fredag, september 01, 2006

Sprint og narkotika

Som eg vel kanskje har nemnt før(?), har eg ikkje alltid bare gode ting å seia om Morgenbladet. Men dette portrettet av Cathrine Sandnes, skrive av Astrid Sverresdotter Dypvik, lika eg:

Som så mange journalistar har Sandnes ikkje fullført hovudfag. Ho hadde tenkt å skrive om ein "sær språkteoretikar", som ho seier. Men så tenkte ho at denne oppgåva kjem ikkje eingong kjærasten hennar til å orka å lesa.
Ho valde heller pressa. Sandnes meiner det handlar om temperament: Ho er sprintar. Hovudfag er for langdistanseløparar.
– Journalistikk litt som narkotika. Ein venner seg til det. Det er brot. Av og på. Det er ein rytme. Og det skjer noko heile tida.

Enig!

– Det må vera rom for breidde, seier Sandnes.
– Det er noko som er samlande for det eg er interessert i. Eg er oppteken av truga posisjonar. Minoritetar, smale tidsskrift, nynorsk, små idrettar. Kvinner er ingen minoritet, men eg er oppteken av kvinners posisjon. For meg heng dette saman.
– Målrørsla vart glad i deg då du som redaktør slapp nynorsken til på kultursidene i Dagsavisen?
– Då eg oppdaga at dei fleste avisene ikkje tillet nynorsk, meinte eg det var absurd. Eg har ikkje sansen for denne tankegangen om at fleirtalet liksom alltid har rett, og at dei som gjer noko anna blir oppfatta som plagsame.

Amen!

Og etter å ha site store delar av føremiddagen i forhandlingar med eit kranglevorent intervjuobjekt sjølv, er det herleg å lesa at ikkje alle tek alt så frykteleg alvorleg:
Om ein les intervju med Cathrine Sandnes, får ein eit ganske einheitleg inntrykk: Ho ler mykje. Ho er meir enn normalt oppteken av fotball. Ho har vore norgesmester i karate 13 gonger. Det blir fortald at ein gong ho skulle dulte ein kompis vennskaplig i sida, knakk han fleire ribbein.
– Er det slik du er?
– Tja, portrettintervju er jo eigentleg karikaturar. Ein teiknar folk med ei overdriven stor nase og så vidare. Det er alltid pinleg med sjølvkarakteristikkar, men eg er jo ei muskeldame og vart redaktør då eg var 26. Eg ville vel ha skrive omtrent det same om eg skulle ha intervjua meg sjølv, seier Sandnes.
– Om eg skjønar at det er det journalistane vil, så er det jo den lettaste sak av verda å levera, smiler ho, og legg til at det eigentleg ikkje er så viktig for henne.
– Eg forheld meg ikkje til det. Eg tykkjer det er overraskande at mediefolk er så opptekne av korleis dei sjølve framstår i media. Det er noko sjølvhøgtideleg over det. Dei av alle må vita korleis ting fungerer i ein redaksjon – at det ikkje blir slik ein hadde ønska.

Ingen kommentarer: