Enkel. Keisam.
Det er offisielt: as of mandag 12. september 2005 er eg ein registrert enkeltperson! Med eige foretak, t.o.m! No treng eg bare prata med likingsfolka igjen slik at eg er heilt sikker på at eg har forstått desse skattereglane rett. Er det noko eg ikkje torer, så er det å legga meg ut i økonomiske gråsoner!
Eg er jo trass alt ein keisam person.
(No er det meininga at alle vennene mine skal hoppa i stolen, hiva seg på kommentarknappen og skriva NEI DET ER DU IKKJE!)
- Jo, eg er det! svarar eg då.
Det er nemleg sant. Når eg les andre folk sine bloggar, slår det meg kor interessante liv folk har. (Og her kunne eg ha linka til ein del i teksten, men det gidd eg ikkje, for då stikk du jo heller og les dei, sant vel? og illustrerer heile poenget, ikkje sant?) Dei les haugevis med gode bøker, og har kompetente og velformulerte meiningar om dei. Dei les dikt og skriv sine eigne, og går på konsertar med kule artistar heile tida. Dei stikk stadig innom utstillingar og vernissagar, og tek fine foto sjølv. Dei reiser verda rundt, kan masse om politikk både her og der, og klarar fortella om det utan at det blir (for) internt og belærande. Dei kjenner mange kjekke folk som også har kule bloggar, og har utviklande og viktige jobbar sjølv.
I det heile tatt: dei er så navla FLINKE! Koss rekk dei det alt? Å lesa og lytta og trena og henga og dansa og jobba og studera og gjera alle dei andre tinga dei driv med heile tida? Eg, som til og med "jobbar i media", har ikkje sjangs... Og - noko som er verre - eg kan ikkje eigentleg gjera rede for kva andre ting eg brukar tida mi på, heller.
Eg heng vel rundt og er ein keisam person...
2 kommentarer:
"All I can say is that my life is pretty plain - i like watching the poodles gather rain. And all I can do is just pour some tea for two - and speak my point of view, but it's not sane".
Litt Blind Melon der.. Og det er sånn jeg føler livet mitt er noen ganger.. Jeg liker faktisk å se vanndammer som blir større vanndammer. Og jeg elsker te. Og jeg føler meg av og til litt gal.
Men angående bloggen din: kjære deg, lille venn - du gjør jo alt det du sier du ikke gjør! Du tar flotte bilder selv, du leser mange bøker, du er utrolig flink til å lage mat, du rekker å både trene ballett og å bake brød før Lyslugg kommer fra universitetet og du har reist verden rundt... Dessuten er bloggen din herlig fri for skrivefeil, den er interessant lesning og en fryd for øyet. Så det! Du, kjedelig? Pfffffffhhh!!
Eg likar IKKJE å sjå the puddles gather rain! Eg likar faktisk ikkje regn i det heile. Veit det kjem som ei stor bombe, men sånn er det. Sol, derimot... Og te. Absolutt okei med te. Sit her med ein kopp kvedete as I'm writing, bare så det er kjent.
Og takk og takk og TAKK for fine ord! Veldig kjekt når folk tek dei hyperdiskrete hinta mine, gett!
Men du veit koss det er: det er liksom ikkje alltid det føles som ein er i sentrum av der det skjer... Har kanskje spesielt dårleg sjølvtillit i forhold til sånne litteraturfolk. Poetar og forfattarar og hovudfagslitteratar og alle dei der. Sikkert noko eg burde heva meg over...
Legg inn en kommentar