tirsdag, juni 27, 2006

Gamlismem med gamlispop

Heile internett gjorde unna dette memet for cirka, tja, eit halvt år sidan eller så. At eg kjem trekkande med det no, lenge etter at det har mista ei kvar form for nyheitsinteresse, er med andre ord hardbarka bevis: Eg er bare sååå 2005, ikkesant?.

På den andre sida er det vel ingen som les denne bloggen som mistenker meg som spesielt kreativ eller nyskapande, så det gjer ikkje så fælt mykje. Fyr laus!

Oppgåva lyder som følger:
Set mp3-spelaren din på shuffle, og noter ned dei ti første songane som kjem opp. Du kan med fordel skriva litt om kvar av songane, men skrivetida er omme når neste song byrjar.
Det er ikkje lov å pynta på sanninga!

Oj. Eg innser at dette fort kan bli flaut. Veldig flaut. Men, men. That's what blogs are for, I suppose. Without further ado - her er lista:

"It Ain't Me, Babe" med Johnny Cash og June Carter
Hurra! Dette vil eg kalla ein pangstart. Eg diggar jo Johnny, og ikkje-meg-songen er ein av dei absolutte favorittane. Kanskje ikkje så veldig hipt, og etter filmen er det vel ikkje så veldig originalt heller. Men det gjer ingenting. It ain't me babe/No, no, no, it ain't me babe/It ain't me you're lookin' for, babe Eg bare elskar måten dei syng "babe" på - med besluttsomhet som grensar mot forakt.
"All Babies" med Sinead O'Connor
Vel. Det er vel kanskje ein grunn til at spelelista viser at eg aldri har høyrt på denne songen sidan eg lasta han over frå CDen... Det er ein fin sang, altså, men han minner meg vel først og fremst om lenge sidan. Ein kompis på vidaregåande introduserte meg til plata, og me høyrte "Red Football" på full guffe saman - igjen og igjen.
"Knees of My Bees" med Alanis Morissette
Det er på ingen måte favorittsongen min med Alanis, men eg er glad ho i alle fall kom med på lista. Albumet So-Called Chaos er det av albuma hennar eg har høyrt minst på og vel eigentleg likar minst. Men linjer som You are a sage who is fueled by compassion/Comes to nooks and crannies, is bound for all stars" er jo alltid fine!
"Into My Arms" med Nick Cave and the Bad Seeds
Ååååh! Dette er den ultimate kjærleiks-slash-deppesongen! Eg trur ikkje på Gud eller englar eg heller, men kjærleik? Gjett om. Into My Arms, O Lord!
"Femme Fatale" med The Velvet Underground
Eg skulle sjølvsagt huska kor og når eg kjøpte denne plata, men det gjer eg ikkje. Det var i studietida ei gong, og etter "I'll Be Your Mirror" er "Femme Fatale" ein av dei kulaste songane på ho. Ei streng men velmeint åtvaring til blåauga gutar i alle aldrar, 'cause everybody knows, the things she does to please, she's just a little tease - she's a femme fatale!
"Timebomb" med Chumbawamba
Chumbawamba er Bergen for meg. Eittromshybel med do og dusj på gongen, og anarkisongar på full guffe på anlegget. Kule tekstar og endå kulare haldningar - med andre ord alt eg ikkje var (eller er) sjølv.
"Cries Like a Baby" med September When
Det måtte vel skje. Eg kunne ikkje klara meg gjennom heile ti (eller er det bare sju så langt, seier du?) songar utan at det dukka opp ei klissete nittitalsballade. Dèt sagt, så er ikkje den om sutredama den aller verste. Morten Abel er jo kul, sjølv om det stort sett har vore nedoverbakke sidan han var 16-17 år og song i Mods. Og rogalandsrock er me vel alltid for, er me ikkje?
"The Boxer" med Simon and Garfunkel
Eitt av minna eg har til denne songen, er då eg og Kvalitetsvennene mine song han i parken ved vassfronten på universitetet eg gjekk på i Seattle. Ein av gutane hadde gitar, og me andre prøvde å lesa teksten av eit bittelite ark med besifring rabla over halvparten av orda. Det vart kanskje ikkje så veldig vakkert - men me skal ha for innsatsen!
"Caught up in a Struggle" med US3
Ah! Nok eit seattleminne! US3 er gruppa over alle grupper når det skal groovast på tysk-fysikk-venn-stil. Du møter ikkje han utan å spørja om han har "jumped to the beat boogie woogie jam step" sidan sist. Ah! igjen. *smiler ved tanken* "Caught up" er kanskje ein hakket meir "alvorleg", eller i alle fall aggressiv song, men eg likar han likevel. Ikkje så verst, i grunnen, for nokon som eigentleg ikkje er spesielt gira på verken jazz eller hip-hop!
"Rullett" med Kaizers Orchestra
Så kom det endeleg noko på norsk på denne lista. Og det ved sjølvaste keisarane, tidlegare adresse Rosseland, Bryne, kor både Geir og Janove gjekk i klassen til far, som derfor både er og blir og kjem til å vera deira Største Fan Over Førti. Eg har vore på ganske mange konsertar med Kaizers gjennom åra, heilt sidan dei var eit sært og ukjent bryneband med namn Gnom, og bergenspublikumet besto nesten utelukkande av brynefolk. Og av alle desse konsertane, har eg sikkert vore saman med far på halvparten. Bråkete rølperock med orgel og oljefat - what's not to like, lissom?
Og når du har tapt kan ingen hjelpa deg. Når du har tapt, då står du for deg sjøl... Skjebnen tar aldri parti - hell no!

Og det var vel så vidt eg kan sjå ti?

Så,
for å oppsummera:
Ein køntrislager,
ei sint irsk dame,
ei nesten like sint kanadisk dame,
ein grinesong,
ein syresong,
eitt anarkistepos,
ei sutreballade,
ein arbeidarsong,
eitt sjangerfusionprodukt, og
ein ompabråkesong.

Uhm... eg trur eg skal la andre ta seg av tolkinga. Kva seier miksen eigentleg om meg? Ikkje at eg er spesielt kul, så klart. Men det visste me jo altså frå før...

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hvis det er kult å insistere på at en ikke er kul, så er du, babe, den kuleste av de kule...

Når det er sagt - skulle gjerne gjort det samme, men jeg har bare en lusen mp3-spiller som har 30 låter på i øyeblikket. Men bare vent til jeg får meg ipod, da skal jeg torturere alle med slike listre.

-lin sa...

Eg ventar no først og fremst på at du skal få deg ein blogg, frøken!

Den der mailen om at Gud talar til deg gjennom song, for eksempel? Fortener definitivt eit større publikum!

So, whaddayasay? Sommarprosjekt, yes?