tirsdag, februar 21, 2006

Vegen til Agra

I had it coming, I suppose. Salatar, tannpussevatn, iskrem, uskrelt frukt - alt det farlege og ulovlege. I mengder. Utan problem, fem veker til endes.

Til i forgars. Rumle rumle, brumle brumle, visj og vasj, og der losna det. I begge endar, gett!

Men ein har jo reiseplanar, ma vita, og billettar til bussen og hotellrom som ventar. Sa den som helsa sjolvaste Agra med ein herleg spydusj ut av bussvinduet etter a ha halde seg heile den femtimars skrangleturen fra Jaipur, det var underteikna.

Dog. Ein ettermiddag og ei natt i senga, utan mat men med opptil fleire dropar vatn som ikkje kom i retur, kjende eg meg klar og frisk igjen i morges, klar for a sta opp 5.30 og sja soloppgangen over Taj Mahal. Heldigvis! For ein kan faktisk ikkje reisa til India og sa koma heim att utan a sja Taj, sjolve emblemet pa India!

Eitt ord: nydeleg. Eg fekk nesten tarer i augene da eg gjekk gjennom den raude porten og sag marmorkuplane trona pa andre sida av det smale bassenget. Mange saanne ikon (Big Ben, Eiffeltarnet, Manneken Pis) er jo nesten litt skuffande nar ein ser dei pa skikkeleg, i motsetnad til pa retusjerte postkort.

Ikkje Taj!

Finn ikkje ord, kan ikkje beskriva. Men konklusjonen er klar: Alle som doyr i barsel i det dei foder sitt fjortande (ja, 14.!) barn pa nitten aar, fortener eit minne. Han forstod i alle fall sapass, den godaste kongen.

2 kommentarer:

Ingvild sa...

Huffa.... Magetrøbbel er aldri gøy, og spying ut av (eller i) biler og busser... Vært der, ja. Men høres ut som om du har kommet deg bra, og fått sett selveste Taj Mahal! Heldig, heldig jente. Jeg, derimot, later til å ha tatt til meg dine tidligere dårlige vaner og jobbet til kl. ni i går kveld.... Men på lørdag: LONDON, BABY! Can't wait...

-lin sa...

Neida, ikkje akkurat "goy" - men det hoyrer no liksom med til indiaturen, sa tek ikkje litt spye sa tungt. Det trur eg ikkje Agra gjorde heller ;o)

Uff... Har eg sa darleg paverknad pa deg sjolv nar eg er eit heilt kontinent unna? Det erkje bra...

Hapar London blir alt du hapar og litt til!