Te jærs, te jærs, æg må haim te jærs
Eg vil heim og sjå en solnedgang på Jæren
nermed havet, der som bølgjer slår mot strand.
For bak havets kant, langt ut i atmosfæren
vil hu farga himlen raud med eld og brann.
Du vert ett med det du ser, og det du føle
er at du og sol og hav og Jærens land
høyre samen i en solnedgang på Jæren
nermed havet, der som bølgjer slår mot strand.
Eg vil heim og gå en lange tur på Jæren
gå langs steingard, finna fram i mark og hei.
Der er ingen ting eg heller ville gjer enn
det å rusla slik på barndoms sti og vei,
øve lynghei, øve mark og mo og myra
og langs strendene med rullestein og sand.
Kjenna vinden, kjenna regnet, kjenna solå
høyra havet, der som bølgjer slår mot strand.
Eg vil heim te Jærs og høyra fuglar syngja,
fylgja lerkå på si flukt mot himlen blå.
Alt som plagar meg og alt som vil meg tyngja
det forsvinne når eg fuglane får sjå:
Der er erlå, der er vibå, der er spogjen –
ja, sjøl mågaskreg er verdt å høyra på!
Ja, med vind og sol og fuglasong på Jæren,
då vert livet noge godt å satsa på!
Tekst: Svein Inge Aarrestad
Melodi: ”Samarkand” (som eg ikkje veit kven som står bak)
Alt tyder på at eg er i ferd med å bli ei skikkeleg gammal kjerring – eller ai skikkele gammale kjææring, så dæ hette der haima.
Saka er nemleg som følgjer: Lyslugg og eg skal til jærs i helga. Avreise etter jobb, slækking i morgon, konfirmasjon og familieslabberas på sundag, og arbeidarslækking på måndag.
Så langt så bra. Greia er bare det at eg har hovudet fullt av jærsongar no! Slike eg ikkje har sunge sidan eg budde der sist og jobba i lokalavisa, faktisk. Som den over, som me alltid måtte synga når det var pinnekjøt før jul eller andre typar samlingar i avisa. Eller "her på Jæren me potla å græve, ja me potla å græve okke fram". Med fleire.
Og - verre - eg likar det faktisk! Tankane går til opne kjelver, høg himmel, dorske kyr og salt vind. Og til livet eg hadde då eg budde der på skikkeleg. Til den der avisa, for eksempel, sjølv om størstedelen av meg veit at eg hadde mange og gode grunnar til å forlata dei når eg gjorde det. Til byggefeltslukka og alt som høyrer til av stasjonsvogner, hagearbeid, fotballtrening og kva veit vel eg. Til og med dette at ein ikkje kan stikka innom butikken ein halvsein fredagskveld utan å treffa på minst ein lærar ein har hatt på skulen, ein person ein har intervjua ei eller anna gong, pluss ein nabo - som alle kikkar nysgjerrig oppi korga di for å registrera at "aha! ho der dottera til den-og-den læraren på skulen et visst både chips og sjokolade! ho drikk sikkert øl også!" gjer liksom ikkje så mykje no i etterkant.
Eller, eg seier ikkje at eg vil flytta "heim", altså! Eg gjer ikkje det. Er vel meir dette som eg har vore inne på før. At det er godt å koma frå ein plass, og trass alt lika ganske mange ting med den plassen ein kjem frå.
Kjerringprat, med andre ord.