fredag, juni 30, 2006

Gullfisk

Den sommarlege nyheitstørka har visst allereie starta. I alle fall på bloggefronten. Oppsummert ser veka mi omtrent sånn ut: avisjobb, forlagsjobb, sova, avisjobb, forlagsjobb, sova, avisjobb, kort joggetur (hey!), pizzamiddag ute (heyhey!), sova, avisjobb avisjobb avisjobb, sova, avisjobb og kort blogginnlegg.

Ikkje det heilt store å skriva heim om, mao. Litt sliten, temmeleg nerdeopphengt i akkurat mine jobbegreier, og temmeleg gullfisk på alt anna for tida.

Sårri, alle som prøver å halda kontakt!

Eg er bare midlertidig ukonsentrert og teflonisert, eg lovar! Kjem sterkare attende etter at eg har jobba meg gjennom kulturdekninga i alle norske medier dei siste,
tja, fem åra eller så, på jakt etter kunnskap og inspirasjon. Gi meg nokre dagar, bare!

Men aller først, nemleg allereie i ettermiddag, set eg meg på bussen til Farsund. Stikkord: Operasjon Batterilading, inkludert sol, bad, mat, vin, venner, segling, bøker og nemte eg venner og sol? Aaah! Blir så bra!

Og dermed set me over til pausefiskane

tirsdag, juni 27, 2006

Gamlismem med gamlispop

Heile internett gjorde unna dette memet for cirka, tja, eit halvt år sidan eller så. At eg kjem trekkande med det no, lenge etter at det har mista ei kvar form for nyheitsinteresse, er med andre ord hardbarka bevis: Eg er bare sååå 2005, ikkesant?.

På den andre sida er det vel ingen som les denne bloggen som mistenker meg som spesielt kreativ eller nyskapande, så det gjer ikkje så fælt mykje. Fyr laus!

Oppgåva lyder som følger:
Set mp3-spelaren din på shuffle, og noter ned dei ti første songane som kjem opp. Du kan med fordel skriva litt om kvar av songane, men skrivetida er omme når neste song byrjar.
Det er ikkje lov å pynta på sanninga!

Oj. Eg innser at dette fort kan bli flaut. Veldig flaut. Men, men. That's what blogs are for, I suppose. Without further ado - her er lista:

"It Ain't Me, Babe" med Johnny Cash og June Carter
Hurra! Dette vil eg kalla ein pangstart. Eg diggar jo Johnny, og ikkje-meg-songen er ein av dei absolutte favorittane. Kanskje ikkje så veldig hipt, og etter filmen er det vel ikkje så veldig originalt heller. Men det gjer ingenting. It ain't me babe/No, no, no, it ain't me babe/It ain't me you're lookin' for, babe Eg bare elskar måten dei syng "babe" på - med besluttsomhet som grensar mot forakt.
"All Babies" med Sinead O'Connor
Vel. Det er vel kanskje ein grunn til at spelelista viser at eg aldri har høyrt på denne songen sidan eg lasta han over frå CDen... Det er ein fin sang, altså, men han minner meg vel først og fremst om lenge sidan. Ein kompis på vidaregåande introduserte meg til plata, og me høyrte "Red Football" på full guffe saman - igjen og igjen.
"Knees of My Bees" med Alanis Morissette
Det er på ingen måte favorittsongen min med Alanis, men eg er glad ho i alle fall kom med på lista. Albumet So-Called Chaos er det av albuma hennar eg har høyrt minst på og vel eigentleg likar minst. Men linjer som You are a sage who is fueled by compassion/Comes to nooks and crannies, is bound for all stars" er jo alltid fine!
"Into My Arms" med Nick Cave and the Bad Seeds
Ååååh! Dette er den ultimate kjærleiks-slash-deppesongen! Eg trur ikkje på Gud eller englar eg heller, men kjærleik? Gjett om. Into My Arms, O Lord!
"Femme Fatale" med The Velvet Underground
Eg skulle sjølvsagt huska kor og når eg kjøpte denne plata, men det gjer eg ikkje. Det var i studietida ei gong, og etter "I'll Be Your Mirror" er "Femme Fatale" ein av dei kulaste songane på ho. Ei streng men velmeint åtvaring til blåauga gutar i alle aldrar, 'cause everybody knows, the things she does to please, she's just a little tease - she's a femme fatale!
"Timebomb" med Chumbawamba
Chumbawamba er Bergen for meg. Eittromshybel med do og dusj på gongen, og anarkisongar på full guffe på anlegget. Kule tekstar og endå kulare haldningar - med andre ord alt eg ikkje var (eller er) sjølv.
"Cries Like a Baby" med September When
Det måtte vel skje. Eg kunne ikkje klara meg gjennom heile ti (eller er det bare sju så langt, seier du?) songar utan at det dukka opp ei klissete nittitalsballade. Dèt sagt, så er ikkje den om sutredama den aller verste. Morten Abel er jo kul, sjølv om det stort sett har vore nedoverbakke sidan han var 16-17 år og song i Mods. Og rogalandsrock er me vel alltid for, er me ikkje?
"The Boxer" med Simon and Garfunkel
Eitt av minna eg har til denne songen, er då eg og Kvalitetsvennene mine song han i parken ved vassfronten på universitetet eg gjekk på i Seattle. Ein av gutane hadde gitar, og me andre prøvde å lesa teksten av eit bittelite ark med besifring rabla over halvparten av orda. Det vart kanskje ikkje så veldig vakkert - men me skal ha for innsatsen!
"Caught up in a Struggle" med US3
Ah! Nok eit seattleminne! US3 er gruppa over alle grupper når det skal groovast på tysk-fysikk-venn-stil. Du møter ikkje han utan å spørja om han har "jumped to the beat boogie woogie jam step" sidan sist. Ah! igjen. *smiler ved tanken* "Caught up" er kanskje ein hakket meir "alvorleg", eller i alle fall aggressiv song, men eg likar han likevel. Ikkje så verst, i grunnen, for nokon som eigentleg ikkje er spesielt gira på verken jazz eller hip-hop!
"Rullett" med Kaizers Orchestra
Så kom det endeleg noko på norsk på denne lista. Og det ved sjølvaste keisarane, tidlegare adresse Rosseland, Bryne, kor både Geir og Janove gjekk i klassen til far, som derfor både er og blir og kjem til å vera deira Største Fan Over Førti. Eg har vore på ganske mange konsertar med Kaizers gjennom åra, heilt sidan dei var eit sært og ukjent bryneband med namn Gnom, og bergenspublikumet besto nesten utelukkande av brynefolk. Og av alle desse konsertane, har eg sikkert vore saman med far på halvparten. Bråkete rølperock med orgel og oljefat - what's not to like, lissom?
Og når du har tapt kan ingen hjelpa deg. Når du har tapt, då står du for deg sjøl... Skjebnen tar aldri parti - hell no!

Og det var vel så vidt eg kan sjå ti?

Så,
for å oppsummera:
Ein køntrislager,
ei sint irsk dame,
ei nesten like sint kanadisk dame,
ein grinesong,
ein syresong,
eitt anarkistepos,
ei sutreballade,
ein arbeidarsong,
eitt sjangerfusionprodukt, og
ein ompabråkesong.

Uhm... eg trur eg skal la andre ta seg av tolkinga. Kva seier miksen eigentleg om meg? Ikkje at eg er spesielt kul, så klart. Men det visste me jo altså frå før...

lørdag, juni 24, 2006

Blå midtsommar

Ikkje så mykje å melda i dag. For trøtt til å skriva noko interessant - merkeleg nok. Blei panikkvekka av telefonen klokka kvart over åtte i morges, med ønske og krav, har liksom ikkje heilt henta meg inn etter den skeive starten. Putlar og jobbar, som vanleg, og kjenner eg byrjar bli mektig lei av forlaget og dei endelause tinga som kjem dettande frå den kanten. Lei av manglande fritid, og jobb framfor søvn. Lei av at det liksom aldri tek slutt, og at eg aldri fekk den pausen som eg hadde lova meg sjølv.

Dessutan nervøs med tanke på Den Nye Jobben, med start i overmorgon. Skulle ønska eg var klar. Førebudd. Utkvilt. Ikkje usikker. Uferdig. Sliten.

Var på biblioteket nokre timar tidlegare i dag, for å lesa meg opp på kva som har skjedd sidan, vel, sidan sist eg jobba i avis for om lag to år sidan eller så... Lurt i teorien, dumt i praksis. Blei bare endå meir stressa over alt eg ikkje har fått med meg hos alle dei andre, og over folk eg ikkje anar kven som er kven i Norge. Over alt eg burde vita, men ikkje anar noko om.

Sukk...

Men eg hadde ein fin og roleg St.Hans! Bare sjå:

fredag, juni 23, 2006

Interessant informasjon til folket III

Etter lydane å dømma, er det faktisk temmeleg mange i Oslo som startar på jobb klokka sju eller tidlegare. Eller bur eg kanskje i ein bydel full av sjukepleiarar og, uhm, første-vakt-på-nyheitsdesken-folk?

Interessant informasjon til folket II

Det bur ein gjøk(!) på Sofienberg/Nedre Grünerløkka som pleier halda det gåande mellom ca tre og halv fem kvar natt.

Kokoooo! Kokoooo! Kokoooo!

For øvrig ein heil skokk duer, og diverse andre kvitrefuglar som verkeleg står på frå sånn cirka firetida. Men det visste de vel kanskje frå før.

Det om gjøken(!!), derimot!

Bring det gjerne vidare, folkens. Men husk: De las det her først!

Interessant informasjon til folket

No tenker eg de er spente, ja!

** alle held pusten **

Klare? Okei. Her kjem det:

Eg kan melda om at Dagsavisen kom på døra klokka 02.46 i dag!

Det hadde de ikkje visst utan meg, hadde de vel?

Følg med, følg med, for endå fleire, minst like spanande meldingar i timane som kjem!

torsdag, juni 22, 2006

Dagens kompliment

Du er i alle fall ikkje spesielt hjulbeint!

Uhm. Takk(?)

onsdag, juni 21, 2006

(Litt for?) lett å lokka

Eg hadde verkeleg ikkje tenkt å gå denne gongen. Ikkje fordi eg eigentleg var frykteleg trist lenger, eg heller. Meir fordi det hadde vore ein lang og eigentleg ganske hektisk dag på jobb, og eg hadde planar om ein lett middag, ein kjapp dusj, og maks nokre timar med ei eller anna bok før senga.

Men så stod dei der sjølvsagt i trappa. Med kvitvin i ekte, gjenbrukbart glasglas, store smil og null forståing over at eg ikkje ville vera med på forlagsfest igjen. Regnet hadde jo gitt seg! Og så er det jo midtsommar! Årets lengste natt! Og ein skal ikkje sova burt sumarnatta, veit du!

Nei, eg veit. Så eg blei med. Me song oss gjennom eit heilt hefte gamle schlägers om fire kalde pils som ligg nedi vannet og änglamarken eller himlajorden om du vill, om Jæger som ror og Oda som sitter foran, og om gullviva, mandelblom, kattfot og blå viol. Pluss den om sumarnatta, så klart, som er for ljos til å sovast burt. For då skal ein vandra i saman ute under dei lauvtunge tre - under dei la-a-uv-tu-unge tree!

Me drakk litt vin, og litt meir vin, og endå litt meir vin, og åt sjølv- (dvs halv-) grilla pølser og sommarkoteletter, pinneis og twist. Møtte tilfeldigvis ei jente eg kjenner litt frå turen til Lofoten sist sommar, og som er har tenkt ein del på sidan dess utan heilt å få ut fingen til å invitera ho eller noko. Ho skulle ha sommarjobb i forlaget - tenk det! Norge er jammen meg eit pittelite land - sist eg prata med ho, var planen at ho skulle flytta til Flekkefjord...

Vidare prata eg lenge og faktisk ganske godt med Mr Control Freek Personified, alias min næraste sjef i forlaget, og fekk han til å seia rosande ting om andre folk eg likar der, sjølv om det eigentleg sit langt inne og han ikkje er typen som gir ved dørene.

Eg fekk mange fleire kompliment for skjørt (3) og hår (2) enn eg pleier (0), og hadde alt i alt nok ein veldig hyggeleg forlagsfest.

Og no har eg snart vore oppe i førti timar. Nachspiel, anyone?

Fy flate...

Denne artikkelen, om koss det går i New Orleans no ti månader etter orkanen Katrina, gjer meg rett og slett temmeleg trist:

New Orleans is experiencing what appears to be a near epidemic of depression and post-traumatic stress disorders, one that mental health experts say is of an intensity rarely seen in this country. It is contributing to a suicide rate that state and local officials describe as close to triple what it was before Hurricane Katrina struck and the levees broke 10 months ago.

Compounding the challenge, the local mental health system has suffered a near total collapse, heaping a great deal of the work to be done with emotionally disturbed residents onto the Police Department […], who has sharp crisis management skills but no medical background. […]

Dr. Jeffrey Rouse, the deputy New Orleans coroner dealing with psychiatric cases, said the suicide rate in the city was less than nine a year per 100,000 residents before the storm and increased to an annualized rate of more than 26 per 100,000 in the four months afterward, to the end of 2005.

[…]

Many people who are not at serious risk of suicide are nonetheless seeing their lives eroded by low-grade but persistent feelings of sadness, hopelessness and stress-related illnesses, doctors and researchers say. All this goes beyond the effects of 9/11 and the Oklahoma City bombing, Mr. Curie said. Beyond those of Hurricanes Andrew, Hugo and Ivan.

"We've been engaged much longer and with much more intensity in this disaster than in previous disasters," he said.

At the end of each day, Sergeant Glaudi returns to his own wrecked neighborhood and sleeps in a government-issued trailer outside what used to be home.

"You ride around and all you see is debris, debris, debris," he said.

And that is a major part of the problem, experts agree: the people of New Orleans are traumatized again every time they look around.

"This is a trauma that didn't last 24 hours, then go away," said Dr. Crapanzano, the Louisiana mental health official. "It goes on and on."

Fy søren.

Kva er det eigentleg med det der landet? Eller: kva er det med dei som styrer det? Eg forstår jo at det er viktig å få drepe flest mogleg menneske, eigne og andre, i krigar på framand jord, så klart. Og at ein elles kjenner sterkt behov for å bidra på andre, like konstruktive vis i konfliktar rundt omkring i resten av verda.

Men likevel.

Kor ekstremt vanskeleg kan det eigentleg vera å bruka bare litt pengar – ein liten fraksjon av forsvarsbudsjettet, for eksempel, eller eit beløp som motsvarar det amerikanarane brukar på tyggi kvart år – til å ordna opp i eige land også?

Rydda litt, for eksempel?

Huskar de flaumen på Austlandet i 1995, folkens? Eg gjer. Bitteliten målestokk i forhold til Katrina, men likevel. Eg huskar koss folk stimla saman for å hjelpa, med sandsekker og husly og alt som høyrte til medan det stod på. Og at dei var med og rydda opp etterpå.

Eg gjentek: Rydda opp. Etterpå.

Snarast råd, faktisk, slik at folk kunne halda fram med liva sine, og sleppa å subba rundt i vonde, illeluktande minne. Og jada jada – det er forskjell på Norge og USA, på stor og liten, på kvalmande rik og bare ganske rik.

Dog: prioriteringar, kjære buskmann, prioriteringar!

Gårsdagens timeplan

Kl 08-09: Stå opp
Kl 09-16: Jobb
Kl 16-18: Transport- og middagspause
Kl 18-23: Jobb
Kl 23-00: Transport-og-henga-med-kjærasten-pause
Kl 00-07: Jobb
Kl 07.00: Vekka kjærasten

:/: repeat :/:

Det kan umogleg vera spesielt sunt...

tirsdag, juni 20, 2006

Meir husmasinformasjon

Eg veit at eg har, vel, toucha så vidt innom dette med at me har kjøpt leilighet tidlegare, altså – men finst det eigentleg eit meir interessant emne med større relevans for resten av internett?

Trudde ikkje det, nei.

Greia er nemleg den, at eg ikkje har stoppa autosøket mitt etter leilighetannonsar før i dag. Mest fordi eg er lat og desorganisert, så klart, men også fordi eg då får sjansen til å godta meg over annonsar som denne, for ein "arealeffektiv" leilighet på 55kvm i 2. (hah! andre!) etasje, med takst 1.700.000 og fellesgjeld 172.000, som endar opp med å gå for 2.100.000 - eg gjentek: to millionar eitt hundre tusen norske kroner!!.

Prisen på drøymeslottet?
- Høg
Gleda over å sjå andre betala endå høgare summar for mindre og meir usentrale leilighetar?
- Priceless!

Den same infame gleda melder seg når eg ser døme som dette og dette, på leilighetar med rare og endå rarare planløysingar, som enda på hhv. 250.000 og 220.000 kroner over takst - eit godt stykke over smertegrensa vår.

Skadefro?
Eg?!?!

Aldri! :o)

mandag, juni 19, 2006

Veldig vakkert, spesielt ungt menneske


Dagens første spørsmål: Finst det noko søtare enn babykjakar?
Rett svar: NEI

Dagens andre spørsmål: Får du lyst å eta ho opp, med kjakane og den yndige litle nasetippen først?
Rett svar: JA

Vakre unge menneske





Nokre ganske få av dei mange bildene eg tok før festen ikkje lenger burde dokumenterast fotografisk, valde meir av nostalgiske enn fototekniske grunnar.

Stikk

Ting eg likar med København:
* Skikkeleg low-tech syklar utan gir, som likevel trillar som bare det på dei flatflate sykkelvegane
* Sjokolade til frokost
* Det nydelege gamle drivhuset i Botanisk have
* Fine mursteinshus overalt
* Påspandert øl same kor eg snur meg
* Jummi indisk på tacky restaurant etter overnemnte punkt
* Den sorte diamant
* Skumbolle i isen
* Økologiske pannekaker på kafé
* Føremiddagskino
* Fantastiske festar med folk som funkar


Ting eg ikkje likar med København:
* Mygg
* Myggstikk
* Å ligga vaken heile halve natta på grunn av overnemnte punkt, allergisk og oppsvulma på og rundt dei ca femten stikka, utan lov til å klø. Utan. Lov. Til. Å. Klø.
* Aaaaargh!

lørdag, juni 17, 2006

Studietida revisited, denne gongen på den gode måten

Eg har byrja på dette mange gonger, men aldri kome så langt som må trykka på "publish post"-knappen. Merkeleg nok, i åtte-ni-tida om morgonen, nettopp heimkomen etter ein fest av det gode gamle me-held-ut-til-siste-stund-og-gidd-i-alle-fall-ikkje-gi-oss-før-me-kan-ha-bloody-marys-til-frokost-slaget... Minus bloody maryane for min del, så klart, for det har eg trass alt aldri likt anna enn i teorien... Salmiakklakrisshots derimot... hmm...

Men for nokre herlege dagar i Kongens by! Fredags kveld med danske frikadeller, sild og flæskesteg, øl og snaps og venner eg ikkje har sett på seks år. Jupp, det stemmer: SEKS år! Likevel var alt som før, på den gode, ikkje-klamme måten. Eg prata med dei gale islendingane om whisk(e)y og verdsøkonomi, med den russiskjødiske jenta om Hamsun og himmelen, og med alle andre om, tja, laust og fast. Den fantastiske mongolske jenta var der saman med sin nederlandske kvalitetsmann, med bilder av sin alldeles nydelege, totalt spisbare, eitt år gamle gut.

Miss Mongolia: - I think of you a lot, Lin
Eg: - Oh yeah? Why?
MM: - 'Cause do you remember all the times we'd sit on the porch drinking beer after some party or dinner or whatever? And I would always be wearing sweaters and still feel cold, while you were wearing a t-shirt feeling comfortable? And you said that I had to relax my body instead of tensing it when I started feeling cold. That way I wouldn't even get cold, you said. So now, whenever I'm outside and feel my body tensing, I think of Lin and try to relax. And it works, too!
Eg: - I didn't know I had this calming effect on people.
MM: - Oh, but you do! I'm sure you could make it big on TVshop. "Lin, the antifreeze goddess" - how do you like the sound of that?
Eg: *ler*

I går heldt me fram der me slapp kvelden før. Først mange timars henging i sola, mellom anna med finske Mama som var blitt mor på skikkeleg no, og hadde med seg både mann og ei søtare-enn-sukker-og-honning-søt, veldig veldig spisbar lita jente, som stabba rundt på plenen, oftast med tydeleg styring mot ølboksar og andre forbodne ting. Solslumring og snackseting, og kva-har-skjedd-i-livet-ditt-samtalar med alle Kvalitetsfolka.

Åååååh! Det er så bra at det finst folk der ute som veit kva eg meiner når eg snakkar om Seattle!

Folk frå heile verda, som også ler av dårlege historier og gamle internvitsar, og som blir mjuke i røysta med tanken på den-og-den Kvalitetspersonen som dessverre ikkje kunne koma seg heilt til Køben frå New York/Korea/India/Brasil eller kor dei no held seg akkurat denne helga, og derfor måtte nøya seg med å senda innforståtte, husvarme epostar kor dei forklarer kor dumt det er å ikkje vera saman. Gale georgiarar som har det med å plukka opp jentene og nesten kasta dei på det svære opne bålet som skal grillast på så snart flammane gir seg. Islendingen som framleis dansar hardt og litt for tett og uvørent, og som framleis klapsar deg på baken og kviskrar - i fullt alvor - "you have the greatest ass - why won't you ever let me undress it?" i den eine augneblinken, medan han held eit flammande forsvarsinnlegg om singellivets gleder det neste. Italienaren som kyssar vått og smellande på kinna - the Itaaaalian way - og som brukar eit kvarter på å beskriva "da most-eh fæntaaaaaastik-eh sallamon diiinn-ah" som han ei gong fekk hos deg, og som han gjerne kjem til Norge for å oppleva ei gong til. Tyskaren som utan å blinka blir med på lange, kvasifilosofiske diskusjonar om vitskap versus kunst - og kva er det eigentleg som driv verda framover? Danskar med bruspulver og vodkaflasker, i eit fullstendig alvorleg forsøk på å gjenoppliva fjortisfylla, bruspulverstyle. Den alldeles nydelege sambuaren til ein av dei, gravid i sjuande månad men med bare ein søt liten bump på magen, som ein fotomodell eller popstjerne, bare på ein mykje meir naturleg, "skandinavisk" måte.

Klokka blei eitt og klokka blei to, og ikkje spør meg om kor timane fram til fem og seks blei av. Men borte blei dei, og på eitt eller anna vis kom me oss visst tilbake til byen frå festhytta nær Kastrup også, på synkande rus til stigande sol. Morgontomme bygater, kvar vår verktøykasse under armen(!), og ei varm, god boblar-i-magen-kjensle av at Folk ikkje forsvinn. Ikkje Kvalitetsfolka. Dei bare gøymer seg litt innimellom.

Og no skal me ut og segla!

fredag, juni 16, 2006

Wonderful, wonderful, Cooopenhaaagen

Vosj, og så var eg vekke igjen. Hadde liksom glømt at eg skulle hit, det skjedde så fort.

Men eg er altså i Køben, hurra!

Meir seinare, må gå og drikka snaps med gamle venner no!

torsdag, juni 15, 2006

Språknerdar? Me?!?! Neidå!

-lin says (14:05:34): [fortel at det er greitt å jobba heimefrå innimellom]
Ingling says (14:05:40): nemlig
Ingling says: (14:05:47): kjekt med hjemme kontor
Ingling says: (14:05:55): hjemmekontor mener jeg
Ingling says: (14:05:58): grøss, orddeling
-lin says: (14:06:01): pass deg no!
Ingling says: (14:06:14): som sagt, trøtt. hånden kom ufrivillig borti
-lin says: (14:06:20): du er tilgitt
Ingling says: (14:06:30): PUH
-lin says: (14:06:35): men eg blir nok dessverre nøydd til å kappa av deg høgre hand om det skjer igjen
-lin says: (14:06:38): som du sikkert forstår
Ingling says: (14:06:49): det skulle bare mangle
-lin says: (14:07:01): nettopp

Milepæl (Alternativ tittel: Bruk shampo)

I morges brukte eg opp den siste slanten av alle litrane med shampo og balsam eg fekk då eg jobba i vekespressa.

Welcome back, my long lost friends!

onsdag, juni 14, 2006

Bruk solkrem

Baz har ordet:

Ladies and Gentlemen of the class of ’97...

-- 97? Var det ikkje i 1996 eg ikkje var russ? Meiner bestemt det, ser du. Men det er greitt, Baz, eg toler såpass. Bring it on!
... wear sunscreen. If I could offer you only one tip for the future, sunscreen would be IT.

-- Uhm. Sårt punkt. Bokstavleg tala. Særs akkurat øverst på ryggen og skuldrene... Du høyrer ikkje meg klaga over nesten tretti grader og strålande sol - å nei du, aldri! - men det er klart at eg kanskje kunne tenkt meg litt betre om før eg brukte store delar av dagen på herlege, solvarme Frognerbadet...
The long term benefits of sunscreen have been proved by scientists...

-- Jada, jada, jada, eg veit det, vel! Men det er klissete, sant? Og upraktisk, og illeluktande, og arbeidskrevjande. Dessutan glømte eg ikkje flaska med vilje - heilt sant!
... whereas the rest of my advice has no basis more reliable than my own meandering experience.

-- No prob, Baz! Så lenge eg slepp tenka på skuldrene mine ei stund, er eg med på det meste.
I will dispense this advice now.

-- Eg ventar!
Enjoy the power and beauty of your youth. Never mind. You will not understand the power and beauty of your youth until they have faded. But trust me, in 20 years you’ll look back at photos of yourself and recall in a way you can’t grasp now how much possibility lay before you and how fabulous you really looked.

-- Fabulous? Eg? Og ung? Ojojoj! Takk, skal du ha, Baz - du erkje så verst sjølv, i grunnen. Men kva er greia med den raude fløyelen der? Feeling a little royal tonight, are we?
You are NOT as fat as you imagine.

-- Uhm, jo. Akkurat no så. Ikkje at eg har noka badevekt, så klart, men eg har auger å sjå med. Spørsmålet er vel heller: Spelar dette noka stor rolle? Og svaret akkurat i dag er: "niks".
Don’t worry about the future; or worry, but know that worrying is as effective as trying to solve an algebra equation by chewing bubblegum. The real troubles in your life are apt to be things that never crossed your worried mind; the kind that blindside you at 4pm on some idle Tuesday.

-- Hæh? Funkar det å tygga tyggi for å løysa mattestykke? Kvifor var det ingen som forklarte meg det for tretten år sidan!?!
For øvrig ser eg ingen grunn til å uroa seg. Det er jo sommar! Og eg eig eit heilt slott!
Og i dag klokka fire var eg på trygg grunn heime i min (veit eg heldigvis no) midlertidige leilighet, og mottok ein bukett alldeles nydelege gratulera-med-ny-kåk-blomar som kom med bud på døra(!) Overrasking? Ja! Trøbbel? Nei.

Do one thing every day that scares you.

-- Godt råd. I alle fall på ein måte. Kjem vel litt an på kor lettskremd ein er. I går gjorde eg ein stor ting, av typen "brenn av sinnsvakt mykje pengar - så mykje pengar som du aldri før har sett, og faktisk ikkje har - på mindre enn fire timar, og lat som du er skikkeleg tøff når du pratar med advokatmeklarmannen på telefonen".
Så i dag nøydde eg meg med ein liten: Eit kjapt besøk innom kontoret til ein av dei viktigaste sjefane mine, vel vitande om at viss eg blei lenge nok, så ville han nok starta å prata om
ubehagelege ting. Du veit: om jobb og slikt...
Sing.

-- Å ja! Masse og ofte! For tida er det Mannen i svart som surrar rundt og rundt i toppen på meg, med og utan dama han til slutt fekk. *Syng* *Skrålar*: "It ain't me babe! No, no, no, it ain't me babe! It ain't me you're lookin' for... babe!
Don’t be reckless with other people’s hearts, don’t put up with people who are reckless with yours.

-- Eg har eigentleg ganske godt samvit når det gjeld den første delen her, både når det gjeld (eks-)kjærastar og andre. Viss eg har valsa over andre sine kjensler noka gong - og det kan det sjølvsagt henda at eg har - så har det neppe vore fordi eg ville det. Faktisk ikkje.
Den andre delen, derimot... Aaaah. Lang historie. Fleire aktørar, dei fleste heldigvis små. Dessutan eit par store. Spesielt ein. Stikkord: sommaren 2001. 'Nuff said!

Floss.

-- Argh! Eg prøver - eg gjer verkeleg det! Men veit du eigentleg kor u-tru-leg KEI-samt det er å halda på med det der tanntrådgreiene om kvelden etter tannpussen? Ikkje? La meg informera deg: veldig, veldig, VELdig keisamt. Dessutan likar eg betre mint- enn blodsmak i munnen... Men eg har framleis ingen hol!
Don’t waste your time on jealousy; sometimes you’re ahead, sometimes you’re behind. The race is long, and in the end, it’s only with yourself.

Sjalu, schmalu. Tja. Eg trur ikkje eg er den som har mest sjalusi i meg sånn i utgangspunktet. Spesielt ikkje når det gjeld behovet for komplett og altoppslukande eigarskap til allerkjæraste, viktigaste Lyslugg - eg ser folk av og til har det sånn i forhold, men akkurat det der? It ain't me, babe!
Men
misunt blir eg! Ikkje meir enn andre, trur eg, og ikkje spesielt mykje akkurat no (kva treng eg eigentleg meir enn eit slott?), men like fullt. Eg veit at det ikkje er nokon god ide å måla meg opp mot alle desse vellukka spirene med Fast Jobb Dei Elskar og eit Generelt Vellukka Liv, og at dei ikkje nødvendigvis føler seg så himla vellukka heile tida, dei heller. Sjølvsagt gjer eg det likevel.
Men det der om at ein bare konkurrerer med seg sjølv? Eg veit ikkje om det er noka spesielt god "trøyst" for meg, eller eit meir positivt fokus enn å måla meg opp mot andre. Eg meiner - var det ikkje akkurat den der sjølvmålinga eg heldt på med f.eks på heile vidaregåande, kor jaget etter gode resultat (for
meg, ingen andre!) etter kvart inntok nesten latterlege proposjonar, så viktig blei det. Hadde eg først fått 6 i eit fag, ja så hadde eg fått det, og då ville det jo vera KRISE om eg fekk "bare" 5+ på neste prøve, så klart!
Det der lange racet som er bare med deg sjølv? For meg var det nok med tre år på vidaregåande, og kanskje eit par år etter det også, før eg en-de-leg forstod at det finst andre, meir interessante og fruktbare ting enn å jaga etter meg sjølv styrt av ein (ser eg no) temmeleg idiotisk og sjølvdestruktiv eg-må-bli-betre-enn-meg-sjølv-logikk. Eg veit, eg veit. Til å vera så smart kan eg vera temmeleg dum til tider. Men eg har i alle fall slutta å jaga etter meg sjølv på den måten! Er ikkje alle som kan seia såpass. Såh!

Remember compliments you receive, forget the insults; if you succeed in doing this, tell me how.

-- Eg er ganske god på dette med kompliment. Får ikkje ekstremt mange at eg ikkje lenger klarer å halda dei frå kvarandre, for å seia det sånn... Og fornærmingar? Tja... Kall meg gjerne ein kald kynikar, men min refleks når folk seier dumme ting til meg, er som regel bare å snu det tilbake på dei. Sjeldan slik at dei merkar det, trur eg(?), som oftast i eige hovud og eigne tankar. Eg er dronninga av hobbysosionompsykologiske tankar av typen "uffda, stakkars gretne/kjipe/sinte/uappetittelege mann/dame/sjef/tilfeldige forbipasserande - kva i all verden er det som er FEIL med DEG sidan du har behov for å spy eder og galle over meg? Og i sånne mengder? Stakkar, stakkar liten". Funkar det!
Keep your old love letters, throw away your old bank statements.

-- Gjer det første, skulle gjerne gjort det andre. Men så var det dette keisame enkeltkvinnesprosjektet mitt då, som krev dokumentasjon av alle moglege slag...
Stretch.

-- Kvifor det? Eg har lese at det ikkje er noko poeng? Eller er dette med tøyinga metaforisk meint - at ein skal strekka seg etter ting her i livet? I så tilfelle kan eg bare seia at eg prøver. Men det er jo grenser for kor lange armar ein har fått utdelt, trass sine 1,76 (eller 1,77?) i strømpelesten.
Don’t feel guilty if you don’t know what you want to do with your life. The most interesting people I know didn’t know at 22 what they wanted to do with their lives, some of the most interesting 40 year olds I know still don’t.

-- Igjen: Det er skikkeleg smigrande at du syns at eg er både pen OG ung. Men eg er altså 29, ikkje 22, og syns eigentleg at det er ganske greit. Delvis av den grunnen du nemner - dette med å vita kva ein vil her i livet. Det er ikkje det at eg har fullstendig oversikt enno, altså, snarare tvert om. Men eg er i alle fall mykje meir komfortabel med å ikkje vita enn eg var då. Viss det er èin ting eg har lært det siste året, og som både India og Nepal forsterka utan at eg skreiv så mykje om det her, så er det at Ting Ordnar Seg. Dei gjer faktisk det. Jobbtilbod som kjem flaksande av seg sjølv, leilighetar som trass alt materialiserer seg når me blir kasta ut der me bur og slott som poppar opp etter bare nokre timar i telefonen. Eg har jo det aller viktigaste: Verdas allerbestaste kjærast, og venner som stiller når dei trengst aller mest. Så får det heller vera at eg verkeleg ikkje anar kva eg gjer om tre månader frå no...
Det sagt, så tek eg gjerne i mot ein godt betalt, fast og spanande jobb, altså! Eg skal nok klara å takla den i tillegg til den gode kjærasten og dei supre vennene!

Get plenty of calcium.

-- Yes, siree! Denne jenta likar både mjølk og yoghurt!
Be kind to your knees, you’ll miss them when they’re gone.

-- Snill som i unngå-å-mosa-dei-ned-i-isen-når-du-går-på-skøyter-snill? Uhm, eh, altså.. Det er rom for betring på den fronten også!
Maybe you’ll marry, maybe you won’t,

-- Mest sannsynleg ikkje. Utan at eg ligg vaken om nettene av den grunn. Gullsmykke til dagleg er ikkje heilt mi greie uansett.
maybe you’ll have children, maybe you won’t,

-- Men eg håpar eg får! Gjerne (minst) to - ei jente og ein gut. Helst om ikkje så altfor altfor lenge.
maybe you’ll divorce at 40, maybe you’ll dance the funky chicken on your 75th wedding anniversary.

-- Ei god forsikring mot skilsmisse på 40årsdagen, er sjølvagt å ikkje gifta seg i utgangspunktet, jf det eg skreiv over. Og 75-års bryllupsdag?!? Det må i så tilfelle bli når eg er minst 105 år - og når eg er så gammal, er det vel strengt tatt imponerande om eg klarer gjera noko som helst, enormt så om eg klarer å vera med på fugledansen...
Whatever you do, don’t congratulate yourself too much or berate yourself, either. Your choices are half chance, so are everybody else’s.

-- Mogleg det, mogleg det. Men det er vel lov å vera litt glad for at ein av og til vel rett, vel?
Enjoy your body, use it every way you can. Don’t be afraid of it, or what other people think of it, it’s the greatest instrument you’ll ever own.

-- Word!
Dance. Even if you have nowhere to do it but in your own living room.

-- Sånn eg ser det, skal ein sjå seg ganske så nøgd om ein har ei stove som er stor nok til å dansa i... Men dans er eg for! I alle fall så lenge eg slepp å førast så altfor hardt - min indre freestylar likar best å bestemma sjølv. For tenk.
Read the directions, even if you don’t follow them.

-- Eller - kjekkare - sjå om du får det til utan først.
Do NOT read beauty magazines, they will only make you feel ugly.

-- Stemmer sannsynlegvis det. Etter endeleg å ha kome meg vekk frå den der vekepressa sjølv, er det uansett forsvinnande lite slikt eg les. Eg frydar meg rett og slett over å sleppa!
Get to know your parents, you never know when they’ll be gone for good.

-- Check!
Be nice to your siblings; they are your best link to your past and the people most likely to stick with you in the future.

-- Check! igjen. Men om bror min er den som mest sannsynleg kjem til å halda ut med meg i framtida veit eg no mindre om. Av og til veks det både epler og pærer på same familietre. Dei to kjem greitt ut av det med kvarandre, og deler gjerne plass på fruktfatet. Men det er no likevel umogleg å samanlikna dei to! (dårleg metafor, eg veit, men akkurat det der med bror min er nok eit tema som er altfor langt og komplisert til å ta opp akkurat no).
Understand that friends come and go, but for the precious few you should hold on. Work hard to bridge the gaps in geography and lifestyle because the older you get, the more you need the people you knew when you were young.

-- Dette trur eg på. Dette prøver eg å leva etter. Måtte eg alltid ha eskimoar i livet mitt!
Live in New York City once, but leave before it makes you hard;

-- Å ja! Har så lyst, så lyst. Definitivt ein av dei kulaste byande i verda. Men kva skulle eg gjera der, mon tru? Sånn utanom å henga med Sykkelfisken og Belle og ho andre ny-jenta, meiner eg?
live in Northern California once, but leave before it makes you soft.

-- Også lyst til, om enn mindre enn New York. Eg har allereie budd i Seattle - tel det? Ikkje akkurat verdas hardaste by, det heller, meiner eg...
Travel.

-- Ja! Gjerne! Kor skal me?
Accept certain inalienable truths, prices will rise, politicians will philander, you too will get old, and when you do you’ll fantasize that when you were young prices were reasonable, politicians were noble and children respected their elders.

-- Hm. Trur ikkje eg er komen heilt dit i livet mitt enno, kor eg hissar meg så mykje over at ungdommen ikkje respekterer dei eldre. Men bare vent - eg er der nok snart!
Respect your elders.

-- Akkurat det der kjem veldig an på kven av desse "eldre" det er snakk om, du! Folk må no bruka fornuft, uansett alder.
Don’t expect anyone else to support you. Maybe you have a trust fund, maybe you'll have a wealthy spouse; but you never know when either one might run out.

-- Ok! Eg har, som tidlegare nemnt, klart meg ganske bra så langt, og trur nok det held seg også i framtida. Dessutan: Å måtta spørja nokon etter pengar? Elles takk!
Don’t mess too much with your hair, or by the time you're 40, it will look 85.

-- Hah! Der har eg argumentet eg treng for ikkje å besøka frisøren oftare enn eg gjer, dvs maks - MAKS - ei gong i halvåret.
Be careful whose advice you buy, but, be patient with those who supply it. Advice is a form of nostalgia, dispensing it is a way of fishing the past from the disposal, wiping it off, painting over the ugly parts and recycling it for more than it’s worth.

-- Av og til er det kanskje lurt å vera litt skeptisk av natur. Eg høyrer kva du seier, så klart, men det betyr ikkje alltid at eg gidd gjera som du foreslår!
But trust me on the sunscreen.

-- Mm. Eg gjer. Og då treng me ikkje prata meir om den saka, gjer me vel?

Likevel. Heilt til sist, både fordi eg var så godt i gong og fordi ein god ting ikkje kan seiast for ofte, gir eg dykk... (trommesolo)... guttesopranen!:
Brothers and sisters together we'll make it through,
Someday your spirit will take you and guide you there.
I know you've been hurting,
But I've been waiting to be there for you,
And I'll be there, just helping you out,
Whenever I can

tirsdag, juni 13, 2006

For dei som lurte...

... kan eg informera om følgande:

* Ja, det blir lyst igjen lenge før klokka tre. Veldig lyst.

* Feiebilen gjer unna området Sofienberg/Nedre Grünerløkka i halv fire-tida. Grundig.

* Ein søv ikkje nødvendigvis betre natta etter sitt livs hittil største handel enn ein gjorde natta før. I alle fall ikkje så lenge Medhandlaren heng ut på Jesus sitt hotell, slik at ein vert liggande aleine igjen på ungdomshybelen med bare Dumbo å trøysta seg med. Rett nok tek sistnemnte opp mykje mindre plass i senga enn konferansemannen - men når det gjeld søvndyssande evner må han sjå seg grundig slått. All denne lokkinga til meir eller mindre (okei då - mest mindre) målretta surfing og musikkhøyring og chatting med folk i andre tidssonar? Uimotståeleg! Og det på ein heilt annan, litt mindre - skal me seia praktisk? - måte enn ein varm, pustande gutterygg er det. I alle fall så lenge ein har møter å gå på klokka 9 i morgon tidleg...

No tenker eg de fekk svara de lengta etter, ja. Og det før morgonavisa er komen på døra!

mandag, juni 12, 2006

Slottet sitt mitt, det!

Beskrivelse
3 roms leilighet i 7 etasje m/heis og stor balkong med utsikt mot fjorden. Leiligheten delvis oppusset med bla nyere kjøkkeninnredning. 2 romslige soverom. flislagt bad med dusjkabinett og plass til vaskemaskin. Nytt el-anlegg.

Beliggenhet
Sentral beliggenhet i Gamlebyen. Området gjennomgår omfattende byutvikling herunder utbyggingen av Bjørvika, den nye Operaen, Middelalderparken hvor det idag er bademuligheter med renset vannspeil etc. Mot øst kommer Qvernerbyen [sic!] med en rekke nye boligprosjekter. Det er gangavstand til Grønland, Grünerløkka og Oslo sentrum. Leiligheten har god beliggenhet i bygget. 7 etg. med solrik balkong og utsyn til fjorden.

Og min, min, min - bare min!

Okei, ikkje bare min. VÅR er ordet. Heldigvis.

Eg har site i telefonen på veg til ein jobb på Hamar og slengt stadig nye titusenlappar på haugen, medan Lyslugg var på konferanse på Lørenskog, avskoren frå pengeflaksinga.

Ivrig Meklar: - Nå synes jeg du skal ta og bare dra til litt, jeg! Og så setter vi en halvtime frist.
Tøff-lin: - Okei. Eg dreg til. Men ein halvtime?! Pøh! Eg byr [sett inn uanstendig høg sum her]. Men då står bodet maks ti minutt.
IV: - Ti minutt? Det var ikke lenge!
T: - Nei. Men sånn blir det. Såpass forventar eg faktisk av deg. Du må tena denne provisjonen også, veittu - du kan ikkje få han heilt gratis!

Så då blei det sånn. Eg sit her, få timar og MANGE titals tusen etter forrige post, og kjenner meg like boblete som sist. Bare at denne gongen er det på ein letta, smileboblegladmåte. Euforisk.

Me har kjøpt leilighet!

I sjuande etasje!

Med utsikt over heileheile byen!

Og fjorden!

Dessutan gjesterom og kjekt kjøkken og alt me elles treng og ønsker oss. Gler meg noko så enormt til å visa han fram! Prøvde å lasta ned bilda frå annonsen, men Blogger samarbeider ikkje i dag heller, så det får evt bli i morgon kveld [oppdatert kl 21].

Me overtek 1. august, og er sikkert komne sånn passe i stand eit stykke uti same månaden. Då blir det fest. Eg lovar.

P.S. Nemnte eg at han altså ligg i sjuande etasje? Med utsikt? Over heile byen? Ja, for han gjer det!

Vis meg stova di…

... og eg skal fortelja deg kor grisk du er...

Eg byrjar nemleg å få grei oversikt etter kvart. Visningshelga over alle visningshelger er gjennomført, med ni - eller var det ti – ”objekt” på lørdag, og like mange på søndag. Me har sykla ein del kilometer på kryss og tvers mellom Sofienberg og Vålerenga, Gamlebyen og Carl Berner, Kampen og tilbake til Sofienberg igjen, for å seia det sånn.

Dessutan har me sett vår del überstyla tullesalstriks av typen ”lekker” silkepute ”tilfeldig” dandert i sofaen, tente motefargelys i vinduskarmen, og luftige handklestablar med matchande badesalt på toalettsetet. Ja, for det er jo silkeputer og badesalt me er ute etter!

Men ikkje alt er tull… Me har bod inne no… På drømmeleiligheten!

Kva då sommarfuglar i magen?

(gulp!)

fredag, juni 09, 2006

Fridom likskap brorskap

Det er mykje eg kunne skrive akkurat no, om vekeslutt og kalkunbollar og terrassesoling og kvitvinsdrikking og den slags. Bra tiltak alle saman, utan tvil.

Men det får venta til ei anna gong. I morges skal det handla om film. Om Krzysztof, for å vera nøyaktig. Det har nemleg vore ein dag full av hint, assosiasjonar, tilfeldigheter – så mange at eg lett forsto at det må vera ei eller anna skjult meining i det heile. Alle som har sett ein av dei mest kjende Kieslowski-filmane. f.eks. Rød, veit kva eg snakkar om.

Høyr bare:

Då eg leita gjennom ei gammal veske i morges, fann eg ein sprettball. Og ikkje bare ”ein sprettball”. Nei, eg fann ein gulglitrande, gjennomsiktig sprettball med stjerner inni – veldig lik den Weronika i Veronikas to liv let lyset brytast gjennom i den scena då ho sit på toget i Polen, eller den Veronique leikar med i Frankrike. Eg flytta han over i sekken min, men bare etter å ha stoppa eit lite sekund for å sjå kva retning solstråla inn soveromsvinduet mitt tok etter å ha truffe ballen.

Så, på veg til kontoret, med dårleg tid og poden på shuffle, kom songen. ”Tu viendras”, song jentekoret, og heldt den siste tonen akkurat like lenge som dei alltid gjer. Å! Så fint! Veronikas to liv også det.

Men jobb er jobb, og epost må lesast. Innimellom alt det fornuftige og jobbrelaterte, kasta eg eit fort blikk på nyheitsbrevet frå Dagbladet kultur. Og jammen var han ikkje der også, den godaste Krzysztof! I ein artikkel av ei viss Janina J. Skreiberg, forfattar, som skriv at det no er over ti år sidan Kieslowski døydde, bare 56 år gammal.

Så då, etter å ha lese artikkelen og tenkt at ho neppe hadde norsk bakgrunn, måtte eg sjølvsagt googla dama. Og der, i ei treffliste som elles var litt for polsk for mine tynne språkkunnskapar, fann eg følgande godbit (som eg strengt tatt kunne fått ut av ingressen på dagbladartikkelen også, om eg bare hadde følgt betre med: Cinemateket viser dei tre fargane for tida! Hurra!

Og det er det som er poenget: Alle som er i osloområdet, koma seg til Cinemateket denne veka!

Eg oppsummerer:

* Blå vert vist i kveld, fredag, klokka 21.00.

* Kvit vert vist førstkomande søndag (11/6), klokka 20.30.

* Og Rød, som er den aller beste av dei tre, kan du sjå onsdag neste veke (14/6), klokka 19.00.

Eller, kva seier eg? Kan du sjå? du sjå, meinte eg sjølvsagt!

Ser deg der!

onsdag, juni 07, 2006

Avslappa no ja

Og, medan eg er inne på ting som ikkje irriterer meg:

Det er sjølvsagt heilt greitt at Blogger først nektar å kommunisera med meg, og så let vera å gi tilbakemelding når eg prøver å kommunisera likevel, slik at same posten blir posta, fem – 5 – gonger, bare for å venda tilbake til me-snakkar-ikkje-saman-i-dag-sjølv-om-du-ikkje-har-gjort-meg-noko-gale-modus igjen når eg prøver å sletta fire av dei fem like etterpå.

Jada. Kjem-pe-greit.

Kjære Fru Tyskprofessor...

Det er ikkje det at eg er irritert, altså.

Å neidå. Aldri.

For eg har jo bare lese to -2- artiklar om tysk litteratur - på tysk(!), den eine meir, hm, skal me seia vanskeleg tilgjengeleg enn den andre, og slått opp ord og skrive ned spørsmål, og gjort så grundig research på deg som eg bare sjeldan rekk.

Og du skulle jo bare ringa meg på mobilen sånn litt før fire, sånn at eg kunne ringa deg opp det nummeret du skulle oppgi då, og me kunne prata saman i kanskje, tja, ein time eller så, om desse tyske artiklane (tyske, ja!) - og så skulle det heile vera over for din del, slik at eg kunne skriva ut det du sa og halda deadlinen min på torsdag ettermiddag. I morgon, ja. Torsdag.

Så eg bare lurar på følgande: Kva for eitt av desse punkta var det du ikkje forstod?

(1) Eg les tysk.

(2) Du ringer meg. Klokka cirka fire. 16.00, om du vil, onsdag den 7. juni 2006. Som avtalt. Ikkje fordi det er meg imot å ringa deg først, men fordi du har bedd spesielt om å få gjera det på denne måten, sidan du veit at du vil vera vekke frå kontoret, og heimen din, og tydelegvis også dei to mobiltelefonane du har. Eg veit dette fordi eg har sjekka, og ringt alle dei fire nummera minst tre gonger kvar den siste timen, og lagt igjen melding både her og der.

Du kan umogleg ha misforstått den delen om at du er Ei Veldig Veldig Travel Kvinne. For, kjære deg: Det. Er. Eg. Også. Og akkurat i ettermiddag, for eksempel, kunne eg ete sushi med kompis eller trent fort og hardt for meg sjølv, eller i det minste gjort andre ting enn å lesa tyskartiklane ei gong til medan eg venta på deg og prøvde å ringa deg likevel for å høyra om det var eg som hadde misforstått. Det var ikkje det, ser du.

Men irritert? Neidå!

Venlege helsingar, journalisten

Kvakk!

Han skulle ut, og eg skulle inn. Eg sprang opp trappa, og han opna døra.

Raskt. Veldig raskt.

Og eg? Vel, eg bråstoppa. Med halve leppa murt inn i dørkarmen.

Au.

- Auauauau!

- Uffda! Beklager! Jeg ante virkelig ikke at det sto noen der! sa han.

- Humpf. Umbf... [tappert smil] Beidå, bet går så bra, atte, mumla eg, medan høgre del av overleppa på frå sekund vaks frå normal til gigantisk.

Som ein mislukka silikonjobb, kor legen fekk sparken halvvegs, og glømte å tetta med Botox langs kanten.

Meg? Med pornomunn?

Uhm, neppe. Det må vera noko anna på ferde.

Så no nettopp, då eg - som for å bevisa at den der kroppsbeherskelsen min av og til er litt fråverande - smelte kneet mitt i skrivebordet til ho eg deler kontorloft med, slik at eg hinkar og vrikkar og haltar meg fram i kontorfellesskapet, gjekk den eigentlege samanhengen endeleg opp for meg:

Eg er i ferd med å bli til ei and! Komplett med nebb og vraltande gange. Manglar bare gule fjør og ein forkjærlighet for meitemakk, så er eg der.

For du veit det, at om det walks like a duck, and quacks like a duck, ja då er det vel kanskje ei and då!

tirsdag, juni 06, 2006

Forlagsfylle

(Disclaimer: denne posten er skriven i det eg er godt nedi det sjuande glaset med kvitvin.)

Ahem! Kremt!

*Slår på det sjuande glaset*

No som eg har alle si fulle og heile merksemd:

Eg dediserer denne posten til sykkelfisken og den andre NY-jenta, som eit bevis på at det går an å ha det glamorøst og halvfullt i dei små metropolane også - det ikkje vera New York, you know! (Ikkje at eg er misunt, så klart. Å neidå! Never!)

Første punkt:Takk og pris for maskinskriving valfag i 8. klasse, då alle dei kule hadde ballspel og moped, men eg lærte touch som funkar også med betydeleg promille... (Eh, vel... funkar og funkar... som funkar sånn passe bra også med promille, tenker eg me seier.)

Andre punkt: Eg har vore, og er, på jobbfest, og har skrive min første nettpubliserte artikkel med cirka tre i promille og litt slurvete uttale. Munnleg, så klart, ikkje i artikkelen. Den ligg fint og flott og beint fram pynteleg på internweb. Og ekstern, no som eg gadd å sjekka. Eat your heart out, Gonzo!

Tredje punkt: Det er eigentleg fascinerande kor utruleg spanande heilt ordinære folk blir om bare eg-kjem-rett-frå-jobb-og-har-verken-rukke-frokost-eller-lunsj-idag-promillen kickar inn. I løpet av kvelden har eg prata med den eine etter den andre, like interessert i spansk og i kroppsøving som i ekteskapsproblema til den eine og symjehallsopplevingane til den andre. Kva er det som gjer at eg alltid finn lettast ut av det med mennene, og stort sett syns damene pratar om keisame, interiør- og karriererelaterte ting? (jf filmen frå forrige post).

Fjerde punkt: Eg kan lika dette livet. Verkeleg. Eg les jo desse bloggane frå dedikasjonen, og samanliknar dei med mitt eige, vanlege, norskspråklege liv. Og tenker at det, altså mitt liv, kjem til kort. Men no, som eg har jogga og drukke vin og ete sushi og surra med God Venninne i går, og gått rett frå jobb til kvitvin (ah!) i strie straumar i dag, tenker eg at forskjellen ikkje er den heilt store likevel. Faktisk. Så det så.

Hah!

Og no skal eg sykla heim. Med gamle, raude skranglesykkelen eg er så glad i, som har stått fint parkert utanfor Min Tidlegare Resistens (TM) her på pene gamle Fjågner til eg fekk tid til å henta han heim. Treng eg meir i livet, enn ein herleg raud damesykkel og brisne flørtesmil på netthinna?

Å neidå!

mandag, juni 05, 2006

Ikkje så altfor brysomt påverka

Me har vore på kino i kveld, og sett den rare, litt unorske filmen om Den brysomme mannen.

Etter at han var over sat eg att med følgande:
(1) Stor undring over at folk ler – høgt – av at ein person vert påkøyrd av t-banen så blod og gørr renn i stride, splatteraktige straumar.
(2) Sterk lyst på ein generøst glas kvitvin, av den typen alle dei pene, velkledde menneska drakk på alle dei fancy middagsselskapa i filmen.

Eg får seia det sånn, at eitt av punkta var lettare å gjera noko med enn det andre...

søndag, juni 04, 2006

Rom for forandring

Det er noko med dette rommet. Du veit - rommet eg har brukt den siste veka eller så på å sutra over. Noko som gjer at eg føler meg litt annleis. Ikkje mykje, men litt. At noko er annleis.

Og i dag, då eg leita gjennom kleda mine etter noko passe søndagsavslappa å gå i, aller helst noko eg ikkje hadde gått i på lenge, og Bono song om ho som prøver å kasta armane rundt verda, kom eg plutseleg på kva det var. Er. Denne nygamle kjensla. Nederst i haugen fann eg nemleg ei dongeribukse. Eit godt utvaska eksemplar av arten, med vidare enn vid sleng, og oppmuntrande god plass i linninga.

Ei studentbukse!

For sånn er det. Eg føler meg som ein student igjen på dette rommet! Som om eg er tilbake til ein epoke eg trudde eg hadde lagt bak meg. Tilbake til ei tid då alle budde på sånne alt-i-eitt-rom med meir eller mindre ukurante loppismøblar og stygge holete veggar. Då stereoanlegget hadde den viktigaste plassen i rommet og hola i veggane vart forsøkt dekka med stolne konsertplakatar. Då oppvasken alltid vaks fortare enn eg klarte å ta unna, og det alltid hang klede til tørk i opphaldsrommet. Då vorspiel og nachspiel dundra i veggene kvar fredag og lørdag, og eg høyrte på musikk eg hadde frå Kvarteret, eller Garage, eller festar haldne av Folk Med Stil.

Omtrent sånn eg har det no, mao...

lørdag, juni 03, 2006

Perfeksjon

Å vakna av sol i ansiktet, etter åtte timars samanhengande søvn. Varm, dosk, avslappa. Bli liggande endå lenger - bare fordi eg kan. Fordi me kan. Lesa blad og sjekka mail, framleis i senga. Skriva dette, til god bakgrunnsmusikk og koselege byen-vaknar-opp-lydar frå det opne vinduet. Ryddig rom og ingenting me få gjort heile resten av dagen. Bare grilla litt, dilla litt, og vera saman.

Ah! Bliss!

fredag, juni 02, 2006

Interenettinuiten

Og jammen kom han ikkje, eskimoen. Som han ofte gjer når eg treng han mest. Denne gongen i form av ein kort epost (denne eskimoen skriv sjeldan lange) med ord dynka i meining. Eit postkort av innforståtthet. Av fellesminner. Og kjærleik. Alle tre av det ukompliserte, non-threatening, andre slaget.

hi dearest.
long time, as always. too long, i know.
surgery on a little kid yesterday, and while i was in the middle of it i remembered that time when we walked around the lake and it was pouring like crazy. and i asked you can you picture me as a doctor and you said yes i think i would feel safe as your patient. and I needed that. then and now.
missing you, thinking of you. hugs
ps – [kjærasten hans] says hi. in a totally non-threatened way, i think(!)”

Seinare breie smil og udiskrete flørteblink til jenta på trappa utanfor calzoneplassen, frå-toppen-av-hovudet-prat og solslikking med venninne, og søt tilstedeværelse av gutten med gullhåret. Fersk jus og ei lita bøtte med te – sjelebot i flytande form.

Så då guttesopranen stemte i på veg til jobb i morges, visste eg at han tenkte på meg:
Brothers and sisters together we'll make it through,
Someday your spirit will take you and guide you there.
I know you've been hurting,
But I've been waiting to be there for you,
And I'll be there, just helping you out,
Whenever I can

Eg har eskimoar i livet mitt. Mange av dei forbløffande varme.

torsdag, juni 01, 2006

calling all eskimos...

Eg postar mailar og memer og tull og tøys, og prøver å få det til å sjå ut som at det er over for no. Vil jo helst det. Ønska sola tilbake. Smila. Le av dumme lille meg. Dramadronninga. Av energien eg bruker på å lata som eg har det vondt når eg eigentleg har det bra. Sånn eigentleg.

Men så var det denne murringa. Det blåe stroket som ikkje går vekk, same kor mykje eg feier og skurar.

Av og til trengst det sterkare lut enn grønsåpe og salmiakk.

Av og til trengst det wallowing. I eigen melankoli. I alt det blå. I det som kræsjar med datoen og sola og andre detaljar som normalt ville vega tyngst på skåla.

Av og til trengst det einsame surreturar i kjende bygater. Store tekoppar på kjøkkenet når resten av huset søv. Og Damien. Vintermusikk, i grunnen, men rett likevel. Plutseleg, då eg besøkte fisken for første gong på lengelenge, forstod eg det.

tiredness fuels empty thoughts
i find myself disposed
brightness fills empty space
in search of inspiration
harder now with higher speed
washing in on top of me so
i look to my eskimo friend when i’m down down down

(Damien Rice: "Eskimo", på "O")

Eg treng ein eskimo.

Journalistikk med sjel

Eg er seinare ute enn dei fleste, men bare få lov til å lenka til denne geniale artikkelen.

Det finst neppe èin einaste journalist (og lesar?) i heile landet (verda?) som ikkje har hatt lyst å skriva noko liknande ei eller anna gong.

Heia Eystein som faktisk gjorde det!