mandag, oktober 17, 2005

Right here, right now

Gløym det eg sa om å flytta tilbake til USA. Om at det liksom er "heime".

Det er jo her eg skal vera!

Fordi:
* eg har den godaste kjærasten som finst
* og dei vakraste, gildaste, klokaste vennene
* og hausten så langt har vore ei einaste skarp, gulgyllen solstråle
* i den trygge, kjente byen som er blitt min
* og som er fylt av fine filmar!
* og gode bøker!
* som eg kan diskutera med dei overnemnte vennene
* når me ikkje er på joggetur(!) då
* eller heng rundt på kafear og restaurantar og utestader
* og et jummi mat
* medan me har på oss dei lekresmekre nye kleda me har kjøpt på vip-sal for spesielt inviterte
* og har det så braaaaa!

Tusen takk, alle saman, for at de er i livet mitt og gjer det så fantastisk!

(og jepp, eg veit at det er rimeleg klissete å seia sånne ting. Men det drit eg faktisk i. Eg er glad i dykk, alle mann saman!

5 kommentarer:

Anonym sa...

*kremte* Feministen i meg ville bare si at du sikkert mener å si "eg er glad i dykk alle menn og kvinner"... ;)

th-

-lin sa...

Hm... Ikkje det at "eg er glad i dykk, alle menn og kvinner" ikkje er ei flott formulering, altså... men eg trur kanskje "eg er glad i dykk, alle saman" like godt dekkar det eg meiner.

Elles gode helsingar til språkpolitiet!

-lin sa...

Så då var den retta :o)

Anonym sa...

Tenk at den joggeturen skulle bli det som fekk deg til å roa deg ned i heimlandet! Me må gjera det oftare!

-lin sa...

Ja! Flytt hit, flytt hit, flytt hit, flytt hit!