onsdag, mai 31, 2006

Memetid!

1. Hva var den første tanken som slo deg da du så deg selv i speilet i morges?
"Puh! Det hjalp på med balsam..."

2. Når er neste gang du kommer til å ha sex?
Tja, sei det... i kveld, kanskje?

3. Skriv et ord som rimer på FUCK?
Truck. Og poenget var..? Det skal liksom litt meir til enn sjokkspørsmål omsett frå amerikansk for å sjokkera denne dama...

4. Favorittplanet?
Må vel bli Jorda, sidan eg aldri har besøkt dei andre, og ikkje har planar om å gjera det med det første.

5. Hvem er den fjerde personen på tapt anrop-listen din?
Broren min sin sambuar (alias trulova) - men det var sjølvsagt bare bror min som ringte frå hennar telefon, fann eg fort ut. Billegare det, for han.

6. Hva har du som ringelyd?
Kjem litt an på kven som ringer, det. Når det er Lyslugg, er det "Thank U" (Dido), når det er mor eller far er det "Mommy's Home", når det er venninner, er det "Girls Keep Secrets" (Ephemera), og når det er resten av røkla, er det Karius-og-Baktus-songen.

7. Hva har du på deg?
Kvit hipstertruse, kvit bh, "solbrun" tynn strømpebukse, blått dongeriskjørt, rødblomstrete kvit t-skjorte, og rødblomstrete adidas-joggesko. Dessutan Ralph-parfyme, så klart.

8. Setter du deg selv i bås?
Så klart. Men eg blir stadig like overraska når andre gjer det.

9. Hvilket merke er det på skoene dine?
Det har eg vel allereie sagt, men dei er altså adidas. Små, nette, tynnsåla og herleg sommarlege.

10. Hva er best – lyse eller mørke rom?
Oftast lyse. Ikkje minst når dei er på 17 kvadrat og skal ha plass til både dobbeltseng, sofa, sofabord, tre kommodar, peis, tv og anlegg - pluss ein million andre småting...

11. Hva synes du om den personen du rappet denne meme-tingen fra?
Eg fann han hos Ine og innfalla hennar. Kjenner ho ikkje, men er innom bloggen ofte nok til å kunna seia at eg likar måten ho skriv på.

12. Hvis du er alene i et rom med to senger, hvilken velger du å sove i?
Det kjem an på koss dei står i rommet. Og tilfeldighetar - oftast når eg er aleine i rom med to senger, er eg på hotell. Og då er eg oftast på jobb, og er ofte ganske trøtt når eg kjem så langt som til senga. Så den første og beste, kanskje - med sikt til tv'en i tilfelle dei har mtv eller andre musikkanalar?

13. Hva gjorde du rundt midnatt i går?
Var med og bar ned verdas mest støvete dør frå verdas skitnaste loft slik at me endeleg kan få litt privatliv på rommet vårt, utan fritt innsyn frå gang og kjøkken.

14. Hva står det i den siste sms-en i innboksen din?
"Koss går det? Her er det sol ! Bøndene arbeider. Eg latar meg. [Far din] på kamp."
Frå mor på Jæren - derav ropeteiket etter sola. I går kveld. Har fått eit par i dag også, men bare kjipe og jobbrelaterte, så dei er alt sletta.

15. Hvem er den siste personen du så i dag?
Lyslugg, som kyssa varmt og tett god dag før han gjekk på jobb.

16. Hvilke(t) ord bruker du igjen og igjen?
Hmm... vettkje heilt... "så fin du er" går i alle fall igjen. Og "når kjem du heim i dag?"

17. Hvem er den siste som fortalte at han/hun elsker deg og når skjedde det?
Lyslugg. I går.

18. Hva er den siste hårete tingen du tok på?
Hovudet mitt, i det eg beundra balsameffekten (jf spm 1)

19. Hvilke rusmidler har du inntatt ila de siste tre ukene?
Skuffande få, i grunnen. Litt øl, ein del vin (bl.a. med tilhøyrande firerettars gourmetopplegg), men alt i alt veldig snille og forsiktige dosar. Klar for ein fest, folkens? Eg er!

20. Hvor mange ufremkallede filmruller har du liggende?
Ingen. Derimot har eg mange digitale bilder eg burde sortert på ein betre måte.

21. Din favorittalder i livet så langt?
Eg lika godt å vera 22-23, ung og lovande. Dèt sagt, så har eg det stort sett bra no som eg nærmar meg 30 òg. Eg kjenner meg vel bare hakket mindre lovande...

22. Hvem er din verste fiende?
Er nok ikkje ein person som får fiendar. Går stort sett dei verste kampane med meg sjølv.

23. Hva har du som skjermbilde på din personlige computer?
Halvskakt og heilvarmt bilde av Lyslugg og eg i Lofoten, med mektige fjell i bakgrunnen. Men du? Seier ein verkeleg "computer" på norsk? Kva skjedde med det gode gamle ordet "datamaskin"?

24. Hva er det siste du sa til noen i dag?
Noko slikt som "Okei, då ser eg deg klokka halv fem utanfor Glasmagasinet. Snakkes!" (intervjuavtale med latinodansande chilenar eg ikkje veit koss ser ut - håpar han ser typisk chilensk ut...)

25. Velg mellom en million kroner og evnen til å fly ...
Oj! Ojojojoj! Vanskeleg! I ni av ti tilfelle ville eg sjølvsagt vald å kunna fly. Men akkurat no som me leitar etter ein plass me kan bu etter dette krypinnet, hadde ein million kome veldig godt med... Hm... Trur likevel eg vel å kunna fly - det må då kunna gå an å tena ein million på noko slikt?

26. Liker du noen?
Å ja! Mange! Gamle venner, nye venner, komande venner. Folk som smiler når eg ikkje hadde venta det, eller som gir meir enn eg venta å få. Gode band og fine filmar, og alle som seier Kloke Ting. Familien når han funkar, og kjærasten alltid.

27. Siste sangen du hørte på?
"Hips Don't Lie" med Shakira og Wyclef Jean - på radioen.

28. Hvis den siste ukjente personen du snakket til plutselig ble fly forbannet på deg, hva ville du gjøre?
Truleg prøvd å snu meg ut av situasjonen - om det ville skjedd med ord eller ved ganske enkelt å gå min veg, ville jo kome an på kva han/ho sa.

29. Hvem kunne du tenke deg å dra til så det sang, midt i ansiktet?
Eg er ikkje spesielt valdeleg av meg. Men det hender jo eg tenker at visse toppolitikarar kunne trengt ein liten styvar. Både dei her heime og dei i den store verda (les: USA). Problemet med faktisk å gjera det, er derimot at dei (f.eks. Hagen. el Bush) bare hadde følt seg endå meir misforståtte og indignerte - og antageleg blitt eit hakk meir paranoide også politisk...

30. Hva befinner seg nærmest din venstre fot akkurat nå?
Den høgre, for eg sit med beina i kors.

tirsdag, mai 30, 2006

For øvrig, and on a much lighter note:

... så har eg oppdaga at den aller øverste sjefen min neppe kan skriva touch:

"Kan du ved sidn av dine andre gjøermål på tirsd være journalist for [intern]web`og dekke prisutdelingen vår? Det innebærer at du skrivre en tekst (basrt på vår presemelding) og tar nen digitale bilder slik at vi får lagt dette ut så raskt som mulig ettter festen åpå tirsdag ?"
beste hilsner...

Når eg så skriv at dette er greitt, er svaret:
"Fint Tak skal du h"

Eller kanskje er det akkurat touch han kan - det går bare altfor fort i svingane?

Elegi

Så var det gjort. Me har flytta, frå 60 lyse, herlege, romslege kvadratmetrar vestpå, til eit litt trongare 17-kvadratmeters rom austpå. Ny adresse, veldig midlertidig, og altså ingenting verdt å hogga i stein.

Og eg er litt lei meg.

Melankolsk småblå, rett og slett. Og overraska, fordi eg aldri før har blitt lei meg av noko slikt. Av å flytta, altså. Lyslugg og eg rekna over det, og kom fram til at eg i løpet av livet har budd på minst seksten ulike stader i inn- og utland, litt avhengig av koss ein reknar (minst to mnd er eit minimumskrav) – flesteparten av desse seksten er sjølvsagt i løpet av og etter studietida. Eg burde mao ha rutine på pakking og flytting og sjå-deg-aldri-tilbake-reising.

Men eg er altså litt lei.

Der sat me, seint søndags kveld, etter å ha pakka heile torsdagen, bore og køyrt og bore igjen heile fredagen og lørdagen, og vaska og gnikka og gnurt heile søndagen. Me kikka rundt i dei funklande reine, ekkogjallande romma. På det frodige lauvverket utanfor balkongen, og dei velhaldte nabohusa i tegl. På det flislagte badet og den nynedslipte kjøkkenbenken. På peisen og parketten og dei herlege djupe vinduskarmane som hadde plass til så mange globusar og potteplanter og lysestakar som bare helst. På dei eigentleg ganske upraktiske men veldig fint speglkledde garderobeskapa på soverommet. På den søte litle doen kor mang ein gjest har lese Donald-blad og franske Vogue. På høge vegger og store stova.

På alt me skulle forlata…

Og eg kjente nesten gråten i halsen. Av noko så overflatisk og lite alvorleg som å måtta flytta. Av at utleigar ”kasta oss ut” fordi han trong leiligheten sjølv. Av at eg skulle forlata alt dette grunne, materialistiske, uviktige. Eg hadde lyst å bli! Har det eigentleg framleis, endå så patetisk det er. Få vera der lenger, i det kjente. Ikkje pressa oss inn på eit lite rom i ein hippare bydel. Ikkje dela noko midlertidig. Ikkje omstilla meg. Vil ikkje!

Ei ny kjensle, altså.

Og uventa. Eg tenker liksom på meg sjølv som ein over middels fleksibel person. Kanskje det ikkje stemmer lenger? Er eg blitt gammal og stiv? Ein konservativ materialist som syns at forandring er noko herk? Ei sur gammal dame som attpåtil sutrar over at ho ikkje lenger får bu på sjølvaste Frogner – den sidrompa bydelen for dei rike og konservative?

Mogleg det, mogleg det.

Dessutan sliten. Fysisk, med verkande sener i handledd og underarmar, og stive bere- og vaskemusklar både her og der. Mentalt, av usikker sjefe- og jobbsituasjon, usikre tankar om bustadkjøp, og ei murrande, irrasjonell kjensle av å på ein eller annan snikande måte ha blitt degradert i denne flytteprosessen. Leiligheten me no er installerte i, er registrert på Lyslugg og søstera, utan at utleigar veit at også eg skal bu der. Det var enklast og mest praktisk sidan Lyslugg og eg bare skal bu der dei månadene det tek før lysluggsøstera si venninne flyttar til Oslo og byrjar på skule her til hausten, og eg har ingen moralske skruplar med å ”lura” utleigaren slik.

Kjenslemessige, derimot…

Av alt det patetiske eg skriv i dag, er det som kjem no det verste. Klar? Ok, her kjem det: Eg trur at litt av grunnen til at eg er lei meg, rett og slett er at eg liksom ikkje ”finst” lengre(!) Eg er prinsessa som har mista slottet mitt, kor eg regjerte i tosam majestet saman med Hans Høgvyrde Ljoslugg. Kor alt var slik me ville ha det, og ingen andre hadde noko dei skulle ha sagt. I staden er eg degradert til eit rom i ein leilighet kor eg ikkje eigong får ha førenamnet mitt på postkassa, i tilfelle utleigar kjem innom og lurar på kva me driv med.

Og det svir faktisk litt, endå så patetisk det er.

Eg er viss på at mykje vil kjennast betre når me bare kjem i orden på Sofienberg, og pappøskjene med ting og tang forsvinn inn i hyller og opp på loftet, slik at eg igjen kan finna klede og p-piller når eg treng dei, utan å leita gjennom tre kubikk rot først. Når sommaren set inn for fullt, med (håpar eg) kjekk sommarjobb, fint ver og alt det der. Likevel. Akkurat no er eg litt lei. Litt blå. Litt sutrete og forvirra. Litt sliten og sur, og ute av stand til å sjå kor fantastisk bra dette skiftet er, sånn eigentleg.

Men det kjem seg kanskje etter kvart?

onsdag, mai 24, 2006

Program for langhelga:

1 - Sortering av bøker, kjøkkenting og "diverse" i to haugar: det som skal brukast i sommar, og det som ikkje skal det. Mao: seia farvel til bøker, kjøkkenmaskinar og vinterklede. Måtte det bli ein varm sommar med opne bibliotek og mykje utegrilling!

2 - Pakking av overnemnte ting i rundt rekna tusen banankassar.

3 - Bering av overnemnte kassar pluss steintunge og håplaus ukurante møblar ned den smale trappa frå fjerde etasje inn i bil, moglegvis pluss leigt hengar.

4 - Køyring av pikk og pakk frå punkt A (Fjågner) til punkt B (Hipsterløkka).

5 - Bering av blykassar og ditto møblar opp minst like smal trapp til fjerde etasje i ny leilighet.

6 - Gjenta punkt 3, 4 og 5. Mange gonger.

7 - Krangla Diskutera ferdig kven av oss (Lyslugg og eg versus Lyslugg si søster) som skal ha det store (17kvm) eller det litle (13kvm) rommet: Me to som har møblar nok til 60kvm, eller ho, som eig ca ein vasskokar og ein koffert klede? Hmmm...

8 - Skuring av tak, golv, vegger, vindauge, karmar, speglar, skåp, kjøkkenvifte og alt som elles måtte stikka seg fram på Fjågner.

9 - Ta imot Verdas Mest Pertentlege Huseigar medan han går sjekkerunde for å sjå om me har hamra nye hol i veggane (nei) elles slite på den fantastiske leiligheten hans (ja...)

10 - Installera oss som best me kan med alt pikk og pakk på Hipsterløkka.

11 - Ta oss av alt det eg garantert har gløymt i punkt 1 til 10.

Ojojoj kor me gler oss!

tirsdag, mai 23, 2006

Dritfin

Følgande oppslag heng på doen på skjønnlitteraturavdelinga her på huset:

De finner WC-papir i skapet på veggen

Og eg bare lurar: Kor fisefin går det eigentleg an å bli? Eg meiner, WC-papir...?

mandag, mai 22, 2006

Nasjonalromantisk samandrag


Hu hei hvor er det vel friskt og lett, oppå fjellet!

Eg lova oppdatering så snart eg fekk tid og nettilgang, men innser vel etterkvart at det får halda med sistnemnte om det skal bli noko av denne skrivinga.

Det får bli eit kjapt resyme, no igjen.

Sidan sist har eg:
• stått opp fem og gått forbi honningsmakande nachspiel og omtrent ingen bilar på veg til flytog og gardermokøar.
• vore på konferanse i Trondheim og skrive saker heim, og hausta rørande imponert ros for komisk liten innsats.
• jobba frå kafe og skulka ved første sjanse til venninnehenging i staden for flinkisprosjekt.
• vaska heile leiligheten og seks maskinar klede, og tenkt over dette at me faktisk skal flytta ut om mindre enn to veker. Fine Hafrsfjordsgata!
• sykla tur og sete i varme sola på Bygdøy, medan seglbåtane svosja forbi.
• gjenoppteke gamle vanar og jobba til fire om natta for å bli ferdig i tide
• gått tidleg frå kontoret og likevel kome nesten for seint til flyet (Gate closing!) til Bergen
• køyrt frå Bergen til Sogn ad svingete omvegar for å unngå tankbilulukker og mjølkehav
• budd i campinghytte i vakre, vakre Jostedalen, med Lyslugg, lysluggmor og lysluggsøster, med brusande elv nedanfor hytta, snø på høge fjelltoppar, og nyutsprungen bjørk på alle kantar.
• sunge med av hjartans lyst på alle salmene til 17.mai-gudstenesta i den bittelitle kyrkja i ovanfornemnde dal: hurra for sørvestlandspietistiske skulebakgrunnar, som sørger for at ein kan alle dei nynorske nasjonalsalmene på rams!
• vore einaste rogalandsbunaden i det om lag 150 meter lange 17.mai-toget.
• ete pølser, is og kake på Jostedalen skule, slik det sømer seg på nasjonaldagen.
• køyrt 17.mai-biltur til snøfonner og isbrear, opp tronge dal og djupe vik – heilt til me sette oss fast i snøen…
• besøkt bremuseet og lært om livet nær fonna
• rusla ein par timars tur på isbreen
• køyrt til Sogndal og sett koss dei har det der, og kor hjelpsame folk er når byfolket kjem med urimeleg tidsfristar for innramming av 60-årsgåver.
• budd to netter på fantastisk Walaker hotell i Solvorn lenger uti fjorden. Sååå fint!
• teke ei søt lita miniferje til nydelege Urnes stavkyrkje, den eldste i heile landet.
• feira 60-årsdagen til lysluggmora med brask og bram, fire gourmetrettar, dans og moro. Omnsbakt kveite med sitrus-skaldyr-anis-nellik-olje og kryddermarinert tomat, anyone?
• hatt sol og fint ver så godt som heile tida!



Er det løye eg smilar rundt?

lørdag, mai 20, 2006

Vekk

Eg har ikkje forsvunne heilt, altså.

Bare litt.

Er på hotellet på bildet og feirar 60-årslag, etter 17. mai, brevandring m.m i Jostedalen.

Meir seinare!

onsdag, mai 10, 2006

Eg, ein shoppingsinke

Tenkte det var på tide å svara på eitt av desse mema som sirkulerer omkring på dette nettet. Bare så synd eg valte feil mem. Dess lenger ned i spørsmålslista eg kom, dess tydelegare blei det nemlig at eg må vera ein av landets dårlegaste handledamer. Eg meiner - favorittmøbelmerke?!?!

Men her er i alle fall svara:

Tjener du bra?
Akkurat no, ja. Konsulentstatus i forlagsbransjen anbefales! Til vanleg tener eg nokså normalt for ein journalist med snart fire års erfaring.
Er du ofte blakk i slutten av måneden?
Nei, aldri.
Bruker du penger på mye unødvendig?
Så klart! Kor mykje er eigentleg "nødvendig"? Men i forhold til mange er eg nok kjip og sparsam også der.
Har du Mastercard?
Nei. Bare Visa.
Handler du på Ikea?
Ja. Når eg må, så...
H&M?
Absolutt. Tippar at minst halvparten av kleda mine kjem derfrå.
Hva med Nille?
Uhm, nei. Eller - eg har eit fantastisk picnicteppe med plastbelegg på eine sida derfrå, viss det tel!

Hva var det siste du kjøpte av:
Mat?
To kuler is på Aker brygge i går. (Jovisst er is mat!)
Husholdningsartikkel?
Hm. Går ei stund mellom kvar gong eg kjøper slikt. Men kjøpte sandpapir og (feil sort) tettesilikon til prosjekt kjøkkenbenksliping på Clas Ohlson lørdag - tel det?
Bok?
Kjartan Fløgstad: Paradis på jord. Har bestemt meg for å gi han ein ny sjanse sjølv om eg ikkje har lika han så godt før, og då passa jo 29-kronerstilbod bra!
Film?
Dawson's Creek season 1-6 på dvd! Ikkje akkurat film, eg veit, men veldig veldig hæppi likevel. For øvrig fekk eg nett Kieslowski samleboks i totalt uventa gåve av Lyslugg her om dagen - fantastisk!
Unyttig ting?
Ehm... tja... *tenker så det knakar*. Det kjem jo veldig an på kor ein dreg skiljet mellom nyttig og unyttig, då. Men kjøpte litt krimskrams i India og Nepal som vel ikkje akkurat er spesielt brukandes til noko seriøst.
Junk Food?
Se matpunktet over.

Når kjøpte du sist:
En kjole?
Då eg var i India, på markedet i Delhi. Dvs, det er vel eigentleg ein tunika, ikkje ein kjole - men nær nok.
En olabukse?
Må ha vore rundt forrige sommar. Treng nye dongeribukser!
Undertøy?
Også i India, av mannen med heile butikken i trillevogn på gata. Ein i Delhi, ein i Kolkata.
En bil?
Ja for det gjer eg jo heile tida... Ingen så langt, blir nok lenge til det evt. skjer.
En ferie?
India- og Nepalturen i januar-mars var den siste store, og den kjøpte eg i desember. For øvrig vert neste reise til Sogn for feiring av 60-årsdag om to helger - billettane er innkjøpt.
Verktøy?
Det er vel kanskje her eg burde ført opp sandpapir og silikon.
Et par sko?
Skuffande lenge sidan. Trur dei siste skoa eg kjøpte var eit par grøne campers på sal etter forrige sommar...

Ditt beste kleskjøp?
Beste nokonsinne? Oj! Vanskeleg... Eg kjøper stort sett bare ting eg blir nøgd med. Kanskje den lilla julebordskjolen min, som har redda meg frå kva-skal-eg-ha-på-meg-på-julefest-panikken kvart år sidan eg kjøpte han i Ålesund desember 2000. (Og åra går, ja... *rødme*)
Ditt beste møbelkjøp?
Har ikkje akkurat kjøpt så mange "skikkelege" møbler i mi tid. Faktisk bare loppisting, når eg tenker etter. Men den raude gamlissofaen vår er fin, og eg søv godt i senga også!
Ditt beste bilkjøp?
Hehe. Er dette memet omsett frå amerikansk, eller?
Hva er mest gøy å kjøpe?
Bøker!
Hva er mest kjedelig?
Undertøy og dongeribukser. Det finst jo liksom i alle fasongar og storleikar og bla bla bla - men eg finn aldri noko eg verkeleg likar. Kva då eg kan ikkje forventa meg å sjå ut som Cindy bare fordi eg prøvar bh-ar på H&M? Så klart eg kan! Kva er elles poenget med alle plakatane!?!

Favoritter:
Klesdesigner/merke?
Jenny Hellström og Håkki er veldig stas, og Campers har fine sko.
Møbel/interiør?
Anar ikkje. Heimeinnreiing er veldig langt nede på interesselista mi.
Shoppingsenter?
Likar betre å gå i gatene, eg. I den grad eg likar å handla, altså - denne lista er kanskje litt avslørande på den måten.
Parfyme?
Ralph av Ralph Lauren
Bokhandel?
Åååh! Mange! Norli i Universitetsgata, Tronsmo på Tullinløkka og Ark Pocket ved kinoane i Oslo, Norli på Torgallmenningen i Bergen, og Barnes&Noble i U-District i Seattle kjem høgt på lista.
Ting i leiligheten din?
Lyslugg når han er heime. Dumbo når han oppfører seg. Senga vår ved behov.
I klesskapet?
Kjem veldig an på årstid og humør. Akkurat no er det veldig stas å gå i korte kjolar og skjørt, utan strømpebukse.
På polet?
Kjøper mest taxfree - dei få gongene eg er innom polet blir det oftast kvitvin på boks (veldig avansert, eg veit)

Gaver:
Hva ga du kjæresten til jul?
Wæh! Det er så lenge sidan at eg ikkje huskar skikkeleg lenger. Men han fekk i alle fall ei fin svartstripete skjorte, og... uhm... eg huskar verkeleg ikkje!
Og hva fikk du av ham?
Kjempefin dagplanleggar og muffinssteikeform - eg ønska meg begge.
Hva er den fineste gaven du har fått av ham?
Han er flink å finna fine ting. Kieslowskiboksen i overraskingsgåve totalt "utan grunn" ein heilt vanleg ettermiddag i mai, for eksempel!
Har du fått noe finere av en eks?
Definitivt ikkje.
Hva fikk du av foreldrene til jul?
Sauseskei i sølv, kake-/lasagne-form med lok og bærehandtak, plastboksar med lok, og pode (kombigåve - også betaling for masteroppgåvekonsulentverksemd)
Kjøper du gaver til vennene dine?
Nokre av dei. Men ingenting avansert og dyrt.
Har du noen gang gitt noen en stygg gave med vilje?
Nei. Då er det vel lettare å ikkje gi gåver?
Liker du best å kjøpe til deg selv eller andre?
Til dei eg er glad i viss eg finn det rette til dei. Men gåvehandling kan vera enormt vanskeleg viss ein ikkje gjer det!
Har du noen gang kjøpt sex?
Nei! Og det kjem eg aldri aldri aldri til å gjera heller. Aldri.
Hva med få penger for sex?
Nei.
Hva er det dyreste du har kjøpt i år?
Før eg kunne svara på dette spørsmålet, slo eg opp i nettbanken. Triste greier. Alle firesifra beløp var anten husleige eller nedbetaling av studielån, med unntak av kontantane eg tok ut i dollar før eg drog til India. Den dyraste enkeltståande tingen eg har kjøpt sidan nyttår, er Dawson-boksen til ca 600nok - og den er minst 200 dyrare enn neste punkt på lista... Konklusjon: det er andre enn eg som held kjøpefesten i gong i dette landet...
Pleier du spandere middag, eller bli spandert på?
Kjem an på kven eg er saman med. Er det mor eller far, insisterer alltid dei, er det studentvenner av meg, insisterer ofte eg. Som regel deler me.
Hva med øl på byen?
Eg betaler ein runde, neste person betaler neste runde, og slik held me det gåande. For øvrig likar eg betre vin også ute.
Hva ønsker du deg aller mest nå som kan kjøpes for penger?
Ny leilighet! Bare så dumt slikt kostar så mykje pengar...

tirsdag, mai 09, 2006

Kjære Anonymous

Takk for den hyggelege kommentaren til fise humoren min i forrige blogg innlegg. Det er godt å vita at nokon fin les det eg skriv, og kjem med opp byggelege tilbake meldingar. Stå på!

Dessutan er det kjempe kjekt at du til og med veit kven eg er. Det hender eg lurar litt på akkurat det sjølv, ser du, men takka vera ditt vel retta spark i bak enden min, kom eg fram til at det ikkje er hald bart. Derfor har eg gjort meg visse under søkingar, først og fremst på inter nett:

Her er det eg kom fram til:

lin is new bio sci dean
lin is working on markov decision processes
lin is asian show
lin is having fun
lin is new bio sci dean shin lin
lin is currently involved in experiments to determine the necessary conditions for cohesive collisions in the context of
lin is alumnus of the year
lin is intended for people who already know about bayes linear methods
lin is on sale
lin is a five
lin is likely homesick
lin is new taiwan stock exchange chairman
lin is proud to be the home of the national recreation database – practical resources from the front lines
lin is a good kisser may 02
lin is a diamond ring that stays exactly where you leave it
lin is an application suite for the linux operating system that provides hardware management in a way similar to microsoft's windows operating systems
lin is brutally tortured in the beijing judicial and education training center
lin is outraged but cannot do anything because the grand general is a high ranking official
lin is certainly no pushme
lin is co
lin is a news anchor for cnn/us
lin is all the time confused about their robberies and aggressive behaviors
lin is highly regarded by colleagues and clients
lin is a mythical chinese animal that appears to guard and to carry out the sentences of righteous judges and rulers
lin is mentioned in this warning
lin is there
lin is situated on 160 acres on and around barlow lake in middleville
lin is good at keeping secrets
lin is very
lin is based on many chinese concepts
lin is not really a violent art when looked at from a monks point of view
lin is the facility on your right
lin is concerned
lin is singing a different tune
lin is a hero because when her design was under heavy fire from the government and the press
lin is an artist of great vision and prescience
lin is at the top of her form
lin is a taiwanese bookstore that is actually another branch location of the nearby great eastern books down the street
lin is currently director of the molecular urology laboratory in the department of urology at ucsf
lin is joined by juilliard faculty
lin is a sculptor
lin is fairly well known
lin is an excellent prose adaptation of the old song
lin is an ancient scots ballad which also appears in scandinavia
lin is not a chinese animal
lin is to be found in the first comprehensive history of china called the
lin is similar to the landowners he enjoys working with in tazmania
lin is the proposal of a largely european consortium of automakers
lin is responsible for numerous technical advances within the field of guidance
lin is not soft and reserved like many of the characters she has portrayed on screen
lin is a
lin is also fluent in five chinese languages
lin is a story usually but not always set in the borderlands of scotland
lin is a woman of almost ferocious conviction
lin is by ken's second wife who had left ken
lin is perhaps best known
lin is the daughter of intellectual parents
lin is recognized as one of the most eloquent and award
lin is so
lin is one of the few masters in the united states who can help make this form of healing available to the people
lin is the executive director and co
lin is de duizendste promovendus
lin is a low
lin is an object
lin is very sure everyone has forgotten about her considering she has been gone for so long
lin is perhaps the world's greatest living soprano
lin is also head of the laboratory of stem cells and germline development for the duke comprehensive cancer
lin is a serial communications protocol for sub
lin is known for his highly principled position and high standards
lin is a professional who does not need much time to diagnose and treat
lin is a good qigong healer
lin is recognized as one of the most successful young pianists today
lin is a family law mediator
lin is connected to the following things
lin is on the left
lin is in
lin is willing
lin is situated on the threshold of form and formlessness
lin is a senior research scientist at the information sciences institute of the university of southern california
lin is a well
lin is a longtime observer of china's educational system with several books to her credit
lin is great
lin is an artist of strong
lin is a longtime activist in taiwan' environmental and democracy movements
lin is by far the most ambitious project on the line
lin is cute in this film
lin is not teaching any other class in the same semester
lin is the instructor for you
lin is an advisor to the courts of beijing and shanghai and is an arbitrator of e


Så no reknar eg med at den saka er ute av verda. Eller kva, kjære Anonymous?

Ikkje for å vera plump, altså...

... men er det nokon som veit om nokon jerntablettar som ikkje fører til at ein fis død og fordømmelse over store område kvar dag ein et dei?

Sorten eg får i banken funkar nemleg dårleg...

mandag, mai 08, 2006

Snart heime

Det humpar og skumpar litt i svingane for tida. I går var me på visning, i morges ringte eg min første bank og spurte om dei ville leika med meg, og innan det var tid for lunsj i dag, hadde Lyslugg og eg vore med å bydd på vår første leilighet.

At me (les: ein av oss) feiga ut på mykje mindre enn me har råd til, og me dermed ikkje fekk nytt krypinn på Litla-Tøyen, er ei anna, noko lengre soge. Ganske sikkert to be continued, kjenner eg begge partar rett.

For no er me i gong!

fredag, mai 05, 2006

Gjennomtrengande

Det hadde vore ganske kult å ha skikkeleg røntgensyn - sjølv om verda kanskje hadde sett litt kjipare ut i svart-kvitt.

Uansett, medan me ventar på neste Tsjernobyl kan me jo kosa oss med bilda her.

torsdag, mai 04, 2006

Halvtårsjubileum

Nettet heime glimrar framleis med komplett fråver, så denne blogginga går litt trått for tida. Men eg har det bra. Veldig bra. Det er vår, og sol, og dei tjukkaste støvlettane har fått tilbake plassen innerst i skapet.

Turen heim var fin. Lyslugg fekk treffa delar av klanen for første gong og dessutan opplevd sin første (og siste?) lovsangskonfirmasjon, og begge fekk moderleg stell og omsorg i form av lammesteik, laks og kjøtkaker.

Og sjølukta! Aaah! Har alltid godt av den. Salt vind og kvite strender, rullesteinar med stankelbeinete, forhåpentlegvis rimeleg friske fuglar. Grøne kjelver og høg himmel. Det var det der med dei öppna landskapa, ja…

Dessutan var det dette med jobben. Alltid tilbake til den. Klikk litt rundt i arkivet mitt, og det tek ikkje lenge før du finn postar kor eg syter og klagar over kor fælt dette arbeidslivet er, med overtid og vanskelege sjefar og håplause oppgåver og i det heile tatt. Irriterte postar, og indignerte, pluss eit par slitne og forvirra. Utløp for frustrasjon, og trass alt ganske uskuldige greier.

Men ingen av dei seier eigentleg nok. Ikkje om koss eg eigentleg hadde det då eg skreiv dei. Om koss det var å ha ein jobb som eg verkeleg hata.

Eg gjentek: H-A-T-A!

Ingen postar om koss det var å grua seg omtrent kvar einaste kveld eg la meg, bare fordi eg visste at minst åtte timar også neste døgn må tilbringast på eit einsamt kontor i ein publikasjon som var heilt feil, omgitt av folk som ikkje fattar bæret. Kjensla av å vera totalt og komplett og absolutt mislukka. Av at eg ikkje får det til! Og, verre, at eg ikkje vil få det til. At eg har meir lyst å sleppa. Forsvinna. Gi opp. Oppføra seg heilt i strid med den personen eg eigentleg tenker at eg er.

No, eit halvt år etter siste dagen der på huset, er det ikkje så vanskeleg å skriva avsnittet over. Eg ser at det verkar patetisk, det eg skriv, og innser at det nok først og fremst er fordi det faktisk er patetisk. Fordi eg nok burde vore tøffare medan det stod på. Skore gjennom og kome meg vekk. Eller noko. Men det gjer ingenting. For eg er fri no!

Høyrte de? F-R-I!

Eg jobbar jo mine timar i forlaget, og okkar og jamrar meg over forholda her. Over rar organisering og sære sjefar. Men eigentleg, sånn eigentleg har eg det heilt topp. Eg legg meg med godt samvit, vel vitande om at også morgondagen blir grei. Når klokka er inne, går eg like frimodig heim, og når folk spør om kva eg driv med, kan eg halda ryggen rak utan grøss av dårleg samvit. Ikkje fordi eg føler at det er meir høgverdig å jobba i forlag framfor i vekeblad, så klart, men fordi det ikkje lenger er vondt å bli minna på arbeidsplassen min ute i det sivile. Rett og slett.

Det kom over meg, der eg låg i senga heime i Hafrsfjordgate, med Jæren bak meg og ei ny osloveke framfor meg, seint om kvelden etter ei kjekk langhelg, akkurat då slike uønska tankar har det med å koma krypande: At eg ikkje grua meg!

Og det er faktisk nok.

mandag, mai 01, 2006

Thihi!

Butikkplakat som reklamerer for fuglemat:

"Tenk om ingen gav deg mat bare fordi du hadde influensa?"

Svar og svar...

Eg har gått i tog, eg har høyrt på Kristin, eg har høyrt ho i kjøtdisken på Ica Gausel prata om solidaritet og han frå Sri Lanka snakka om tamilane, og både uteis og middag har eg fått.

Men! Eg har ikkje fått synga! Dei driv visst ikkje med slikt i Stavanger, fann me ut. Derfor, i anledning dagen, foreslår eg at me alle stemmer i:

Ser du byen og hjembygdas lier,
ser du bølgende åser og fjell?
Det er folkets og framtidens Norge.
Det er ditt. Du skal eie det selv.
Kan du høre det duver imot deg
som en sang i den høstlige kveld?

Kamerater! Kamerater!
Det er frihetens forpost her nord.
Vi skal bygge, vi skal trygge,
vi skal verge hver fot av dets jord.

Dette hjem er vårt dyreste eie.
Her har slekten i hundrer av år
gjennom hverdagens trofaste virke
ryddet grunnen for arbeidets kår.
Her har fedrene strevet og kjempet
for en framtid som ny er blitt vår.

Se det lysner av dag over landet,
og det gror selv i kløfter og skar.
La det fylle vårt sinn og vår tanke,
la oss gi det hver evne vi har.
Kan du høre den bruser imot deg
denne sang som i dag krever svar!

Sånn. Så var den biten unnagjort. Med patos! Og svulmande nasjonalisthjarter! Og ein liten drope usikkerhet, kanskje, over denne songen som krev sitt svar akkurat i dag. Eg meiner - kva var spørsmålet?