mandag, oktober 31, 2005

Jammen, det er oktober enno!

Det må ha skjedd ein feil her ein stad. Det høyrer vel ikkje til å bli stupmørkt allereie i tretida!?! Hæh?

Tilbake!

Så var jenta tilbake frå gullkuplanes fagre land.



Full av inntrykk, enno ikkje ferdigfordøyd trass i at det har gått ei heil, kjemperoleg helg sidan returen. Trur eg må skriva meir sidan, akkurat no får det halda med eit bittelite utval bilder:


Stikkord elles: kyrkjer, gull, pilgrimar, tre ønsker, healing, oransj, sovjethotell, marknad, kaviar, sol, grønt, og endå fleire kyrkjer.

Reis til Kiev!

Det er ein nydeleg by!

søndag, oktober 23, 2005

Framleis stukken

Kom frå hytta for ti minutt sidan, har vore ei strålande helg.

Vinteren kom! Med ti centimeter snø, minusgrader og idyll idyll idyll. Elgsteik og rødvin og eplekake og gode venner og jupp, absolutt vellukka. Medan dei andre løysa sudoku og las og småprata, jobba eg meg gjennom seksti sider spes.ped, så no kan eg alt om det også.

Ukraina neste! Dreg i otta i morgon, blir vekke til seint på fredag. Gler meg - kan eg la vera når dei har ein velkomstplakat som denne?

torsdag, oktober 20, 2005

Eg stikk no

Først til hytta. Er skikkeleg vill og gal og tek ut heile 7,5 av dei cirka 2,7 millionar oppsparte overtidstimane mine som eg aldri kjem til å rekka å bruka opp før eg blir sparka ut av denne jobben.

Gler meg! Treng eit lite opphald i kontorfri sone no.

Dumbo skal vera med, men han skal ikkje brukast til anna enn den tidlegare nemnde masteroppgåva om noko eg ikkje heilt forstår men likevel har lova å sjå på. Av ein eller annan merkeleg grunn klara eg ikkje bli heilt ferdig med dei seksti sidene på dei to timane eg hadde til gode i gårkveld - eg skulle jo bare laga mat og pakka og skriva tre mail den same tida! Tsk tsk, amatøren sin!

Donor

Eg er småsvimmel og litt frysen, og ikkje så reint lite kvalm etter frokost beståande av to eplemost og tre pepitakjeks, med påfølgande køyretur på overfylt buss kor eg til slutt fekk kjempa meg til ein plass vendt mot køyreretningen.

Men dei fekk det dei ville ha, heile halvliteren. Og det før klokka var åtte!

onsdag, oktober 19, 2005

Panikkåtak

Baaah! Baaah! Baah!

Eg gjentek: Baaaaaah!

Akkurat-no-har-eg-så-mykje-som-eg-skulle-ha-gjort-for-lenge-sidan-men-som-framleis-ikkje-er-ferdig-hengande-over-meg-at-eg-veit-snart-ikkje-kva-eg-skal-gjera-meir! Hjelp!

Må sortera litt i rotet her, så hald ut. Eventuelt kan du bare skippa heile posten, for nei, det blir ikkje betre om du les vidare!

Altså. Lista. The List. La Liste. Das Liste. El Listo:

* The neverending story som er intervjuet med Halvdan. Problemet er rett og slett at eg lika han så bra (mannen altså, ikkje nødvendigvis musikken) at eg har lyst at det skal bli bra for ei gongs skuld, sjølv om det bare skal publiserast i eit teit blad.

* Omsetja og omdikta den fæle, teite, usamanhengande tyske artikkelen sjefen kom med og ville at me skulle bruka. Nemnte eg at han er på tysk?

* Gjera ferdig reisereportasjen frå Italia, kor me var for cirka tre millionar lysår sidan, og som burde vera ferdigskriven på den tida det tek å laga ein skikkeleg lasagne dersom eg bare klarte å få ut fingen. Grrr!

* Gjera ferdig reisereportasjen frå Lofoten, som manglar ca tre idiotiske avsnitt som eg sjølvsagt ikkje klarer å få pressa ut, som den håplause prokrastinatoren eg jo er.

* Skriva heile saka om ein viss eventyrmålar (her utelet eg detaljar med tanke på alle dei viktige Konkurrentane som heilt sikkert les denne bloggen), basert omtrent utelukkande på dei historiske bilda og dokumenta styraren ved museumet sendte til meg tre månader etter at me var der og prata med ho og fotograferte. Tre månader!

* Skriva ut det e-gjesp-normt in-te-gjeesp-res-san-te intervjuet med kosthaldsdama som prata om barn og unge og overvekt og om du nokonsinne gir ungen din så mykje som ei rute kokesjokolade kjem ho til å veksa opp til å bli ein svær blob av eit menneske, for det seier Staten!

* Ringa kunstmålardama om den døde mannen du veit, noko eg gruar mest av alt til, for koss i all verda startar ein sånne samtalar per telefon når alle normalt utstyrte og gjennomsnittleg danna menneske i heile verda veit at det gjer ein faktisk bare ikkje!

* Ringa folka som i si tid opplevde eit slags mirakel som hadde med telefonar og overdosar og diverse anna å gjera, og overbevisa overdosedama om at "jovisst har du lyst å fortella om dette til meg [kviskre: og mine halv million lesarar!]. Blir så kjekt så!"

* Ringa Ole Paus. Igjen. Og igjen. Og igjen.

* Ringa ho der dama som eg aldri før hadde høyrt om før eg fekk beskjed om at ho spelar ei Viktig Rolle i Hotell Cæsar og derfor bare få lov til å fortella om sitt privatliv i våre spalter. Søte barn påkrevd. Pluss ein mann, viss ho har.

* Ringa folka på Røros og spikra avtalar, helst før snøen kjem. (Er snøen allereie komen der, seier du? Aaargh!)

* Gjera noko med desse tromsøtipsa mine. Skal, skal ikkje?

* Skriva ut forlagsintervju nummer ein. Om matte, faktisk.

* Skriva ut forlagsintervju nummer to. Også om matte. Hurra!

* Skriva ut forlagsintervju nummer tre. Om ing-lissssh få' prah-fessh-a-nell stjuuu-dentsss

* Skriva ut forlagsintervju nummer fire, og gjera noko med bilda som høyrer til. Om norsk, takk høgare makter.

* Lesa og kommentera og tilbakemelda på Ei Viss Kvinne Eg Kjenner si masteroppgåve i eit fagfelt eg kan minimalt om. "Hey, ho er jo bare 57 sider, så kva om me pratest igjen i morgon om det du har funne ut?" "Ehm, jo Mor, det går nok fint det". Kjempefint.
Kuttar lista der. Ting eg skal gjera neste veke, altså ikkje før eg reiser på hytta om mindre enn eitt døgn, kan eg spara til ei anna gong.

Og jada, jada, eg veit eg ikkje burde posta her og heller setta meg ned og starta i ein ende. Men-akkurat-no-er-eg-så-blaaaah-at-eg-ikkje-eigong-orkar-tanken-på-eitt-einaste-minutt-til-med-han-der-elendige-Halvdan!

Dermed: eg går no. På kafe. Med den einaste venninna mi som både går med slør, pratar flytande ikkje-indoeuropeiske språk, og har vore så smart at ho gifta seg med ein rik utlending og dermed slepp å jobba resten av livet.

tirsdag, oktober 18, 2005

Sheherazade (re)visited:

Dette er meg om ca sju veker!

Har nemleg lokka med meg L på eit aldri så lite eventyr, komplett med kamelar og snabelsko og flygande teppe av alle slag. Sånn skjedde det*:

Eg: Skal me ikkje reisa på ein tur i desember, når eg blir arbeidslaus og har så mykje fritid som bare det?
Han (djupt inni Harry Potters eventyr): Hmm...
Eg: Det hadde jo vore kjekt, ikkje sant?
Han (framleis i Harry-verda): Hm-m
Eg: Eg kan godt ta på meg å finna ut litt om alternativa, viss du vil?
Han (kikkar opp): Huh?
Eg: Den turen me skal på - eg kan godt finna ut litt meir om alternativa!
Han: Tur? Når da?
Eg: Kjem an på kva som passar best for deg. 3-10. eller 10-17. desember?
Han (usikker no): Eh... den første, tror jeg. Hvordan det?
Eg: OK!

[Ein dag* seinare]:
Eg: Me skal til Tunisia!
Han (med nasen i Økonomisten): Hnn?
Eg: Til Sousse! Me skal bu på Kaiser hotel - tenk det, eit ekte keisarhotell!

[L kikkar opp frå bladet. Lenge]
Han: Du er veldig søt når du smiler så mye.

---
Så Tunisia it is!
3-10. desember, noko som gir meg eit par dagar å tenka over min nye, arbeidslause situasjon i forkant, og han den første veka i advent til å finna ut at eg har lokka han med meg på tur no igjen.

--
* Jo visst var det sånn det skjedde! Eg kan i alle fall ikkje huska noko anna, og eg var der.

mandag, oktober 17, 2005

Det var tid jeg gikk omkring og sultet i Kristiania...

Magen knyter seg og piiip sørgeleg, hjernen sender stadig fleire meldingar av typen "så klart det er ein lur ide å surfa rundt på internett på søk etter informasjon om Junior Mints (nam!) framfor å skriva ferdig den samvitsknugande saka om Halvdan Sivertsen som du jo allereie har halde på med ca tre evigheter", og augene har for lengst gjennomsøkt lokalet over ting som kan etast, for svarte!

I det stadig veksande lageret over vekebladstæsj fann dei:
* gratisprøve på Confecta suppe med "bare 38 kcal!" per kopp, som "anbefales ved slanking" av sjølvaste Grete Roede. Iblanda p-lunka vatn frå kaffi- og teautomaten vart pulveret til noko lysegulbrunt, kjempesalt, oppvaskvatnliknande som eg les på posen skal vera "deilig kyllingsuppe". Ikkje verst - mykje salt for bare 38 kaloriar!
* to halvsmadra Dietorelle-karamellar med "jordbær"(kremt)smak. "Kos deg helt uten dårlig samvittighet!". Imponerande mykje syntetsmak per omtrent ikkjeeksisterande kalori!
* to Ido-Form (er ikkje det diarémedisin?) tyggetablettar med melkesyrebakteriar og "fruktsmak" som "styrker magen hver dag", men som dessverre ikkje gjer han noko meir mett.

Så no gir eg opp og går heim. Skal kasta meg over den første feittdryppande, kaloridampande godbiten eg finn, og nyyyta kvar bit!

Firebarnspolitikk

Ok, ein detalj til om denne regjeringa. Ut frå det VG skriv om familieforholda til dei utvalde, må det tydelegvis vera ein klar kvalifikasjon å ha minst tre, gjerne fire ungar for å bli minister. Dei er då sterkt overrepresenterte i forhold til kor vanleg det er med "store" familiar elles i samfunnet? Eller?

Regjeringa:
Statsminister: Jens Stoltenberg (46), Gift, to barn.
Finansminister: Kristin Halvorsen (45), Gift, to barn.
Kunnskapsminister: Øystein Djupedal (45), SV, Samboer, to barn.
Utviklingsminister: Erik Solheim.(50), SV, Oslo, Gift, fire barn.
Miljøvernminister: Helen Bjørnøy (51), SV, Buskerud, Gift, fire barn.
Utenriksminister: Jonas Gahr Støre (45), Ap, Gift, tre sønner.
Arbeids- og sosialminister: Bjarne Håkon Hanssen (42), Ap, Gift, fire barn.
Helse- og omsorgsminister: Sylvia Brustad (38), Ap, Samboer, ett barn.
Likestilling og forbruk: Karita Bekkemellem (40), Ap, Separert, to barn.
Nærings- og handelsminister: Odd Eriksen (50), Ap, To barn.
Justisminister: Knut Storberget (41), Ap, Gift, to barn.
Fiskeriminister: Helga Pedersen (32), Ap, singel? [VG skriv ikkje meir]
Forsvarsminister: Anne-Grete Strøm-Erichsen (55), Ap, Gift, to barn.
Kulturminister: Trond Giske (38), Ap, Samboer, ett barn.
Kommunalminister: Åslaug Haga (45), Sp, Gift, to barn.
Olje- og energiminister: Odd Roger Enoksen (51), Sp, Gift, fire barn.
Landbruk og mat: Terje Riis-Johansen (37), Sp, Gift, tre barn.
Samferdselsminister: Liv Signe Navarsete (46), Sp, Samboer.
Fornyelsesminister: Heidi Grande Røys (38), SV, singel [VG skriv ikkje meir]

Ja (og nei) til Helen!

Hah! Kva var det eg sa? At Helen Bjørnøy kunne få ein ministerpost, kanskje? Ja, det var det visst!

Stas det, for dama er både tøff og smart. Likevel har eg to innvendingar:
* Kvifor -å kvifor!- er SV så dumme at dei tek miljøposten når regjeringa som heilskap kjem til å opna for oljeboring i nord? Kva ettermæle gir det for fagre programløfte?

Og:
* kvifor måtte det skje akkurat no, når eg allereie for fleire veker sidan intervjua Helen i kraft av hennar stilling som generalsekretær i Kirkens Bymisjon, i ei sak som først skal på trykk andre søndag i advent? Urgh! Eg gidd ikkje laga eit nytt adventsintervju no!

Right here, right now

Gløym det eg sa om å flytta tilbake til USA. Om at det liksom er "heime".

Det er jo her eg skal vera!

Fordi:
* eg har den godaste kjærasten som finst
* og dei vakraste, gildaste, klokaste vennene
* og hausten så langt har vore ei einaste skarp, gulgyllen solstråle
* i den trygge, kjente byen som er blitt min
* og som er fylt av fine filmar!
* og gode bøker!
* som eg kan diskutera med dei overnemnte vennene
* når me ikkje er på joggetur(!) då
* eller heng rundt på kafear og restaurantar og utestader
* og et jummi mat
* medan me har på oss dei lekresmekre nye kleda me har kjøpt på vip-sal for spesielt inviterte
* og har det så braaaaa!

Tusen takk, alle saman, for at de er i livet mitt og gjer det så fantastisk!

(og jepp, eg veit at det er rimeleg klissete å seia sånne ting. Men det drit eg faktisk i. Eg er glad i dykk, alle mann saman!

torsdag, oktober 13, 2005

Japan, igjen

Forresten såg eg ein film i går som på ein ganske rar, obviously warped, måte minna meg på dette amerikaet mitt, sjølv om verken handling eller opphav eller noko anna eigentleg burde setta meg på tanken.

Filmen var Howl's Moving Castle (Det levande slottet) av Hayao Miyazaki, som er den supergeniale mannen bak Princess Mononokee og Spirited Away (alias Chihiro og heksene).

Filmen var alt eg kunne ønska meg, pluss meir. Hoppande fugleskremsel og levande eld (skikkeleg levande, ja!) menneske som blir til fuglar og omvendt, og ei herleg blanding av "vestleg" setting og japansk tale. Nam!

Ein annan observasjon eg gjorde meg, var at dess lenger ut i filmen ein kom, dess meir asiatiske vart utsjånaden til dei "engelske" folka. Til slutt likna helten eigentleg mest på han der Pokemon-gutten.

Sprø argument

Las nettopp Dooce sine ramblings om rice crispies treats, og kan føra nok eit element opp på lista over Gode Grunnar til å Flytta Tilbake til U S A.

Ååååh, av og til kjenner eg det på meg, skikkeleg langt inni magen. Why did I ever leave home, sweet home?

Eg meiner: Ruby Restaurant's all-in-a-bowl meals, Trader Joe's, den lille kinoen som eg aldri fann ut kva heitte men som låg på hjørnet av the Ave og 45th med femten mismatched seats og gratis påfyll på brusen, Gasworks park, U-dub, Oreos, double tall skim soy mocha lattes som eg ikkje eigong likar men som passar skikkeleg godt inn, pho hos pho brothers, Uwijama super marked, døgnopne Barnes&Nobles, søte indymedia-geeks, organic everything and anything, street parking on football Sundays, segling i Puget Sound, lyden av regn mot enkeltglasvinduet, rødmåla golv, steak midt på natta hos Denny's, IHOP, fiskekast, dark chocolate pudding, Ben&Jerry's ice cream, the list goes on and on and on and on...

Det må vera noko med hausten. Alt dette gul-røde, våte, gråe...

onsdag, oktober 12, 2005

Han er komen!

Lille Dumbo kom til oss i dag, heilt frå sjølvaste Kina, via Nederland og eit mottak på Kjeller. Vidunderet er 2,2 kilo og tolv gyldne tommar langt.

Både Far og Mor gler seg storleg. Kanskje aller mest Far.

tirsdag, oktober 11, 2005

Forresten...

... så irriterer det meg kraftig at all informasjonen i høgremargen på eitt eller anna vis har flytta seg heilt nederst på sida. Har kikke gjennom heile templatet utan å finna noko der, og har dermed ingen gode idear att. Hm. Eg skulle hatt ein datahjelpevenn...

Manga frå "Sør"

Film frå sør rullar over kinolerreta i hovudstaden, og av ukjente grunnar har programkomiteen bestemt seg for å inkludera Japan i det sørlege selskap. Litt rart, kanskje, i og med at Japan verken ligg i sør eller deler så mange andre karakteristika med typiske Sør-land. Men greitt nok - eg skal ikkje halda slike detaljar mot dei.

Gårsdagens film var Battle Royale II, ein på mange måtar typisk japansk, manga- og dataspelliknande valdsfilm, med overdrivne ansiktsuttrykk, mykje skrik og skrål, og mange liter kroppsvæsker av ymse slag, først og fremst av det raude slaget. Litt vilkårleg, eller i alle fall dårleg forklart, plot, og sikkert mange referansar som fall fullstendig vekk når ein verken har sett forrige film (BR1) eller er spesielt god på japansk kultur.

Likevel lika eg han. Litt, i alle fall. Når ein skreller vekk valden og blodet og det uforståelege og den litt merkelege inndelinga mellom ungar og vaksne (som heile striden står mellom), sit eg faktisk igjen med eittelleranna. Kva, er vanskelegare å definera. Tenkte litt på det før eg sovna i går, og igjen i dag tidleg, og kom ikkje fram til noko meir konkret enn at eg likar mykje av det "typisk japanske". Språket, for eksempel, og utsjånaden til skodespelarane. Estetikken også, til og med når krigen står i sentrum.

Det blir vel som eg har vore inne på før, at eg rett og slett likar denne unike miksen av aust og vest som i alle fall ikkje eg har opplevd andre stadar enn i akkurat Japan. Same kjensla som eg hadde då eg surra rundt i Tokyo og Kobe, eller kor som helst elles - dette at settinga er like nær som ho er fjern, like naturleg som tillært. Eg har rett og slett ei greie når det gjeld akkurat Soloppgangens land!

Skal ikkje akkurat anbefala Battle Royale II. Men Japan anbefaler eg! Som reismål, mat-rike (sushi, nam!), og forfattarleverandør (særs Murakami).

mandag, oktober 10, 2005

Mandag. Igjen

Hu hei kor det går, og vips, så var det kvardag igjen... Sukk...

Blei ei noko amputert helg, dette. Torsdag ettermiddag fann eg nemleg ut at eg måtte stunta ei sak i gode gamle Rogaland, etter at avtalen eg trudde eg hadde her på Austlandet, dessverre fall i fisk (rart uttrykk, det der, å "falla i fisk"! Kva type fisk då? lurar eg. Og kvifor akkurat fisk?)

Avreise til Sola fredag etter jobb, full innsats på lørdagen, og retur akkurat tidsnok til å få med meg venner og vin på Internasjonalen same kveld. Komle hos mor fekk eg også, og politiske samtalar med far, så eg skal no ikkje klaga.

Gårsdagen sto i fluefjerningas teikn. Dei kom med ei krydderplante frå søndagstur til Blaafarveverket på Modum (fint! Reis og sjå!), og nekta å reisa igjen sjølv etter at urtene hadde flytta ut på balkongen. Fysjom! Veldig veldig ekkelt! Men i morges, etter ein heil gårsdag med skurefille og sterkt salmiakkvatn, og ei iskald natt med alle vindu på vid vegg og omnane skrudd av, såg eg faktisk ikkje ei einaste flue.

Bank i bordet!

Hm. Hadde eg tenkt å skriva om meir interessante ting, men no er tida ute. Kanskje like greitt – det skjer ikkje dei heilt store tinga uansett.

fredag, oktober 07, 2005

Sjå søstrene dansar!

Viktig melding til ALLE lesarar:

SJÅ DANSEFRAMSYNINGA SØSTRE PÅ EIN SCENE NÆR DEG!

Me var på ein av prøvane i går, og det var såååå enormt bra! Masse energi, og humor, og sårhet, og varme, og kjærleik, og gjenkjenning, og alle fine ting som det er vanskeleg å skriva om utan at det blir klisjefylt.

Riksteatret sjølv skriv dette:

”Med humor og selvironi viser søstrene Anne Katrine og Liv Hanne Haugen gjennom dans, sang og video hvordan samhørighet, rivalisering og kjærlighet er flettet sammen i nære familierelasjoner.

Brødre, mødre, fedre, venninner og andre familiemedlemmer vil kjenne seg igjen i de mange besnærende situasjoner som oppstår når søstrene tar for seg forskjellige episoder i sitt liv.

Moren til de to danserne har hele syv søstere. På en video under forestillingen får du se moren og søstrene hennes fortelle om seg selv og samholdet dem i mellom. På scenen viser de to danserne hvordan deres eget søsterskap er og har vært. Uforglemmelig er episoden der vi får servert deres høyst forskjellige versjoner av hva som egentlig skjedde den gangen en av dem la seg ned og hylgråt i en butikk. Og hva skjer når den ene av to søstre blir gravid?

Eller hva med de åtte tantenes eneste bror - hvordan har egentlig han hatt det?”


Og avisene skriv dette:
”Humor, masser av lun humor og glimt i øyet om søskenforhold (...) Her er bøttevis av selvironi og evne til å le av seg selv."
Nordlys

"Innslagene fikk publikum til å riste i stolene av latter, og det gode humøret kom til å holde seg under hele forestillingen."
Finnmark Dagblad

"Strålende om søsterskapet"
Finnmarken

- men dei tek ikkje hardt nok i, nokon av dei!

SUPERBRA!, burde dei skrive. For dèt var det. Nemleg.

Dermed: GÅ OG SJÅ!

torsdag, oktober 06, 2005

Sjølvmelding

Bomullshovud og nakkekink, verkefingrar og lite flink – lille meg i dagens nøtteskal. Var på jobben til over elleve – altså 23 – i går, og det er ikkje bra. Ikkje bra. Ikkje bra. Det må nemnast at den tida også inkluderer sikkert ein times chat med T og to timar på telefonen med D, men likevel. Ikkje bra.

Nok syt. Eg har meg sjølv å takka, surrehovudet.

Og elles?

Eg er blitt utfordra på ei av dei mange listene som virrar rundt i bloggeverda. Hm. Har litt ambivalent forhold til slikt, kjenner eg, men sidan eg først og fremst er ein lydig person, får eg vel spissa fingrane og oppgi alt. Eller, litt i alle fall:

For ti år siden:
Oktober 1995… gjekk eg siste året på vidaregåande (oj! ti år!), trålte etter den der idiotiske 6-aren i alle faga, og låg elles stort sett i bassenget og plaska.

For fem år siden:
Oktober 2000… gjennomlevde eg omvendt kultursjokk i Volda, med vorspiel og flatfylle og klikkdanning og alle dei andre tinga eg trudde folk la av seg på ungdomsskulen, om ikkje før. Sakna Seattle og alle dei gode folka, hadde framleis ikkje oppdaga at eg kom til å overleva Volda òg.

For ett år siden:
Oktober 2004… hadde L nett funne ut at han kom til å bli kasta ut av Claus, og at han derfor(?) ville flytta saman med meg. Det gjekk med ei helg på visningar, og ei helg på loppis og flytting – og så var me der!

Fem lekkerier:
* SOL!
* Varm hud.
* Venner.
* Sjokolade.
* Jordbær.
(Fem er for få!)

Fem sanger jeg kan teksten til:
Notorisk dårleg på tekstar, men dei fleste på Alanis Morrisettes Jagged Little Pill kan eg, pluss mange med U2 (”One” kan vel alle?), ”Losing my Religion” med REM, og mykje med Lillebjørn Nilsen og andre norske trubadurar.

Fem ting jeg vil gjøre med 100 millioner kroner:
* Pusta djupt inn. Og ut. Gjenteke heilt til eg fekk att fatninga.
Så ville eg:
* Kjøpt leilighet i Tigerstaden.
* Teke eit friår, minst, for å reisa jorda rundt - minst.
* Gitt meir til dei organisasjonane som eg allereie gir pengar.
* … og til venner og familie.
* Plassert resten ein eller annan plass, godt hjulpen av dei som kan slikt.
(Men uff – for ei straff å styra over så mykje pengar! Èin million, derimot...)

Fem steder jeg vil stikke av til:
INDIA!
Mahgreb.
Resten av Afrika (jo visst er Afrika ”ein stad”!)
Aust-Europeiske storbyar.
Og Seattle – alltid Seattle.

Fem ting jeg aldri vil iføre meg:
* Spisse støvlettar med høge hælar (jada, eg veit dei er på moten, men det DRIT EG I!)
* Gusjegule kva-som-helst (”neidå, eg har ikkje gulsott, eg er bare litt, eh, friskt kledd”).
* Skinnikkers til turbruk (tenk Vindern/Kalfaret/Egenes-uniform).
* Pelsvest, sjølv om det visstnok er det ”hotteste av det hotte” for tida.
* Elektrisk blå maskara – eg har problem nok med den vanlege svartbrune dei to gongene i året eg brukar slikt.

Fem yndlingsTV-programmer:
Sidan eg så godt som aldri ser tv, har eg velgt kandidatar som har gjort inntrykk - frå heile tv-historia mi, men mest frå barne- og ungdommen:
* Dawson’s Creek (gløym alt du veit om Katie Holmes sitt ekle ekle forhold til gamlingen Tom Cruise med ”galskap” og graviditet og fysj og æsj – i Dawson's Creek er alt så søtt og tekkeleg som det bare er i USA)
* Det var en gang et menneske
* Shagma, reisen til jordens indre
* Brødrene Løvehjerte
* Reklamen (jepp, det er faktisk sant! Lengda passar perfekt for min sviktande tv-kondis)

Fem største fornøyelser:
* Henga ute når det er SOL! (ups, der var ho igjen!)
* Tette klemmar
* Varme samtalar
* Lått
*Reiser – nære og fjerne

Yndlingsleketøy:
* Internett generelt
* Messenger spesielt

Sender utfordringen videre til:
Dei som har lyst, viss det er nokon som har det. Viss ikkje, er det greit.

onsdag, oktober 05, 2005

Erling og eg

Eller: Ting eg ikkje lærte på skulen, eg heller

Kjære Erling:

Første gongen eg møtte deg, var eg nett komen frå Afrika. I alle fall føltes det sånn. Eg stod der med afrikansk damelått i øyrene, lett kink i nakken, og hovudet fullt av nye, lange rastafletter, fersk utav afrika-salongen i Bernt Ankers gate, den ikkje så langt unna politihuset, i ein bydel eg aldri før hadde vore i, fersk i byen som eg var. Det var fødselsdagen min, og vinterkaldt og tynt snødekke i Oslo. Eg venta på nokon, trur eg, eller så hadde eg bare stoppa opp litt for å tenka meg om, samla sansane. I alle fall stod eg framfor Stortinget, der ved Freia-kiosken og Grand, og kjente meg akkurat så lite kjent at Karl Johan verka kjent og kjær på meg der og då.

Du kom fykande i full fart over gata, med dress og bustete hår, og dokumentmappe i den eine handa. "Hei!" sa eg, letta over å sjå ansiktet ditt blant alle dei ukjente. "Eh, hei?", sa du, og såg lenge på hovudet mitt og dei studentfrika kleda mine før du føyk vidare. Du stoppa ikkje.

Først etterpå kom eg på at eg jo ikkje kjente deg likevel. At eg bare hadde sett deg på tv. På bokomslag og i aviser. At du jo bare var ein Kjendis.

Men det var fint likevel. Takk for at du sa hei sjølv om du sikkert forstod det med ei gong at eg ikkje kjente deg likevel, sånn eigentleg! Det var fint å føla at eg blei sett der eg stod midt i førjulskaoset, med nytt hår og eit nytt år på akslene.

Andre gongen me møttest, var no nyleg. Du har jo gitt ut ei bok. ”Om ting du ikkje lærte på skulen”, seier tittelen, og då kjem jo slike som meg snikande, væpna med blokk og penn og lure spørsmål, med fotografar i ermet og vinklingar i bakhovudet.

Og det er derfor eg skriv til deg no.
Kjære Erling – kunne du ikkje bare levd opp til førsteinntrykket du gav? Vore ein kjekk person? Sagt noko uventa? Noko eg ikkje allereie hadde lese i boka di, som eg kjempa meg gjennom fordi eg måtte, ikkje fordi eg ville. Kunne du ikkje sagt noko meir enn ordrette boksitat av typen ”Jeg er ikke i tvil om at den viktigste årsaken til at jeg har kommet meg til polene, kjøpt kunst jeg synes er god, før andre, og klart å starte forlag, er først og fremst at jeg har forsøkt, og dernest at jeg har arbeidet hardt over tid”?

Ver så snill?

Eg veit ikkje kva andre måtar eg skal seia det på. At eg blei skuffa. At eg trudde me kunne fått det litt kjekt saman, du og eg. Ledd litt, og prata om Livet. Utan manus, utan ordrette sitat. Ikkje for artikkelen sin del – den blir bra nok med dei smulane du gav meg. Men fordi eg er ein person! Og fordi eg trur du er det også, og veit at du har meir inne! Du har jo kjempa deg fram til Sørpolen, for svarte! NOKO må du då ha tenkt?

Eller?

---

Dørgande taushet.

---

Brev aldri sendt.

tirsdag, oktober 04, 2005

Språket mitt

Forresten har eg tenkt på ein ting til:

I starten, då eg byrja med denne blogginga, var eg litt usikker på kvifor eg gjorde det. No har eg kome fram til eit (foreløpig?) svar:

Eg trur rett og slett at mykje handlar om språkleg frustrasjon. Også kjent som målkamp, på det tette, personlege planet. Eg sit jo her, og kvernar ut artikkel etter artikkel på dette (for meg) stive bokmålet, fulle av anbehetelsar og anna slagg, kaldare og fjernare (for meg!) enn noko eg nokonsinne tidlegare har skrive og publisert, ironisk nok i den "varmaste", "næraste" publikasjonen eg har jobba i. Eg føler meg overrennt av flosklar, av klisjear, av ting eg har lese før!

Og eg veit godt kvifor. Eg har jo lese det før! I alle aviser, magasin, blad - i heile denne overveldande bokmålsverda. På nynorsk er eg meg sjølv, på bokmål bare hermar eg. På nynorsk kan eg skriva som eg føler, på bokmål må eg skriva som eg har lært. Det er rett og slett ikkje noko att av meg i artiklane!

Og då kan det eigentleg vera det same. Eller, misforstå meg rett: eg skriv ikkje om meg sjølv eller for meg sjølv! Det er meir diffust enn som så. Utan å virra meg langt inn i litt.vitske resonnement kring lesar-, forteljar- og forfattarroller, skal eg bare slå fast at eg har mista stemmen min. Ikkje pronomenet eg, for det er framleis med. Faktisk har eg aldri før skrive så mange "personlege" artiklar før, kor denne "jeg" dukkar opp både her og der. Nei, pronomenet er der framleis - bare ikkje personen, eller kva ein no vel å kalla den instansen som uttaler seg. Innhaldet i "jeg".

Det heile føles som rollespel. Ikkje sånne kjekke kle-deg-ut-og-leik-med-eigen-identitet-fordi-du-har-lyst-forsøk. Snarare sånne triste maskèr-deg-så-ingen-ser-kven-du-eigentleg-er-påbod. Eg føler meg rett og slett undertrykt. Ja, eg "får til" å skriva bokmål. Men nei, eg har ikkje lyst likevel!

Eg er lei av å skriva sidemål! Eg vil ha språket mitt - røysta mi! - tilbake!

PS: takk til forfattar Olaug Nilssen og hennar kjempefine blogginnlegg med påfølgande diskusjon for ei tid tilbake. Det klargjorde ein del ting for meg. No må alle kryssa fingrar og tær for at soga ender godt og Olaug får lov til å skriva! (Forresten lurar eg litt på om Olaug huskar fyllesamtalane våre frå cirka tusen år tilbake då me begge gjekk på litt.vit, men det er litt på sidelinja akkurat no)

PPS: til dei som enno ikkje har gjort det. Gå hit og signer!

Takkar for merksemda, hoppar elegant ned av såpeboksen

Eg bestemmer sjølv!

Nettet heime ligg nede. På jobb er det travlare enn travelt, og dessutan mange bugs som gjer at eg ikkje alltid får publisert det eg skriv. (Reknar med eg er djupt sakna, derfor forklaringa.)

Men altså. Eg har tenkt. Faktisk ei heil del. Ikkje alt skal på nett. Men noko, kanskje?

Meir konkret, har eg tenkt på Framtida. Skillet mellom det eg ønsker meg i Ei Ideell Verd, det eg ønsker meg i ei meir Reell Verd, og det eg trur kanskje blir den faktiske situasjonen i sistnemnte. Ehm.. det blei kanskje ikkje så konkret likevel. Overskrifta her er vel Usikkerhet. Kva skal eg bli når eg blir stor? Og når skal eg få vita det? Vil Lyset gå opp for meg? Vil eg få velga? I tilfelle mellom kva alternativ? Og når?

Eg har lyst å reisa langt vekk. Aller helst til India. Lenge. Har gått nokre rundar med meg sjølv for å finna ut om det er rein fluktrefleks som driv meg, eller om det er noko anna.

Eg trur det er noko anna.

Eg har alltid vore så Flink! Flinkast på barneskulen, på ungdomsskulen, på vidaregåande, rett på seks års studier med sju års innhald, vidare rett inn i min første jobb, så nummer to, så nummer tre, utan så mykje som ein fridag mellom siste arbeidsdag i den eine til første arbeidsdag i den neste. Blikket framover. Alltid.

Kanskje hadde det vore lurt for meg med ein pause? Ein pust i bakken, rett og slett? Eg er ikkje sikker. Men det eg føler, er at det er no eller aldri. Sjølvsagt kan ein reisa jorda rundt som femtiåring, eller dra med seg småungar, eller slutta i sin Faste Jobb og gjera det seinare. Men forholda ligg jo mykje betre til rettes no, før ungar og alder og fast jobb, etter at vikariatet i UB uansett går ut…

Spørsmålet er vel meir om eg torer. Om det er verdt det, å reisa aleine ut i den Store Verda, når eg har verdas beste kjærast i Norge. Om det er viktig nok. Han blir ikkje med, for øverst på hans framtidsliste står det andre ting enn India. Eller Afrika. Eller kva som helst. Eg forstår det, og respekterer det. Alt handlar ikkje om Oss. Noko må vera Bare Meg og Bare Han også. Det er ein ærleg sak å ha ulike framtidstankar, så lenge dei gjeld avgrensa kapittel i våre respektive liv.

Konklusjonen er framleis i det blå. Eg er rolegare enn eg har vore, no som eg ser Reisa som eit reellt alternativ. No som eg innser at eg ikkje vera superflink heile tida. At det går bra også om ikkje jobb nummer fire står laina opp for meg dagen etter eg sluttar i UB. Alt i alt er eg vel eigentleg ganske letta.

Og ute skin sola. Det var bare det.

mandag, oktober 03, 2005

I takt?

"If a man does not keep pace with his companions,
perhaps it is because he hears a different drummer"


-Thoreau

Sånn eigentleg likar eg ikkje så godt han der Thoreau. Men akkurat det sitatet her, som eg skreiv i pusurdagbøkene mine for mange år sidan, og gjenoppdaga i dag då eg las i denne bloggen, synes eg er ganske fint.