tirsdag, mars 07, 2006

Til verdas ende - og tilbake

Det er mogleg det bur 23 millionar menneske i dette landet. Det er til og med mogleg at det bur eit par hundre menneske i landsbyen Nagarkot, som eg besokte i gar og overnatta i i natt.

Men jammen er dei flinke a goyma seg! Eg kom med eigen minibuss i gar ettermiddag (vanlege bussar innstilte, av ein eller annan grunn, og turistar blir uansett bedne om ikkje a koyra lokalbuss pga det nepalesarane kallar "problema", mao den betente politiske situasjonen), og gjekk straks ut i gatene for a kikka meg om. Eller, gater og gater - eg gjekk ut pa stovstiane som bukta seg mellom furutrea opp og ned til dei mange hotella og herberga. Og motte absolutt ingen.

Ingen! Pa fleire timar!

Det foltest nesten skummelt. Som om eg plutseleg hadde vandra inn i ein skrekkfilm. Krakene krangla og braka pa sitt vanlege vis, ornene gjorde rundane sine langt der oppe, og sommarfuglane blafra fra den eine fjellblomen til den andre, alt innhylla i frisk furulukt av kjempehoge tre (jaerbuar sluttar aldri a imponerast av akkurat det - skogar som eg bade hoge og bratte). Men menneske? Ikkje ei sjel...

Pa toppen av det heile heitte hotellet mitt faktisk Hotel at the End of the Universe. Nabohotellet, som verka like tomt som mitt, heitte End of the Galaxy, som vel eigentleg er om lag det same, medan det pa andre sida hadde teke han heilt ut: Hotel Nirvana. Du er allereie komen til etterlivet...

Om kvelden, da eg aat den einaste maten dei faktisk hadde fra den 10-siders menyen (har de kyllingkarri? ikkje? noko anna med kylling? neivel... pasta? nehei. kinamat? ikkje det nei... pizza? uhm nei... "nepalske spesialitetar" har de kanskje? aha! da tek eg ei sann nepalsk linsesuppe, eg!), fekk eg litt av forklaringa. Av resepsjonisten og altmoglegguten pa maks 16-17 ar, som tilsynelatande dreiv heile sjappa saman med ein skikkeleg rabbagast pa ca ni:
- "Du veit kva som skjedde sist manad, santvel? Ikkje? Det var fest i landsbyen to-tre kilometer unna, der eg kjem fra. Folk dansa, drakk, hadde det kjekt. Heilt til militaeret kom. Dei forlangte drikke, drakk til dei var fulle, og sa skaut minst ein av dei vilt rundt seg. Dei drap tolv menneske. Tolv menneske eg kjente. Inkludert litlebror min..."

Herregud. Kva seier ein til slikt? "Eg er lei meg?" "Huff, det er faelt a hoyra?" Det er jo faelt a hoyra, men patetisk a seia. Sa totalt meiningslaust. Etter skytinga hadde visst militaeret sagt noko om at dei trudde det var maoistar til stades pa festen, men det var det ikkje!, insisterte resepsjonistguten.

Og om det var det? Tenk a bu i eit land, hoyra heime i eit land, kor det er slik ein loyser usemje? Kor skot taler hogare enn ord - kor orda ikkje eigong blir kviskra i det offentlege, i tilfelle feil folk hoyrer dei.
- Ville du fortalt det du nett fortalte til ein nepalesar du ikkje kjente? spurte eg.
- Er du gal!? svara han. Aldri! Det er altfor farleg... Eg ville hamna i fengsel, eller blitt banka opp, eller bare skoten. Eg pratar med deg fordi du er annleis. Fordi du kjem fra ei anna verd. Alt eg kan tenka pa er korleis eg skal koma meg vekk. Langt vekk. Til eit anna land. Den verda du kjem fra, sant? Det er nesten ingen unge igjen her i dalen. Alle har reist sin veg, sa snart dei bare kunne. Til India, Malaysia, Hong Kong - kor som helst bare dei far ein eller annan jobb. Eller utan. Snart dreg eg, eg og, bare vent!

Eg kunne ikkje anna enn a onska han lukke til, og tipsa rekordmykje for den haplaust elendige maten, og skamma meg fordi eg tidlegare same dag hadde pruta ned hotellrommet fra 1000 nepalrupi (ca 95 kr) til 250 (ca 24 kr)...

I dag, da eg vandra opp og ned, mest ned, fra Nagarkot til Bhaktapur lenger nedi Kathmandu-dalen, sag eg litt fleire folk. Ikkje mange, og stort sett goymt i doropningar og vindauge, men likevel.

Det har vore ein bokstavleg tala stralande dag, med sol sol sol fra ganske skyfri himmel (heile dalen er sapass forureina at alt er relativt), og bra vandreterreng. Landsbyar, meir furuskog, eit steingammalt tempel, ein alldeles stein guru (babaen: you want grass? to be stoned? eg: eh, neitakk), og sote skuleungar i haugar og dungar sidan eg tilfeldigvis kom fram akkurat da skulen slutta. Ingen soldatar, ingen maoistar, og ingen andre problem. Kort tid etter eg kom fram til nydelege Bhaktapur blei det morkt, sa eg har ikkje akkurat gjort meg ferdig med denne byen enno, men har store planar om tempeloverdose i morgon. Sa tilbake til Kathmandu, sa helga i Mumbai, og sa gamle Norge.

Apropos det: Les at det er kaldt i landet, bade pa den eine, meterologiske og den andre, mykje blaare (og skumlare) maten, og lurar nesten litt pa om eg eigentleg har sa lyst a koma heim att likevel...

Gode argument for, anyone?

1 kommentar:

Anonym sa...

Forsår at du kanskje ikke har så lyst til å komme hjem. Men her er jo vi. Og her er det frisk luft. Og her kan du gå på ski. Ja! Med meg! Så kjekt!!!!e