med å prata om dette.

Det er på tide å go (kinda) public.

Situasjonen er nemleg som følger:
Eg har vore vikar på same arbeidsplass lenge no. I juni blir det to år. Innimellom har eg vore ute på det ein i den eufemistiske mediabransjen kallar "lufting", det vil seia ubetalt og uønska "ferie" for å ikkje vera så lenge samanhengande same plass at lovar og forskrifter om fast tilsetjing byrjar å gjera seg gjeldande.

Kontraktane har stort sett heile tida vore korte. Då eg blei kasta ut i august/september, kalla dei meg tilbake allereie i november, med lovnader om at "neste år håper vi at det blir en ledig stilling her, og da ligger du godt an i køen". Dumme meg kom tilbake.

I januar i år gjekk eg til sjefen og spurte om han ikkje kunne bruka vikarpengane sine til eit skikkeleg langtidsvikariat for meg, så visste både han og eg kva me hadde å forhalda seg til, men då gjentok han dette med at "vi holder på med en skikkelig gjennomgang av personalsituasjonen her for tida, og så snart vi har gjort det, regner jeg med å få hjemmel for en fast stilling her. Da håper jeg virkelig du søker". Dumme meg fann meg i det.

Så, etter mykje om og men og fram og tilbake og legging av stillingskabalar, lyste dei ut ei fast stilling på mi avdeling i midten av april, med søkefrist 1. mai. Eg stussa over utlysingsteksten, som la stort fokus på kompetanse og erfaring innan felt som eg har jobba lite med, men ikkje eigong nemnte nokre av mine sterkaste felt, men tenkte at det sikkert bare var eg som er paranoid. Folk som ikkje kjenner mediebransjen generelt eller min arbeidsplass spesielt, gratulerte og meinte at "så flott! Nå er du vel endelig sikret jobben?"

Utanom Klubben.

Dei hadde, som eg, lagt merke til at utlysinga verka veldig eksluderande overfor meg, og på eiga hand innhenta meir informasjon. Det dei fann ut, var det eg frykta: Det verkar absolutt som om leiinga helst vil finna nokon andre enn meg i den faste stillinga. Ikkje fordi dei er misnøgde med det eg har bidrege med dei siste to åra, men fordi dei har ein slags forskrudd ide om at dette er anledninga til å finna nokon som er endå flinkare, som kan endå meir, som har jobba i mykje meir prestisjetunge redasjonar før, osv osv.

Kort sagt: Dei ønsker seg ein redningsmann (eller -kvinne, men helst mann, for dei er jo menn sjølv, og då er det jo mykje lettare å kjenna seg igjen i andre menn, så klart). Ein person som eigenhendig skal løfta heile avisa, som er flinkare enn alle andre journalistar til saman, på absolutt alle felt.

Eg er ikkje den personen.

For det første kjem eg ikkje utanfrå, kor graset som kjent er mykje grønare enn her heime. For det andre veit dei så altfor godt at i tillegg til sterke sider, så har eg også (sjokk!) svakare. Det vil dei ikkje vita av.

Så heile prosessen har blitt som han måtte bli med dei premissane.

Etter søkefristen gjekk det to veker før dei kalla inn fem av dei i alt førti-førtifem søkarane til intervju. Tre eksterne og to interne (inkl meg). Heile intervjuet var ei einaste lang rettsak.
"Hvorfor har du ikke gjort mer av den typen saker? og den?" og "hvorfor har du ikke prioritert det framfor det?" og "det virker som du har 'trekt deg' litt i det siste, hvorfor?" (dei skulle bare visst korleis det er å gå på nokre-veker-i-slengen-kontraktar, kva det gjer med motivasjonen og framtidsplanlegginga...) og "hvordan kan vi vite at du faktisk har lyst å være her, at det ikke bare er noe du sier?" osv osv osv.

Der ein av mine to næraste sjefare tidlegare sa at han verkeleg håpa at eg kom til å søka ei komande fast stilling, og den andre tom. at "slapp av, klart du får jobben", heiter det no at dei har fått så mange gode eksterne søkarar, og det er verkeleg ingenting som tilseier at akkurat eg stiller i noka særstiling her, osv osv. Dei brukar alle anledningar til å toa hendene sine for meg, til å gjera meg meir og meir usikker på dei og på framtida.

Hadde eg vore mindre sikker på meg sjølv, hadde eg sikkert tenkt at det måtte jo vera noko gale med meg også, og med mine evner som arbeidstakar, men dithen har dei ikkje klart å piska meg. I alle fall ikkje enno. Eg veit eg kan. Faktisk.

Så per no er den tydelegaste konsekvensen at eg ikkje har lyst på jobben lenger.

Ironisk, etter halvanna år kor det er det eg har ønska meg mest. Hadde dei gitt meg fast for eit år sidan, hadde eg jubla og bedt heile avdelinga med på restaurant for å feira. No har dei øydelagt alt.

Eg har lyst å jobben, om ikkje anna fordi det ville vera rett og rimeleg og fordi eg veit at eg er flink nok!. Meir enn flink nok. Betre enn dei fortener når dei oppfører seg slik. Eg har fått gjennomgåande gode tilbakemeldingar, eg har vore stødig og lojal og dyktig innan svært mange sjangrar, gjennomført alt eg har fått beskjed om og kome med dei daglege initiativa sjølv - hoppa når dei har sagt hopp. Høgt.

Men eg har altså ikkje lyst å ha jobben. Dei har øydelagt for mykje. Viss eg mot all formodning får han (dei skal bestemma seg neste veke, "hvis vi da ikke må kalle inn flere, eller gjennomføre noen av intervjuene på nytt først"), kjem eg til å takka ja, men det er utelukkande av praktiske hensyn.

For det er jo ein ekstra kompliserande faktor, dette med framtidsplanane mine. Eg hadde tenkt å fortelja om Lille Knøtt til sjefen i forkant av søkeprosessen. Om ikkje anna, kunne eg då stå fram som tydeleg diskriminert i etterkant om eg ikkje fekk han då.

Det meinte klubben var ein dårleg ide: "Aldri innrøm at du er gravid! Ikke om du så ser ut som ein ballong og er på god vei til fødestua!", var beskjeden derfrå. Dei hadde mange konkrete døme på at godt kvalifiserte interne søkarar ikkje har fått jobben nettopp av denne grunnen akkurat på denne arbeidsplassen, endå så ulovleg det er.

Så no går eg her, fem månader på veg, og må framleis halda dette skjult, som om eg var ei eller anna 1800-tals tenestejente som hadde havna "i uløkka". Heldigvis for meg, er eg framleis ganske liten, men det er jo bare flaks. Kva skulle eg gjort om magen verkeleg poppa? Skulda på litt for kraftige innhogg i pastafatet? Vondarta svulst i mageregionen?

Mogleg det er ekstra hormon i omløp her som også gjer meg ekstra sårbar, men akkurat det der med hemmelighaldet svir også ein del. At eg skal måtta snika meg rundt som ein forbrytar, som om eg hadde gjort noko feil og skammeleg som for all del ikkje må koma ut!. Eg hadde ikkje trudd at eg skulle måtta forhalda meg til så mange ekstra belastningsfaktorar i akkurat denne livsfasen, då "alle" forståsegpåarar legg ekstra vekt på at ein skal stressa minst mogleg og kvila så mykje ein kan, og helst bruka tida på kos og avslapning og forventning. Kall meg gjerne naiv, men eg hadde ikkje tenkt at det kom til å vera jækla vanskeleg, alt.

Og at eg veit akkurat det, at "en stresset mor kan forandre strukturen i fosterets hjerne ... spesielt de områdene i hjernen som er vesentlige for emosjonell utvikling" gjer meg sjølvsagt endå meir stressa og redd. Tenk om eg skadar Knøttet!

Derfor skulkinga. I går sov eg heilt til halv tre på dagen, etter veker med dårleg og opprørt nattesøvn og gåing på nåler på jobben. Er ikkje det teikn på stress, veit ikkje eg. Eg, som alltid klarar legga frå meg jobbekymringar i det eg dreg nøkkelkortet og går frå arbeidsplassen, har dei siste vekene lege vaken om natta og tenkt og grubla, grubla og tenkt. På jobben. På framtida. På kva eg eigentleg vil.

Eg er sint, men også oppgitt. Trist, skuffa, sliten. Eg kjenner meg brukt. Tygd på og spytta ut. Og same kva som skjer framover no, er det ei kjensle det skal ta tid å lækja.

fredag, mai 09, 2008

Men først går turen til...

... Italia!

Nærare bestemt Roma, frå og med i kveld til og med onsdags føremiddag.

Gler meg vanvittig.

Har aldri vore i Roma, og treng verkeleg ein ferie no. Har jobba frå ni-ti om morgonen til ni-ti om kvelden kvar dag denne veka, inkludert søndag som var, og sit framleis med ein tekst i skrivande stund, klokka halv tre natt til fredag. Legg til energislukande stillings-usikkerhet av ei anna verd (noko eg kunne skrive bøker om, men ikkje skal gå inn på her, i alle fall ikkje no), mange sjuke i redaksjonen, og generelt kaos på jobbfronten, pluss ein liten romfarar i magen, så er det kanskje ikkje så løye at eg er litt sliten akkurat no.

Retting: Eg er veldig sliten akkurat no.

Så Roma er tingen. Eg skal bare slappa av, eta masse mat (utanom ost, spekeskinke, italiensk is (sukk!) og vin, då), og nyyyta sol og fri og ferie.

Kun ei arbeidsnatt, ein arbeidsdag og seksten timar til avreise no! Juhuuu!

torsdag, mai 08, 2008

Turen går til...

... USA!

Nærare bestemt til Vestkysten og Austkysten, i månadsskiftet juni-juli. Eg skal ha sommarferie, folkens!

Me flyr til LA, kor Lyslugg budde som tenåring, køyrer bil til Seattle, kor eg har studert, flyr til NY for eit par dagar der, og så heim. 19. juni til 13. juli.

Hurra!

Eg veit godt at mange er skeptiske til flyturar under graviditet, og til å oppsøka varme stader i same periode. Men eg prata med legen om at det som regel er greitt, og har avbestillingsforsikring viss det skulle visa seg å dukka opp komplikasjonar. Ein kan jo ikkje gå ut frå at ein kjem til å vera skikkeleg dårleg heller?

Gler meg!

onsdag, april 30, 2008

Barmhjertige Jesus!

Jada jada, det er mogleg eg bare er hormonell og greier. Men er det mogleg å ikkje bli rørt av dette innslaget?



Pie Jesu, barmhjertige Jesus, indeed!

torsdag, april 17, 2008

Memetid igjen

For lat til å skriva noko skikkeleg, så fyller ut dette memet i staden. Funne på fjesbokprofilen til ei tidlegare studievenninne.

1. HAR DU VÆRT FORLOVET?
Nei.

2. LENGSTE FORHOLD?
5 år - Lyslugg og eg hadde jubileum måndag forrige veke.

3. SISTE GAVE DU MOT TOK?
Gåve...? Hm... Mor hadde rota fram ei heil øskje babyklede me kan arva då eg var på Jæren i helga - tel det?

4. NOEN GANG MISTET EN TELEFON I GULVET?
Jepp. Og i asfalten.

5. NÅR ER SISTE GANG DU TRENTE?
Tirsdag om det må vera saltrening. I dag om også kjapp gåtur i sola tel.

6. TING DU BRUKER MYE PENGER PÅ?
Reiser.

7. SISTE MAT DU SPISTE?
Pasta med tunfisk og grønsaker, singelmiddag sidan Lyslugg er i USA enno.

8. FØRSTE DU LEGGER MERKE TIL VED DET MOTSATTE KJØNN?
Kjem litt an på kva ein legg i "legg merke til" - eg er liksom ikkje så aktiv på sjekkemarkedet for tida. Men høgare enn meg må dei i alle fall vera om eg skal synast det er noko!

9. FAVORITTSANG?
Av ein eller annan grunn har eg gått i heile dag og nynna på "I'll be there" med The Four Tops. Ingen absolutt favoritt, men det kjem eg heller aldri til å kunna isolera ut.

10. HVOR BOR DU?
I Slottet med den fine utsikta.

11. UNGDOMSSKOLE DU GÅR/HAR GÅTT PÅ?
Time ungdomsskule.

12. MOBILOPERATØR?
OneCall

13. FAVORITTKJØPESENTER?
Hehe. Ikkje akkurat mi greie, dette med kjøpesenter. Så ingen, i grunnen.

14. LENGSTE JOBBEN DU HAR HATT?
Der eg er no, blir to år i juni.

15. EIER DU ET PAR TERNINGER?
Ja, har eit Yatzee ein eller annan plass.

16. TULLERINGER DU FOLK?
Niks.

17. SISTE BRYLLUP DU VAR I?
Litlebror min, i august i fjor.

18. DEN FØRSTE VENNEN DU HADDE RINGT TIL HVIS DU HADDE VUNNET ET LOTTERI?
Kjem litt an på kor stor gevinsten var. Men eg ville nok varsla Lyslugg aller først, om han tel som "venn". Etter det den eg uansett hadde tenkt å prata med, trur eg.

19. SIST GANG DU SÅ DIN(e) BESTEVENN(er)?
Uff, trur dette med bestevenn er eit litt utvatna begrep for tida. Har eit par nære, varierer frå dagar til veker sidan eg såg dei.

20. FAVORITT FASTFOOD-RESTURANT?
Lita interesse for fastfood også, gett. Men TacoBell må besøkast i USA. Og IHOP!

21. STØRSTE LØGNEN DU NOEN GANG HAR HØRT?
At det er umogleg å vera i eit forhold utan å krangla.

22. HVOR ER DITT FAVORITTSTED Å SPISE MED VENNER?
Heime hos oss, med masse mat av den typen eg ikkje gidd å laga til vanleg. Vin og dessert og gode samtalar, ja takk!

23. KAN DU LAGE MAT?
Absolutt. Forstår i grunnen ikkje heilt at det er noko det går an å ikkje kunna.

24. HVORDAN SLAGS BIL KJØRER DU?
Den me til ei kvar tid har lånt av bilkollektivet.

25. BESTE KYSSER?
Lyslugg, så klart.

26. SIST GANG DU GRÅT?
Tysdag.

27. VONDESTE MAT?
Sviskegrøt.

28. DET DU LIKER BEST VED DEG SELV?
At eg er smart.

29. DET DU LIKER MINST VED DEG SELV?
At eg er ganske dum til å vera så smart.

30. LENGSTE SKIFT PÅ JOBBEN?
Tja... På ni, og så bånn gass heile dagen, ettermiddagen, natta og neste dag, til eg går av til vanleg tid?

31. FAVORITTFILM?
Veronikas to liv av Krzysztof Kieślowski.

31. KAN DU SYNGE?
Ja.

32. SISTE KONSERT DU VAR PÅ?
Fado to av kveldane i Portugal i påska.

33. SISTE KYSS?
I heisen torsdag morgon, då Lyslugg skulle reisa.

34. SISTE FILM DU LEIDE?
"Kill Bill" 1 og 2, som eg av ein eller annan grunn ikkje hadde fått med meg då dei gjekk på kino.

35. EN TING DU ALDRI FORLATER HUSET UTEN?
Husnøklar er jo smart å ha med...

36. BÆRBAR ELLER STASJONÆR PC?
Mac, takk!

37. FAVORITTKOMIKER?
Øh... hæh?

38. RØYKER DU?
Nei.

39. SOVER DU MED ELLER UTEN KLÆR?
Utan.

40. HVEM SOVER SAMMEN MED DEG HVER NATT?
Som regel Lyslugg, men det hender jo han er vekkreist (hulk!).

41. FUNGERER AVSTANDSFORHOLD?
Ja, kan i alle fall gjera det. Men trur det er betre å starta med avstand og så flytta saman, enn å først bu i lag og så flytta frå kvarandre.

42. HVOR MANGE GANGER HAR DU BLITT STOPPET AV POLITIET?
Ingen.

43. PANNEKAKER ELLER ARME RIDDERE?
Som regel pannekaker, men eg likar veldig godt begge delar.

44. LIKER DU KAFFE?
Nei. Tvert om.

45. HVORDAN LIKER DU EGG?
Kjem litt an på tilbehøret. Helst eggerøre eller hardkokt. Eller i sjokoladekake, så klart.

46. TROR DU PÅ ASTROLOGI?
Nei.

47. SISTE PERSONEN DU SNAKKET MED PÅ TELEFONEN?
Mor.

48. SISTE PERSON PÅ DIN TAPTE ANROP-LISTE?
Ein tidlegare kollega av meg som eg no er vara for i Kritikarlaget.

49. HVA SIER DEN NYESTE MELDINGEN PÅ MOBILEN DIN?
"Wow! Så herlig! Jeg har tro på at dette går veien. Frokost på fransk restaurant her. Kyss"

50. ANTALL PUTER?
Ei.

51. HVA HAR DU PÅ DEG AKKURAT NÅ?
Undertøy, svarte sokkar, halvgammal dongeribukse, knallrød genser med boat cut i halsen, og knallblå tøfler i tova ull.

52. VELG EN SANGTEKST, OG SKRIV TEKSTEN FRA OG MED FØRSTE VERS OG TIL REFRENGET ER FERDIG?
Det gidd eg ikkje.

53. HVA SLAGS SYLTETØY LIKER DU?
Ikkje så mange. Men amerikansk grape jelly er ok, i alle fall saman med peanøttsmør eller blåmuggost.

54. KAN DU SPILLE BILJARD?
Nei.

55. FAVORITT-IS?
Ben'n'Jerry's.

56. LIKER DU KART?
Ja.

57. FORTELL ET FAKTUM OM DEG SELV?
Eg har noko i magen. Håpar eg då...

58. NOEN GANG VÆRT PÅ TEMA-FEST?
Ja. Til og med på det største klisjetemaet av dei alle: togaparty!

59. HVA ER DIN FAVORITTÅRSTID?
Sommaren.

60. SISTE GANG DU LO AV NOE DUMT?
I dag.

61. NÅR VÅKNET DU OPP I DAG?
Litt over sju. Men det betyr ikkje at eg faktisk stod opp då.

62. DET BESTE MED VINTEREN?
Snø.

63. SISTE GANG DU FIKK BOT?
Aldri fått.

64. NAVN PÅ DITT FØRSTE KJÆLEDYR?
Aldri hatt og aldri ønska meg. Sær unge, eg veit.

65. SYNES DU PIRATER ER KULE ELLER OVERVURDERTE?
Verken heller. Eit tema som engasjerer meg i særs liten grad, merkar eg.

66. HVA SKAL DU DENNE HELGEN?
Til Karmøy for å besøka mi kreftsjuke tante.

67. BURSDAG?
22. desember.

68. HVA VIL DU BLI?
Fast tilsett.

69. ER DU PÅ BÆRBAR PC NÅ?
Nei, på bærbar mac.

70. SMILER DU?
Ja, stadig vekk.

71. SAVNER DU NOEN AKKURAT NÅ?
Ja! Lyslugg! Faktisk i patetisk stor grad.

72. HVIS DU KUNNE DRATT HVOR SOM HELST I VERDEN, HVOR?
Akkurat no? Til New York for å vera med Lyslugg.

73. GÅR DU PÅ UNGDOMSSKOLEN?
Nei.

74. ER DU BETATT?
Ja.

75. HVA ER FAVORITTNAVNET DITT?
Ikkje Gustav, i alle fall.

76. HVILKEN FARGE ER DET PÅ BIKINIEN DIN?
Har ein heil haug, i blått og raudt og alt mogleg. Rekk aldri å slita dei ut i løpet av ein norsk sommar.

77. STARTER SKOLEÅRET DITT I AUGUST?
"Skuleåret mitt" startar nok ikkje på ganske så lenge, trur eg. Kanskje om ti-tjue år, når eg er lei av journalistikk og slikt, og har bestemt meg for å bli noko heilt anna likevel?

78. VAR DU PÅ FERIE FORRIGE MÅNED?
Ja. Påskeferie i Portugal.

79. NOEN GANG VÆRT PÅ CRUISE?
Nei. Ingen brennande ønske om det heller.

80. HAR DU EN SØSTER?
Nei, bror. Men to svigersøstre, det hjelper jo på.

81. ER DU I OVERETASJEN?
Nei, nest øverst. Sjuande av i alt åtte.

82. ER DU FORELSKET?
Ja.

83. HAR DU NOEN GANG VÆRT PÅ SYKEHUS, HVORFOR?
Ja, med brannskader som eittåring og igjen for å fiksa på stygge arr etter brannskaden som 11-12-åring.

84. SKULLE DU ØNSKE DU KUNNE SE EN SPESIELL AKKURAT NÅ?
Ja.

85. HVILKE SMYKKER HAR DU PÅ DEG NÅ?
Ingen. Bombe.

86. HVA SKAL DU GJØRE NÅR DU ER FERDIG MED DENNE?
Gå ut i sola igjen, påskotet er å posta brevet med mor- og barn-undersøkelsen. Må bare ta ut dei nyvaska kleda frå maskinen og henga dei opp først.

Uff, så mange dumme spørsmål. Men men. Gjort er gjort osv. Dei som vil, kan jo slenga seg på, men eg forstår godt om ingen gidd.

mandag, april 14, 2008

Røter



Lyslugg er i USA på konferanse, eg avspaserer frå jobb pga kvelds- og helgejobbing, og har reist til jærs.

Åh! Det er så fint her!

Får ikkje lyst å flytta tilbake, men kjenner - som før - at det er godt å koma frå ein plass. Ein fin plass.

onsdag, april 09, 2008

Songquiz del 2

Ok, sidan eg er verdas mest generøse, og dermed forstår at det føltes urettferdig at forrige konkurranse kom utan at alle to som pleier lesa denne bloggen var til stades, har eg bestemt meg for å legga til to nye spørsmål.

Blir det ingling som vinn igjen, er ho den ubestridne musikkguruen, vinn nokon andre (that's your cue, th-!), kan tittelen delast.

1) Kva song er dette og kven syng?


2) Og dette?

Som sist kan ein klikka på bilda for å få dei større.

mandag, april 07, 2008

Songquiz

På tide med litt interaktivitet her, for anledningen i form av ein (ikkje spesielt vanskeleg) gjettekonkurranse.

Klar? OK!

1. Kva song refererer dette bildet til, og kor er songen henta frå? (klikk på det for å få det større)


2. Og dette?


3. Og dette?


Svar i kommentarfeltet. Premien er tillatelse til å kalla seg musikkguru i ei heil veke frå no. Eller noko.

søndag, april 06, 2008

Ja ja, Ya Ya

Lata som eg var kulturell i går, og såg Nationaltheatrets versjon av Georg Büchners klassiske Leonce og Lena, regissert av den nyslåtte norgesvennen Sebastian Hartmann.

Denne posten skal ikkje først og fremst handla om det, men før eg går vidare klarar eg ikkje å dy meg: Kva er eigentleg greia med Hartmann? Plattifisering av Hamsun og opphakking av Blücher, iblanda allsong og kviskreleik og publikumsdeltaking meg opp i ræva?!? Kall meg gjerne tradisjonalist og konservativist og det som verre er, men akkurat han der Hartmann forstår eg verkeleg ikkje poenget med. Då heller klassisk titteskap à la Gjesten i Malersalen (i alle fall minus den alltid overspelande Andrine Sæther!), eller moderne grep med poeng, for eksempel i Ulrike Maria Stuart på Amfiscenen før jul. Eller herleg indisk dans!

Sjølv om han som regel opererer i vakre scenerom, denne Hartmann:



Uansett. Til poenget:

Etter teateret besøkte me ein (for meg) ny restaurant: YaYa i Vika, bak Aker brygge. Eg har gått forbi der før og alltid trudd at det bare var ein bar, men det viser seg altså å vera ein skikkeleg thairestaurant, men kjempegod mat til greie prisar. Både den steikte røde snapperen i søt chilisaus og den gule karrien med kylling var fortreffelege.

Men då eg byrja å lesa i menyen om YaYas historie, klarte eg ikkje halda latteren tilbake. Les bare:

Ideen til YaYa's startet for noen år tilbake, på en hvit sandstrand i tropiske omgivelser, på et sted kalt Railay Beach i Thailand. Vi hadde på det tidspunktet vært i Thailand et par ganger, besøkt mange ulike steder, også de mest bortgjemte plassene, som stort sett bare kan oppdages ved hjelp av Lonely Planet guiden

Fnis!

"De mest bortgjemte plassene" i Thailand finn du altså i LP.

Hehehe, eg ler meg forderva.

Misforstå ikkje - eg er sjølv ein svoren LP-tilhengar, og har fleire halvfillete eksemplar i hylla, frå "eksotiske" stader som India og Japan, sørlege, vestlege og nordlege Afrika, til mindre framande stader som Corsica og Moskva.

Men at slike guidar liksom viser meg det aller mest "bortgjemte"? Hm. Trur'kje det nei! Det mest vekkgøymte er vel - per definisjon - slikt som ikkje kjem med i guiden? Som du faktisk må kjenna eit land for å finna?

Men som sagt - maten var super, og lokalet herleg liksomthailandsk kitch. Meir på YaYa si heimeside for dei spesielt interesserte.

onsdag, april 02, 2008

Krible krible

Hm.

Eg hadde ein slags ide om at så snart eg fekk bekrefta at det blei noko av kjempeprosjektet, og offentleggjort det til litt fleire, ville den kløande, kriblande, irriterande utålmodigheten eg har kjent på eit par månader gi seg.

Men nei. Den overspente hjernen min hadde andre planar.

"Utålmodighet" er uansett feil ord. Det er meir som om eg går her og ventar på noko - noko stort - utan at eg klarer å setja fingen på kva det er. Er bare rastlaus og surrete, forvirra og -igjen- utålmodig. No stemmer det sjølvsagt at eg ventar på noko, men det får då vera måte på rastløyse!

Kanskje eg ikkje tolar å ta det med ro? Har prøvd å kutta jobbinga ned til vanleg 100% den siste tida, og merkar at eg får masse fritid av så slapp timeplan. Går jo på trening og heng med venner og nyttar meg av ulike kulturtilbod, men det gjorde eg jo frå før, så det blir likevel mykje tid til overs.

Tid til å gå her og verka, altså.

Sjekkar mailen tusen gonger dagleg, klikkar rundt på alle moglege bloggar, sjekkar telefonen om ingen har sendt ei fantastisk melding sidan eg sjekka sist for ti minuttar sidan, surfar rundt på nett etter informasjon eg ikkje treng, og som uansett ikkje har endra seg sidan forrige gong eg var inne for under eit døgn sidan, og er generelt virrete og annig.

Hm igjen.

Har verkeleg ingen gode forklaringar på kvifor eg kjenner meg sånn for tida. Kan det vera våren? Alderen? Lediggangen (som jo er rota til alt vondt)? Andre forslag?

Beklagar det surrete innlegget - det er i alle fall sant mot kven eg er for tida...

tirsdag, mars 25, 2008

Portugalpåske med noko attåt


Ah! Påske er ein fin ting, altså! Ti dagars uttelling for tre dagars avspasering, vår i lufta og løfte om lysare tider.

Og Portugal!

Fine, fine Portugal! Var første halvdelen av ferien saman med venner i sommarhuset til foreldra av ei venninne, nær herlege, vindige jærliknande strender og Kardemommebyen over, og andre halvdel saman med "bare" Lyslugg i pittoreske Lisboa.

Er veldig for sånne byar kor der ikkje er så mykje ein sjå, og ein dermed kan bruka desto meir tid på å bare surra rundt! Opp og ned og ned og opp dei tronge gatene, innom kafear og bortom parkar.

Fint liv!


Det einaste eg har å utsetja på heile ferien, er all vinen - og portvinen! - eg ikkje fekk drukke, og dei upasteuriserte ostane og all spekematen eg ikkje fekk ete.

Men det er ei særs lita innvending. Motivasjonen er trass alt stor. Eller liten, alt etter koss ein ser det...








(draumatisk pause)









Foreløpig termin for det eg tidlegare har kalla eit "kjempeprosjekt" er 26. september. Meir her for dei spesielt interesserte.

torsdag, mars 13, 2008

Kjekt skogsbesøk!

In other news kan eg melda om at Alanis kjem til Norwegian Wood i år.

Hurra!

Det har eg lyst å få med meg!
Må bare sjå til å få avklart dette med feriar først - eg har ambisjonar om fri (!!) i løpet av sommaren i år, gjerne i juni/tidleg juli, avhengig av Lyslugg sine forpliktelsar. Er me vekkreiste, passar det sjølvsagt dårleg med skogturar.

Oppdatering: No fann eg ein ny video med Alanis også. "Underneath" er første singel ut frå plata "Flavors of Entanglement", som kjem i juni.

onsdag, mars 12, 2008

For og mot

Alle intensjonar om ei roleg veke før påske er for lengst smadra i tusen knas, eg jobbar seint og eg jobbar tidleg og styrar på så godt eg kan dei få timane døgnet inneheld. Driv akkurat no og stiller meg inn på nok ei lang natts ferd mot ferdig - igjen - men siktar mot ein time eller tre på auget på morgonkvisten om eg er heldig. Avspaserer halve torsdag (hurra!) og heile fredag (juhu!!), så det er trass alt ikkje mange timar eg treng halda ut før eg kan kollapsa på flyet til påskeferie i Portugal, heller.

Portugal, jeee!

Lurar på om det eigentleg er noko poeng å halda liv i denne bloggen, for eg har i grunnen hundre andre ting i livet mitt som betyr meir for meg og som eg heller vil bruka energien min på for tida. Nokre større enn andre, inkludert eitt kjempeprosjekt som eg skal fortelja meir om ei anna gong.

Men så er eg jo ein stabeis av natur, som ikkje likar å feiga ut på ting eg har byrja med. Kanskje er det bare å senka lista endå eit par hakk, og heller la bloggen stå tom når ideane uteblir? Så kjem dei kanskje tilbake etter kvart?

Hm. The jury's still out on that one, kjenner eg...

onsdag, februar 27, 2008

Februargull frå kjøkkenvinduet


Eg er så vanvittig glad i leiligheten vår! Sjå kor fin utsikt me har til den den gullgyldne snart-kjem-våren-solnedgangen!

tirsdag, februar 19, 2008

100 spørsmål

Huskar du gamledagar? Halvanna år eller så tilbake, då "alle" heldt på med meming heile tida? Vel, take me back to 2006, and bring it on! Memet er rappa frå Ine, utfyllinga har skjedd litt nå og litt då fordelt over mange timar på to halvtreige kveldsvakter.

1. How old are you in five years?
36. Passande det, vel, for den vellukka karrierekvinna og velfungerande småbarnsmora eg planlegg å vera innan dess?

2. Who did you spend at least two hours with today?
Kollegaer. Fascinerande (les: deprimerande) kor mykje me er saman om ein byrjar å rekna på det...

3. How tall are you?
177 cm

4. What do you look forward to most in the next six weeks?
Ny parkett i stova (ikkje til å legga, men at det skal vera ferdig!), Bergenstur om to helger, og Portugal med gode venner og nydelege Lyslugg heile påska. Og ein ting til.

5. What's the last movie you saw?
"Kautokeino-opprøret". Var veldig mykje betre enn eg hadde frykta basert på traileren, så anbefalest høgt. Før det "Den andre siden" og "Juno", som også var gode. Neste på lista er "Mannen som elsket Yngve".

6. Who was the last person you would have called if an emergency?
Vaktmeisterselskapet i blokka vår. Snakk om ubrukelege folk!

7. Who was the last person to call you?
Indie teaterinstruktør, i samband med sak på jobb.
Privat: Lyslugg.

8. What was the last text message you received?
"Reservasjonen er bekreftet. Din referanse er JHIGJ".
Frå Norwegian.

9. Favourite activities?
Alt som handlar om å vera ute i sola. Med kjærast. Og venner. Og god mat.

10. Do you prefer to call or text?
Melding, definitivt. Etter fem år som profesjonell ringar, slit eg framleis med å trykka på den grøne knappen når det gjeld folk eg faktisk bryr meg om. Nok eit punkt på lista med bevis på at "Lin lever ikkje opp til korleis jenter er", det der.

11. What were you doing at 12am last night?
Låg på golvet i stova og målte høgde- og djubdeforskjellar på vinylbelegget som skjulte seg under den stygge laminaten som låg der før, og som me no skal bruka som underlag for fin askeparkett.

12. Are your parents married/separated/divorced?
Gift sidan 1972.

13. When is the last time you saw your best friend?
For lenge sidan, som vanleg.

14. What color are your eyes?
Blå med grøngråskjer.

15. What time did your alarm go off today?
08.13. Men sidan eg ikkje skulle på jobb før 14, skal eg ikkje lata som eg spratt opp.

16. What are you wearing right now?
Svarte støvlettar, mørk dongeribukse, rød t-skjorte, sokkar og undertøy.

17. What is your favorite song?
Ever?!?! Det går jo ikkje an å svara på.

18. Where is your favorite place to be?
I sola. I vatn. På ferie. Gjerne i kombinasjon.

19. Where is your least favorite place to be?
På jobbintervju.

20. Where would you go if you could go anywhere?
Akkurat nuh? Hmmm... Heim frå jobb, definitivt. Og så ville eg vel benytta anledningen til å dra til denne Sydhavsøya eg aldri kjem til å reisa til elles.

21. What's your favourite ice cream?
Ben'n'Jerrys, alle sortane med cookie dough, brownies, sjokolade og karamell.

22. Do you tan or burn?
Begge deler, oftast rød før rødbrun. Den der gyldne, mørkebrune løden er ikkje tiltenkt meg.

23. What did you fear was going to get you at night as a child?
Slangen i do, krokodillen under senga, og trolla i ventilen. Dessutan dei store guttane som lika å hiva meg i hekken på veg til og frå skulen, men det var trass alt ei frykt med betre hald i den verkelege verda.

24. What was the last thing that really made you laugh?
Herleg resonnement rundt fallerte popstjerners bravadar på jobb, i dag.

25. How many computers do you have in your house?
Tre. Fine Dumbo, Lyslugg sin nye berbare jobbsponsa pc, og mitt gode gamle "berbare" hp-treskeverk.

26. How big is your bed?
160 brei, trur eg det er. Eller 180? Meir enn brei nok for to som sovnar inntangla uansett, i alle fall.

27. Do you have a laptop or desktop computer?
Akkurat no, på jobb, sit eg på ein stasjonær. Berbare heime, som nemnt.

28. Blue or white?
Blå.

30. How many pillows do you sleep with?
Ei ganske stor dunpute.

31. What is your favorite season?
Sommar.

32. What do you like about falling?
Hmm... fristande å stjela Ine sitt svar og svara "falling in love", men sidan eg neppe hadde kome på det sjølv, trur eg svaret blir at eg ikkje heilt veit. Men eg har veldig lyst å hoppa i fallskjerm!

33. Favourite dress?
Veldig glad i den lille svarte med kvitt belte og den lille kvite med svart belte - mest fordi eg endeleg fann noko å ha på meg når folk driv og giftar seg og har oppstasa festar heile tida.

34. What do you like about the summer?
Potensiale for fri. Jordbær. Sol. Varme. Lange dagar. Henging i parkar. Utandørsbad, i fersk- eller saltvatn.

35. What do you like about siblings?
At han klarar seg så bra no.

36. How many different places have you lived in the last three years?
Faktisk bare to, Frogner og Slottet, og det må vera ny pers for flyttefanten meg.

37. Worst enemy?
Meg sjølv.

38. Do you prefer shoes, socks, or bare feet?
Sko med strømpebukser inni. Er ein fotfrysepinn.

39. Are you a social person?
Både og. Likar folk, men også aleinetid.

40. What was the last thing you ate?
Heimelaga smoothie med banan, jordbær og appelsinjuice, for snart sju timar sidan. Forstår aldri koss eg skal få tid til måltid på desse kveldsvaktene.

41. What is your favorite restaurant?
Viss det låg i budsjettet, hadde eg ikkje sagt nei til å besøk Alex Sushi og desslike ein del oftare. Men i praksis heller det meir mot Mitsu Sushi i Møllergata (ny favoritt etter at den i Pilestredet blei ei svær kantine og lot det gå ut over fiskekvaliteten), Rice Bowl i Youngs gate(?), Curry&Ketchup i Kirkegaten, m.fl.

42. Last bought item?
Kort dongeriskjørt med knappar frå Oasis. Happy happy joy joy!

43. What is your favorite pair of shoes?
Akkurat no: Brune Camperssko med raude broderte detaljar og band.

44. What is your favorite fruit?
Jordbær, friske (norske) aroma- eller prins-eple, sprø kjernefrie druer.

45. How many exes do you have?
Ikkje mange til å vera ei moden dame på 31!

46. Do you like sushi?
Oh but do I!?!

47. Do you like coffee?
Nei. Fysjom for beisk skit!

48. How many glasses of water, a day, do you drink on average?
Her går det ikkje i glas, men i halvlitersflasker frå kontorkjøkkenspringen. Til saman ganske så mange liter.

49. What do you drink in the morning?
Vatn om noko. Dessutan ekstra lett mjølk og/eller appelsinjus og earl grey viss det er søndagsbrunch utpå dagen.

51. Do you sleep on a certain side of the bed?
Ja, mi side, mot vinduet.

52. Do you know how to play poker?
Nei. Ikkje så spesielt interessert i å læra heller.

53. Do you like to cuddle?
Ja. Men med nokon (mykje) meir enn andre.

54. Have you ever been to America?
Ja. Budd i USA i to omgangar, og tenker det snart er på tide med ein tur tilbake som turist. Over fem! år! sidan sist! (gaaasp!)

55. Do you have an addictive personality?
Nei. Absolutt ikkje.

56. Do you eat out or at home more often?
Nokså likt. Reknar ein den begredelege jobbkantina som "ute" blir det meir ute enn inne. Men den kantina der fortener eigentleg bare å forbigåast i det stille.

58. Do you know anyone with the same birthday as you?
Ikkje personleg. Men i tenåra var det sjølvsagt eit stort poeng at Vanessa Paradis, som eg for øvrig knappast visste kven var, også er fødd 22. desember.

59. Do you want kids?
Ja.

60. Do you speak any other languages?
Engelsk bra, tysk og fransk samanblanda og surrete - men trass alt nok til å orientera meg og forstå kva som skjer.

61. Which Skittles tastes best?
Dei raude. Men Skittles har ikkje akkurat hovudrolla i mitt snopeunivers.

62. Have you ever ridden a horse?
Ja. Ho eg var med var skuffa fordi eg ikkje syns det var skumlare, og fordi eg ikkje var stiv i baken dagen etter.

63. Do you prefer an ocean or a pool?
Havet for kos og transport, bassenget for trening.

64. Do you prefer a window seat or an aisle seats?
Vindu om det er noko å sjå, midtgang på rutineturar Oslo-Sola/Flesland om kvelden.

65. Do you know how to drive stick?
Så klart. Amerikanske spørsmål, eller?

66. What is your favorite thing to spend money on?
Reiser. Folk eg er glad i.

67. Do you wear any jewelry 24/7?
Nei. Ikkje 1-23/7 heller.

68. What is your favorite TV show?
Jobbar meg gjennom "Six Feet Under" på devede, veldig bra. Men TV elles? Eh...

69. Can you roll your tongue?
Ja.

70. Who is the funniest person you know?
Det løgnaste er oftast kombinasjonar av folk, syns eg. Har f.eks. eit bra lag her på jobben.

72. What is the main ring tone on your phone?
Normal "ring, ring" til vanleg, og diskrete songar for utvalde folk.

73. Do you still have clothes from when you were little?
Ikkje eg, men eg veit mor har spara på ei øskje eller to med tanke på evt barnebarn.

74. What red object is closest to you right now?
T-skjorta frå Håkki.

75. Do you turn off the water while you brush your teeth?
Ofte viss eg er aleine, men ikkje når Lyslugg og eg pussar på likt.

76. Do you sleep with your closet doors open or closed?
Lukka.

77. Who would you like to be attacked by?
Går vel ikkje akkurat rundt og drøymer om eit overfall..?

78. Do you flirt a lot?
Nei. Forstår meg ikkje på denslags.

79. What do you dip a chicken nugget in?
Bosset. Oppmala liksomkylling i feittdryppande småkaker får du ikkje denne jenta til å eta.

80. What is your favorite food?
Mmmm! Mat! Alt innan sjømat, thaimat, indisk, meksikansk, og uhm, det meste anna. Bare fri meg frå tørre skiver med svett pålegg, alias det "gode norske" kosthaldet!

81. Can you change the oil on a car?
Tja. No eig ikkje eg nokon bil å skifta på. Men kor vanskeleg kan det eigentleg vera?

82. Have you ever gotten a speeding ticket?
Nei.

83. Most stupid thing you have ever done?
Hmm... eg har i alle fall sagt ja til ein jobb eg aldri burde tatt.

84. What is your usual bedtime?
Etter midnatt. Lenge etter.

85. What is your favourite magazine?
Er ikkje så oppteken av sånne blad. Nyt i grunnen å sleppa unna.

86. Do you have any role model?
Nei. Eg er visst ikkje sånn skrudd saman at eg klarer å få meg skikkelege idol. Not for the lack of trying i tenåra!

87. Do you dance in the car?
Av og til.

89. What song did you last listen to?
"All I Want Is You" med Barry Lois Polisar, frå Juno-lydsporet.

90. Do you ever wonder «what if»?
Det hender nok. Dessverre.

91. Do you ever fall for «the wrong» guys?
Nei. Eg står inne for det eg har gjort på den fronten.

92. Who is in the picture frame closest to you?
Dårleg med innrama bilder på jobb, gett! Det næraste portrettet er rep-leiars bilde av dronning Sonja i gul kjole.

93. What was the last note you scribbled on a piece of paper?
"Ring xxxxxxx etter 14.30" Jobbrelatert, så klart

95. What is your favorite board game?
TP.

97. When was the last time you attended a party?
Var i middag ei stund utover lørdag, og kom meg visst aldri på den andre festen eg også hadde planlagt same kveld.

98. Who is your favourite car?
Ein eg slepp ha ansvar for.

99. What is the best hotel you have stayed in?
Eg er ikkje så god på hotell, i grunnen. Sparar som regel pengane til andre ting. Men den fengselsliknande cella mi i 40 grader pluss i Kolkata var noko for seg sjølv.

100. Who was the last person to do something extra special for you?
Lyslugg.

torsdag, februar 14, 2008

Min mann

Eitt ord: ENDELEG

onsdag, februar 13, 2008

Etter mørket

Eg jobbar kveld igjen. Eller natt, er det vel når klokka har passert halv to. Og eigentleg har eg ikkje det heilt store på hjartet. Er ikkje heilt på topp for tida, surrete og ukonsentrert og utålmodig. Annig, som det heiter på jærsk, kriblete og forvirra, ute av stand til å fiksa situasjonen. Ordna opp.

Og eg veit at det er litt kvasi, men akkurat no er det eit sitat av denne typen som best fangar koss det er:

"We're lonesome and small and we know not what we do, only that we're obliged på God or nature to bathe, dress, eat and keep doing it"


Sitatet er henta frå Walter Kim si melding av Haruki Murakamis After Dark i New York Times. Det er ei bok som også handlar om natt og nattestemning, som er blåstemt og halvmelankolsk utan eigentleg å vera det heller, og som på nokre vis oppsummerer kor eg er akkurat no. Ikkje at eg har tenkt å ta turen innom nærmaste love motel - meir dette at det følest som eg kunne. Eller burde, til og med...

Utan at akkurat det gir stor meining, eg ser det.

tirsdag, februar 12, 2008

Dusør!

Er det nokon som har funne ein hjerne i det siste? Medium storleik, middels godt brukt, tilhøyrande kvinne på 31? Mest truleg mista på strekninga Gamlebyen - Sentrum i Oslo, før eller like etter juletider.

Eg kan nemleg ikkje finna min, og byrjar å få bruk for han igjen etter månader med surr og vas og tull og tøys og ein absolutt komplett mangel på initiativ og konsentrasjon.

Dusør ved levering.

Takk!

tirsdag, januar 29, 2008

Tenåringsgraviditet? Jatakk!

I serien "-lin legg lista lågt men skriv i alle fall noko", kan eg i dag presentera...

--- trommesolo ---

ein film!

Meir konkret fire gongar Oscar-nominerte Juno, som har førpremiere i Oslo på Gimle filmfest lørdag, og sikkert kjem på vanleg kino ei veke eller to etter det.

Søt film!

Temaet - gravid tenåringsjente som vurderer abort men feigar ut - høyres kanskje ikkje så komisk ut, men det er det. Mest på grunn av herlege ordspel - høyr for all del på det dei seier i staden for å lesa tekstane! Dessutan er lydsporet nydeleg - eg har planar om å kjøpa CDen så snart eg rekk innom ein platebutikk.

Her er traileren:



... og her er ein av songane. Ikkje favoritten min, men representativ for sjangeren:

torsdag, januar 24, 2008

Ny start

Ok, då har eg bestemt meg. Det blir blogg i 2008 også.

Så mykje kan eg lova.

Men det eg ikkje lovar, er hyppige oppdateringar, morosame postar, spanande tema og kloke betraktningar.

Seriøst. Eg har tenkt litt på det dei siste par månadane, på kvifor eg ikkje hadde så lyst å skriva lenger, og kvifor det gjekk lenger og lenger mellom kvart innlegg, og har kome fram til at eg på ein eller annan måte følte at det heile blei for "ambisiøst". Ikkje fordi andre nødvendigvis forventar så mykje av meg, men fordi eg byrja å gjera det sjølv. Gradvis hadde ein del av meg byrja å skjemmast over klassiske lin-postar av typen "no er det natt og eg sit her aleine og jobbar", og syntest eg burde spara meg til eg hadde noko anna, mykje meir interessant å fortelja. Helst noko med bilder, og linkar til spanande og morosame nettstader som byggjer opp under poenget.

Men det er jo ikkje sånn det fungerer!

Dess høgare lista ligg, dess vanskelegare blir det å seia noko som helst. Og dess mindre ein seier, dess høgare er terskelen for å opna munnen igjen. Dårleg sirkel, mao, og den skal eg no bryta.

Men ikkje forvent store ting, okei?