fredag, juni 09, 2006

Fridom likskap brorskap

Det er mykje eg kunne skrive akkurat no, om vekeslutt og kalkunbollar og terrassesoling og kvitvinsdrikking og den slags. Bra tiltak alle saman, utan tvil.

Men det får venta til ei anna gong. I morges skal det handla om film. Om Krzysztof, for å vera nøyaktig. Det har nemleg vore ein dag full av hint, assosiasjonar, tilfeldigheter – så mange at eg lett forsto at det må vera ei eller anna skjult meining i det heile. Alle som har sett ein av dei mest kjende Kieslowski-filmane. f.eks. Rød, veit kva eg snakkar om.

Høyr bare:

Då eg leita gjennom ei gammal veske i morges, fann eg ein sprettball. Og ikkje bare ”ein sprettball”. Nei, eg fann ein gulglitrande, gjennomsiktig sprettball med stjerner inni – veldig lik den Weronika i Veronikas to liv let lyset brytast gjennom i den scena då ho sit på toget i Polen, eller den Veronique leikar med i Frankrike. Eg flytta han over i sekken min, men bare etter å ha stoppa eit lite sekund for å sjå kva retning solstråla inn soveromsvinduet mitt tok etter å ha truffe ballen.

Så, på veg til kontoret, med dårleg tid og poden på shuffle, kom songen. ”Tu viendras”, song jentekoret, og heldt den siste tonen akkurat like lenge som dei alltid gjer. Å! Så fint! Veronikas to liv også det.

Men jobb er jobb, og epost må lesast. Innimellom alt det fornuftige og jobbrelaterte, kasta eg eit fort blikk på nyheitsbrevet frå Dagbladet kultur. Og jammen var han ikkje der også, den godaste Krzysztof! I ein artikkel av ei viss Janina J. Skreiberg, forfattar, som skriv at det no er over ti år sidan Kieslowski døydde, bare 56 år gammal.

Så då, etter å ha lese artikkelen og tenkt at ho neppe hadde norsk bakgrunn, måtte eg sjølvsagt googla dama. Og der, i ei treffliste som elles var litt for polsk for mine tynne språkkunnskapar, fann eg følgande godbit (som eg strengt tatt kunne fått ut av ingressen på dagbladartikkelen også, om eg bare hadde følgt betre med: Cinemateket viser dei tre fargane for tida! Hurra!

Og det er det som er poenget: Alle som er i osloområdet, koma seg til Cinemateket denne veka!

Eg oppsummerer:

* Blå vert vist i kveld, fredag, klokka 21.00.

* Kvit vert vist førstkomande søndag (11/6), klokka 20.30.

* Og Rød, som er den aller beste av dei tre, kan du sjå onsdag neste veke (14/6), klokka 19.00.

Eller, kva seier eg? Kan du sjå? du sjå, meinte eg sjølvsagt!

Ser deg der!

Ingen kommentarer: