onsdag, august 10, 2005

Tankelesing

Dette er det vanlege problemet mitt med alt som smakar av dagbok. Eg er for lat til å skriva spesielt ofte. Sidan sist har eg dessutan vore i nordens Tromsø* og fine Lofoten på ferie, og kosa meg maksimalt.



Las ut kjærleiksboka medan eg var der. Veldig fin og temmeleg grusom. Det er så lett å lesa slike bøker, om folk som er Annleis, og tenka at folka dei møter og som er stygge mot dei oppfører seg mykje verre enn EG ville gjort. Men skal eg vera heilt ærleg med meg sjølv (og det skal ein jo), så veit eg ikkje heilt om eg treng vera så veldig bråkjekk på egne vegne. Hovudpersonen i boka, ein viss Herr Barfuss/Mr Barefoot, kunne nemleg lesa folk sine tankar, ikkje bare det dei sa, og då ville han jo avslørt meg om eg eigentleg syns at den lille dvergen med stubbar til armar, svært væskefylt hovud, opning til munn og hud dekka av pels og igleliknande utvekstar, eigentleg var litt fråstøytande... Heldigvis gjekk det godt med mannen til slutt, takka vera den Store Kjærleiken.

For øvrig fekk eg med meg ein blindpassasjer då eg sykla til jobb i dag. På bagasjeberaren heime sat ei stor, grøn grashoppe. Då eg kom fram til UB, sat ho der jammen framleis. Får bare håpa at ikkje familien blir uroleg om Pappa Grashoppe aldri kom heim til middag i kveld...

(* Eg meiner - heilt seriøst - det er vel ingen som syns at Tromsø minnar bare litt om Paris, eigong?)

Ingen kommentarer: