tirsdag, juni 06, 2006

Forlagsfylle

(Disclaimer: denne posten er skriven i det eg er godt nedi det sjuande glaset med kvitvin.)

Ahem! Kremt!

*Slår på det sjuande glaset*

No som eg har alle si fulle og heile merksemd:

Eg dediserer denne posten til sykkelfisken og den andre NY-jenta, som eit bevis på at det går an å ha det glamorøst og halvfullt i dei små metropolane også - det ikkje vera New York, you know! (Ikkje at eg er misunt, så klart. Å neidå! Never!)

Første punkt:Takk og pris for maskinskriving valfag i 8. klasse, då alle dei kule hadde ballspel og moped, men eg lærte touch som funkar også med betydeleg promille... (Eh, vel... funkar og funkar... som funkar sånn passe bra også med promille, tenker eg me seier.)

Andre punkt: Eg har vore, og er, på jobbfest, og har skrive min første nettpubliserte artikkel med cirka tre i promille og litt slurvete uttale. Munnleg, så klart, ikkje i artikkelen. Den ligg fint og flott og beint fram pynteleg på internweb. Og ekstern, no som eg gadd å sjekka. Eat your heart out, Gonzo!

Tredje punkt: Det er eigentleg fascinerande kor utruleg spanande heilt ordinære folk blir om bare eg-kjem-rett-frå-jobb-og-har-verken-rukke-frokost-eller-lunsj-idag-promillen kickar inn. I løpet av kvelden har eg prata med den eine etter den andre, like interessert i spansk og i kroppsøving som i ekteskapsproblema til den eine og symjehallsopplevingane til den andre. Kva er det som gjer at eg alltid finn lettast ut av det med mennene, og stort sett syns damene pratar om keisame, interiør- og karriererelaterte ting? (jf filmen frå forrige post).

Fjerde punkt: Eg kan lika dette livet. Verkeleg. Eg les jo desse bloggane frå dedikasjonen, og samanliknar dei med mitt eige, vanlege, norskspråklege liv. Og tenker at det, altså mitt liv, kjem til kort. Men no, som eg har jogga og drukke vin og ete sushi og surra med God Venninne i går, og gått rett frå jobb til kvitvin (ah!) i strie straumar i dag, tenker eg at forskjellen ikkje er den heilt store likevel. Faktisk. Så det så.

Hah!

Og no skal eg sykla heim. Med gamle, raude skranglesykkelen eg er så glad i, som har stått fint parkert utanfor Min Tidlegare Resistens (TM) her på pene gamle Fjågner til eg fekk tid til å henta han heim. Treng eg meir i livet, enn ein herleg raud damesykkel og brisne flørtesmil på netthinna?

Å neidå!

1 kommentar:

Ingvild sa...

Mmm.. livet i de ikke så veldig store byene kan faktisk være ganske så fint, særlig når solen skinner og en kan henge med de fine menneskene!