onsdag, juni 21, 2006

(Litt for?) lett å lokka

Eg hadde verkeleg ikkje tenkt å gå denne gongen. Ikkje fordi eg eigentleg var frykteleg trist lenger, eg heller. Meir fordi det hadde vore ein lang og eigentleg ganske hektisk dag på jobb, og eg hadde planar om ein lett middag, ein kjapp dusj, og maks nokre timar med ei eller anna bok før senga.

Men så stod dei der sjølvsagt i trappa. Med kvitvin i ekte, gjenbrukbart glasglas, store smil og null forståing over at eg ikkje ville vera med på forlagsfest igjen. Regnet hadde jo gitt seg! Og så er det jo midtsommar! Årets lengste natt! Og ein skal ikkje sova burt sumarnatta, veit du!

Nei, eg veit. Så eg blei med. Me song oss gjennom eit heilt hefte gamle schlägers om fire kalde pils som ligg nedi vannet og änglamarken eller himlajorden om du vill, om Jæger som ror og Oda som sitter foran, og om gullviva, mandelblom, kattfot og blå viol. Pluss den om sumarnatta, så klart, som er for ljos til å sovast burt. For då skal ein vandra i saman ute under dei lauvtunge tre - under dei la-a-uv-tu-unge tree!

Me drakk litt vin, og litt meir vin, og endå litt meir vin, og åt sjølv- (dvs halv-) grilla pølser og sommarkoteletter, pinneis og twist. Møtte tilfeldigvis ei jente eg kjenner litt frå turen til Lofoten sist sommar, og som er har tenkt ein del på sidan dess utan heilt å få ut fingen til å invitera ho eller noko. Ho skulle ha sommarjobb i forlaget - tenk det! Norge er jammen meg eit pittelite land - sist eg prata med ho, var planen at ho skulle flytta til Flekkefjord...

Vidare prata eg lenge og faktisk ganske godt med Mr Control Freek Personified, alias min næraste sjef i forlaget, og fekk han til å seia rosande ting om andre folk eg likar der, sjølv om det eigentleg sit langt inne og han ikkje er typen som gir ved dørene.

Eg fekk mange fleire kompliment for skjørt (3) og hår (2) enn eg pleier (0), og hadde alt i alt nok ein veldig hyggeleg forlagsfest.

Og no har eg snart vore oppe i førti timar. Nachspiel, anyone?

3 kommentarer:

Ingvild sa...

Si at du har sovet i natt, da! Førti timer... Hjelpes. Men forlagsfesten høres jo kjempestas ut. Vin og grill og greier! Og klart - en skal ikke sove bort hver eneste sommernatt, i hvert fall. Men kanskje du skal koste på deg en av dem ;-) Hihi. Mvh snusfornuftling (bare misunnelig fordi hun vasket kjøkken mens du festet)

-lin sa...

Jada jada masa! Eg HAR sove i natt! Mange og lange timar, til og med. Eg likar jo å sova. Eg er bare ikkje så flink til å gjera det jamnleg alltid...

Ingvild sa...

Ok, ok, trekker herved tilbake masete mammatendenser og sier: kom deg ut av kontoret og drikk vin natten lang!!!!! Var det passelig uansvarlig? Det har i hvert fall jeg tenkt å gjøre - OK, ikke natten lang. Ansvarlig statlig arbeidstaker, tross alt.