fredag, mars 31, 2006

Kva då, opna seg?

Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje –
at tidi skal opna seg
at hjarta skal opna seg
at dører skal opna seg
at berget skal opna seg
at kjeldor skal springa –
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um

Olav H. Hauge


Er det sånn? Er det det eg meiner, ønsker, vil? At tida skal opna seg? Hjarter? Dører? Berg?

Eller er det noko anna som rir meg? Noko anna som gjer at eg virrar rundt, ute av stand til å konsentera meg, fokusera, samla meg? Samla tankane, legga lure planar? Som gjer meg usikker? Misnøgd? Misunt?

Eg kjenner meg igjen. Eg har vore her før. Sidan eg var lita, ofte på denne tida av året. Denne kjensla av at noko må skje! Gjerne noko vedunderleg. Helst det. Eg bare veit ikkje kva. Klarar ikkje gripa fatt, festa tak, dra meg i land.

I staden les eg. Eg les om Belle og Deb, og fyllest av ei blanding av beundring og irritasjon over folk som heng rundt på dyre restaurantar i NY medan dei fablar over livet alle andre stader enn i verdas kulaste by. Eg les om Heather og søte Leta, og kjenner den biologiske klokka tikka. Eg les om Mari og huskar meg sjølv for ti år sidan, og om Kristiane for å vita at det finst ein annan versjon av livet i Tigerstaden.

Eg pløyer gjennom aviser, blad, og bøker, fleire og fleire, fortare og fortare, på jakt etter noko. Eit teikn, eit spor, eit hint. Eg blir overvelda, forundra, interessert. Men også skuffa, sviken, irritert. Av andre, av meg sjølv. Av det folk er, og det eg sjølv burde vera.

Eg set musikksamlinga på eit optimistisk "shuffle all", bare for å bli skuffa over alt som må skippast, hoppast over. Alt som ikkje betyr noko. Nokre kjem nærare enn andre, men ingen brukar dei heilt rette orda. Det er alltid kjærleiken som gjeld. Hjerte og smerte. Har ein derimot kjærleik allereie, har ein alt. Då skal ein ikkje kjenna seg slik. Så ute av takt. Sær. Utakknemlig og vanskeleg. Eg forstår jo det.

I have climbed highest mountain,
I have run through the fields,
only to be with you
- but I still haven't found what I'm looking for
.
(U2)

Kanskje sånn?

Nei, ikkje sånn heller. Eg leitar, men ikkje på den måten. Ikkje etter nokon. Kjærleiken er allereie funnen. Eg veit eg er heldig. Det gjer det jo bare vanskelegare å setja fingeren på kva som er gale. Eller "gale". Gale nok for dramadronninga...

Blærk. Finst det noko eklare enn sjølvmedlidenhet utlevert? Usj. Trudde ikkje det, nei...

Ingen kommentarer: