Studietida revisited, denne gongen på den gode måten
Eg har byrja på dette mange gonger, men aldri kome så langt som må trykka på "publish post"-knappen. Merkeleg nok, i åtte-ni-tida om morgonen, nettopp heimkomen etter ein fest av det gode gamle me-held-ut-til-siste-stund-og-gidd-i-alle-fall-ikkje-gi-oss-før-me-kan-ha-bloody-marys-til-frokost-slaget... Minus bloody maryane for min del, så klart, for det har eg trass alt aldri likt anna enn i teorien... Salmiakklakrisshots derimot... hmm...
Men for nokre herlege dagar i Kongens by! Fredags kveld med danske frikadeller, sild og flæskesteg, øl og snaps og venner eg ikkje har sett på seks år. Jupp, det stemmer: SEKS år! Likevel var alt som før, på den gode, ikkje-klamme måten. Eg prata med dei gale islendingane om whisk(e)y og verdsøkonomi, med den russiskjødiske jenta om Hamsun og himmelen, og med alle andre om, tja, laust og fast. Den fantastiske mongolske jenta var der saman med sin nederlandske kvalitetsmann, med bilder av sin alldeles nydelege, totalt spisbare, eitt år gamle gut.
Miss Mongolia: - I think of you a lot, Lin
Eg: - Oh yeah? Why?
MM: - 'Cause do you remember all the times we'd sit on the porch drinking beer after some party or dinner or whatever? And I would always be wearing sweaters and still feel cold, while you were wearing a t-shirt feeling comfortable? And you said that I had to relax my body instead of tensing it when I started feeling cold. That way I wouldn't even get cold, you said. So now, whenever I'm outside and feel my body tensing, I think of Lin and try to relax. And it works, too!
Eg: - I didn't know I had this calming effect on people.
MM: - Oh, but you do! I'm sure you could make it big on TVshop. "Lin, the antifreeze goddess" - how do you like the sound of that?
Eg: *ler*
I går heldt me fram der me slapp kvelden før. Først mange timars henging i sola, mellom anna med finske Mama som var blitt mor på skikkeleg no, og hadde med seg både mann og ei søtare-enn-sukker-og-honning-søt, veldig veldig spisbar lita jente, som stabba rundt på plenen, oftast med tydeleg styring mot ølboksar og andre forbodne ting. Solslumring og snackseting, og kva-har-skjedd-i-livet-ditt-samtalar med alle Kvalitetsfolka.
Åååååh! Det er så bra at det finst folk der ute som veit kva eg meiner når eg snakkar om Seattle!
Folk frå heile verda, som også ler av dårlege historier og gamle internvitsar, og som blir mjuke i røysta med tanken på den-og-den Kvalitetspersonen som dessverre ikkje kunne koma seg heilt til Køben frå New York/Korea/India/Brasil eller kor dei no held seg akkurat denne helga, og derfor måtte nøya seg med å senda innforståtte, husvarme epostar kor dei forklarer kor dumt det er å ikkje vera saman. Gale georgiarar som har det med å plukka opp jentene og nesten kasta dei på det svære opne bålet som skal grillast på så snart flammane gir seg. Islendingen som framleis dansar hardt og litt for tett og uvørent, og som framleis klapsar deg på baken og kviskrar - i fullt alvor - "you have the greatest ass - why won't you ever let me undress it?" i den eine augneblinken, medan han held eit flammande forsvarsinnlegg om singellivets gleder det neste. Italienaren som kyssar vått og smellande på kinna - the Itaaaalian way - og som brukar eit kvarter på å beskriva "da most-eh fæntaaaaaastik-eh sallamon diiinn-ah" som han ei gong fekk hos deg, og som han gjerne kjem til Norge for å oppleva ei gong til. Tyskaren som utan å blinka blir med på lange, kvasifilosofiske diskusjonar om vitskap versus kunst - og kva er det eigentleg som driv verda framover? Danskar med bruspulver og vodkaflasker, i eit fullstendig alvorleg forsøk på å gjenoppliva fjortisfylla, bruspulverstyle. Den alldeles nydelege sambuaren til ein av dei, gravid i sjuande månad men med bare ein søt liten bump på magen, som ein fotomodell eller popstjerne, bare på ein mykje meir naturleg, "skandinavisk" måte.
Klokka blei eitt og klokka blei to, og ikkje spør meg om kor timane fram til fem og seks blei av. Men borte blei dei, og på eitt eller anna vis kom me oss visst tilbake til byen frå festhytta nær Kastrup også, på synkande rus til stigande sol. Morgontomme bygater, kvar vår verktøykasse under armen(!), og ei varm, god boblar-i-magen-kjensle av at Folk ikkje forsvinn. Ikkje Kvalitetsfolka. Dei bare gøymer seg litt innimellom.
Og no skal me ut og segla!
6 kommentarer:
OK, noen må spørre: Verktøykasse? But why!? Høres ut som en fantastisk helg - det er så flott når en kan treffe folk etter så mange år og finne tonen og følelsen og humoren og alt sammen igjen. Og ja, du har en avslappende effekt på omgivelsene :-)
Verktøykassene? Lang historie, som bl.a. involverer min amerikanske kompis som har gjort danske av seg og bur i verdas herlegaste leilighet i fjerde etasje like ved botanisk hage, og som tenker på seg sjølv som ein veldig praktisk og nevenyttig kar med stort behov for verktøykassar, sjølv om det vel er dei av oss som, uhm vel, har ei litt anna oppfatning av han til tider.
Eg meiner - kor praktisk er det eigentleg å kjøpa to gedigne plastkassar i matbutikken på veg til fest?
For øvrig: Du ser meg snart på TVshop - men ikkje gløym kor du las det først!
Ah, jeg som trudde du og Lyslugg hadde tatt danskebåten for å spise frikadeller i helga, men så var det altså alle Seattle-menneskene som du skulle treffe! Husker med smil georgieren og islendingen og flere av de andre folka i gjengen din - skjønner godt at du koser deg! Amerikaneren som har gjort danske av seg, var det han som opprinnelig hadde danske eller norske aner? Eller som studerte det eller noe? Må ta en oppsummering på et seinere tidspunkt, tror jeg. Nå er det forresten snart tre (? fire?!) år siden du og tyskeren var her på St. Hans! :) Tida flyr...
Ja akkurat det der med tida er nesten litt skummelt. Derfor det er ekstra godt at det trass alt funkar så bra å møta folk igjen etter alle desse åra.
Amerikanaren det er snakk om, er ikkje han som hadde finsk bakgrunn og derfor studerte det. Dette er amerikanaren som eig ein seglbåt og jobbar for eit stort dataselskap (les: det største), og som i si tid studerte tysk på si, men no altså har bytta til dansk.
Tyskaren som var med til Norge for fire(?!) år sidan, var ikkje på reunionen. Dette var ein annan tysker eg tvilar på at du møtte.
Men, når eg først er inne på han som besøkte deg på St.Hans, så har eg følgande nytt: han og kjærasten har gifta seg! Og ho er gravid! Babyen kjem i oktober, trur eg det var, og eg gler meg SÅ enormt til å sjå han/ho.
Babysjuk? Eg?!? NeiDÅ! ;o)
Ahaaaa, det oppklarte en ting eller to - i alle fall for meg. Men hvor ble det av den kjekke tysk-språklige herren med det korte navnet som minner om et politisk korrekt kaffemerke?
Så koselig at tyskeren har giftet seg, forresten! OG at det er en baby på vei ... :) På lørdag måtte jeg forøvrig høre fire jenter diskutere hvordan & når barn bør slutte å bruke bleier - i 45 minutter, basert på erfaringer med egne barn og noen solide doser sunn fornuft. Det er fascinerende hvor enkelt jenter i en viss alder snakker om avføring.
Noe helt annet - hvis du rekker å gå innom her: www.perchs.dk (adressen står under "Kontakt") så kan jeg love deg en fantastisk te-opplevelse. Dette er folk som tar te-drikking seriøst! :) Min styrtrike filletante i Kbh kjøper all sin te der, hovedsaklig fordi de er kongelig dansk hoffleverandør, mistenker jeg, men teen er definitivt utmerket.
Kaffityskaren, alias fysikkstudenten, har også gifta seg! Med ei amerikansk jente. Og så har dei flytta til Australia, sånn for sikkerhets skuld.
Det går unna i svingane.
Fekk veldig veldig lyst å gå innom tebutikken. Minna veldig om tilsvarande i Delhi - om enn eit liiite hakk dyrare, kanskje...
I'll keep you posted on whether I make it or not!
Legg inn en kommentar