tirsdag, juli 24, 2007

Sommaren 2007

Eg ryddar. Gjenstridige boksar som har overlevd i oversette hjørner sidan flyttinga førre sommar, klede inn i nymonterte trådkorger, og - som alltid - bøker bøker bøker inn i hyllene. Då dukkar det sjølvsagt opp eitt og anna. Veska eg alltid brukar på stranda, for eksempel. Innhald: solkrem, leppepomade, halvfull farrisflaske og ei avis. Eit søndagsdagblad, for å vera nøyaktig, datert 6. august 2006.

Og det oppsummerer i grunnen årets sommar ganske bra.

Før han starta, lova eg på ære og samvit at i år, i motsetnad til i fjor, skulle eg vera flink å skriva fort, levera tidleg, og koma meg ut i sola så snart eg kunne etter jobb. At eg ikkje skulle ha ferie trengte ikkje bety at eg ikkje fekk min del solstråler, tenkte eg, og gleda meg til båtturar ut på byøyane, sykkelturar til Sognsvann, parkhenging og balkonggrilling.

Optimist, det skal eg ha!

Eg har sjølvsagt ikkje klart å halda løftet. Det har blitt minst like mange dagar som vanleg i sommar. Faktisk ein del endå lengre, sidan eg har vore på reportasjeturar fjern og nær, utan overnattingar men med mangetimars køyring i kvar ende. Bare urutinerte vikarar på jobb, og dermed meir å gjera på kjemperutinerte (ehrm) meg. Hakket færre bøker å anmelda, men det er i grunnen einaste forskjellen på no og resten av året.

Og så dette veret.



Eg veit ikkje heilt eg. Sjølvsagt er det kjipt med regn når ein venta sol. Og late ettermiddagar på stranda hadde sjølvsagt vore kjekkare enn lange timar på kontoret, sveittande over nok ein halvtynn agurkkompott. Men eigentleg, heilt ærleg, syns eg det er litt greit og. Det svir litt mindre å vera den einaste i heile vennekrinsen som jobbar sommaren gjennom når den eine etter den andre sender postkort om at teltturen regna vekk, hytteferien blei til ein inneklemt affære med for mange slektningar på for få kvadratmeter, eller at festivallivet eigentleg ikkje er stas når det også medfører forkjøling og neglesprett.

Eg burde heilt sikkert ikkje skriva det, ikkje minst sidan fleire av dei det gjeld pleier stikka innom bloggen innimellom. Og eg ser jo at det er ei fattig trøyst, sidan endå fleire sender postkort frå varme strender i sørlege strok, eller happenin' storbyar i land eg likar. Men likevel. Det må vera min indre jærbu som står 'an av. At sommaren regnar vekk og topptemperaturen kjem to uventa dagar tidleg i juni er ikkje spesielt originalt på sørvestlandet, og ikkje verdt dei største overskriftene. Det er trass alt bare her austpå at folk planlegg grillfestar tre veker på førehand, og blir sjokkerte om det regnar den valde datoen.

Dermed, utan meir prat:

Tolvbra ting med sommaren 2007

* Kjøping og planting av balkongkassar. Urter og blomar i frodig forening, kjærleg påpassa og (regn-)vatna, med knoppskytande resultat.
* Hurtigbading i - skal me seia friskt? - vatn.
* Heime-aleine-kveldar når Lyslugg er på konferanse eller tur, tekopp i handa, regn på ruta.
* Skikkelege middagar, vin og dessert, utan å føla at ein burde vore ute og grilla eller ete salat på utekafé.
* Seine kveldar med sjølvvalde bøker, ikkje avbrotne av alle desse som må hurtiglesast fordi det er jobb.
* Tid til huspusling, utan å irritera seg over at ein må vera inne og ikkje får nytt sommarsola.
* Lange fredagspilsar med søte sommarvikarar.
* Herleg langhelg på Jæren, med sol og St.Hans, venner og stor open himmel.
* Null behov for nye klede og tilhøyrande butikkbesøk, sidan den vanlege vår- og hausthabitten gjer nytta.
* Kjensla av at alt finver bare er ein bonus.
* Sykling gjennom bil- og folketomme gater om morgonen, så pyttane skvett rundt gummistøvlane.
* Overtid som skal sparast til avspasering. Eg lovar!
* Allerkjæraste Lyslugg. No som alltid.

I morgon tek eg turen til Jæren igjen, for det første av sommarens to bryllup. Gler meg til togturen dit, seks timar aleine med poden og stilla. Lyslugg er i Bergen, men til helga får eg sjå han igjen. Seinare er det planar om stockholmstur, diverse festar, og sikkert ein hyttetur og to.

Joda. Bra sommar.