torsdag, desember 20, 2007

2007

Det har vore eit roleg år på bloggefronten. Men oppsummera kan eg i alle fall gjera, i år som i fjor og i forfjor. Spørsmåla er dei same som sist. Eigentleg ein del av svara også.

1. Kva gjorde du i 2007 som du aldri har gjort før?
Innstilte meg på rein frilansing. Det var ei krevjande men lærerik erfaring, sjølv om ting ikkje blei som eg frykta då eg var på det mest vettskremte.

Haldt bryllupstale, til og med for bror min (og akkurat han håpar eg jo eg slepp å halda bryllupstale for igjen!)

Byrja i blandakor - som sopran(!) - etter å ha sunge alt til og med vidaregåande.

Fekk viljen min, og opplevde stor, men kortliva glede av den grunn, og desto større sorg etterpå.

2. Haldt du nyttårsforsetta dine? Vil du laga nye?
No driv eg framleis med ønske, ikkje forsett. Og nei, eg fekk dei ikkje. Men eg ønsker framleis, begge tinga.

Og alle forsett og tankar om intensjonar om å "jobba mindre" og "setja grenser" og "i alle fall ikkje sitja heile natta" og bla bla bla, går jo alltid åt skogen, så det har eg slutta med. Så det så.

3. Ble noen som står deg nær mor eller far?
Ja! Den næraste no nettopp. Fine, fine, babyen!

4. Døydde nokon som stod deg nær?
Ja. Svært svært nær. Og det er framleis så trist at eg ikkje har orka å prata stort om det. Eit stort, ømt, blødande sår.

5. Kva land har du besøkt det siste året?
Februar: Danmark
Mars: Zimbabwe, Zambia, Russland (Moskva)
August: Sverige
November: Marokko, Spania (Madrid)

Førstegongsbesøk i kursiv, noko som gir følgande kart:

6. Kva ønsker du deg neste år som du har sakna?
Fast jobb. Bombe, I know.

7. Kva datoar i 2006 gløymer du aldri, og kvifor?
3. og 24. november: høgdepunkt med kvart sitt forteikn.

8. Kva er det største du har oppnådd i år?
No blei det mykje jobbmas her, eg veit. Men faktisk - det lettast målbare i år er at eg har hatt jobb heile året...

9. Kva var din største nedtur?
24. november.

10. Har du vore sjuk eller skada?
Ja. Turistmage for første gong dei siste par dagane i Marokko, og dermed nokså ei nokså punktert oppleving av Madrid.

11. Kva var ditt beste kjøp?
Billettar til Afrika, det sørlege i påska og nordlege i november.

12. Hvem fortjener din hyllest for oppførselen sin?
Kjære, nære venner. Gode, varme Lyslugg, som klarer å tru på meg når eg tvilar sjølv.

13. Kven sin oppførsel gjorde deg nedstemt/lei deg?
Dei overordna på min noverande arbeidsplass.

14. Kva gjekk mesteparten av pengane dine til?
Som vanleg når eg får det spørsmålet, tenker eg "hm, pengar? Brukar eg pengar då?" Så det er vel leige, mat, kvardagslege ting igjen. Dessutan billettar til Afrika.

15. Hva gjorde deg veldig veldig veldig oppspilt og glad?
3. november.

16. Kva song vil alltid minna deg om 2006?
"Love will tear us apart" med Joy Division. Apropos ingenting, i grunnen.

Dessutan herlege, herlege Richard Hawley:



17. Samanlikna med denne tida i fjor, er du...
a. Gladare eller tristare? Litt tristare
b. Tynnare eller tjukkare? Om lag som før, trur eg. Går litt opp og ned i løpet av året, det der.
c. Rikare eller fattigare? Bittelitt rikare, trur eg nok.

18. Kva skulle du ønska du gjorde endå meir av?
Spontane kulturelle og kulinariske opplevingar, som uplanlagt frammøte på Litteraturhuset eller kafe eller kva som helst.

19. Kva skulle du ønska du gjorde mindre av?
Lurte på om eg har jobb neste månad. Per no er eg avklart ut januar. Wow. Fem heile veker!

20. Korleis vil du feira jula?
Heime på Jæren saman med mor, far, Lyslugg, Bror, Brors kone, Lyslyggs mor og Lysluggs søster(!) Sporty av dei to sistnemnte å takka ja til invitasjon - mora har truffe foreldra mine ei gong, men ikkje bror min og kona hans, medan søstera har truffe far såvidt men ikkje mor.

21. Vart du forelska i 2007?
Ja. På ein måte.

22. Kor mange one-night stands hadde du?
Ingen, så klart.

23. Kva var favorittprogrammet ditt på TV?
I fjor skreiv eg at eg ikkje hadde fått med meg stort, men at "Dawson's på devede er den klare vinnaren når det gjeld boksglaning - sjølv om me framleis ikkje er komne lenger enn sesong 2". Vel, no er me på sesong 4, og det seier i grunnen det meste om kor "mykje" TV me ser...

24. Hatar du nokon no som du ikkje hata på denne tida i fjor?
Nei. Hat er ikkje mi greie.

25. Kva bok er den beste du har lese i år?
Oj! Vanskeleg!

I utanlandsk klasse trur eg det må bli "Montecore, en unik tiger" av Jonas Hassan Khemiri, "Special Topics in Calamity Physics" av Marisha Pessl, "The Time Travelers Wife" av Audrey Niffenegger og "Den kommende verden" av Dara Horn som tek prisane.

I norsk blir det "Vinterbarn" av Oddmund Hagen, "Andvake" av Jon Fosse, "von Aschenbachs fristelse" av Jan Jacob Tønseth, "Borte en vinter" av Heidi Marie Kriznik og "Hässelby" av Johan Harstad.

For eksempel.

26. Kva var årets beste musikalske oppdaging?
Joy Division og Arcade Fire - årevis etter alle andre, så klart. Og Haddy N'jie! Fine fine dama.

27. Kva ønska du deg – og fekk?
Afrikaturar! Andre fine reiseopplevingar. Pustehol med venner og kjærast. Langsam tid.

28. Kva ønska du deg – og ikkje fekk?
Fast jobb. Igjen.

29. Kva var årets beste film?
Tja... Eg har då vitterleg vore på kino ganske så mange gonger, men hugsar sjølvsagt ingen titlar. Ikkje som "beste", i alle fall.

30. Kva gjorde du på fødselsdagen din?
Det veit eg ikkje, for den er om to dagar, på lørdag. Men eg skal i alle fall vera på Bryne! Og slappa av!

31. Kva enkeltting har gjort året mykje meir tilfredsstillande?
Tja... vettkje heilt eg. Har stor tru på mobiltelefonen eg veit eg får i fødselsdags- og julegåve om nokre dagar - tenk å ha ein telefon som ikkje konkar ut pga flatt batteri etter to minutts samtale! Men det blir jo for 2008. Og "tilfredsstillande"? Vel...

32. Korleis vil du beskriva klesstilen din?
Som i fjor og året før. Mykje t-skjorter og dongeribukser, ispeidd ein del skjørt og eit par kjolar. Lite sandalar og singletar grunna våt våt sommar.

33. Kva har halde deg i mental balanse?
Hehe. Det var den der definisjonen av "balanse" som kanskje er litt ute. Trur ærleg tala ikkje dette har vore mitt mest "balanserte" år. Men takk til alle som held ut med meg lell!

34. Kva for ein kjendis likte du best?
Svarar som før nokon av dei eg lika å intervjua: Arne Næss sr., Haddy N'jie og Ingrid Bolsø Berdal. "Kjendis"-statusen kan andre avgjera.

35. Kva i politikken har opprørt deg mest?
Klimakløner på andre sida av Atlanteren. Og her heime.

36. Kven saknar du?
Den eg kunne vore.

37. Kven var den beste nye personen som kom inn i livet ditt?
Den nye teatervenninna mi.

38. Fortel ein viktig livsvisdom du har lært i år?
Det er ikkje alt ein kan vera flink i. Av og til er det heilt andre makter som bestemmer, og det er ingenting, absolutt ing-en-ting!, å gjera med det anna enn å grina til ein er tom og koma seg vidare.

Til å vera såpass smart, synk sånne ting oppsiktsvekkande seint inn hos meg.

39. Ein songtekst som oppsummerer året.
Hold me
Just tonight
Sleep will tend me
Save me
From lonely hours
There's so many
And I won't get any sleep tonight


Frå "Valentine" - Richard Hawley

Årskavalkade:
Gå i bloggoversikta di og finn den første postingen i kvar månad i 2006. Post den/dei første setningen/ane i kvart innlegg. Summen av disse utgjer årskavalkaden din.


Januar: "Eg kan bare innrømma det først som sist, at det der forsettet mitt om å jobba mindre i 2007 enn i 2006, allereie er ein vits."

Februar: "Eg har jobba døgnet rundt siste tida, men no er eg tilbake. (Bank i bordet!"

Mars: "Februar 2007 vart visst den dårlegaste månaden i denne bloggens korte historie. Og mars ser ikkje så fælt mykje betre ut så langt."

April: "Du veit at du er heime i Norge igjen i det du vandrar gjennom ankomstområdet på Gardemoen og lukta av landets nasjonalrett står imot deg

Mai: "Jada, jada, eg lovar og lyg, om bilder og oppdateringar og afrikasoger og, sidan sist, moskvaeventyr."

Juni: "Eg sit på kontoret, som har vore Husgjestens soverom den siste månaden og skal vera det ei dryg veke til, og prøvar å skriva ferdig noko med deadline i morgon tidleg, medan eg fungerer som levande oppslagsverk og ordbok for dei på stova."

Juli: "Eg ryddar. Gjenstridige boksar som har overlevd i oversette hjørner sidan flyttinga førre sommar, klede inn i nymonterte trådkorger, og - som alltid - bøker bøker bøker inn i hyllene"

August: "Dette blir kjapt, for om få minuttar kjem allerkjæraste Lyslugg, som har vore vestpå i over to veker, endelig tilbake til meg, og det har eg gleda meg til lengelenge"

September: "Eg har nett drukke ein kopp rooibos-te 'with black tea and spice flavour'. Er ikkje det litt rart?"

Oktober: "Det er med blogging som med trening - fell ein ut av det, er det tungt å ta det opp igjen."

November: "Det var dette med denne jobbinga. Ikkje verdas mest interessante emne, eg veit, eg veit."

Desember: "Boomen frå i fjor har løya litt, men også i år kjem det småfolk til. Dette prakteksemplaret, med jærfar og tromsømor, kom på termindato"

Kven vil du utfordra?
Ingen. Også som vanleg.

Og med det vender eg tilbake til overtidsjobbinga. Kveldens mål er å vera ferdig før midnatt. Wish me luck!

tirsdag, desember 11, 2007

Nattskiftet igjen

Så mykje for dei «rolege desemberdagane» eg hadde sett føre meg i år.

Sit med frilansgreie eg burde hatt ferdig i går, og som i alle fall må vera ferdig til i morgon, og sparkar meg sjølv hardt i leggen fordi eg tok på meg ekstraarbeid når eg hadde meir enn 100% frå før, eg som for ei gongs skuld skulle nyta førjulstida.

På den andre sida har det skjedd mykje kjekt i det siste og, altså! Adventskonsert med koret første søndag i advent, julefest med herleg mat hos venninne lørdag, julekakebakeverkstad med fullt hus og stormande jubel heile gårsdagen til ende (altså søndag, 14-24) heime hos oss, og gløggdrikking og aleinesurring og trening innimellom- i alle fall så godt det let seg gjera mellom ekstrajobbing meg her og overtid meg der.

Denne veka vert det julefest onsdag, babybesøk og venninneøldrikking torsdag, og hyttetur til Finse fredag til søndag.

Puh!

Og med det vender eg tilbake til det faste programmet: Nattejobbing.

mandag, desember 03, 2007

Ny baby i gjengen!

Boomen frå i fjor har løya litt, men også i år kjem det småfolk til. Dette prakteksemplaret, med jærfar og tromsømor, kom på termindato (punktlig frå første stund!) 30. november.


Velkomen til verda, søta! Blir stas å treffa deg live!