Elegi
Så var det gjort. Me har flytta, frå 60 lyse, herlege, romslege kvadratmetrar vestpå, til eit litt trongare 17-kvadratmeters rom austpå. Ny adresse, veldig midlertidig, og altså ingenting verdt å hogga i stein.
Og eg er litt lei meg.
Melankolsk småblå, rett og slett. Og overraska, fordi eg aldri før har blitt lei meg av noko slikt. Av å flytta, altså. Lyslugg og eg rekna over det, og kom fram til at eg i løpet av livet har budd på minst seksten ulike stader i inn- og utland, litt avhengig av koss ein reknar (minst to mnd er eit minimumskrav) – flesteparten av desse seksten er sjølvsagt i løpet av og etter studietida. Eg burde mao ha rutine på pakking og flytting og sjå-deg-aldri-tilbake-reising.
Men eg er altså litt lei.
Der sat me, seint søndags kveld, etter å ha pakka heile torsdagen, bore og køyrt og bore igjen heile fredagen og lørdagen, og vaska og gnikka og gnurt heile søndagen. Me kikka rundt i dei funklande reine, ekkogjallande romma. På det frodige lauvverket utanfor balkongen, og dei velhaldte nabohusa i tegl. På det flislagte badet og den nynedslipte kjøkkenbenken. På peisen og parketten og dei herlege djupe vinduskarmane som hadde plass til så mange globusar og potteplanter og lysestakar som bare helst. På dei eigentleg ganske upraktiske men veldig fint speglkledde garderobeskapa på soverommet. På den søte litle doen kor mang ein gjest har lese Donald-blad og franske Vogue. På høge vegger og store stova.
På alt me skulle forlata…
Og eg kjente nesten gråten i halsen. Av noko så overflatisk og lite alvorleg som å måtta flytta. Av at utleigar ”kasta oss ut” fordi han trong leiligheten sjølv. Av at eg skulle forlata alt dette grunne, materialistiske, uviktige. Eg hadde lyst å bli! Har det eigentleg framleis, endå så patetisk det er. Få vera der lenger, i det kjente. Ikkje pressa oss inn på eit lite rom i ein hippare bydel. Ikkje dela noko midlertidig. Ikkje omstilla meg. Vil ikkje!
Ei ny kjensle, altså.
Og uventa. Eg tenker liksom på meg sjølv som ein over middels fleksibel person. Kanskje det ikkje stemmer lenger? Er eg blitt gammal og stiv? Ein konservativ materialist som syns at forandring er noko herk? Ei sur gammal dame som attpåtil sutrar over at ho ikkje lenger får bu på sjølvaste Frogner – den sidrompa bydelen for dei rike og konservative?
Mogleg det, mogleg det.
Dessutan sliten. Fysisk, med verkande sener i handledd og underarmar, og stive bere- og vaskemusklar både her og der. Mentalt, av usikker sjefe- og jobbsituasjon, usikre tankar om bustadkjøp, og ei murrande, irrasjonell kjensle av å på ein eller annan snikande måte ha blitt degradert i denne flytteprosessen. Leiligheten me no er installerte i, er registrert på Lyslugg og søstera, utan at utleigar veit at også eg skal bu der. Det var enklast og mest praktisk sidan Lyslugg og eg bare skal bu der dei månadene det tek før lysluggsøstera si venninne flyttar til Oslo og byrjar på skule her til hausten, og eg har ingen moralske skruplar med å ”lura” utleigaren slik.
Kjenslemessige, derimot…
Av alt det patetiske eg skriv i dag, er det som kjem no det verste. Klar? Ok, her kjem det: Eg trur at litt av grunnen til at eg er lei meg, rett og slett er at eg liksom ikkje ”finst” lengre(!) Eg er prinsessa som har mista slottet mitt, kor eg regjerte i tosam majestet saman med Hans Høgvyrde Ljoslugg. Kor alt var slik me ville ha det, og ingen andre hadde noko dei skulle ha sagt. I staden er eg degradert til eit rom i ein leilighet kor eg ikkje eigong får ha førenamnet mitt på postkassa, i tilfelle utleigar kjem innom og lurar på kva me driv med.
Og det svir faktisk litt, endå så patetisk det er.
Eg er viss på at mykje vil kjennast betre når me bare kjem i orden på Sofienberg, og pappøskjene med ting og tang forsvinn inn i hyller og opp på loftet, slik at eg igjen kan finna klede og p-piller når eg treng dei, utan å leita gjennom tre kubikk rot først. Når sommaren set inn for fullt, med (håpar eg) kjekk sommarjobb, fint ver og alt det der. Likevel. Akkurat no er eg litt lei. Litt blå. Litt sutrete og forvirra. Litt sliten og sur, og ute av stand til å sjå kor fantastisk bra dette skiftet er, sånn eigentleg.
Men det kjem seg kanskje etter kvart?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar