lørdag, desember 30, 2006

2006

I år som i fjor er det på tide med ei lita oppsummering av året som har gått.

Aller først: Det har vore eit bra år, på så veldig mange vis. Betre enn fjoråret, som heller ikkje var til å klaga over.

Eg har ein slags mistanke om at bloggen kanskje får det til å verka som det ikkje har vore så kjekt å vera meg i 2006, så eg ville bare poengtera det før eg startar. Eg bloggar nok oftare når eg har noko å syta over enn når eg er glad.

Altså, konklusjonen først: 2006 var eit bra år!

Så over til dei faste postane:

1. Kva gjorde du i 2006 som du aldri har gjort før?
Reiste til India og Nepal. Jobba fast (med eigen kontorplass) i forlag - og slutta med det. Starta i ein rein kulturredaksjon. Kjøpte leilighet.

2. Haldt du nyttårsforsetta dine? Vil du laga nye?
Som alltid set eg størst lit til nyttårsønska, ikkje -forsetta. Intensjonen om å jobba mindre gjekk det vel ikkje så veldig godt med. Men når det gjeld vindrikking, kaféhenging, boklesing og matlaging er eg eigentleg godt nøgd.

Nye forsett? Det blir nok det der med jobbinga igjen, trur eg. Så får me heller sjå...

3. Ble noen som står deg nær mor eller far?
Ja! Det poppa fram babyar både her og her og her og her og her! Såå stas!

4. Døydde nokon som stod deg nær?
Ikkje veldig nær. Men det var trist likevel.

5. Kva land har du besøkt det siste året?
Januar: Østerrike, India
Februar: India
Mars: Nepal, India, Østerrike
Juni: Danmark (København)
September: England (London)

Førstegongsbesøk i kursiv, noko som gir følgande kart:


6. Kva ønsker du deg neste år som du har sakna?
Hm. Eg har alt eg treng, og mykje meir til. Seier framleis ja til fast jobb, men trivs godt i dei lange vikariata også.

7. Kva datoar i 2006 gløymer du aldri, og kvifor?
Eg er framleis håplaus på datoar. Men nokre av dei tydelege minna er i alle fall
* frukosten på ein takterrasse i Delhi
* eventyrkjensla i Jaisalmer
* morgonklatringa opp på fjellet i Pushkar
* nydelege Taj Mahal
* fortida i Kolkata
* stilla i Katmandu og Katmandu-dalen
* nasjonalromantikken i Sogn
* huskjøpet(!)
* vennetreff seks år seinare
* ein uventa god november
* ei super fødselsdagsfeiring

Dessutan, og eigentleg aller viktigast: Alle dei gode augeblikka med Lyslugg. Alle desse kvardagsglimta, av gode smil, trygge armar, varme ord. Så heldig eg er!

8. Kva er det største du har oppnådd i år?
Børk. Der var det igjen, det der dumme spørsmålet. Hm. Eg føler i grunnen ikkje eg har oppnådd noko som helst. Eg har fått til masse, men ikkje så mange målbare ting.

9. Kva var din største nedtur?
At eg ikkje fekk jobben eg ønska meg, kanskje?

10. Har du vore sjuk eller skada?
Nei. Som vanleg, mao.

11. Kva var ditt beste kjøp?
Slottet!

12. Hvem fortjener din hyllest for oppførselen sin?
Gode kollegaer. Solide venner. Familie som er der sjølv om eg sjeldan ser dei. Lyslugg. Takk og takk!

13. Kven sin oppførsel gjorde deg nedstemt/lei deg?
I år som i fjor: oftast meg sjølv, og min eigen utilstrekkelighet.

14. Kva gjekk mesteparten av pengane dine til?
Slottet igjen, inkludert oppussinga. Elles India/Nepal-turen, tøys og tull. Og mat.

15. Hva gjorde deg veldig veldig veldig oppspilt og glad?
Veldig veldig veldig glad?
Hm. "Gratulerer. Leiligheten er din" var i alle fall ein veldig god replikk...

16. Kva song vil alltid minna deg om 2006?
Heile Wayfaring Stranger-albumet til Kristin Asbjørnsen.

Dessutan "Suddenly I See" med KT Tunstall:


17. Samanlikna med denne tida i fjor, er du...
a. Gladare eller tristare? Like glad
b. Tynnare eller tjukkare? Først hadde eg tenkt å svara "tjukkare" på dette. Men så ser eg at eg svara det i fjor og, og i og med at akkurat dei same kleda passar akkurat likt som dei gjorde både i fjor og i forfjor, byrjar eg eigentleg å mistenka at det der med at eg blir stadig feitare bare er noko eg innbiller meg. Mao: Omtrent som før!
c. Rikare eller fattigare? Fattigare, no som eg/me har huslån.

18. Kva skulle du ønska du gjorde endå meir av?
Hang rundt med folk eg er glad i. Reiste (det kan aldri bli nok reising!) Las gode bøker, ikkje bare sånne eg måtte lesa fordi dei har med jobben å gjera.

19. Kva skulle du ønska du gjorde mindre av?
Uplanlagt overtid. Anna sutring.

20. Korleis vil du feira julen?
No kjenner eg allereie fasit. Det var ei god feiring på hytta. Oppreise rett etter jobb fredag, rolege dagar med skiturar og henging litle julafta, julafta og 1. dag, før retur om morgonen 2.dag. Kjekke folk, god mat, fine gåver, og okei skiføre. Ingenting å klaga på, mao, anna enn at det godt kunne vart mykje lenger for min del.

21. Vart du forelska i 2006?
Igjen og igjen, i same gode guten.

22. Kor mange one-night stands hadde du?
Ingen, så klart.

23. Kva var favorittprogrammet ditt på TV?
Radio Røynda var vel, tradisjonen tru, stort sett det einaste eg fekk med meg. Men Dawson's på devede er den klare vinnaren når det gjeld boksglaning - sjølv om me framleis ikkje er komne lenger enn sesong 2.

24. Hatar du nokon no som du ikkje hata på denne tida i fjor
Nei. Det der hatet mitt skal du leita djupt og lenge etter, truleg utan å finna stort uansett.

25. Kva bok er den beste du har lese i år?
Å! Mange! Trur det må bli The Emperor's Children av Claire Messud. Med Mitt milde vesen av Brit Bildøen, Krinsereglane av Edmund Austigard og Kafka on the Shore på hederslista.

26. Kva var årets beste musikalske oppdaging?
Kristin Asbjørnsen igjen.

27. Kva ønska du deg – og fekk?
Tur til India, med bonustur til Nepal. Sommarjobb og sidan vikariat i ein kjekk redaksjon kor eg har lyst å bli verande. Staseleg treroms leilighet med verdas finaste utsikt.

28. Kva ønska du deg – og ikkje fekk?
Det har eg ikkje lyst å seia her, for å blir det kanskje ikkje noko av ønsket mitt for neste år... ;o)

29. Kva var årets beste film?
Hm... Vanskelegare å huska enn bøkene... Eg lika i alle fall Reprise, Paprika og Look Both Ways.

30. Kva gjorde du på fødselsdagen din?
For det første blei eg feira etter alle kunstens reglar ei veke før sjølve dagen, bare så det er nemnt.

Den 21.12 var eg og ei venninne på ein kjekk konsert som vara til over midnatt den 22. Då eg kom heim, sto Lyslugg klar med kjempeklem og superkyss, og gåvejakt i levande lys. Fann til slutt ullsokkar, skistavar og nydelege tulipanar.

Neste morgon blei eg vekka med nydeleg gulrotkake på senga halv sju. Nam! Jobba frå halv åtte til halv fire, og nådde toget med god margin. Slumra på toget, og kom rimeleg utkvilt fram til Ustaoset. Kjapp skitur til hytta, før eg fekk sjampis, biff og allslags snadder som Lyslugg-mora hadde fiksa. Fleire gåver, fine ord.

Kortversjon: Stas å bli 30!

31. Kva enkeltting har gjort året mykje meir tilfredsstillande?
"Tilfredsstillande", hm? Tja... Det er i alle fall stas å ha kjøpt denne mykje omtala leiligheten, sånn at me slepp å tenka meir på det! Elles har eg i grunnen ikkje kjøpt så mange ting.

32. Korleis vil du beskriva klesstilen din?
Som før. Mykje t-skjorter og dongeribukser. Men eg er blitt mykje flinkare å gå i skjørt! Framleis med t-skjorter til, dog...

33. Kva har halde deg i mental balanse?
Venner! Lyslugg! Ein god november!

34. Kva for ein kjendis likte du best?
Svarar som før nokon av dei eg lika å intervjua: Ragnar Hovland og Amy Tan.

35. Kva i politikken har opprørt deg mest?
Libanon. Resten av Midt-Austen. Gasskraftverka her heime. No sist Somalia.

36. Kven saknar du?
Dei som bur langt vekke, til dømes fleire av dei nybaka foreldrepara. Men det var fint å sjå at dei fins i livet mitt likevel, trass avstand!

37. Kven var den beste nye personen som kom inn i livet ditt?
Her trur eg faktisk eg skal svara heile redaksjonen, som er ein grepa gjeng.

38. Fortel ein viktig livsvisdom du har lært i år?
Det er ikkje alt som går an å planlegga, og nokre ting passar ganske enkelt aldri. Kanskje er det bare å hoppa i det, så ordnar ting seg etterkvart?
Meir spesifik vil eg ikkje vera...

39. Ein songtekst som oppsummerer året.
Denne var lettare i fjor... Kanskje denne?:
Who's to say
What's impossible
Well they forgot
This world keeps spinning
And with each new day
I can feel a change in everything
And as the surface breaks reflections fade
But in some ways they remain the same
And as my mind begins to spread its wings
There's no stopping curiosity


"Upside Down" av Jack Johnson

Årskavalkade:
Gå i bloggoversikta di og finn den første postingen i kvar månad i 2006. Post den/dei første setningen/ane i kvart innlegg. Summen av disse utgjer årskavalkaden din.


Januar: "Har de sett noko vakrare enn dette praktstykket av ein fugl før?"

Februar: "I tilfelle nokon trudde at dette med mannleg fiksering pa kvinnelege frontparti er eit nymotens pafunn - tru om igjen!"

Mars: "Oj. Ojojoj! Eg er visst komen til Kathmandu! Vuusj! Koss skjedde eigentleg det?"

April: "Ok, no er det nok. Nok syting, og klaging, og songar om hulebuarar og det fæle arbeidslivet. Det er på tide å finna fram smilefjesa!"

Mai: "Eg har gått i tog, eg har høyrt på Kristin, eg har høyrt ho i kjøtdisken på Ica Gausel prata om solidaritet og han frå Sri Lanka snakka om tamilane, og både uteis og middag har eg fått."

Juni: "Eg er seinare ute enn dei fleste, men må bare få lov til å lenka til denne geniale artikkelen."

Juli: "Ein av dagens fellesmailar:Kan de som har en pc de ikke skal ha komme innom meg og levere den fra seg?"

August: "Alle desse orda. Koss skal eg seia det? Skal eg seia at dei kveler meg?

September:"Som eg vel kanskje har nemnt før(?), har eg ikkje alltid bare gode ting å seia om Morgenbladet. Men dette portrettet av Cathrine Sandnes, skrive av Astrid Sverresdotter Dypvik, lika eg:"

Oktober: "Dette er det einaste bildet eg tok dei fire dagane i England. På ein måte oppsummerer det turen. På andre måtar ikkje.

November: "Eg er ikkje heilt sikker på kor eg har dette frå, i og med at eg nett fann det på ein lapp i ein av flyttehaugane. Men ein eller annan plass har eg altså lese og notert følgande"

Desember: "Snøen let venta på seg, huset er ikkje i nærleiken av pynta, og boksane er fullstendig tomme for kaker.">

Kven vil du utfordra?
Eg trur dei fleste allereie har levert årets bloggmelding, så eigentleg ingen. Men det er sjølvsagt lov å låna spørsmåla!

Ingen kommentarer: