Nasjonalromantisk samandrag
Hu hei hvor er det vel friskt og lett, oppå fjellet!
Eg lova oppdatering så snart eg fekk tid og nettilgang, men innser vel etterkvart at det får halda med sistnemnte om det skal bli noko av denne skrivinga.
Det får bli eit kjapt resyme, no igjen.
Sidan sist har eg:
• stått opp fem og gått forbi honningsmakande nachspiel og omtrent ingen bilar på veg til flytog og gardermokøar.
• vore på konferanse i Trondheim og skrive saker heim, og hausta rørande imponert ros for komisk liten innsats.
• jobba frå kafe og skulka ved første sjanse til venninnehenging i staden for flinkisprosjekt.
• vaska heile leiligheten og seks maskinar klede, og tenkt over dette at me faktisk skal flytta ut om mindre enn to veker. Fine Hafrsfjordsgata!
• sykla tur og sete i varme sola på Bygdøy, medan seglbåtane svosja forbi.
• gjenoppteke gamle vanar og jobba til fire om natta for å bli ferdig i tide
• gått tidleg frå kontoret og likevel kome nesten for seint til flyet (Gate closing!) til Bergen
• køyrt frå Bergen til Sogn ad svingete omvegar for å unngå tankbilulukker og mjølkehav
• budd i campinghytte i vakre, vakre Jostedalen, med Lyslugg, lysluggmor og lysluggsøster, med brusande elv nedanfor hytta, snø på høge fjelltoppar, og nyutsprungen bjørk på alle kantar.
• sunge med av hjartans lyst på alle salmene til 17.mai-gudstenesta i den bittelitle kyrkja i ovanfornemnde dal: hurra for sørvestlandspietistiske skulebakgrunnar, som sørger for at ein kan alle dei nynorske nasjonalsalmene på rams!
• vore einaste rogalandsbunaden i det om lag 150 meter lange 17.mai-toget.
• ete pølser, is og kake på Jostedalen skule, slik det sømer seg på nasjonaldagen.
• køyrt 17.mai-biltur til snøfonner og isbrear, opp tronge dal og djupe vik – heilt til me sette oss fast i snøen…
• besøkt bremuseet og lært om livet nær fonna
• rusla ein par timars tur på isbreen
• køyrt til Sogndal og sett koss dei har det der, og kor hjelpsame folk er når byfolket kjem med urimeleg tidsfristar for innramming av 60-årsgåver.
• budd to netter på fantastisk Walaker hotell i Solvorn lenger uti fjorden. Sååå fint!
• teke ei søt lita miniferje til nydelege Urnes stavkyrkje, den eldste i heile landet.
• feira 60-årsdagen til lysluggmora med brask og bram, fire gourmetrettar, dans og moro. Omnsbakt kveite med sitrus-skaldyr-anis-nellik-olje og kryddermarinert tomat, anyone?
• hatt sol og fint ver så godt som heile tida!
Er det løye eg smilar rundt?
3 kommentarer:
Det så utrulig vakkert ut i de omgivelsene der... Søtt lite 17. mai-tog og greier! :) Jeg retter heldagsprøver til og med i søvne for tida, retta i over 10 timer på søndag, og gikk til sengs med verkende høyrearm og deprimert over at jeg ikke var ferdig med alle. Jaja. Godt dette er ei kort uke - jeg trenger seriøst en ferie. Eller i det minste en langhelg! :)
Ja, heilt utruleg nydeleg. Bilda blei litt mørke då eg lasta dei opp her - dei er endå finare på skikkeleg, altså!
Men den der søvnerettinga erkje bra! Me skal pakka og flytta heile langhelga - eg håpar du får rolegare dagar!
Ser nydelig ut! Og dere hørtes / "lestes" veldig fornøyde ut begge to. Bergen var også nydelig, om enn litt mindre solstrålende. Ferie er herlig uansett, jeg gleder meg allerede til neste fridag i morgen! Husk å si fra dersom flytteassistanse trengs i løpet av morgendagen - helgen tilbringer jeg i Göteborg på karneval!
Legg inn en kommentar